Translate

torsdag 22. februar 2018

Når nedtur blir opptur

Dei jobbar godt dei som tek bilete frå høgt der oppi lufta. Sommaren 2017 er dette biletet frå. Det er ikkje eg som har vorte høgtflygande. Drone er det heller ikkje. Er vel heller ein eller annan satellitt som har vore på ferde, som har fått litt ledig kapasitet etter at militære føremål er dekka inn for.
Giottilinen har aldri vore så på jordet før. Me måtte til med steinsaging for å få bilen vekk frå oppkøyringa. Det vart for trongt å svinga av frå vegen inn mot huset. Då var Livar god å ha. Han er mest hakket verre enn meg når det gjeld dippeduttar og andre hjelpemiddel for å drifte ein pugliansk eigedom. Duppeditten me fekk låna av Livar var ei steinsag slik at me fekk saga av tufosteinen muren delvis er laga av.
Ser du ein del grå sirklar, ser du rett. Det er oska etter brenning av greiner. Den radikale beskjæringa av oliventrea me fekk utført våren 2017, let etter seg det som kan sjå ut som skamklipte tre. Men ingen skade skjedd, tvert om.  Slik skjæring  må til for å få betre avling. Det er ikkje dei stolte greinene som strevar seg opp i lyset som ber frukt. På greinene som heng litt unnseleg, det er der kjem det oliven.

Elles er mest som ein blir våryr når nye bilete kjem på nett slik som no. Ikkje så vanskelig å førestilla seg korleis det ville ha vore å vera der.  Det minkar på dagane til det vert nedtur. Neste reise blir 23. april for min del, og det er jo pr. dags dato ikkje meir enn 59 dagar til.

Å gå i butikken for hagereiskapar skulle mest ikkje vera mogeleg når eg er her, og butikken ligg i Mesagne. 
Når ugras tek overhand på 8,5 mål, då er det lite hjelp i handemakt aleine. Ikkje kan ein bare la det vekse fritt heller, for etterkvart turkar det og "som eld i turt gras" veit me kan vera ille nok. Lauseld midt i olivenlundane er ikkje bra. Så ille er det at ein kan bli bøtlagt om ein lar graset bli for høgt.
Då er det ok med tilgang til butikk via nett, dvs e-mail. I nabokvartalet til der Marco Argentiere held til, han agronomen som ordna det formelle for eu-tilskot til drifta av olivenlunden vår, der ligg PEZZOLA. Dei har lova å skaffa  klippeskjær til Hondaen. Eg har spurt om å få hente det 24. april, dagen etter nedkomst.
Kor stor suksess det blir stå att å sjå, men eg syns nå det er ganske bra gjort at avtalar er gjort i løpet av eit par dagar på nett. Benassi-fabrikken oppi nord hadde ikkje høve til å selje frå fabrikk, men adresse til forhandlar i Mesagne hadde dei. I løpet av eit par timar frå første mail vart sent, var avtale på plass. For meg eit tydelig prov på at det er mogleg også i Puglia å ordne ting med hjelp av e-mail, og til tider ganske raskt og.

Eig du meir enn det som får plass i lommen, er det fort slik at det du eig eig deg. Å ha plass for lagring av viktige og mindre viktige eignelutar har heile tida frå me overtok eigedomen i oktober 2012 vore til hovudbry. Korleis pakke og rydde bort ved heimreis for å unngå at nok blir ståande att ute? 




Me trudde me hadde løysinga  då me søkte om å få lage eit lite påbygg, men avslag frå Latiano Municipio la den planen i grus. I mellomtida har nokre fått sine kloke hovud lagt i bløyt, og det til vår fordel. Etter det ryktene fortel er reglane for påbygg/anneks endra i heile Puglia. Det er av ein eller annan grunn fastsett at det skal bli enklare å utvide. Me prøver igjen nå, så får me heller sjå kva som skjer nå. 
Me kjenner vel alle utedoen frå gammalt av. Likeeins har det nok vore ute på olivenlundane, bare her er sjølve bygget meir solid ettersom byggjematerialet er stein.  
I planteikninga syner det eksisterande dohuset i grønt. Nybygg er gult og mellomrommet blir bare golv og vegger. Det er nemlig slik at då blir ikkje det arealet rekna inn i totalarealet for eigedomen.


Som de skjønar, klarer me å finne saker og ting til å halde tankane engasjert med.