Translate

onsdag 28. desember 2022

80 år ung

God gang med hovudpersonen i storform. Når det vert stelt i stand gjestebod på La Silvana, er me budde på kvalitet. 

Me sjekka inn sånn rundt klokka eitt. Så gjekk det slag i slag, eller kanskje rettare sagt fat etter fat i heile 6 timar. Klokka var faktisk sju då me starta returen til Villa Felizia for ei siste natt der i denne omgang.




Litt av den festglade flokken som ville ære jubilanten med skål og jubelrop.





Dei på kjøkkenet hadde lagt seg i selen for å gjere ære på trullodama frå Norge. Dette er bare ein av dei ørten ulike rettane som vart brakt til bords. Når det vart tid for å runde av gjekk det over til frukt, nokre av utvalet har eg faktisk aldi før sett og langt mindre smakt.



Festkake med stil må til.  Endelig 80, super holdning spør du meg.
Eit av kjennemerka på høgdedraga ovanfor Fasano på Selva di Fasano er ein ekte minaret. Historien bak den har eg gløymt, der er ingen religiøs bruka av den. Men likefult ein ekte av slaget.
Julebyen Locorotondo fekk ikkje besøk av oss etter festen. Me tok strake vegen heimover for å klare å ta på endå ein heimveg tidleg neste morgon.

lørdag 17. desember 2022

Førjulskveld i Lecce

Såpass oppi åra har eg visst aldri før opplevd at eit hotell er. Ganske så ærverdig disk i resepsjonen, og veggene oser av gammal historie.
I borggarden var det planta både smått og stort.

Me fekk oss eit utmerka utgangspunkt for litt reking i julepynta Lecce. Byer er i seg sjølv ganske så pynta alltid. Salentos Firenze meiner nokre.
For å få med litt av den fullvaksne julekrybba på piazzaen framfor katedralen, måt eg løfte kamero over tett gjerde som omslutta julekrybba. Den var ikkje heilt klar for avduking endå då me var der.

Julekrybber av alle slag er å sjå.  Denne frå ei av dei mange kyrkjene me var innom denne kvelden i Lecce.

Denne trur eg må vera inspirert av 
"Jeg er en seiler på livets hav
På Tidens skiftende bølge
Den Herre Jesus meg kursen gav
Og denne kurs vil jeg følge"
Det er mektige byggverk me fekk med på denne kveldsvandringa vår i adventstida nede på Salento-halvøya.
Måne med ring rundt har me høyrt om. Då kjem det snø seiest det. 
Kva det blir med stjerne rundt månen, har eg ikkje funne noko svar på

torsdag 8. desember 2022

Ekstraforestilling Villa Felizia

Blomane frå september hadde fått litt medfart, men ikkje verre enn at dei livna til att etter ein runde med vannekanna.
Det blir nok ikkje storsalg av appelsiner frå eiga avling, men nå etter 10 år med helst ingen frukt, ser det ut til at litt sødme frå Syden skal me kunne med oss heim til jul.
Hengen eller spre gen kan du sei. Månad på månad i vår og i sommar vart sist lørdag avlyst av kaskadar av regn saman med lyn og torden som skulle ein trudd siste time var komen.
Grønt og trivelig blir det. Snart tid for slåmaskin?
Kva lukke denne fører med seg veit eg lite om. Den som ventar får kanskje sjå.

søndag 27. november 2022

Er det dette som blir siste dose Italia?

Veret brukar vere noko av det ein sjekkar før kvar reise til Italia. Etter 10 år som huseigarar der sør, veit me så nokolunde kva me treng å ta med oss. Som regel er det lite nødvendig å ta me ver, men denne gongen ser det ut for at veret blr med same kva me måtte meine om det. Heimefrå i 14 dagar og når me ser til Il Meteo er det pr i dag kun ein dag utan melding om regn. 

For den del kunne me sikkert like godt halde oss heime. Litt trøyst i at er vermeldingane dårlige, så kan det bare gå ein veg, dei kan bli betre. Eller har me nå fått litt erfaring i løpet av desse åra. Melder Il Meteo skyer med litt regn og litt sol, kan det godt kom ut med bare sol. Det har iallefall skjedd rett så ofte før.

Heilt sjølvsagt er det jo ikkje at me kjem tilbake til urørt hus.  Me hadde nettopp aldri så vidt litt dramatikk her om dagen. Fekk melding frå Andrea i Roma. Mor hans, som er vår nærmaste nabo meinte å ha observert folk på tomta vår. Lys inne såg ho visst og. Via Meggi fekk me bedt VigilNova om å ta seg ein tur for å sjekke. Dei måtte ha med seg Meggi på denne inspeksjonen. Vil nok forhindre å få skuldingar mot seg når dei låser seg inn. Ingenting galt inne. Fekk i det minste sjekka opp at VigilNova har teke vare på nøklane dei fekk for sikkert 9 år sidan då alarm vart montert og avtale med vaktselskapet vart etablert. 

