Translate

mandag 26. november 2012

Spør ein, får ein svar


Skarp luft i dag tidleg. Skuffande resultat av overflatebehandlinga av gitterportane. Det vil seie, dørene inn til cisternerommet er fine. Gitterporten har nok fått dogg på seg før overflata har herda. Det vart matt i staden for blank overflate. Ikkje verre enn at eg får fare over med eit ekstra tynt lag for å få rette finish. Har teke lærdom og malt tidlegare på dag i dag. Dogga må vere borte og så må det vere lenge nok til ny dogg kjem. For dogg kjem her. Temperaturforskjellen mellom dag og natt er rundt 10°, og når lufta er så metta av fukt får ein dogg som resultat.

Sykkelen frå Kjell Gunnar er god å ha. 3 syklar i mitt eige. I her, 2 heime, 1 på garasjeloftet som nok er nærare 75 år gammal og brukssykkelen eg måtte ha når den andre vart plassert her. 
Dei dagane veret har vore til det har eg sykla meg ein tur opp til San Vito frå morgonen av. I dag var det kaldt på hendene.

Palma fortalde at det var ein på vegen til Mesagne som reparerte «cultivatore». Ho meinte at han kanskje kunne skaffe noko brukt. Eg trur eg fann rette plassen, men det var så travelt av folk som hadde maskinar til hausting av oliven inne til reparasjon, så eg tek det med ro. Skal ikkje frese verken i dag eller i morgon. På vegen til Mesagne, like før Lidl ligg det eit oljepresseri, Soc Coperativa a.rl. Olivicoltura Sanvitese. 


Spør ein får ein svar. Ok å kome inn og få sjå?  Kom, kom. Omvising fekk eg og. Heile prosessen er automatisert. I eine enden vert oliven tømt oppi ein kumme, så blir det ført gjennom ulike maskinar som utfører dei operasjonane som skal til for at ein i andre enden kan la kar etter kar by fylt med gylden olje. Kunne nok klart meg utan smaksprøven, tenk deg 4 -5 spiseskeier olje i eit lite plastglas. Men høflig må ein jo vera, i alle fall når ein har vore så frampå og bedt om å få sjå. Så mild smak på olje har eg aldri før kjent, men det var likevel i konsistens som fleire munnfullar med tran, bare at her var lite eller ingen ettersmak

søndag 25. november 2012

Geir og den store olivenjakta


Skal eg uroe dei midt i det intense arbeidet dei held på med. Eg tok ein stopp for å helse på og spør  om det var ok at eg tok bilete av olivenhaustinga. Det var i grunnen tid for ein litt grundigare spasertur. Hadde meg først ein tur rundt «plantasjen». Ville prøve om eg kunne gå av meg det seige jordlaget under skoa. 

På nabotomta tvers over vegen frå der Lina held tilvar det full sving. 3 mann i arbeid. Ein hadde «sweeper» og ei innretning som faktisk i prinsippet ikkje var så veldig ulik dei maskinane dei brukar til sorterer reker med. Sweeper er ein effektiv motorisert sopekost. (Video-opptak kjem seinare)



Ein eldre plugg av ein mann vinka meg inn, han stoppa sopemaskinen og var rett så klar for ein «prat». Han kjende Julie og Nick og var oppteken av korleis det går med Nick. Han var og litt bekymra for korleis haustinga på tomta her skulle gå til. Det var ikkje godt nok preparert etter hans meining. Eg skjønar nok kva han ser for seg, men samstundes veit eg ikkje pr. i dag korleis vår mann har tenkt å gjere det. Han har kanskje ein lur måte som ikkje krev så mykje preparering av jorda. Cosimo presenterte seg, eg fekk telefonnummeret til son hans. På tysdag eller onsdag kan det hende han tek med seg kona og kjem innom i døra. Då får eg innvie vaffeljernet og servere norske Torohjerter med aprikossyltetøy frå eiga tomt.
Maskinell hausting av oliven er nok det vanligaste. Blir utruleg mykje arbeid av det m ein skal gå og plukke ei og ei oliven. Mange har det nok slik at dei disponerer ein teig eller to eller fem der dei haustar. Vaklevorne tilhengarar etter små bilar er ikkje uvanleg. Ein Panda med først vanleg hengar på og deretter sweeper på jul, det er visst den underligaste doningen eg så langt har sett.

Vidundermiddel?


Me ville male porten og gitterdørene i ein djup grønfarge. Hammerite ville vore valet heime. Her fann eg noko som på eigenreklame på boksen lovar svært så bra. Iallfall for meg som ikkje likar lange førebuingar.  

