Translate

onsdag 30. august 2023

Kor fort går det nå?

Litt klatt før avreise. Skodavitsar kan hentas fram att. 

Min blir som så: 

Kva treng du for å lese av farten du kjører i? Feil, svaret er ikkje speedometer. 

Svaret er STREKKODELESAR. 

Me måtte ta litt tid for å tenkje gjennom problematikken. Reiser me etter oppsett plan, eller utset me for å få feilen reparert.  Me har kome til eit greitt svar trur me. 

Skjermen framfor rattet syner mest ingenting.  Heldigvis er det meste av info i tillegg til visning av fart meir komfortopplysningar. Kva gir har bilen valgt, adaptiv cruiscontrol kan ein lure til å jobbe ved å sette den i blinde, turtal det vel bilen sjølv, assistentsystem fungerer og slik som kjørefeltassistent og nødstopp, hard nedbremsing om ein kjem for fort inn mot ei hindring. 

Ei list med varsellamper for oljetrykk, evt motorfeil og anna småsnacks finn me på ei lyslift over den digitale skjermen, så går noko galt reint teknisk får me melding om det.

Me kunne forsåvidt tatt ein svipp litt lenger aust på veg sørover. Tsjekkia ligg jo ikkje så langt unna om me vel den austlege vegen. Haddde sikkert gått å få avtale om nytt display der bilen er laga, men det får bare venta. Når me ein gong uti oktober kjem heim att, då ligg det digitale displayet klar hos Møller bil Egersund. Til den ti har me vel blitt så vane med fartvisning på mobilen at me kanskje ikkje ser heilt det store behovet for å ta turen til Egersund.



mandag 21. august 2023

Trene tålsemd

Ryktene om min død er betydelig overdrevet skal Mark Twain ha sagt ein gong det gjekk rykter om han om både alvorlig sjukdom og død. 

Ryktene om vår reise til Puglia er også betydelig overdrevet. Reknar med at mange kjenner seg igjen i at ei reise tek til lenge før ein fysisk fer avgarde. Gleda ved reisa startar lenge før ein i vårt tilfelle trykkjer på startknappen. Då kan ein drøyma, då kan ein trekkje fram minner, då kan ein planlegge.

Endå eit par veker til Bergensfjord glir forbi i tiltakande nattemørke med Anne Marie og meg ombord. Erfaringa elles er at når det tippar tre veker til avreise, då går det mest farlig fort. Eit par tre dagar på i bil på veg nedover blir bare ei god førebuing til alle dei gode dagane me reiser for å få.

Me sjekkar vermeldingane der sør stadig vekk, heile året faktisk. Der og i Longyearbyen Gler oss over synkande temperaturar, sjølv om det ikkje har vore så ille i Puglia som det me har høyrt frå Spania denne sommaren.

Ut frå det me ser framover kan me truleg rekna med i overkant av 30 grader i starten av vår ferie #3 dette året. Så vil det nok gå sakte nedover etter kvart som vekene går. Etter norske tilhøve er det trulig stadig sommar i midten av oktober. Lenge før me nordbuarar legg frå oss sommarkleda, tek italienarane til med å kle seg i dunjakkar og andre klede me syns passar best når det er vinter. 

Godt å ha gode folk til å stelle jorda. 

Her lurer eg mest på om ikkje Giulio har forbarma seg over ein steingard som har sett sine beste dagar. Jorda er horva og jorda er slådda. I vårt område blir oliven slått ned frå trea, for så å bli samla opp. Ikkje alle syns det er greitt, men den teknikken er altså den mest brukte så langt me får med oss.

Me får ikkje med oss olivenhausten før me reiser nordover att. Det skjer først i november desember. Mandler derimot, bugnande mandeltre ventar på oss. Me kunne visst fått hjelp av Giulio og Giulia med plukking, dei gjorde det eit år tidlegare. Nå trur eg me rekk ned før det blir altfor mykje nedfallsmandler.


tirsdag 15. august 2023

Sommar nummer 3

Utferdstrongen kan ytre seg på så mange vis. For min del er det slik at ei reise for ein stor del også er førebuing til reisa. Sjølv om turen frå nord til sør er avvikla ganske så mange gonger, blir eg nok aldri utlært. 

Tidlegare har vel reisa for det meste gått på ein dag, men med for min del altfor mange stressande timar på Sola, Schiphol og Fiumicino. Blir fort ein god del timar av det, men same korleis ein snur og vender på det, tek det jo minst 3 gonger så lang tid å fare landevegen sørover. God merking på veg, høg standard på vegdekke og plenty av ok stader å stoppe for dopause og ein liten oppstivar i form av kaffi, cappucino eller espresso. 

Eg kjenner ein som tek turen i eit jafs. Legg seg bare ned litt i bilen når Jon Blund ropar høgt nok på han, då er han straks klar for ny kappkjøring med seg sjølv.

Me tek det vel kanksje litt tregt når me bare legg bak oss 80 til 90 mil pr dag. Greitt å ikkje måtta gjera alt likt. Me bestiller endåtil overnatting på vegen sørover, fint å sleppe stresset med å leite etter ok plasss når det har blitt kveld og tolmodet er brukt opp bak rattet. 

Akkurat nå har me funne ein stad nord i Italia, Affi bare nokre få  mil fra Verona. Locanda Ca'Orsa. Enkel overnatting, herlig middag på kvelden og skikkelig frukost før vidare reise. 

                                     

Det seiest at farfar Guttorm, som eg har blitt oppkalla etter var glad i å syngje. Fekk han ei flske med øl, då hadde arbeidskameratane på frakteskøyta underhaldning den kvelden. Eg syng bare når eg er aleine i bilen, og ekstra stimuli i form av drikke treng eg ikkje, kan ikkje ha det heller når eg gaular ut der bak rattet. Men etter 85 mil frå Peissen til Affi, syns eg det er løye med ein heil liter.

I passe avstand til målet vårt er det og. Omtrent 9 timar effektiv kjøring. Omsett til dei Hausken sin måte å kjøre på kan du legge til 4 timar til beinstrekk, kaffi, mat og dobesøk. Me kjem ikkje fram medan det endå er lyst, men startar me klokka 8 er det innfor det mulige å låse opp bommen ved målet innan kl 10.

Me me treng ei overnatting til før me kjem til Italia. Omtrent midtvegs gjennom Tyskland har me og overnatta ein del gonger, men der har det blitt ny plass kvar gong. Me har hatt stopp i Bispingen, Braunschweig, Peissen og i tillegg har me hatt sovestopp i det området fleire gonger når me kjørte bubil. 

Denne gongen blir det Hotel Rhönhof ved Michelsrombach. Det er Booking.com som hjelper oss med å finne bra plasser. Stort sett vellukka, men ikke ganske alltid. 



Då me reiste heim frå Latiano i midten av mai, skulle me reise med morgongbåt frå Hirtshals til Kristiansand. Hadde funne ein grei plass i Hirtshals trudde me. Det var ryddig, det var reint, det var lett å finne, MEN. Det store men var  at det var så fuktig. Både eg og Anne Marie reagerte med røde auge og rennande nase. At ganggolvet gynga litt då me gjekk inn var vel bare eit teikn på at muggsopp jobba på høggear under golvebelegget.

Denne gongen blir det Fjordline som får æra av å frakte oss over Skagerak til første delmål. 

Ein søv godt på passe mett mage, får bare passe på å ikkje overdrive på middagen i det me reiser frå Risavika.  Har vel litt å seie kva seng ein søv på og. Fjordline let oss velgje nærast heile spekteret frå prinsessa på erta til Jeppe på bjerget. Me skal nok få sove sjølv med enklaste standard og havutsikt i ei plakatramme på eine veggen i lugaren vår. 



Ein god rikhaldig frukost er det siste me ser av Bergensfjord før me gjer vårt beste for å gjere det så dejlig som mulig å krysse Danmark frå nord til sør. Me stoppar ikkje i Hjørring denne gongen.

Det einaste eg saknar hos Fjordline som dei har på Colorline, det er mulighet for å kjøpe matpakke. Ein rikhaldig bag fylt med påsmurte baguettar, kvikklunsj, frukt, flaske rmed vatn og termos med kaffi er veldig praktisk om ein ikje heller vil støtte servering langs vegen sørover Jylland. Eit par gonger har me kjøpt med oss på Superspeed. 

I alle år medan me har hatt hus der sør i Puglia, har me hatt følgje av Lill Karin og Gaute. Trist at dei nå har valgt å selgje, men slik er det "life goes on". Gjer dei alvor av orda sine, så er dei ikkje ferdige med Puglia. Og det er jo sant, fins plenty av stader der ein kan leige. Me tenkte slik me og i det halvåret huset vårt hus låg ute for salg. Ikkje ekstremt stor interesse, men nokre interresentar var då innom. Før kontraktsperioden med meglar Anna Rita var over, hadde ønsket og lysten til å selgje  gått over for vår del.

Me kan få mange gode år framover i huset vårt der sør i olivenlundane. Dette året: Først sommar frå mai til midten av juni, så sommar frå midten av juni til sist i august her og jammen klarer me ein sommar til i september og litt av oktober der sør i Latiano. Sjølv om ikkje sommaren i Puglia har vore så heit som i Spania, så er det nok best for oss nordbuarar å halde oss heime i juli og august, det er då ein kan lage speilegg på panseret av ein bil om den har stått i sola.

fredag 4. august 2023

Tok ikkje lange tida det


TTT er eit kjent begrep der sør i Italia. Me har i liten grad hatt bruk for handverkarar, då har me heller ikkje blitt utsatt for tolmodighetsprøvene enkelte har fått erfare.
Eg bestilte basseng frå Leroy Merlin, og rekna med det ville ta lova tid + litt til. 3 til 4 dagar før forventa levering på adresse i Laatiano, kom det melding om at leveranse for  uttransport frå lager var klar.. Eg melde vidare til Pascalone, at no ville bassenget bli levert innan kort tid. Fekk straks melding frå Puglias grillkonge, no også bassengkonge at bassenget var levert på hans adresse som avtala. Så då veit me det. Første oppdrag etter ankomst blir då eit par turer heim til Pasccalone for å hente det lenge etterlengta utstyret. Det vart ikkje eit 10 meters basseng, som var mitt førstevalg. Innser at det ville blitt veldig mykje å styre med, ikkje minst grunnarbeid. Nyttar ikkje å bare setje ut eit slikt stort basseng utan å sørge for at grunnen der det er stødig nok og ikkje minst ganske så vassrett. 
Blir spennande å sjå om der er litt tilovers av solvarme etter den heite sommaren slik at dei 26 tusen litrane med vatn kan bli gode å vera oppi. Målet får vera i denne omgang minst eitt bad, om enn temperaturen ikkje skulle koma opp i meir enn temperaturen vatnet har når det kjem opp frå jordas indre. Ikkje så veldig langt innover då, men 135 meter ned i bakken er med på å stabilisere vatnet til rundt 20 grader når vatnet kjem ut av kranen.
Det kan fort bli både morgonbad, dagbad og nattbad av dette.