Turar som den som nå står føre, er det bare eg som har hatt tidlegare.  Det vil seie Anne Marie har ikkje vore med før. Det var eg som skulle reise aleine denne gongen og, men brått ein morgon etter at eg hadde tinga billettar, hadde Anne Marie begynt å tenke at kanskje det kunne vore gildt å vere med for henne og. Mindre enn ein time etterpå var billettar klar på same avgangar som eg hadde bestilt. Med fly kjem me oss ikkje lenger enn til Roma denne gongen, derifrå blir det leigebil.  Uansett måtte me leige bil, for campagnabilen vår står jo parkert her i Helmikhølen.  50 mil pluss minus i forhold til å reise heilt fram til Brindisi er heilt underordna. Eg har framleis glede av å kjøre bil og seier ikkje nei takk til nokre timar bak rattet på god italiensk autostrada sørover fra Lazio, via Campania og over til Puglia. 


Etter planen landar flyet vårt kl 11:55 på Aeroporto Leonardo da Vinci Fiumicino Roma. Det skal det stå klar ein liten snedden firhjuling, i beste fall Fiat, men like gjerne ein liten symaskin frå Japan. Me får sjå kva det blir.Er jo bare framsetene me skal bruke, og der er det vel oftast god nok plass for vaksne i både aler og storleik. Er nok baksetene som skil mest frå mellomklassebilar.

Tida dei reknar med her er om ein kjører nonstop i maks fart i forhold til fartsgrenser. Eg veit jo meir enn godt at det blir pausar undervegs. Litt matt må me vel ha. Dopause kan ein og fort trenge når me snakkar om tur på 7 til 8 timar. Reknar med at me er framme slik at me kan stikke innom på Doc i San Michele for å få tak i mortadella, kaffi, brød og smør. Det må til for å ha frukost utan handletur først. Sidan me bur rundt 6 - 7 kilometer frå dei tre omkringliggjande byane, San Vito dei Normanni, San Michele og Latiano som er kommunesenteret i kommunen vår, så tek det litt tid om ein på morgonskvisten måtte ta avgarde for å proviantere.


Før me reiser sørover må me få med oss litt av juleførebuingar slik me er vane me. Bare 11 dagar å gjere på når me er vel heimkomne 13. desember. Lutefisk trur eg snautt me får i Puglia, så i dag måtte me innom ein bedre restaurant for å få ein smak av dette vidunderet av mat med smak av hav. 

Kokkeleringa lærte kokken gjennom mangeårig erfaring. Første gongen eg kokte lutefisk var i Oslo hos gandtante Karen Dorothea Elisabeth. Ho sende meg til Lorentzen i Rosenkrantzgata trur eg det var, for å kjøpe ribbefett. Fisken kom nok frå ein fiskehandlar på Briskeby. Eg hadde flaks alt første gong. Fisken kokte ikkje vekk. 

Tilbake til Puglia. Me får med oss litt av italiensk juletravelhet. Ei overnatting i Lecce har me tenkt oss, og når me først er der fer me over så mange kyrkjer som mulig for å få med oss korleis dei der har pynta til jul. 

Har aldri før overnatta på ei borg. Spennande å sjå korleis det kan bli.
Senga ser komfortabel nok ut, så god søvn før ein flott frukost bør det bli. Mange gonger er italiensk frukost litt søte kaker + kruttsterk kaffi. Her i borga reklamerer dei med eit rikhaldig frukost bord som ser ut til å konkurrere med frukostborda me finn lenger nord Europa.



fredag 4. november 2022

Ikkje nødvendigvis siste vers

Me hadde fine dagar der i "sørens land". Ver og føreforhold var absolutt av dei beste. Meir enn 20 grader, ja heilt oppi over 30 grader nokre av dagane. Me kunne nyte frukost ute kvar einaste dag. Det er seint på kveld ein merkar mest at det ikkje er full sommar lenger. Då er det godt med eit bål å varme seg på. Lenger utpå natta og på morgonkvisten var temperaturen faktisk heilt nede i 6 grader ein morgon.

Besøk skulle me få, og difor hadde me laga planar for 10 dagar. Nokre av dagane var stappfulle av ingenting, det vil seie me rekna med å slappe av ved huset. Otranto, heilt søraust på hælen av støvelen var mellom byane me ville besøke. Sidan gjestene vart forhindra frå reise, tok me likegodt turen sørover frå det som er veldig sør heimefrå. Ikkje alle byar som har slik ei fin bystrand. På trass av det, vart det ikkje noko bading for oss denne dagen. Me vandra litt rundt, fekk med oss ei imponerande borg. Katedralen måtte me og ha med oss sjølv om me har vore der fleire gonger før. Det som gjer inntrykk der er ein fantastisk mosaikk på golvet.



