Translate

søndag 10. februar 2013

Velkomne gjester

Det er dagen for befaring med politiet frå Latiano. Guido ringde i går kveld og sa dei hadde hatt det for travelt i går. Dei skal koma i dag, etter klokka 09. Nå har klokka blitt halv elleve. Eg har endå ikkje sett noko til dei. I verste fall kan mykje av dagen gå med før dei kjem.
I natt var her kaldt. På den fantastiske verstasjonen viste det at på morgonkvisten var temperaturen heilt hede i -1,9°. Til her å vera er det kaldt. Frosne pyttar utfor huset, rim på graset nedover i olivenlunden. Før eg reiste herifrå 1. desember låste eg saman trillebåre og sementreie med ein wirelås slik førre eigar gjorde. Denne wirelåsen kunne vere god å ha når eg etter kvart kjem meg utpå sykling. Låsen var effektivt fiksa. Låshuset hadde dei prøvd å klippe opp, utan å klare anna enn å øydelegge det. Wiren var klipt over og heile greia lagt i ei bøtte som stod der. Kvifor skjønar eg absolutt ingenting av. Reia står, trillebåra står og meir enn det var ikkje låsen brukt til. Kanskje dei bare hadde gjort eit visst forarbeid og vil kome tilbake og hente trillebåre og sementreie ved eit anna høve? Herda kjetting + ein kraftig hengelås eg har liggjande får vere vern frå no og til påske.
Der kom gjestene, heldigvis av den sorten som har blitt invitert. Meir enn proforma er det nok ikkje, men kan me i det minste få litt bidrag frå Instasure for å finansiere reparasjon evt nye dører, ja så er det bryet verdt. Får me noko for bassengutstyret er det og fint, og får me for bassenget så er det PRIMA. Eg fekk endatil lov å ta bilete om bare ikkje registreringsskiltet synte. Etter at dei hadde gått var Guido med inn. Eg skulle skrive eit kort dokument som klargjorde kva som hadde hendt. Adresse og tlf nr i Norveggia skulle og vere med. Dette sette Guido om til italiensk, så skal eg levere på Carabineria i Latiano.
Det vart ikkje komande svigerfar til Daniela som tok seg av olivenhenting. Av ein eller annan grunn hadde det ikkje blitt noko av det, så Guido hadde spurt ein nabo i gata der han bur om å hauste vår oliven i staden. Han rakk bare å hente i ein omgang og dermed ligg det ganske mykje att på marka. Dei 30 litrane med olje me var lova å få, står i garasjen til Guido. Eg tenkjer eg tek med meg ei 5 liters kanne heim i denne omgang. I valet mellom 60 liter til, eller 1 pløying av olivenlunden velde eg rimeleg nok det siste. Jorda må takas vare på. Ny olje blir det nok mulig å få til neste år og året deretter og deretter og...... Skal nok bli råd med folk som kan ta på seg hausting seinare. Lina, naboen, har ein ho meiner vil gjera god jobb. Blir nok han me spør til neste år. Rett over vegen der huset vårt står, har det vore eit hus til sals. Me har observert eit uhausta limetre og rekna med at til hausten att ville me kunne få litt lime. Det blir lite av det. Polakkar busett i London tek over straks alt det formelle er ordna. Eigar døde for 13 år sidan og ingen hadde gjort noko for å greie opp i eigartilhøva, difor sa Guido det var litt av ein jobb å ordne med det. Det er visst Daniela som gjer den typen arbeid. Medan Guido var innom her spurde eg han om me hadde forstått rett når Daniela bad oss reservere 10. aug til å vere med i feiring av bryllaup.  Anne Marie får strekke det litt med heimreis. Eg må bestille om på Fjordline. Skulle ha reist frå Hirtshals nettopp 10.august. Får ta avreise tidleg søndag og satse på at kjøring heilt aleine opp gjennom Europa går fint.

Du får ikkje fisk om du set garnet på ein søndag. Mormor var nøye på det. Hugsar eg ikkje heilt feil var ikkje saksa heller i bruk den dagen. Får håpe det ikkje er på same måten med høgtrykksspyling. 

 At skiten fyk opp att på veggen og eg må 
gjere det heile om att i morgon måndag. 
Du får legge hovudet på skakke og syne litt godvilje. 
Photofiltre viste ikkje godvilje i dag.

Ut  frå mottoet at det som ikkje toler vatn under trykk det kan ein kvitte seg med, har eg spylt eit par vegger på den installasjonen som inneheld grill, forno di legna, vedlager og bod. Kvitkalking av veggene skal eg gjere, så får me sjå korleis det blir. Førre eigar hadde kjøpt inn noko kvit pulver som må vere kalk utifrå tekst på sekken. Ein liten kost var der og så i morgon startar eg. Går det greitt er det ok. Går det ikkje greitt får eg finne andre måtar å vedlikehalde omnshuset på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar