Translate

torsdag 20. juni 2019

Enden er nær, returen likeså.

Då har det beintfram kome til ein ende denne gongen og. Kalaen her har overvintra heilt sikkert ein vinter, kanskje to. Klart seg på det vatnet som har kome ovante har den og. Dei kan ikkje vera av det mest tyrste slaget.
Her er saktens gjort ein heil del, men meir kunne vel vore unnagjort og om bare eg ikkje hadde gøymt meg i skuggen kvar gong eg haldt på bli overmanna av arbeidslyst.
  1. Kalking av murar
  2. Kalking av "forno a legna" (vedfyrt bakaromn)
  3. Kalking av vegg utfor stove og soverom.
  4. Installering av internett. Det me hadde tok lynet seg av i oktober. Det nye nettet er 8 til 10 gonger raskare.
  5. Satt opp kamera for overvaking av bassenget slik at me slepp å setja det opp og ta det ned for kvar gong me er her på bruket.
  6. Kvitta meg med ein flatskjerm og ein satelitt parabol. Slike ting kan ein setja oppe ved vegen, så forsvinn det etter ei tid.
  7. Kjørt slåmaskin på graset rundt frukttrea våre.
  8. Reparert bakdøra på bilen. Då me var her i påsken let den seg ikkje opne og sjølvsagt heller ikkje lukke, den var jo lukka heile tida.
  9. Vaska alt av kvitt sengtøy, og det er ikkje lite. Her  var ein god del her i huset då me overtok, og i tillegg har både eg og Anne Marie samla med oss frå heimane våre.
  10. Hatt vaskemaskin på garantireparasjon.
  11. Var mest heilt overtydd om at maskinen måtte endå ein tur til reparatør. Panelet ein styrer programma med har ganske så mange knappar, og i farten her ein morgon kom eg til å trykke på feil knapp for å starte. 
    Det gjekk jo som det måtte gå, ingenting skjedde. Gong etter gong det same, og eg gjorde meg klar for å reise til butikken i San Michele der maskinen vart kjøpt. Hadde eit heilt lite styremøte med meg sjølv om kva eg kunne forlange. Ny maskin for mindre enn eit år sidan. Reparert for eit par veker sidan og så virkar den ikkje lenger. Ny maskin her og nå kom styret fram til måtte vera eit rimeleg krav. Har erfart når det gjeld problem med Pc at det hjelper å ta ein pause. Etter pausen openberra feilen seg, det var intern feil hos underteikna. Eg brukte feil knapp til startknapp, og det gjekk jo ikkje godt. Når bare rett knapp vart berørt, ja det er touch-knappar, så tok maskinen avgårde inn i rett vaskeprogram.
  12. Inne i innedelen av varmepumpa lurer eg etterkvart på om det bur eit lite vesen som ikkje vil bli for mykje uroa. I februar mars fraus heile sulamitten til. Bare is på kjøleribbene og det vaks, såg ikkje ut til nokon ende å ta. Fjernstyringa tok heilt kvelden, ingen respons. Eg måtte leke elektrikar. Opna koplingsboksen og kopla frå det eg trudde var ledar for straum. Vifta ute stoppa og smått om senn tok det til å dryppe på golvet under vifta inne. Isen tina og varmepumpefunksjonen vart gjenoppretta. Nå i juni, nå som kjølinga er mest etterspurt, så ville visst vesenet ha fred. Etter to og ei halv  veke tok pumpa til med vaset att, men nå veit eg kva som må til. Nokre timar utan straum så hadde vesenet inni pumpa fått nok ro til å ta til att på jobben med å kjøle og ikkje minst redusere luftfuktigheten.
  13. Og vil ikkje kjølinga fungere i juli august, så får me stole på viftene i taket på soveromma.

Godt med litt god tid nå før avreise. 
Endå tre timar til eg skal vere hos Meggie og parkere bilen. 
Kald drikke gjer godt medan ein ventar.


mandag 17. juni 2019

Vannvittig dyr kaffi?

