Tenk bil inne i vår nedkjøring og det med oss på plass iallefall fysisk her på Vigrestad. Sola skin, det er lørdag 16. jun 12:46:23.
Kva ærende kan dei vel ha?
Er det porten som er lagt flat nå?
Endåtil midt på lyse dagen?
Men så liten bil, ikkje mykje dei kan få med seg der.
13:30:04, 16 jun er bilen på veg ut att. Så lang tid tok det. Kan ikkje ha vore så store skaden smeden måtte reparere. Ja for denne gongen var det smeden som var gjest. Invitert var han og. Trudde nok det ville tatt meir tid, men ok at det var gjort på halvannan time. Det tyder på mindre skade, og då blir det mindre utlegg.Midt i balet med å få ha huset i fred for ubedne gjester, er det godt at støttetroppene fungerer.
Av ein eller annan grunn ringer dei til Meggie Har vel fått med seg at ho har nøklar til huset.Ho stiller med nøklar og kjem inn i huset der alarmen står og hyler.
Eg kontaktar Guido, han får tak i nøklane som Meggie har.
Han får og tak i teknikar som truleg koplar frå den sløyfa av alarmen som tek seg av cisternerommet.
Han får vidare tak i smed som skal ta seg av reparasjon av døra inn til cisternerommet, døra som ropar etter hjelp til å halde ubedne gjester unna.
Det er smeden som kjører kvit varebil.
Så er godveret på plass att. Freden og roen senkar seg ved Villa Felizia. Om 16 dagar er det me som rykkjer inn.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar