Translate

lørdag 25. mars 2017

Rutinar før eg legg frå land

Her er mangt og mykje det kan bli rutinar av. Har etterkvart kome i den alder der vermeldingar er både interessante og viktige. For å vere mest mulig oppdatert, må ein helst innom meir enn ein vermeldar. Yr, Storm, IlMeteo og Accuweather er mine kompanjongar når det gjeld kva ver ein har i Sikte.  Og får eg ikkje opp Sikte når eg søkjer på Pc-en, får eg heller prøve på Latiano. Ser i grunnen greitt ut så langt.
Det som ligg tettast på nå er veret over Skagerak. Sjødyktige båtar både Bergensfjord og Stavangerfjord, men det er nå mest komfortabelt om ein slepp å mate krabbene straks etter at ein har mata seg sjølv med ein god middag. Håpar på ein retteleg god middagkvil etterpå, heilt til frukostbordet er dekka og eg kan fylle opp med kaffi slik at eg held meg vaken dei 100 mila eg har tenkt å ta første dagen. 
                           
Skulle mest tru det vesle huset vårt der sør på hælen etterkvart var fullt, men endå går det an å få inn litt til. I bilen derimot er det lite ledig plass. Hadde det ikkje vore for ein romslig Roomster så hadde ikkje bålpanne, vaffeljern, to baden-baden solstoler og eit par korgstolar blitt med. Målsydd tak til Terje sin paviljong og litt småpotl for Livar er der og plass til. Eg får nøye meg med utsikten bakover via sidespeglane. Blir meir som å kjøre ein bitteliten bubil for i bubilen er det null utsikt bakover anna en via sidespeglane.
                           
Mange kilometer skal tilbakeleggjast, og då er det viktig å vere meir enn halvvaken.
Erfaring seier meg at det ikkje er dumt å ha orden i papira om noko skjer når ein ferdast i Italia.  Dette kortet vart erverva med stor møye. Får passe godt på det og sørge for at det absolutt ikkje vert bruk for det. 

Det klør i fingrane, ja i heile kroppen. bare få dagar att til andre halvparten av meg tek plass bak rattet og let gassfoten leika seg nedover Europa. Paula er forresten med, så blir aldeles for stussleg får eg prøve å snakke litt med henne. Ho likar nå best å gje ordre, neste veg til høgre, kjør forsiktig, litt meir kan ho og men eg likar nå best når ho seier du er framme ved målet. Målet for denne turen som for så mange andre turar er  Villa Felizia Cda. Coltura Latiano Brindisi Puglia Italia. Litt barnsleg kanskje den siste, men forventninga til underteikna er ganske så barnsleg den og, eller kanskje heller barnleg. ( Eg måtte passe meg så eg ikkje brukte ordet som nazifrisøren på Bryne brukte om den barnslege klovnen i Løgnaslaget)

Lange bilturar kan jo kortas på så mange vis nå i den digitale tidsalder. Etter at mobilselskapa slapp laus roaming i heile Europa kan eg høyre på Lokalen Rogaland på veg sør over Jylland. Mobilen blir som ein gigantisk underhaldningssentral, musikk via Spotify og bøker på Storytel slår i hel mange mil.

mandag 6. mars 2017

Dyd! Dyd!

Tolmod er ein dyd vert det sagt, men den dyden har eg mista for lenge sidan.

Kor lenge er det å vente  til bil og førar er vel ombord og båten til Danmark legg frå kai?

Då dreg eg. Ikkje veit ikkje eg kva oddsen er for at du skal sjå ein svart Skoda Roomster med N på bakstussen og RJ968323 på plata om du klikkar på linken under her.  Men med jamne mellomrom får eg prøve å smile til kamera som overvakar trafikken langs motorvegen  A13 gjennom Brenner.