Fins det noko betre enn friske grøne druer, som nesten knasar når ein set tennene i dei. Søt italiensk sommar. Velsmakande anten dei har hatt langtransport nordover eller om dei bare er hausta lokalt. Dei første av slaget fekk eg smaka i dag. Herlig aleine og herlig i følgje med kvitost, anten det måtte vera emmentaler, leerdam eller norvegia. 
Kva gjer ein ikkje for å gjere seg livet behagelig. Då me kjøpte huset her følgde det med eit ganske stort  basseng. Ein månad aleine førte til at det forsvann. Når først gale skal vera, har eg kosa meg med tanken på alt bryet dei har hatt når dei skulle frakte avgarde alt vatnet. Seinare har me ikkje våga gå frå det bassenget me kjøpte til erstatning. Litt større, meir vatn men likevel ettermåten lett å demontere og frakte vekk anten det måtte vera med eller utan vatnet. Eit kamera oppe på veggen skal halde auge med eventuell uønska aktivitet ved bassenget når me ikkje er tilstades. Om me skulle observere folk i ferd med å demontere tenkjer eg å ringe VigilNova og be dei bryte av aktiviteten ved bassenget. Det tek si tid når 26000 liter vatn skal ut, så det er ikkje bare å kome her og kome her og tru at vipps så er ein sikra eit basseng utan å betale noko for det.
Me har brukt eine soverommet her til lagerrom for alt me må ha for å drive her og alt me har utan at me nødvendigvis må ha det. Kommune har ikkje vore særlig velviljug når det kjem til påbygg. Me har vel nesten mista trua heilt på at det er oppnåelig. Eit engelsk par eg møtte ein gong på ein restaurant i Francavilla hadde same problemet. Dei hadde løyst det med å skaffe seg ein container for lagring av det dei ikkje hadde plass til i huset.
IFA-group ved Massafra har godt utvalg i heilt nye containerer. Dei hadde også ferdige små boksar med vidauge og dør som eventuelt kunne vore brukt som soverom ved behov. Me kjører nok containerløysinga om me bare klarer å bestemme oss. Her er ganske trongt å kome inn med større bil der me eventuelt vil plassere det nye lagerrommet, men mannen hos IFA-group forsirka om at dei kunne kome til på svært så tronge plasser. Det var i allefall slik eg forstod det. Syns faktisk eg er ganske god til både å gje uttrykk for og forstå praktiske og tekninske omgrep. Det er sosial daglegtale som er heilt umulig.
Så var det kaffien, den må ha vore av dei aller dyraste koppane eg nokon gong har vore borti. Ganske nøyaktig 783 Euro var eg letta for då eg forlet kontoret på kommunehuset i Latiano. Gianfranco Buongiorno rekna ut skatte for inneverande år på ganske kort tid medan eg venta. Normalt skal ein betala i perioden 1. til 15. desember og 1. til 15.juni. Skal me ikkje bare ordne slik at du betalar for heile året på ein gong, så slepp du å passe på å få det gjort i desember. Passa jo veldig godt det, for midtvinters er ikkje tida for opphald her på bruket. Akkurat då er det betre heime.

lørdag 15. juni 2019

Brennvarmt



Ikkje bare i pizzaogen der er varmt. Målet med fyringa var 400 grader, og då kjennest det eit stykke utfor døra og. Alltid triveleg å koma til dei bufaste, dei som har brent dei fleste bruer og slått seg til her i Puglia for godt i ein Trullo som bare er som ein draum.
Eit par frå Stavanger var og gjester hos Signe og Gaute, trur ikkje dei hadde steikt pizza i forno a legna før.

Det var ein fabelaktig god deig å bake ut. Tipo 0, litt salt, litt sukker og gjær. Når det så fekk godgjere seg og gjæren fekk jobbe over tid vart det ein makelaus fin deig. Semolina til å bake ut med, så vart det lite kliss på hendene, ja for det er hendene som er viktigaste reiskapen for å få god deig der ein ikkje har kjevla ut all lufta. 
I oktober 2018 hadde me visitt av Tor, og då han slo og det gneistra tok nokre av gneistane vegen inn i huset og øydela der det var innom.  Internett via satelitt gjekk over i historien for vår del. Modem og satelitthovud ville ikkje meir.  Eit lite håp hadde eg med ein repeater, men det vart lite stabilt. Heilt tilfeldig kom eg innom på ein elektronikkbutikk i Latiano, og mannen i butikken meint1e eg burde prøve Tiscali. Dei har sendar ikkje så langt herfrå ved Masseria Marangiosa. I dag var dagen for oppsett og utprøving. Masta konkurrerer med den som skal ta ned lynet om det vil innom att her i huset. Fekk ordne ei ekstra mast eit par meter høgare enn antennemasta, så får me sjå kva som skjer.
Inne var det velstand, både 2.4G og 5G + mulighet for å kople til via LAN. Farten er god den, omtrent 10 gonger raskare enn satelittopplegget leverte. 60 Mbps vart målt, men det er kanskje bare ein topp. Normalt går det nok noko seinare. Eg las ikkje så nøye det med lita skrift, forresten såg mest ut som heile kontrakten var med små skrift. Kva språk kontrakten står på er jo italiensk. For meg kunne det like gjerne vore kaudervelsk, men eg satsar på at eg ikkje er lurt.
Ikkje så voldsom blomeprakt her endå. Vatn har ikkje vore til plage seinaste tida, og då blir det tørt. Kalaen her får få vatn nå, men det skal vel mykje til at den framleis står med blom rundt 20. juli då huset på nytt får eigarane på besøk.

Brennvarmt i pizzaogen, men jammen er her brennvarmt utan å fyre og. 38 på det meste, ligg mest på 30 til 35. Ein sommar hadde me ei veke med over førti dei fleste dagane. Eg skjønar bare ikkje korleis me klarte å halde det ut.

mandag 10. juni 2019

Motorisert trillebåre?

Det er reinska litt i oliventra våre, og Julio har samla greinene innved stammane. Litt ved dei fleste av våre 49 tre.
Å trille 250 meter med trillebåre for å få veden til husar, det syns eg var vel sveitt.
Då får den fanatastiske Roomsteren gjere nytte for seg. Godt det er tørt. Om ikkje, hadde sjølv ikkje Roomsteren har nubbesjans. Når det blir vått er jorda sleip og klebrig, slett ikkje noko for motorisert trillebåre. Det blir 3 - 4 slike lass av det, så får ein kappe til passe lengde for ogen når bare resten av hushaldet dreg nedover i juli. Har bestemt meg for at motorsag det er ikkje noko eg skal halde på med når eg er alene på bruket.

Potent by, POTENZA

Å ta på tur til ein italiensk by midt på dagen ein søndag er kanskje ikkje beste trekket du kan gjere. Då er sjalusia dradd ned framfor dei fleste butikkvindauge, folk flest er heime for  for å nyte sundagslunsjen.
Og optimistisk som eg av og til er, prøvde eg meg likevel på ein spiseplass som vart markedsført på Trip-advisor. Den låge bygningen nedst i gata kunne lure ein til å tru at det var eit forlatt lagerlokale eller noko slikt. Det var ein skikkeleg fin restauarant, men gjester som meg ville dei ikkje ha. Eg var respektabelt antrukket, men der var ikkje ledig plass i herberget eller rettare sagt ved borda. Alt var visst bestilt, og ingen ville ta bryet med å lage til for ein eing ekstra gjest.
Svolten var eg etter tre timars kjøretur, så mat måtte eg bare ha. Ei pizzasjappe oppi gata vart redninga.
"Caldo o freddo" spurde servitøren. Han behøvde ikkje spurt, for han gav blaffen i at svaret mitt var tydeleg caldo.  Gid det var varmt eller kaldt, det eg fekk var halvkaldt eller halvvarmt alt etter korleis du snur og vender på det eller lunken om ein held seg i den terminilogien. Drikka var kaldt.
                                               

Alle tiders kollektiv tilbud kom eg over i Potenza. Eg oppdaga det ikkje før eg kom opp att i den høgda der eg parkerte bilen. Det som såg ut som eit litt avansert buss-skur, viste seg å vera endestasjon for rulletrappa frå nedre deler av byen.
Ingen så langt eg såg brukte dette alternativer for transport oppover i høgare strok, men så var vel folk flest opptekne med sitt heime. Hadde nok vore annleis om eg hadde vore der på ein annan dag,  og på ei anna tid av dagen.
Noko som er spesielt med italienske byar, iallefall for mange av dei, er veldig tett bebyggelse, og så skarpt avgrensa av kanskje ei gate.  Så er det rett over i vill natur eller dyrka mark. Heime i Norge er det jo ofte slik at bebyggelsen blir meir og meir spreidd jo lenger frå sentrum av ein by ein kjem.


onsdag 5. juni 2019

Kul gul Italiaskyss

Skal ein til Italia er det vel ingen skyss som eignar seg betre enn den ein kan få i ein Cinquecento. Ikkje kva 500 som helst, nei kul gul må den vara. Rett nok ein ny ein, men likefullt ein 500. Og rett nok, ikkje langs autobahn og autostrada, bare ein første etappe frå Vigrestad til Sola. Det er Knut, eldsteson som har falle for freistinga å skaffe seg litt smågodt, gult og kult.

Roomsteren stod klar i Via Roma 82, Latiano kl 23:45 saman med Salata mista og grillpølser og grilla kjøt. Nok til både nattmat ved ankomst og frukost dagen etter. Det er Meggie som slik viser sin omtanke og omsorg.
Skyene bar bod om ein god første dag i Puglia. Sol frå nesten skyfri himmel heile dagen. Mellom 22 og 25 grader er jo og ganske ok.
Ser ut som tjuvpakket har mista interessen for våre eignelutar. Syklane stod i allefall ute heile tida sidan påske utan at nokon har stukke av med dei.
Tema kul gul i kvit utgåve.
 I dag er det visst kvitt som gjeld.
 Men søte er dei nå alle saman.
Her trur eg jammen der er ein som har fått for mykje Møllers tran.
                
Dagen vart avslutta på Taverna di Pascalone. Å læra italienske gloser går helst seint for min del, men klarer eg å knytte ordet til noko konkret går det lettare. Piede di porco til dømes er det same som brekkjern eller direkte oversat, foten til grisen.  Far og son som var ein stad nordante hadde opphald hos Meggie medan kone/mor var i Bari på sjukehus for å justere elektronisk stimulering av hjernen pga Parkinson. Faren var lege og kjende Meggie frå mange år tilbake, sikkert 40sa han. Guten var eit einaste stort SMIL og frå nå av skal eg hugse SORRISO. Dagen vart avslutta på Taverna di Pascalone. Vart ingen biff av det i går kveld. Kyllinglår og steikte poteter på huset, meir som privat gjest.
Kronologien er vel ikkje så nøye. Då eg for heim var det mørkt, så godt då at eg fekk tatt dette i det eg var på veg til. Latiano er ingen vakker by, det ville vere ei stor lygn om ein det sa.  Med ved gravplassen og rundkjøringa der blir solnedgangen  ganske så flott, spesielt når lyset blir filtrert av palmene inni rundkjøringa.