Translate

torsdag 9. mai 2013

Har me landa?

Felizia har landa. Det er det lite tvil om der ho har funne rom hos hønefosterfar på Villa Serena. Etter det som vert rapportert, har ho det godt. Fint med støtte frå søsken er det likevel. Å flytte heimefrå aleine ville nok vore annleis enn å flytte i lag med søster si.

Me har heilt frå starten av tenkt at eit eller anna å ta seg fram med langsetter vegane i Puglia det måtte me ha ha. Ein bitteliten draum har det vore for olivenbonden bak desse sidene å få seg eit lite leiketøy med namnet cinqueceinte, ikkje modello nuovo. 


Skulle det først vera Fiat 500 måtte det vera den opprinnelige med hekkmotor. For rundt 3000 Euro kan ein få brukbare eksemplar. Ulempen er at inni er det bare plass til meg og ein ekstra på sida. Bak i bilen er det snautt plass til bagasje. Kanskje det ringaste er at smell du i lag med ein annan bil i eit lite koseleg møte, så er du ille ute. Nei, me får nok gå nokre hakk opp. 

Me må ha ha ein plass å setje bilen medan me er på Vigrest. Det har ordna seg. Har tilbod om plass i eit gardsrom der ein bil kan stå tryggare enn ute under open himmel på Villa Felizia.
Så blir det å sortere mellom alt det som står for salg:



 
  
Felizia har "landa", men som de skjønar har ikkje me gjort det. I allefall ikkje når det gjeld bilhandel. Legg alt seg tilrette med handel og forsikring, skal du ikkje sjå bort frå at eigen bil i Puglia kan bli ein realitet alt komande sommar. Dog, det å vente er ikkje er den mest velutvikla sida ved meg, men kan hende finn me ut at det er best.
Kva me LANDAR på, vil ganske sikkert bli kunngjort her i ein seinare blogg.

søndag 5. mai 2013

Hei, det er eg som er Felizia!


Då har eg flytta. Hønefosterfar kom og henta meg tidleg torsdag morgon 2. mai. Nå skal eg bu ved villa Serena.  Han som passar på meg heiter Livar. Eg trur han heiter I Banken til etternamn. Han styrer i veg og prøve å gjere livet så godt som mogleg for meg og syster mi. Eg kjenner at for kvar natt som går blir det betre og betre.
Endå litt lenge til hønefar ser innom. Nå er det vel rundt 47 dagar og då reknar eg med han kjem strake vegen hit til Ceglie for å få med seg egg og gjere opp for dei utgiftene han Livar har hatt så langt. Nytt hus har han og laga. Her er bare så koseleg når eg vågar meg innfor døra. Eg er heldig som har hamna her. Her vil dei meg vel.

onsdag 1. mai 2013

Fjernhønseri

Får håpe hønefosterfar er heldig med handelen i  morgon. Ho har fått namn høna, men veit endå ikkje om det.  Felizia heiter ho. Eg reknar med ho gjev seg til kjenne for fosterfar slik at han får med seg rett dame når han dreg heim att frå Ceglie i morgon. Litt synd om han får med seg feil høne og det bare blir røre av det heile. Røre skal det forresten bli, men det er seinare. Når gjestene strøymer på til Villa Felizia skal dei  få eggerøre til frukost i fylgje med passande italiensk røykeskinke. Er dei skikkeleg heldige får dei brød frå forno a legna og.
Med olivenplantasje i Puglia skulle det mest bare mangle om det einaste ein er sjølvforsynt med skulle vera olivenolje. Nokre høner hadde ikkje vore dumt. Medan ein ventar på rett tid for fleire høner med fast tilhald på tomta vår,  kan det vera lurt å be om hjelp frå husfolket i Villa Serena. Det er nok best å starte i det små og finne ei høne som er klar til å  leggja eit lite egg.
Kanin og hønemarknaden i Ceglie er vel helst som eit misseshow reknar eg med. Mi høne må vere attraktiv for Bøgvald, det er vel hovudkriteriet. At ho toler å sjå seg sjølv i spegelen er heller ingen ulempe. Siste kriteriet er at ho absolutt må motstå eventuelle tendensar til å vere dumdristig i omgang med reven. Det er mest så ho burde bli intervjua slik ein kan sikre seg  å unngå all fraternisering med omvandrande revar.



Nummer to til venstre er  lite aktuell vil eg tru. Du finn henne vel ikkje på marknaden i Ceglie heller. Nummer to frå høgre ser igrunnen bra ut. Ho kunne absolutt vore rett høne på vaglet hos Sofie og Livar.


Kanskje eg bør sjekke kva reglar som fins for Eu-stønad til husdyrhald i småskala.
Kunne jo vere at det er ein Euro eller to å hale der og. Det bør jo ikkje bare vera stønad til oliventrea. Det er ei sak som eg nok må kome tilbake til ein gong seinare.