Translate

onsdag 21. november 2018

Sempre problema

Ikkje så mange ubedde gjester denne gongen. Tomme musefeller. Tomme skåler med gift, ingen muselort, kun denne stakkaren som  faktisk slapp ut i det fri.

Før eller seinare hadde den nok fått selskap. 
D
Dårlig med straum ser du. Eine av to kursar ute av drift. Sjølvsagt kursen som forsyner alarmanlegget med straum. 
Eg trur eg kallar det kommunikasjonssvikt at ikkje VigilNova hadde fått fram opplysning om straumforsyninga til alarmen. I følge loggen deira mista alarmen straumen rundt 13. november. Eg kom hit 17.
Elektrikar kom og fann at eine automatsikringen var øydelagt. Når den nå er bytta frå bulgarsk til italiensk kvalitet, bør den i følge Pascalone halde.
Varmepumpa sviv. vannpumpa gjev vatn til alle kranar og ikkje minst do, kjøleskapet sviv, oppvaskmaskin har kjørt ein omgang, vaskemaskinen har gjort sin første jobb denne månaden, så var det bare å få på kaffien. 

Men der skjedde det lite anna enn at eit rødt lys kom på i staden for at det kom kaffi i koppen. 
Av med kleda, men ikkje såg eg noko feil. Langt over min kompetanse var det forresten og. 

Litt reingjering i inntaket for kaffibønner i tillegg til litt rå makt på skrua som stiller inn malningsgrad gjorde susen. Då slepp eg å krype til den frysetørka varianten, men det er jo noko heilt anna. Fersk nymalt og nypressa skal det vere.

Når det gjeld oppfølgjing av VigilNova har Meggie frå Taverna di Pascalone tatt seg av det. Før eg fekk spurt, og godt er nå det. Det er forresten VigilNova som sikrar rådhuset i byen. Då må dei vera bittelitt seriøse tenkjer  eg.







fredag 9. november 2018

Kva har du i lommane mann?

Når det etterkvart blir ein sport å sjå kor lite ein kan klare seg med undervegs til Puglia, kan dei merkeligaste metodar tas i bruk.. Målet er ikkje plent å bare klare seg med lommerusk på reisa,  men spring ein frå ein gate til ein annan er det jo ganske så greitt at det ein dreg på veg lite. Særleg om ein har lite tid slik eg har denne gongen på Schiphol. 40 minutt går nok greitt om bare flyet frå Sola er i rute. Har gjennomgåande billett, så om eg ikkje kjem vidare etter planen, tek KLM hand om rebooking og overnatting før vidare reise til Roma.
Dette er i røynda bare ein test. Let det seg gjere å blogge via mobilen?
Her er det eg treng: 
Bluetooth tastatur på tur til Puglia
Mus eg har med får ikkje selskap der nede i huset dersom alle åtgjerdene mot firbeinte smågnagarar har virka.
Samsung DEX Pad + mobilen.
Så må ein jo ha ein skjerm til å vise det heile på.
Og INTERNETT.
Au, det blir visst eit lynblink i rekninga. 
Men eg har trua på at det skal la seg gjere å kome rundt problemet på eitt eller anna vis.

Blir kveldane lange kan eg jo med dei alt omtala remediene sjå litt på NRK, TV2 og Netflix. Alt nedlasta før avreise frå Vigrest.


Fascinerande kva dei klarer å pakke inn ein liten mobil. 


fredag 2. november 2018

Ekstradose dagslys

Så er det den tida. Me har skrudd klokka tilbake ein time. Kvelden kjem ein time tidlegare. Det blir forferdelig fort mørkt. Korleis då unngå at det også skal bli mørkt til sinns? Lys er avgjerande for mykje av dei ulike livsformene me har rundt oss. For folk er det nok litt ulikt kor myke lys som trengs. Eg høyrer med mellom dei som treng dette lyset i store dosar for å fungere ok for meg sjølv, men ikkje minst og for dei eg lever tett saman med.
Kan ein velje mellom dette
og dette, er ikkje valget så fælt vanskeleg.Dagslyslampe på salongbordet i Helmikhølen 5 må sjå seg utkonkurrert av solnedgang over olivenlundane på Contrada Coltura.
Så kan eg saktens lage lange eller korte lister for å overbevise meg sjølv eller andre om at det er greitt nok å ta turen sørover. Kunne sikkert lage like lange, kanskje endå lengre lister over ting å gjere her heime, men det blir liksom ei avsporing. 