Turen sørover går via A13 Brennerautobahn ved parkeringsplassen i Brennerpasset. Føreforhold og trafikktilhøve  får du eit lite overblikk over her, men du har vel gjerne ikkje stor trong for å vite akkurat det.  Eg får bittelitt av "Snart framme kjensla", sjølv om det endå er 1137 km att til eg låser opp 
bommen og trillar dei siste metrane mot målet.  Så spørs det om eg får slik velkomst som det eg fekk her ein gong. Stakkaren kom i klem i bommen, og her ser du siste slaga med halen før den tok kveld for godt.

Ekte espresso, ein knapp munnfull krutsterk kaffi, blir mest som ein bit konfekt utan sjokoladeinnpakning. Alle bensinstasjonar langs autostradaen serverer denne eliksiren. 
Etterkvart har eg funne meg tilrette med systemet for kjøp av desse små koppane fylt opp med ettertrakta resultat av møte mellom dampande vatn og nymalte bønner frå kaffibusken. Eg må gå til kassen og gje beskjed om kva eg vil ha først. Så lenge det  bare er kaffi, går det greitt. "Espresso, per favore". Det blir som regel frå 80 cent til 1 euro og 20 cent å betala. I overkant avansert blir det når eg vil ha noko meir. Framleis er det slik at eg må SEIE kva eg vil ha. Tungvint å peike på vara. Køen rundt kaffikassa er ofte ganske både tett og uorganisert. Her er ingen "ordnung muss sein" som i eit tilbakelagt Tyskland. Har meir enn ein gong lurt på korleis folk held greie på sin tur i kaffikøen, men det ser ikkje ut til at eg klarer å plukke opp desse kodane.  I staden for fyrstikker til å halde augene opne, fungerer denne høgt elska drikken heilt upåklagelig. Kan kjøre nokre kilometer meir for kvar espressokopp som fer innabords. Ein plass går likevel grensa. 
Har ein litt betre tid, kan ein gje seg i kast med ein kopp cappucino. Då blir det meir som skal inn, 
og rimeleg nok meir som skal ut.
Nokre bilar har ein eller annan form for sensor. Korleis det fungerer anar eg ikkje. Ingen peiling på kva som skal til, men eg kjenner ei som svært ofte er ganske så urolig for om eg klarer å stoppe i tide og unngå å kjøre i søvne. Ute på ein liten tur, mest heime, under jernbanebrua på Vadland fekk ho jammen beskjed, du bør ta pause, du er for trøytt til å kjøre. Eg har kjørt nokre mil med same bil, men aldri fått slik tilbakemelding. På langkjøring kunne det rett nok vore fint å få eit slikt varsel.  Får heller bruke vitet i staden, om det bare fins nok av slaget tilgjengelig. Vitet skal helst vare nokre kilometer og, for turen til Villa Felizia er ikkje mindre enn   
 2  6  4  0    kiiilooomeeeteeeer frå ein kjører i land i Hirtshals. Legg ein til dei 50 kilometrane frå Helmikhølen 5 til eg kjører ombord i 

Fjordline sin båt, blir det i alt 2690 km. Det er forresten ein staselig start på turen. Fjordline sine båtar kan eg så absolutt tilrå. God plass, fine i sjøen sjølv om den er ganske grov, veldig bra å koma fram til Hirtshals ferdig utkvilt, klar for ein god slump kilometer på teljaren. Skoda-en har aldri vore utanlands før, anna enn då den kom til i Tsjekkia for 8 år sidan. Me skal nok få utav den ein del fleire kilometer før den ikkje vil meir. Putre putre, 1,4 l fordelt på 3 sylindrar. 80 turbohestar skal få lufta seg. Får bare passe på å kjøre på eit vis som gjer at eg ikkkje stoppar i bakkane rundt Kassel. Er visst ein del norske vidfarne bilistar som gjer det. Dei gløymer visst at ein bør vere litt varsam med for store trøkk på pedalen lengst til høgre.

Eg lovar å lage både ein og to og tre DYDar i det eg svingar inn på tomta der på Cda Coltura.