Translate

torsdag 20. juni 2019

Enden er nær, returen likeså.

Då har det beintfram kome til ein ende denne gongen og. Kalaen her har overvintra heilt sikkert ein vinter, kanskje to. Klart seg på det vatnet som har kome ovante har den og. Dei kan ikkje vera av det mest tyrste slaget.
Her er saktens gjort ein heil del, men meir kunne vel vore unnagjort og om bare eg ikkje hadde gøymt meg i skuggen kvar gong eg haldt på bli overmanna av arbeidslyst.
  1. Kalking av murar
  2. Kalking av "forno a legna" (vedfyrt bakaromn)
  3. Kalking av vegg utfor stove og soverom.
  4. Installering av internett. Det me hadde tok lynet seg av i oktober. Det nye nettet er 8 til 10 gonger raskare.
  5. Satt opp kamera for overvaking av bassenget slik at me slepp å setja det opp og ta det ned for kvar gong me er her på bruket.
  6. Kvitta meg med ein flatskjerm og ein satelitt parabol. Slike ting kan ein setja oppe ved vegen, så forsvinn det etter ei tid.
  7. Kjørt slåmaskin på graset rundt frukttrea våre.
  8. Reparert bakdøra på bilen. Då me var her i påsken let den seg ikkje opne og sjølvsagt heller ikkje lukke, den var jo lukka heile tida.
  9. Vaska alt av kvitt sengtøy, og det er ikkje lite. Her  var ein god del her i huset då me overtok, og i tillegg har både eg og Anne Marie samla med oss frå heimane våre.
  10. Hatt vaskemaskin på garantireparasjon.
  11. Var mest heilt overtydd om at maskinen måtte endå ein tur til reparatør. Panelet ein styrer programma med har ganske så mange knappar, og i farten her ein morgon kom eg til å trykke på feil knapp for å starte. 
    Det gjekk jo som det måtte gå, ingenting skjedde. Gong etter gong det same, og eg gjorde meg klar for å reise til butikken i San Michele der maskinen vart kjøpt. Hadde eit heilt lite styremøte med meg sjølv om kva eg kunne forlange. Ny maskin for mindre enn eit år sidan. Reparert for eit par veker sidan og så virkar den ikkje lenger. Ny maskin her og nå kom styret fram til måtte vera eit rimeleg krav. Har erfart når det gjeld problem med Pc at det hjelper å ta ein pause. Etter pausen openberra feilen seg, det var intern feil hos underteikna. Eg brukte feil knapp til startknapp, og det gjekk jo ikkje godt. Når bare rett knapp vart berørt, ja det er touch-knappar, så tok maskinen avgårde inn i rett vaskeprogram.
  12. Inne i innedelen av varmepumpa lurer eg etterkvart på om det bur eit lite vesen som ikkje vil bli for mykje uroa. I februar mars fraus heile sulamitten til. Bare is på kjøleribbene og det vaks, såg ikkje ut til nokon ende å ta. Fjernstyringa tok heilt kvelden, ingen respons. Eg måtte leke elektrikar. Opna koplingsboksen og kopla frå det eg trudde var ledar for straum. Vifta ute stoppa og smått om senn tok det til å dryppe på golvet under vifta inne. Isen tina og varmepumpefunksjonen vart gjenoppretta. Nå i juni, nå som kjølinga er mest etterspurt, så ville visst vesenet ha fred. Etter to og ei halv  veke tok pumpa til med vaset att, men nå veit eg kva som må til. Nokre timar utan straum så hadde vesenet inni pumpa fått nok ro til å ta til att på jobben med å kjøle og ikkje minst redusere luftfuktigheten.
  13. Og vil ikkje kjølinga fungere i juli august, så får me stole på viftene i taket på soveromma.

Godt med litt god tid nå før avreise. 
Endå tre timar til eg skal vere hos Meggie og parkere bilen. 
Kald drikke gjer godt medan ein ventar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar