Translate

søndag 31. mars 2024

Firhjularar med el-drift

 

Litt erfaring med kjøretøy på 4 hjul og framdrift med straum har eg no. Det som er ein absolutt fordel med denne,  er evnen til å klare seg sjølv. Stoppar for hindringar og finn heilt sjølv vegen til lading. 

Kan nok ikkje rekne med at det skal gå like rolig for seg med bil, men eg har nå tru på at med lit tolmod skal det gå.  Fins mange hjelpemiddel å lene seg på. Appar i utal som dekker dei områda me skal kjøra gjennom. 

Dei appane som bare dekker Norge har eg for å gjera det enkelt samla i ei eiga gruppe.
Er vel Puglia som kan bli som ein akilleshæl, men er har nå trua her og på at det skal gå greitt. Kartet syner ganske så mange ladepunkt. Ikkje lenger vekk enn det me tidlegare har måtta kjøre for å fylle drivstoff.

Kvart tal i den blå sirkelen representere kor mange ladestasjonar ein finn i nærområdet. Det bør halde til vårt bruk.
For mange år sidan, heile 11, kjøpte eg ein jordfresar. Hadde nok meir planar om jordbruk enn det som var realistisk. Fresaren tok ikkje så djupt, men nok til å mjukne ei knallhard soltørka jordskorpe. Hondaen har fungert heilt upåklagelig i 11 år. Etterkvart fekk eg tak i eit klippeaggregat til fresaren og slik vart bruksområdet utvida. Så fekk me nye venner i Ceglie. Dei ville dyrka kartofler i tillegg til alt av blomar hagen deira kunne by på. Ein heilt makalaus hage med alt som fins av blomar som tåler både turk og sol. Eg spurte Bøje om han ville bytte ut spade for å vende jorda med fresaren. Om eg kunne få "låne" den tilbake eit par gonger i året, så kunne fresaren få langtidsparkering oppe i Ceglie.  Ikkje så vanskelig når eg kunne kjøre askinen inn i anten det var Roomsteren eller Kodiaqen. Ein lem opp bak på bilen, så drog maskinen seg opp og inn heilt for eigen maskinen.  Så kom eg plutselig på at den vesle finslege maskinen nok ikkje får lov å kome inn i nybilen. 
Rett nok vart det plass for det heile i 2013 då Hondaen vart kjøpt. Men det som hjalp då var at den var demontert og pakka inn i passelig store øskjer.  Ikkje meir enn det som gjekk inn i ein Fiat 500.

Graset på vår del av Cda Coltura må klippas, både i mai og i september. For å få det til har eg spurt han som steikte dei beste biffane på Taverna di Pascalone. Ikkje vanskelig å spørje folk som han.  Det skal me ordne svarte han på mi bønn om hjelp. Så då blir det råd med både kartoffeldyrking i Ceglie og grasklipp i Latiano.

lørdag 2. mars 2024

Det naermar seg

Det er viktig aa ha god oversikt over kor mange dagar det er att til oppstart. I dette tilfellet gjeld oppstarten neste ekspedisjon sørover med Cda Coltura som mål. Burde vel hatt ein teljar som vert oppdatert i sanntid, men det er over min kompetanse. Pr. 2.mars 09:18 er det 
til me set kursen ut frå Helmikhølen.  Det maa vera lov aa seie at me gler oss. Akkurat på dette området kan ingen seie at me gjev oss over til prokrastinering. Lite blir overlatt til tilfeldigheter når det gjeld turen. Ferjebilletten  frå Kristiansand til Hirtshals vart ganske så rimelig. Me har samla poeng på tidlegare reiser, og nå resulterte det  i nærare halv pris av det me elles hadde mått betala.  Ein liten stopp i Flensburg legg me opp til. Godt å vere utkvild før me fer vidare sør gjennom Tyskland. Gasthof van der Linde i Rothenburg ob Tauber er neste stopp.  
Ok stad for ei natt, nydelig middelalderby med  koselige smale gater og bindingsverkhus.
 
Tredje dag på reisa  vår reknar me med å passere grensa til Italia ved Brenner. Då skulle ein tru det var ei smal sak å ta resten av dei 2600 kilometrane i ein stor jafs. Men nei, me har jo endå aldri vore på skikkelig SYDENFERIE. Kanskje eit par dagars opphald ved Gardasjøen kan hjelpe på. Overnatting er booka i Casa Cavour, via Cavour 5, Garda. Får nesten dårlig samvittighet overfor Lorenzo i LOcanda COrsa, men me får gjera det godt att når me reiser heim att i juni. Området rundt Verona er i grunnen ganske passe om me vil kjøre langt frå vår andre heim,  utan å slite oss fullstendig ut.


Der trur eg jammen hatten eg har sakna dukka opp. Skaffa meg ein i Riquewihr for mange mange år sidan, i 2011 var det visst. Den tålte ikkje tilværet i Puglia, det var før me fekk gang på avfuktarane. Det var i den tida veggene måtte gås over med klor for å få vekk muffa, men den tida er tilbakelagt. Me treng ikkje lenger bruke ein dag eller to for å gjere huset bebuelig att etter ein våt vinter. Ei flysse av ein hatt er og tilbakelagt, nå er det tid for nye hattar. 

(Om nokon la merke til delvis bruk av aa, oe og ae i starten, skuldast det at eg ville teste eit rådlaust tastatur kjøpt i Italia og brukt i lag med mobilen. Italienarane kan jo ikkje vite om våre sære vanar, så då løyste eg det på militært vis, a+a=å, o+e=ø og a+e=æ. Men så, medan eg sat og skreiv, framleis i militær modus oppdaga eg at dei norske særteikna låg klar, dei var bare ikkje merka på tastane. Så då gjekk det over til dei bokstavane me reknar som normale.)