Translate

torsdag 21. oktober 2021

Holter te bolter

Slik kjennest det eg no skal prøve å fortelje om. I tillegg er det slik i forhold til rekkjefølgje. Kjensler og fornuft, om ein annan. Ikkje heilt enkelt å halde styr på.

Hadde eg vore kvikkare i skolten, kunne eg har tatt bilete med mobilen. men sidan eg ikkje fekk det til nett nyoppvakna klokka 03:00 natt til 30. september, så får det bli med denne teikninga. Det er slik det  står att på netthinna mi. Det vart ei lite god natt utav det. Klokka 23:45 logga me inn på Villa Felizia etter å ha brukt heile kvelden på tur frå Competa, Spania, der Odd Olav og Jorunn hadde teke seg av oss ei heil veke. Me var trøytte då me kom fram og såg bare fram til ei god natt i kjend seng. Når ein har vore  på tur er det ikkje alltid like lett å finne roen straks, så først etter litt mat og drikke inntok me horisontalen, og borte var me ganske så fort. Etter halvannan time vakna eg av lydar, og tok ein runde og ein kikk ut vidauga på soverom og kjøkken. Registrerte ikkje noko, og la meg att. Brukar ikkje slokne så raskt, men denne gongen trur eg knappast eg har får hovudet ned på puta før augene glei igjen. Ein halvtime deretter, nøyaktig klokka 03:00 vakna eg på ny. Denne gongen av ein bil som stod og sveiv ganske tett innpå huset. At dei kan vera så frekke og bryte seg gjennom låst bom og kjøre heilt ned mot huset, tenkte eg. Plutselig rusa bilen bakover og ut porten. Kva veg den tok er meir enn eg fekk med meg. Vekte Anne Marie og saman fekk vi med oss kva kupp tjuvraddane hadde gjort. Me observerte også at inngangsdøra var opna, og låssylinderen på gitterporten ytterst var slått av. Begge dørene stod på gløtt, ikkje låst slik dei var når me la oss.
I slike stunder må ein bruke eit eller anna hjelpemiddel. Ring ein venn var ikkje aktuelt, men å bruke nødknappen på VigilNova si fjernstyring av alarmen i huset, det gjekk bra. Me rakk å kome oss i kleda og kunne ønskje VigilNova mannen velkommen på tomta etter 10 minutt. Då hadde me oppdaga at vår uthaldande campagnabil hadde fått dårlig selskap og stukke av. Han frå VigilNova ringde carabinieri i Latiano, så om ikkje lenge hadde me ein politibil med blålys i innkjøringa. Lite å gjera der og då, men det vart gjort avtale om at me skulle koma ned på politistasjonen utpå dagen for å gjere unna formell rapportering. 
Billause som me då brått hadde blitt, vart det Meggie frå Taverna di Pascalone som berga oss. Ho la til sides det ho hadde av program for dagen og vart med oss som tolk og sjåfør. 
Skadene på huset avgrensa seg til ein knekt låssylinder og ei avbroten låstunge til porten.

Heldigvis visste eg om ein stad der dei ganske så sikkert kunne fikse lås og bo. Faktisk er det slik at mor av låssmeden hadde budd i huset vårt i gamle dagar.


Elles er det jo kjekt å sjå kva hjelpemiddel ein låssmed kan ha. Portabelt sveiseapparat driven av eit lite innebygt aggregat. Første gong eg har sett sveising ta til med å dra i startsnora. 
Skaftet på hoven i bassenget er populært mellom kjeltringar. Eit kamera på nedsida av huset fekk hjelp til flytte fokus frå bakken og rett opp til himmels. Nå hadde ikkje det så mykje å seie heller, for kameraet har aldri vore skikkeleg tilkopla.
Å leige bil er slikt ein må planlegge i god tid. Å møte direkte på flyplassen for å få bil der og då er fort ganske nyttelaust. I eitt selskap skulle dei ha 1050 Euro for 5 dagar. Ikkje aktuelt sa eg. Rekna ikkje med det heller, sa ho bak skranken.
Me måtte tilbake til Carabinieri Latiano for rapportering. Der kom sjølvaste politisjefen innom for å forhøyre seg korleis det gjekk. Meggie fortalde om mislukka leigebiljakt, då sa politisjefen at om det var greitt skulle han fikse det for oss. Slik gjekk det til at me fekk tak i ein Fiat Panda for dei dagane me hadde att i Puglia i den omgangen.
Og då kunne me etter ein lang dag med enormt god assistanse la tolk og sjåfør ta fri.  Men før Meggie tok heilt fri for å kople seg på sin eigen jobb, så inviterte ho likegodt eit par pysete nordmenn til overnatting heime hos seg. Tilbodet gjaldt faktisk heilt til me skulle reise heimover. Me tok imot første natt, så får me heller sjå etterkvart kva det vart til vidare.

lørdag 16. oktober 2021

Blomekaren

Mangt og mykje må passas på. Når Anne Marie flyg heimover for å feriere, då bli maken kommandert til å vere blomevatnar på tomta vår. Mest slik vatning med vannkanne, men og litt slik vatning med ganske så god gjødselverdi. Underteikna er minst like god til det som Barneys som er i pensjon hos oss medan Knut er på Svalbard på jobb.







Blomane fekk vatn, dei treivst og dei vaks. Dei var rett ut eit syn då fruen kom tilbake og såg kva intenst arbeid hadde ført til. Morgonvatning før varmen tok til og kveldsvatning like i det det vart mørkt. Hibiscus med eit drøss av blomar. Kronblad vart turka for kveldste på kalde vinterkveldar i Helmikhølen. Men så skjedde det såpass mykje i det me skulle reise heim, at skal det bli te av det, får andre ta seg av det og slett ikkje på Vigrestad.

Blomar må passas på. Det fns anna og som må sjåast etter. I Puglia sender dei ikkje sauene til Sirdalsheiane. Sauene går frå jorde til jorde med gjetar som ser til at alt går greitt for seg. Det hender dei tek turen innom ein by, og då er det visst bare å rette seg etter trafikklysa.
Grønt gav lov å gå, og om det ikkje gjekk fullt så fort som med bil, så vart nå kjørebanen klar etterkvart. Rettnok med ein god del sauepertar som bare fekk lov å liggje.
Eg lurer litt på desse gjetarane. Er det dei som eig saueflokken? Kor overnattar dei? Kva gjer dei når temperaturen går opp i det aller høgaste på sommaren? Gjetaren overlever  i motsetning til sauene.


 

onsdag 13. oktober 2021

Heilt til himmels, eller eit godt stykke i allefall.

Me er vane med høge fjell her i Norge, men jammen har dei fjell så det held også i Italia. Til forskjell frå oss nordmenn, som stort sett legg byane våre i låglandet med Røros som heiderleig unntak, så ligg ganske mange italienske byar på høgaste punkt i landskapet. Pietrapertosa er ein slik by. Utrulig fascinerande å sjå korleis husa ligg i forhold til terrenget med smau og gater som buktar seg etter landskapet. 

Litt pause må ein ha undervegs. Så mange slags behov som melder seg når ein fer slik langs vegen. Dei som  har vore på tur i lag med meg veit veldig godt kva behov det er snakk om.
Parkering fann eg, sjølv om det på denne dagen var mange andre turistar og som gjesta byen. Byar med respekt for seg sjølv har ferdige biletrammer i jern med rett namn på byen.
Husa ligg ikkje heilt inn i himmelen, men jammen ikkje langt unna. Det er bratt, så bratt at ein mest kan lure på om dei ikkje fort kan kome på gli ned fjellsida.
Her må alle bilar på veg inn til byen passere. Ligg godt an til kaos, men tek ein det med ro går det nok oftast godt.
Løna for klatring opp til 1088 meters høgd over havet, er utsyn over grøderikt landskap mellom dei høge fjelltoppane.
Ein liten rast fekk eg meg, med litt å bita i og litt å drikka. Bakveggen i lokalet var sjølve fjellet.
Hatten på og munnbind av, klar til å holve innpå litt væte. Det var varmt denne dagen. Tett opp mot 40 grader om eg ikkje hugsar feil.
Med hus dryssa ut i fjellsida vert det og smau innimellem. Smale, kunne lett ta i veggene samtidig på begge sider. Trappemot (nyord produsert av meg) kjem og godt med på slike stader, for her er det mange bratte bakkar og trapper som tek over når det blir for bratt.

Brua her ser ut til å vera bygd for å kome rundt i enden på byen. Der var lite plass for normal u-sving, og då vart det tydeligvis ei bru som løyste det problemet,

Startpunktet for Volo di Angelo låg ganske så mange trinn opp frå sentrum av byen. I pesande varme klarte eg å ta meg opp, måtte mange pausar til. Det er stritt i nærare 40 heite grader å samtidig forsere trapper tilsvarande 10 - 12 etasjar. Men belønninga er god. Dei som vågar får seg ei glideflukt over dalsøkket til ein naboby på neste fjelltopp.

Og me var alle samde om at det hadde vore ein gild tur. Med andre ord veldig samd med meg sjølv i dette tilfellet.


tirsdag 12. oktober 2021

Ikkje gje opp

Det vart etterkvart vanskelig å skrive blogg. Pc-en min ville ikkje samarbeide med mobilen. Til vanlig går det heilt av seg sjølv, men ikkje denne gongen. Var inne på tanken å skrote heile bloggen, men vel heimkomen spør ein av sønnene kor det har blitt av blogginga, og då vart det blod på tann. 

Teknisk sett går det lett å hente bilete direkte frå Google foto nå i nettverket heime. Haugevis med bilete i minnet på telefonen er overført, så då kan eg plage eventuelle lesarar i lange banar. Har nok materiale til lenge etter neste Latianotur. Kva tid det blir er nokså i det blå. Har billett til 16. november, men er usikker på "If I shall or not". Det er fleire ting som spelar inn enn det å ha billett for Stavanger - Brindisi - Stavanger. Meir om det seinare når eg har fått krota ned noko om det som skjedde i løpet av august og september.

Det som har brent seg fast i minnet etter sommaren 2021 i huset på Contrada Coltura er varmen. Lukkeligvis har me hjelp av  vifter, propellar i taket, aircondition og opne vindauge. Likar å tenkje at me og brukar hovudet for å overleve.






Det er faktisk ganske så heftig med slik varme som dette. I løpet av ei veke i juli hadde me 3 slike dagar. Dei andre dagane same veka låg temperaturen tett opp under 40. Korleis kjennest det då lurer du kanskje på? Rett og slett vanskelig å finne ord for det, men tenk deg at du går ned i eit badekar med litt for varmt vatn. Når du badar i den varme lufta blir du ikkje våt, men varmen kryp innpå deg, inn i kvar minste hudfold. Hadde det vore kroppen sjølv som laga varmen hadde du vore ille ute med altfor høg feber. Naturen tek ikkje febernedsetjande, så løysinga vart inneliv på heitaste del av dagen. Morgon og kveld var ikkje verre enn at me kune tåle det.