Eit siste blikk over heimbygda, medan haustferien i Puglia ligg føre oss.
Litt forsinka frå Sola, men med 5 timars venting i Amsterdam burde ikkje det vera noko problem. Så viste det seg at turen vidarefrå Amsterdam til Bari også var forsinka og det var jo verre. Ankomst Bari ville bli etter at utleigekontoret for bilen me skulle ha i tre veker ville vera stengt. Med venners erfaringar langt framme i minnet, auka stressfaktoren ganske ettertrykkelig. Hadde heldigvis oppgitt flightnummer ved bestilling av bil, så når me kom til skranken hos DRIVALIA var bilen klar for henting. Lettelsen var stor då me forstod at det ikkje var nødvendig med noko form for improvisasjon.
1 natt i Modugno var rekna inn og bestilt, så me slapp å kjøre halvanna time for å kunne overnatte i kjend seng i "casa a strada senza nome". Dit for me vidare først neste dag.Mellom olivenlundane går det vegar på kryss og tvers, kjørbare men ikkje mykje meir enn kjerreveg eller traktorveg. Skikkelig fine å gå på for ein som samlar steg. I løpet av dei 3 vekene med hadde der sør, vart det tilsaman 304 559 steg målt av delvis Samsung Watch og delvis S26 Ultra.
Bettys cafe er for min del nokså fast post på programmet når me kjem til Brindisi. God nok mat og beliggenhet rett ved promenaden langs hamna.
Lina, vår næraste nabo inviterte oss med på messe søndag ettermiddag.
Det heile gjekk føre seg utendørs. Lite forstår ein av det som blir sagt, men det er jo takk vere altfor dårlig innsats når det gjeld å lære språket.
Lina med 80 år på baken er ei dame det er ganske så mykje futt i. Og jammen var der futt i avslutninga av friluftsmessa og. Mykje er likt, til dømes liturgi der ein ikkje kjenner orda men ein får ei kjensle av stemninga.
Når me reiser til Puglia er det ikkje først og fremst for å nyte strandliv, men ein dag i Torre Colimena er fint å få med seg. Andreas Haver sine badesko fekk også denne gongen æra av å vera med. Dei kom til plassen vår i 2019 og trivdes så godt at dei seinare har blitt verande.
Torre Colimena byr på eit fuglereservat der flamingoar held til. Spiseplassen me før har gått til trugar med å falle heilt saman. Dei hadde veldig god fritert sjømat, men når huset ikkje lenger er trygt å gå inn i pga forfall, har dei slutta å tilby mat for farande fantar som oss.
Litt finare stad dette, La Scogliera Ristorante. Me fekk prøve oss på risotto og jammen var det godt og.
Av og til kjem det opp oppslag som dette på stolpar i nærområdet. I samband med ettersyn av tranformatorar blir straumen steng ned for kortare eller lengere periodar. Eg misfortod nok litt, men nokre gonger er det bra å misforstå. For å sikre oss vatn nok fylte eg opp bakekaret med vatn, nok til vask og doskylling eit par dagar tenkte eg. Det vart ingen straumstans, men vatnet kom vel med det. Heldigvis tappa eg ikkje ut vatnet når eg såg det ikkje var bruk for det.
Flott når vegen tek opp fargane frå himmelen.
Meir avansert enn dette treng ikkje ein frukost vere. Brødskive med emmentaler og ei anna med mortadella. Druer er obligatorisk om dei bare er til å få tak i. Til Norge kjem det mykje italienske druer, ofte frå Taranto eller Bariområdet.
Trullo Pernoll slepp aldri unna besøk frå oss.
Nydelig bustad med både flott design utvendig og innvendig og i tillegg vertskap som viser at dei set pris på besøk.
Her renn taksvatnet ut frå huskroppen. Litt annan måte å løyse det på enn me er vane med her nord.
På søndagen for me i lag med Signe og Gaute til Samare. Mat av høg klasse må ein ha lov å sei. Velsmakande og.
Like aust for Samare ligg motorvegen mellom Brisndisi og Bari. Ser skiltet til restauranten kvar gong med fer fordi.
Badekaret fylt med vatn kom til nytte når brønnpumpa ikkje ville meir. Eit forferdelig torever med lyn både vertikalt og horisontalt og smell som skulle lynet ha slått ned ganske så tett på. Etter det ville ikkje pumpa for vatn frå borebrønnen levere varene meir. Bøje den gode fe av ein danske stilte opp med utstyr for måling, og konklusjonen var nokså klar. Ikkje noko gale med styringsautomatikken. Veldig stor mulighet for at feilen låg i pumpa. For meg som er amatør på området går det over mitt hovud korleis ein kan måle seg fram til feiltype ved hjelp av eit måleinstrument ca 135 meter borte frå målepunktet, men det fiksar altså Bøje.
Giulio, eller Dylaver som er hans rette namn, skaffa adresse til eit firma som kunne ta oppdrag som gjeld artesian wells. Eg møtte der kl 07:00 morgonen eine dagen, dei ville kome same dag på ettermiddagen. Men så kom dei ikkje kl 13:30 som avtalen var. Det tek ofte litt tid før folk kjem, men gir ein det litt tid så går det oftast greitt. Litt over avtala tid kom det SMS med beskjed om at oppdraget dei hadde først den dagen tok uventa mykje tid. Då måtte me jo bare vente til neste dag, men det gjekk jo fint det. Framleis vatn i badekaret og ca 600 l vatn i dagtanken, det vatnet pumpa hadde tatt opp før ho tok kvelden nokre dagar tidlegare.
I tillegg til bytte av pumpemotor vart også 2 lengder av stålrøyr for vatnet bytta ut. Dei var såpass korroderte av det var på tide å bytte til nytt.
Det er visst her feilen låg. Rett og slett lekkasje i det punktet det straum blir ført inn i motoren til pumpa.
Dei seier at er ein over 70 så bør ein ikkje gå i stige. Korleis det er med gardintrapp har eg ikkje høyrt noko om. For å sikre står den kortaste på bakfoten til gardingtrappa medan den med lengst rekkevidde, Lina på 80 hentar ned gull frå treet.
Det vart 7 kilo frå dette treet. Då er bare nedre del hausta. Dette er spiseoliven som etter ein omstendelig og langvarig prosess skal kunna etast. Linna styrte på med kaustisk soda, avskylling, saltlake og så etter endå nokre dagar skylling og nytt salt.
Vel gjort å hente oliven både frå tre og frå bakken. Gjekk ikkje opp for Lina straks at hennar norske naboar ikkje kunne ta med noko av desse produkta på fly heim til Norge.
Før siste helg fekk me endå litt meir å uroe oss for. Eg skulle klippe meg i Ceglie. På turen dit la me merke til kø ved eit par bensinstasjonar. Spurde difor kelneren ved Cibus kva som gjekk føre seg. Dieslebrøl på italiensk inneber mellom anna blokkering av vegar i tillegg til blokkering av utkjøring av drivstoff frå Eni-raffineriet i Taranto. Dette vart rimelig nok møtt av hamstrande privatbilistar og det var diesel det først og fremst gjekk ut over. Kjør til Menga stasjonen mellom Ceglie og Francavilla, der skal dei endå ha bensin i pumpene. Heilt rett. Me fekk fylt opp, men hadde det vore diesel/gazolino me hadde hatt bruk for hadde det vore ringare.
Etter 14 år i Puglia burde me ha fått med oss at contorni må ein bestille i tillegg. Lammeskank på ei seng av potetmos stod det i menyen. Det nå ha vore ei babyseng, men skanken var meir enn god nok den.
Så kom me til høgdepunktet på denne turen. I 13 år har me bare fått resultat av olivenhausten. I mange år ikkje det eingong, ettersom det fleire å har vore lite eller ingen oliven å hauste.
Giulio/Dylaver og Giulia brukar nett for å fange opp oliven bær. For å få dei til å løsne frå greinene blir det brukt nesten som høygaflar på lange teleskopstenger. Tindane på høygaffelen er motordrivne, det er mest som ein skikkeleg avansert kløpinne.
Det vart jo litt utav det. Rundt 400 kg som straks vart levert inn for pressing. Så rett på kanne for lagring til dei Hausken kjem seg sørover med bil.
Her står det flytande gullet og godgjer seg. Blir litt botnfall i løpet av nokre månadar, då blir olja klarare. Om me bare får til å helle forsiktig ut av den store behaldaren, så skal det gå å få det meste over i mindre boksar utan å få med sedimenta som ligg i botnen. Det som ligg att til sist, er visstnok heilt godt til matlagning, men kanskje det ikkje eignar seg som salatolje eller som erstatning for tran.

(1)(1).jpg)