Translate

torsdag 26. juli 2018

På toppen, så langt

Enn så fort 35 år kan gå. Eg hugsar endå korleis dei streva med å feste boksar i snorer bak på Volvoen til svigerfar då me drog frå staden der bryllupsfesten var. Broder Odd Olav hadde handjern liggjande i bilen som nokre av gjestene svært gjerne ville ha tak i, men han var heldigvis vis nok til å ikkje gi frå seg handjerna.
Kunne kanskje kome godt til nytte dei handjerna forresten nå, 35 år etter, når me feirar i Catania på Sicilia, men dei som har bruk for slikt der har nok tilgang god nok på den sorten hjelpemiddel.

Etter råd frå lokale valde me denne staden, og jammen viste det seg å vera eit godt råd.
Fine dukar i same vevnad som gobelin på bordet. Godt tilpassa det som hamna i glaset.
Forventinga om eit got måltid mat stod skriven med store bokstavar i pannen.
Antipasti er ein fin måte å få smake litt av alt på, og når litt av alt i tillegg er godt, då kjenner ein at måltidet er vellukka.
Små bitar av tunfisk, varmebehandla var den, men fekk godt fylje av surt, eddik. Kanskje litt som kald kokt laks eller makrell,  sylta fisk.
Sjølve hovudretten var Involtine di spada. Rullar av sverdfisk med fyll som ikkkje bare var godt, et var meir enn godt. Himmelsk kunne ein fort seie, men for ikkje å ta i altfor mykje kan eg strekke det så pass langt oppover som  me kom den dagen me var turistar på Etna.  Maten var rett og slett topp.
Me kom ikkje til toppen av Etna, der trur eg ikkje det kan vera særlig triveleg å vera. 4 aktive krater ynskjer ikkje eg å vera sltfor nære. Den gule svovelrøyken kan vel heller ikkje vera av det mest helsige ein kan få i seg.
Så toppen vart for vår del 2853 meter over havet. Kor mykje skryt ein skal ta av det er eg meir usikker på. Me brukte jo bare føtene dei siste sei 30 til 40 høgdemetrane. Før det var det Skoda, Funivia og til sist terrengbuss.

Enn som det bles der oppe. Mest så det heldt hardt å halde seg på beina. Men denne dama har stått stødig i verre stormar enn dette. 

Det var den sommarturen til Puglia. Godt ikkje alle gale har det likt, for nå ligg det rett og slett an til endå ei reise ned til Pugliaradis. HSC FjordCat får i kveld (torsdag 26.juli) med seg ein halvgal/heilgal ein (stryk det som ikkje passar) og ein framifrå kjekk attpåklatt saman med ein av kameratane hans. 

tirsdag 10. juli 2018

Det er slik dagane er her.

Via Berlin kom me fram. Hadde faktisk reisefylgje av Marry og Grete. Kunne fort blitt trøbbel, for avgang frå Sola vart 2 timar forsinka og transit tid i København var bare halvannan time. Då var det godt at også flyet frå Kastrup til Tegel Berlin var forsinka. Me vart rettnok oppropt over høgtalaren med beskjed om at me måtte infinne oss ved gaten, men då var det bare att ei trapp ned, så var me der.
Vel framme i Brindisi prøvde me oss på kollektiv transport til Latiano. Gjekk fint det, men Meggie syntes det var heilt unødvendig, ho kunne og ville hente oss på flyplassen som vanleg.
Stort sett var ting i orden i og rundt huset vårt.. Det som kanskje gleda mest er at avtalen med Julia og Julio om stell av jorda under oliventrea ser ut til å fungere. Her var nyhorva så det var eit syn, ny omgang unnagjort dår me kom hit sist tysdag.
Då det kom til lørdagskvelden hadde me oss ein snartur for litt mathandel. Svippa innom hos Jean og Linda som me har møtt nokre gonger på Taverna di Pascalone. Vart invitert til full omvisning i eit hus som bare kan karakteriserast som ein uendelig kaskade av idear og påfunn. Funkis i fri dressur. Jean og Linda venta på andre sydenfarar frå Belgia som skulle koma og vera med på Lørdagsdans i Latiano. Og me fekk vera med.

Klienteller var 60+, musikken litt forskjellig men fisarmonica var rikeleg representert, og for ein novise som meg på dragspel, er jo det greitt nok.
Eg har nærast fått for vane å ta ut på tannbørstetur til Trullo Pernoll. Denne gongen vart Anne Marie med og.
Og er me først på dei trakter er det ikkje lange vegen til Silvana, restaurant og hotell på La Selva, på brinken ned mot Fasano. Anten det er 17. mai eller ein vanleg sundag, så er rettane mangfoldige der. Direkte omsett til norsk fekk me rå eggsopp eller uovalino (antatt namn) Saman med parmesan, ruccola og olje vart det heile ein fryd for auga.
På kvelden tok med turen inn til Locorotondo (tel kor mange o-ar det er i det bynamnet). Litt godt i glaset og noko å setje tennene i fekk me der på vår veg gjennom vakre smale gater.
Om det er sikker plassering av sykkelen eller om den bare er til pynt, er eg usikker på. Kanskje begge deler. 
Det var ny dag og sjanse til å vakne med nokre friske tak i bassenget. I vår basseng kan ein symje rett fram og ta 5 tak før ein går i bassengveggen. Her kunne ein ta 10 -12 tak, då får ein litt meir rytme i det. Forstår godt husfolket som har lagt det inn som ein rutine med eit bad etter cappucinoen før resten av dagen startar. 
Eg må bare vedgå at slik kunne eg tenkt meg å starte dagen eg og, men nokre gonger får draumar vere draumar.