 Eit slags triptykon med hovudkallar bak glas er heller ikkje noko ein ser kvar dag. 


Når me letta anker frå Otranto (løysna handbrekket) tok me turen endå litt sørover til eit område er dei har vunne ut bauxitt. 



Bauxitt er eit av råstoffa som må til for å lage aluminium. Har forresten heilt frå første besøk i Otranto fått høyre at det er mogeleg å sjå over til Albania på austsida av Adriaterhavet når det ligg tilrette for det. 


Denne gongen fekk me sjå konturane av fjella der over havet som skil Italia frå Balkan.


Overnattingsbesøk i Matera var lagt inn i planane våre, og bortsett frå at me gjorde om på bestillinga vår frå to til eitt rom, så heldt me fast på planen. Då Mel Gibson skulle ha ein by som kunne illudere Jerusalem rundt 2000 år tilbake i tid, då fann dei Matera. Det seiest at det einaste dei trong å gjere var å fjerne søppel og kjøre vekk bilane, ellers var det ok. Gamle delen av byen er holer i fjellet som har fått fasade i opninga ut. 
Heilårs julekrybbe med figurar i full storleik.
Tronge smau og trapper i ei slags organisk eining. Byen er ein av dei tre eldste sivilisasjonane som framleis er bebudd. Midt på femtitalet og utover gjekk det opp for styresmaktene at butilhøva var skikkeleg ille i holebyen. Sjukdomar som tuberkulose og malaria herja og gjorde livet hardt og døden ganske nærgåande. Flytting fra området vart sterkt oppfordra til. Mange hamna sikkert i betongsiloar eller betongklossar frå 50 talet og utover på plåtået ovanfor gamlebyen. Sist på 70 talet vart sassiområdet gjenoppdaga. Nå er det rett så trendy med overnattingstader og plasser du kan få tak i mat rundt nesten kvart hjørne.
 
Alarmen i huset vårt er ganske så følsom. Ein kveld skulle eg skifte frå luftestilling til heilt ope på kjøkkenvindu, men då tok det til å ule som om me skulle bli overfalt av ei heil tropp tjuvar. Så var det altå bare eg som ville opne vindu. Fann fjernstyringa av alarmen, og fekk slått av ganske så raskt. VigilNova skjøna nok at det var ein feil.

Mykje ryddearbeid å ta fatt i, og jammen fekk me gjort ein heil del. I panikk nærast, har me ved avreise frå Villa Felizia normalt tatt alt inn. Denne gongen har me nøyd oss med reiskapar og maskinar. Det andre står ute under tak i plastkassar, og skulle det kome nokre "ladri" framom, og dei ser syn på det som står, ja så er dei rett og slett frie til å forsyne seg.  Jordfresar, slåmaskin, x antal motorsager ( bensindrivne og elektriske) kantklipparar, skøyteledingar, korgstolar er trygt plassert inne i stove og gjestesoverom. Litt av grunnen var at me ville helst begge soveromma skulle vera mulige å kjenne att som soverom. 

Gjesterommet har til tider sett meir enn kaotisk ut pga alt rått og rote som skulle ha plass der. Ser betre ut slik som dette, rett nok med nokre maskinar dandert langs sida og enden av sengene.
Reknar slett ikkje med at siste ord er sagt.  Ikkje overdrivent optimistisk med tanke på sal, men prøver me ikkje, så er det ganske sikkert at det ikkje går. Har trua på at me har fått tak i gode folk, ikkje minst ingeniøren som jobbar opp mot kommunen for å få på plass slikt som  diverre ikkje var på plass då me kjøpte paradiset vårt. Går nok greitt til sist. Blir det ikkje nå kan me godt nyte 5 år til på plassen. Får ta utgangpunkt i at helsa held, då klarer me kanskje 10 år til.

onsdag 12. oktober 2022

Snipp, snapp, så var . . . . . .


Kven som kjem først til mølla står att å sjå. I verste fall er der ingen som vil til mølla som førstemann. Men me får då prøva. Dei første til å bla opp mange nok setlar av rett valør, har god sjanse til å få seg sitt eige vesle paradis sør i Puglia
10 år er passe for oss. Nå vil me søkja andre beite for eventyrlyst.

Me haddde oss ein akkurat passe travel tur nordover med start lørdag 8. oktober frå Latiano. Stopp for overnatting i Bussolengo frå lørdag kveld til sundag morgon. Derifrå tenkte me oss ein kort kjøredag med overnatting i Nürnberg og tid til litt vandring i byen før natta tok oss. Etter å ha tenkt meir grundig gjennom det heile, fann me at då ville neste kjøredag bli meir hektisk enn det me ynskjer og det me ser på som trygt nok. Me gjorde om på planane og enda på H+Hotell ikkje langt frå Halle. Fin plass det, tett på Autobahn, lydtette vindu heldt støyen ute. God frukost mandag morgon og så vidare heilt til Hirtshals neste dag. Der var det og god standard og herlig frukost i selskap med Else Karin, ho såg snurten av oss i det me for inn dørene kvelden før. Ho kom altså til Hirtshals like etter oss. "Kan det stemma at du og Anne Marie gjekk inn på Skaga i Hirtshals ca kl 20 i kveld? kom det inne på mobilen min. Det var nok ikkje ekstremt godt syn som gjorde at ho såg oss. Ho bare låg eit lite minutt bak oss nordover på vegen mot Hirtshals. Dermed hadde me triveleg lag både ved frukosten og seinare på Superspeed.



Me slo sikkert ikkje av lyset for siste gong då me for denne gongen. Må ned att for å ordne det formelle ved eventuelt sal. Blir det ikkje sal av det i denne omgang tenkjer me å bruke plassen tilsvarande det me har brukt den dei 10 åra me har eigd den.  Men sjølvsagt håpar me nokon vil overta nå når me etter god tids tenkning har bestemt oss.



mandag 22. august 2022

Få gang på det, det er nå det er sommar

Då me reiste frå huset vårt i Latiano sist, visste me lite om kva tid me kom til å fare nedover att. Rettnok hadde me returbillett 10.mai, men den vart fort endra til 27.august. Då rekna me med at heiteste delen av sommaren var over. Det har vore varmt, men ikkje verre enn i fjor sommar trur eg.  
Så hadde det seg slik at ein liten krabat ved namn Hasse, vårt barnebarn nummer 2 skal berast til dåp den 28.aug og då må jo farmor og farfar vera med. Ny kontakt med flyselskapet, og der fekk eg visst rota det skikkeleg til. Når son Helge overtok kontakten med helpdesk var dei enormt mykje meir imøtekommende enn då eg ringte. Eg vel å tru personen i andre enden hadde ein dårlig dag då eg tok kontakt. Kan godt vera personen i andre enden tenkte det var eg som var urimelig og vrang og hadde ein dårlig dag. Samma hur: onsdag 31. tek me ut med morgonfly klokka 06:00 frå Sola via København og Zürich til Brindisi. Veldig kort transitt i Zürich,  men det går sikkert godt. Viss ikkje kjem me oss nok med eit  seinare fly den dagen. Med  avgang frå Sola 06:00 bør me vel vera der seinast 04:30. Spørs kven som skal få æra av å kjøra oss?
Besøk er alltid gildt å få. Dette året er det Aasa og Mons Tore som kjem og held oss med selskap der ute på campagnaen. Det skal nok bli råd med litt turar rundt omkring. Det som så langt er sikkert er ei natt i Matera. Spesiell by, mellom dei tre eldste i verda. Då byen vart brukt som location for innspeling av filmen Passion of Christ, så var det bare nødvendig å fjerne bilar i gatene og kle folk om til tidsrette klede.
Elles er lista lang som bare det på ting det er verdt å sjå. Likørsmaking hos Livar og Sofie må dessverre gå ut. 
På lista vår har me Samare og La Silvana
Matkunst av klasse begge stader. 

Meggi og Pascalone treng knapt nemnast. Besøk der er nesten som å kome heim i stova til gode venner,  med den forskjell at der får ein biff grilla av 
"il Re della carne alla griglia". 
Det er alltid eit spørsmål korleis tilstanden i huset er når det er ei tid sidan me sist var der. VigilNova er jo raskt på plass om noko skjer, og det har me jo erfaringar med. Fukt og eventuelle firbeinte gjester i huset trur me me har funne rette rådegjerder mot. Hadi, "attpåklatten" vår, hadde ikkje i oppdrag å inspisere då har kjørte sørover i lag med eit par kameratar tidlegare nå sommar. Men han er sistemann som har vore inne i huset, og der såg alt ut som det skal, kaotisk. 
Hadi kjørte sørover, og eg er ikkje anna enn imponert. Dei tre karane fekk seg hotell midt i sentrum av Roma, og i ungdommelig mot kom dei seg vel inn i byen og vel ut også. Eg snakka med han då dei akkurat hadde kome seg inn til sentrum: Det var heilt forferdelig sa han då. Ikkje om eg hadde gjentatt den bedriften. Roma må vera ein av dei verste byane i Europa å kjøra i. Kjørekultur kan det forresten seiast mykje om. Der i sør kor me held til, syns eg det går ganske så godt. Det går fort, men samstundes syns eg folk tek bare meir hensyn der enn her i Stavangerområdet. Ser ut som folk les kvarandre på ein annan måte der enn her, og handlar utfrå det dei ser andre gjer i trafikken.