Translate

søndag 24. juni 2018

Billettar har me

Billettar har me, så for den del er alt på plass. 2. juli frå Sola til København med SAS, og så straks vidare til Berlin med same flyselskap. Overnatting i Berlin på Econtel Hotel, Charlottenburg.
Alt ligg tilrette for  ankomst Aeroporto Salentino Brindisi tidleg morgon 3. juli. Det er Lauda Motion som tek oss frå Tyskland og vidare sørover. 
Ho som passar på bilen for oss går av jobb rundt midnatt og brukar vanligvis å sove litt utpå føremiddagen. Me tek av den grunn rett og slett buss inn til jernbanestasjonen i Brindisi for så å reise vidare til Latiano med lokalt somletog. Så fryktelig somletog kan det forresten ikkje bli, for der er bare ein stasjon mellom Latiano og Brindisi.
Dette er slik det skulle ha vore, men så kjem det fram i media at vår avgang frå Sola kan bli forstyrra av streik. Så omfattande at om det blir noko av det, så blir heile flyplassen stengt. 
På fredag veit me truleg kva det blir til.
Då gjeld det om å inneha endringskompetanse.
Her fins jo ulike gode hjelparar:
Fjordline.
Colorline.
Widerøe.

Det eine alternativet etter det andre dukkar opp, så ferie skal det nå bli. Pugliatur, om enn på litt anna vis enn planlagt. 
Ferjetur over Skagerak representerer starten på ein 2600 kilometer lang biltur. Men må man, så må man.
Wiederøe blir evt alternativ frå Kjevik til København for så å hive seg på opphavleg reiseplan.
Fleire alternativ enn dette fins nok og, men det er desse som vert realitetsbehandla av dei reisehuga i Helmikhølen 5. 

Les litt på kommentarfelt skrive av folk som ikkje nettopp har så veldig stor sympati med dei mulig streikande. Skulle likt å sjå dei same takke nei til lønnsauke og betre rettar framforhandla av organisasjonar dei absolutt ikkje kan vera medlemmer i.
Blir fort bry i både hovud og lommebok av slikt, men slik er spelet.

søndag 17. juni 2018

Funkar trass alt

Her er huset som aldri er aleine. Er ikkje me der, så er der jammen einkvan andre på plass.
Tenk bil inne i vår nedkjøring og det med oss på plass iallefall fysisk her på Vigrestad. Sola skin, det er lørdag 16. jun 12:46:23. 
Kva ærende kan dei vel ha? 
Er det porten som er lagt flat nå? 
Endåtil midt på lyse dagen? 
Men så liten bil, ikkje mykje dei kan få med seg der.
13:30:04, 16 jun er bilen på veg ut att. Så lang tid tok det. Kan ikkje ha vore så store skaden smeden måtte reparere. Ja for denne gongen var det smeden som var gjest. Invitert var han og. Trudde nok det ville tatt meir tid, men ok at det var gjort på halvannan time. Det tyder på mindre skade, og då blir det mindre utlegg.

Midt i balet med å få ha huset i fred for ubedne gjester, er det godt at støttetroppene fungerer. 
 får melding via radiolink og rykkjer ut.

Av ein eller annan grunn ringer dei til Meggie Har vel fått med seg at ho har nøklar til huset.Ho stiller med nøklar og kjem inn i huset der alarmen står og hyler. 

Eg kontaktar Guido, han får tak i nøklane som Meggie har. 
Han får og tak i teknikar som truleg koplar frå den sløyfa av alarmen som tek seg av cisternerommet. 
Han får vidare tak i smed som skal ta seg av reparasjon av døra inn til cisternerommet, døra som ropar etter hjelp til å halde ubedne gjester unna. 

Det er smeden som kjører kvit varebil.

Så er godveret på plass att. Freden og roen senkar seg ved Villa Felizia. Om 16 dagar er det me som rykkjer inn.


tirsdag 5. juni 2018

Græla udhallane di æ - - - - - -

Kven er så uthaldande, me eller dei?

Der var alt på plass når det gjeld bilen, RZ36590 har fått dør så god som ny. Litt kosmetisk pleie elles og når eg først var innom staden der bilen såg dagens lys for ein gong i året 2006. 

Men problemet med dører er visst temmelig konstant. I går ettermiddag 4. juni 2018 kom meldinga på telefonen.
Har helst kome utav teljinga nå, men for halvtanna år sidan var det nokre velvillige "doorbreakers" som såg det som si oppgåve å kome seg inn for å sjekke kva som måtte gøyme seg bak låste dører. Dei fant lite, men klarte å bryte sund muren over døra. Blokkene vart pusla saman att, og litt sement vart klint inn i sprekkene. Du kan seie det vart som kalka graver når eit lag kalk vart påført. Såg greitt ut, men vart ein heller svak del av forsvaret mot ubedne gjester. 


Då eg kom ned sist i april synte det kor lite det nyttar å gjere halvhjerta innsats ved reparasjon av cisterneromsdøra. 


Sidan eg verken er frimurar eller fastbunden murar gjorde eg ikkje eingong eit forsøk på skikkeleg arbeid. Ein gong til med kalka graver metoden. Sant å seie syns eg det såg brukbart ut.
Desse 4 gjestene er det ikkje som er skuldige. Dei er kanskje bare skyldige. Tenk den som kunne gjort avtale med desse 4 om at dei skulle få rikeleg med mat om dei heldt andre tobeinte gjester unna. 
Nei, det vart som vanleg VigilNova som kom til først. Dei ringde Guido, som ringde Geir, som ringde Meggie og ho er aldri vanskelig å be. Fullt nøkkelsett ligg i hanskerommet på Roomsteren, og med hjelp av dei kom ho seg inn, fekk stengt brønnpumpa og pumpa i dagtanken, dvs dersom der er noko pumpe i dagtanken. Ved eitt av dei utallige innbrota tidlegare vart pumpa stolen. I grunnen det einaste inni det rommet av nokon verdi.
Døra er sikra og alarmen aktivert att. Guido har lova å skaffe folk for å reparere døra og då er det bare ein ting igjen; vente til neste gong.
Det blir som å bite seg fast, litt stillingskrig. Eg har tenkt at enn så lenge har dei ikkje vore inne i sjølve huset og då er det me som har overtaket. Den dagen dei  kjem seg inn i huset, då er situasjonen ein annan. 
Råd om å kople seg opp mot ståldørene frå innsida av med ein open elektrisk krets blir saktens vurdert. Men straum skal ikkje ukyndige leike seg med, og utan godkjent stempel frå min nevø Oddvar som driv i straumbransjen til daglig vil eg ikkje gå til så drastiske steg. Kanskje eit straumgjernde kunne gjort seg det straumen går til dørene i staden for til gjerdetråd.

Synd at nokre få der sør skjemmer ut så inderlig for alle dei flotte menneska me har blitt kjent med. Men slik er det vel alle stader. Treng ikkje så mange brodne kar for å øydelegge.