Endå ikkje meir enn ein halv månad sidan Romsteren trilla inn her i tunet etter omtrent 2800 kilometer for å få utført EU-kontroll som MÅ gjerast i Norge og ikkje i EU eller deler av EU. No står den her, så tett inntil veggen som mulig, klar for kontroll.


Så sit eg likevel her og fablar om ny tur, ikkje bare fablar faktisk. Lyster er til for å fylgjast, og det som før kravde litt, det gjer du nå med bare ein liten tur  på eit tastatur. Blir tur av slikt skjønar du. To veker sist i november fer eg sørover til einbølt tilvære i Villa Felizia. Forresten ikkje så heilt einbølt heller. Der er faktisk folk der sør og. Har vore gildt før. Sikkert ikkje mindre gild nå.

Olivenhaustinga er nok godt i gang. Kanskje årets oliven er ferdig pressa? Som du skjønar er ikkje avtalar heilt klare, men stell av jorda under trea er gjort, hausting er nok og gjort og eg har god tru på at me skal finne utav det med godtgjering for arbeidet. Ein variant kan vere at Julia og Julio tek halve olja + noko betalt i Euro. Ein annan variant kan vere at dei tek heile olja og at me kjøper tilbake det me vil ha.  Optimistisk som eg er trass mitt til tider mørke sinn, så har eg god tru for at det ordnar seg. Som regel går det godt.

På taket av Villa Felizia ligg det steinfliser eller små plater av stein.
Fugene i mellom treng behandling rett så ofte. Utan å gjere noko kan det fort kome spor i heile konstruksjonen at det blir meir fuktig enn nødvendig. Me har erfaring med mugg på både vegger og tak. Ein dusj kloring brukar å ordne det. Blir veret godt nok mellom 17. november og 1. desember, så bør eg kome meg på taket etter først å ha blanda rett blanding av sement og kalk og kva nå det er meir som skal oppi blandinga. Eg kjenner fleire som har oversikten på dette. Nåverande eller utflytta Hå-buar klarer mykje dei.

Ein tur på Rådhuset må eg og finne tid til. Eg har ein tese om at ting i Italia er ikkje vanskelig, det er bare annleis. Slik me kjenner skatteinnkreving her i Norge er det ikkje så mykje styr anna enn at me må gje opp kva me eig og kva me tenar. For italienarar vil eg tru vårt system kan vera rett så problematisk. Det handlar i stor grad om kjennskap til saker og ting. Av ulike grunnar har det visst ikkje blitt betalt skatt for eigedommen på Contrada Coltura meir enn omtrent halve tida me har vore småskalabønder i Puglia. Dette må me få orden på. Lite hyggelig å få klatt med det ved eit seinare høve.






Tradisjonelt eller ikkje, ein har det vel best når ein får sjanse til i størst mulig grad å sjølv bestemme korleis ein vil ha det. Å selgje hus og heim og flytte i båt hadde nok ikke passa mange. Å bli buande i båten i årevis før dei gjekk i land av alle stader på jord i Puglia, det er det vel endå færre som gjer. Å få lov å bli kjent med slike folk det er bare eit privilegium. Dei står på lista over prioriterte gjeremål, må bare hugse å ta med meg tannbørsten.
Så får eg ha dette i minnet når heimreisa nærmar seg. 
Eg kan jo late som om det er Anne Marie som syng.