Translate

søndag 15. desember 2024

Nytt liv av daude gror....

Då me reiste heim frå Latiano etter dei to vekene i slutten av november starten desember, var det med ei tilfreds kjensle. Me hadde fått ordna ein del av uroen når det gjaldt Xylella.

Dei som jobba på tomta vår, let etter seg fleire store haugar med greiner. Dei store trestammane og grove greinene var delt opp eller kløyvd og kjørt vekk. Det som låg att vart flammane sitt rov. I dag fekk me tilsendt video av det som elles kunne blitt fine jonsokbål. Men tryggare å brenne no, no når faren for spreiing av elden er omtrent lik null.
Tek ein noko bort kan det vera lurt å setja noko anna inn. Eg trur eg anar den kjensla ein bonde må ha når godt arbeid er gjort. Om enn det ikkje var eg som tok meg av planting av nye tre, så fekk eg smaka litt på godkjensla. Nettopp bearbeida jord med nyplanta unge oliventre. Godt dei får si første tid i vår jord medan der endå er ganske fuktig. Skulle plantinga vore gjort på våren, ville det fort blitt tørt. Må nok uansett sørge for ei eller anna form for vatning av dei 20 ferske trea.   Det får me ordne opp i når me dreg sørover like etter påske 2025. 

lørdag 30. november 2024

Premium mat

Mellom det ein får med seg gjennom åra her i huset vårt i "strada senza nome, contrada Coltura, Latiano" er rett så mange gode matopplevingar.

Det er jo litt begrensa kor mykje me kan få med oss på bare 14 dagar, som opphaldet vårt er på denne gongen. Men minnene er mange om velsmakende opplevingar og gode gjenvisittar på stader me har vore mest nøgde med.
Opera i Grottaglie serverte stinco og det smaka så godt at betre stinco har eg aldri smakt, truleg blir det ingen reprise heller, for Opera slutta av. Sofie og Livar snakka mykje om gottene på Osteria Pugliese i Ceglie. Å overgå calamare fritto som dei serverer, vil vera litt av ein kunst. Osteria del Cocopazzo med Stefano Colucci i spissen serverer og mat som kan trekkas fram. 
Rett så enkel rett, kjøtt og løk omnssteikt med eit lokk av deig oppå som tek vare på alle gode smakar. Godt blir det, og litt spennende når loket blir opna sjølv om ein jo veit godt kva som skjuler seg i den eldfaste forma. 
Sidan Taverna di Pascalone er histore, hadde eg eit ønskje om å få gå på Mangiafueco i Mesagne, der er konseptet det same som hos Meggie og Pacalone. Kjøtt i alskens variantar blir presentert i ein kjøledisk, så får kunden velje det ein vil ha.  Men denne kvelden var det lite å gi ros for. Patata fritte kom på bordet, men gav ingen stor nyting. Involtine, polpette og entrecôte kom og etterkvart, men dei store smaksopplevingane uteblei. Anne Marie som normalt ikkje klager på min kjøredugleik syntes eg kjørte fælt hakkete: Eg blir neste kvalm, som ho sa. Mat smakar best i godt lag. Forklaringa på den manglade smaken på kvelden sine retter også for meg  viste seg å vera ein omgang med spysjuke som slo Anne Marie ut eit heilt døgn. Heldigvis går slikt over. 
Me våga oss til ein tur til DaBurghi. Trivelige kelnerar og spennande mat. Omsbakt sjømat med lok av deig over. Loket blir opna og lagt over på tallerken. Så auser ein over blåskjell, kreps, reker og pasta i ein aldeles herlig saus som har blitt fanga under loket. Når så dei som serverer ser ut til å trives i lag med gjestene, då blir det ei god stund rundt bordet.