Translate

søndag 12. juli 2020

Frå ENDELIG til FORTÆRANDE

Endelig gjekk det rette vegen. Nærast evakuering det eg foretok fredag 13. mars frå vårt paradis i Puglia. Nå er det gjort om til glede over endå ein gong få høve til å reise. Heilt utan bitre urter er det rett nok ikkje. Reiseråda frå styresmaktene vil bli justert annakvar veke framover, så få me bare håpe at smittesituasjonen ikkje aukar att. Dei 4 millionane som bur i Puglia har ikkje hatt i nærleiken det smittetrykket som områda i Nord-Italia, særleg Lombardia har hatt. 
Kapersblom på tomta vår. Utruleg fin blom.
Det er vel reisa som utgjer størst risiko. Me satsar på fly ned. Kunne ha kjørt, men så har me ein Roomster som treng EU-kontroll, og då måtte me nesten kjørt to bilar heim i midten av oktober. Det heiter EU-kontroll, men må likevel utførast i utanforlandet Norge. Statens vegvesen har ikkje oversikt over godkjende verkstader nedover i Europa, og det får ein vel bare akseptere. 

Etter Anne Marie sitt sigende er der lite å finne av markens grøde i september, men me får håpe på mandler. Mandeltreet har sitt opphav frå Afghanistan og Iran, så om me kan få med oss litt heimeavla av det slaget er jo det bra. For eit par år sidan var avlinga 11 kg ferdig knekte mandler frå våre 49 tre.
Utover i september skal det også la seg gjere å hauste fiken, så då blir det turking og sylting.
Kaktusfiken bør det og bli ein del av. Dei er gode til sorbet. Er ein heldig og vil ta bryet, kan ein dyppe dei i litt tjukk kalk og slik nærast hermetisere dei. Kanskje eg skal prøve meg på det, så kan me lage sorbet av kaktusfiken som lettare dessertalternativ til julemiddagen. Ismaskinen tek eg også med når me først er på hjul med bilen heile vegen nordover gjennom Austerrike, Tyskland og Danmark.

Så får eg håpe me finn att kaffimaskinen. Den vart levert på verkstad i Brindisi i starten av mars. 
Vaskemaskinen, som ser ut til å bli ein føljetong,  står hos Azzarito i San Michele klar for uttransport til Cda Coltura. 
Elektrikar skal også vere klar for å montere spenningsstabilisator. Vaskemaskinreparatøren står på at med den spenninga dei har på verkstaden i Brindisi, så fungerer maskinen som den skal. At spenninga i huset vårt varierer, er nok ikkje til å kome frå. Pc-en eg skriv på nå, er heilt stabil her på Vigrestad, medan den tidvis blinkar i skjermen når eg brukar den i huset vårt. 
Kva tid dreg me?

KLM får æra av å flyga oss sørover.  Det skjer sist i august. Dei hadde denne gongen både gode ruter og bra pris. Når me bare skal reise med fly ned, dvs ein veg hender det at prisen blir like høg som tur retur eller endåtil høgare. Elles er det jo litt om å gjere å kome ned til Brindisi utanom arbeidstida på Taverna di Pascalone. Meggie kan jo ikkje godt både ta seg av gjester på tavernaen og skysse oss frå Aeroporto Salentino slik ho brukar å gjere. Roomsteren som me brukar når me er i Italia står trygt  parkert innfor høge murar hos Pascalone og Meggie. Hadde vore ganske så håplaust å la den stå att ved huset vårt. Hadde nok ikkje stått lenge i fred der. Eg har spurt etter med VigilNova, vaktselskapet, korleis det ligg an, om det har vore forsøk på innbrot. Så langt er det ikkje nokon som har prøvd seg.

Jo takk. Billettar fekk me, og betaling vart krevd inn. Fortærande syns eg det er når det alt to daga etter bestilling kjem beskjed om at siste del av reisa, Roma - Brindisi er kansellert. Eg har faktisk vanskelig for å tru at KLM ikkje har visst at AlItala ikkje opererte den flyturen dei selde oss for eit par dagar sidan. Kvifor dei så ikkje byr oss å reisa med eit fly seinare den dagen skjønar eg heller ikkje. Men, men, det ordnar seg nok etterkvart. Skal mykje til for at danmarksbåtane tek pause på ny.