Det vert rett og slett sagt på boksen at her skal ein bare påføre geleen direkte på metallet sjølv der det måtte vera rust. Litt fukt gjer heller ikkje noko. Medan eg malte tenkte eg på kva grunnen kan vera til at slike vidundermiddel  ikkje blir brukt på bilar. Er det bare det at boksen lovar meir enn den faktisk kan klare, eller er det slik at dei som lagar bilar og syklar dei skal selje nye seinare og då er det ikkje så lurt å lage det altfor haldbart.
Før eg fekk gang på malinga hadde eg meg ein tur til Ostuni. Fantastisk by som aldri slutta å fascinere. På denne tida er det ikkje påtrengande mange turistar. Ein vil liksom ikkje ha for mange av same slag som seg sjølv. Blir meir autentisk då trur me.
Har vore ein del gonger i Ostuni nå i løpet av dei siste 14 åra. Har aldri tidlegare lat merke til taktekking, at det er steinplater med fuger mellom som vert vedlikehalde.  Det er vel som då me bygde huset og skulle til med pipe. Hadde aldri sett så mange ulike utformingar av pipehattar og overfater på piper som nett då.
Her har ikkje vore mykje fres på veret siste halv anna veka.  Heit utenkjande å driste seg utpå jordet med ein fres som endå ikkje er innkjøpt. Såg på ein Honda hos Leroy Merling i dag. Den hadde kardang for kraftoverføring til rotorane. Med andre ord ikkje reimar som må stramast eller som evt ryk tvert av. 

Hondaen hadde i tillegg hjul med traktormønster. Er ikkje større gutungen enn at også det tel med. I tillegg så var knivane eller rotorblada overdekka av eit hus som held molda på plass. I tillegg til det trur eg kanskje det er ørlite tryggare enn der motoren står oppå rotoren og knivane sviv utan noko form for tildekking. Det er jo litt jord eg har ambisjonar om å frese opp. Huset ligg i eine enden av eigedomen, vil tru det er omtrent 1 ½ mål frå vegen og ned til og med huset. Det er dette området eg har tenkt å «luke» ein gong i året ved motorisert hjelp.  Kan nok godt hende at me dyrkar eit eller anna i det som vil liggje som ein åker. 

fredag 23. november 2012

Fine dagen vart det


Dei dagane det regnar går ein stille forbi. Heit stille kan det nå ikkje bli då. Drypp frå tak, surkling i det ein går, lydlaust er det ikkje. Dagane med sol derimot, dei tek ein vare på. Slike dagar gjer ein ikkje mindre enn dei er. Temperatur på 18 til 19 grader er ikkje så galt. I solveggen går det godt å nyte rest av sommar i fulle drag. Apropos regnet så er dei visst beint fram øvegidde her og. Guido, meglaren sa at nå kjem det visst att regnet som ikkje kom i april, mai, juni, juli, august, september og oktober.

Fine dagen vart det. Litt luking, litt såing, litt spyling av gardsrom. På kvelden hadde eg planar om ein skikkeleg runde på reataurant.  For å seie det slik, så trur eg ikkje me har hamna midt i matfatet. I Latiano fann eg ein plass der det såg ut til at ein måtte ha dress og eit drøss av diamantar for å kome inn og ikkje minst passe i lag med folka der. Av anna fant eg diverse café, ver grei med meg om teiknet over e-en svingar feil veg. Noko liknande gatekjøkken fant eg og, men eg hadde lyst til å sitje ned, ta det med ro. Kjørte difor opp til San Vito og enda på same Trattoria som i haustferien då Anne Marie og eg skulle ete ute i San Vito. Nei, skal det bli mat om står seg må ein kanskje til Ceglie Messapica. Eit par mil å kjøre, omtrent det smae som må til heime om ein skal ete ute.
Veret i dag er noko kjøligare. Det ligg som ein lett dis og held att mykje av solstrålene. Godt syklever. Fekk telefon frå Guido at han hadde fått tak i elektrikar til å kople til ein flottørbrytar for vannpumpa. Så nå sit eg her og ventar på at han skal koma. Skal koma før 13:00 etter det eg skjøna.

Hadde meg ein tur innom cemeteria like ved der ein kjem inn til byen når ein kjem frå Villa Felizia. 
  Hadde kanskje ikkje passa heilt godt inn på Odland

Gravferdsskikkane er ganske så annleis frå det me er vane med. Flott, nærast som mausoleum med familegravstader. 

 Tome hyller ventar på innrykk.
 Det gjeld om å vere tilkopla til ei kvar tid

På andre deler av gravplassen såg det ut til å vere meir lik jordfesting slik me har det heime.  Lys er tydelegvis viktig. Innlagt straum i siste  bustad kan du seie. Kvart gravminne hadde tilført straum til «levande» lys

Elektrikaren kom og for. Om eg fekk det med meg rett så trengs det ei linje frå koplingsboksen inne og ut der vanntanken står.  Så kunne ein eventuelt kole til flottørbrytar, men den må som sagt har straum frå koplingboksen inne for å fungere. Elektrikaren tok mål av boksen inne i kjøkkenskapet, og det gjev meg tru på at han ikkje såg prosjektet som heilt umogeleg. 


Han skulle snakke med Guido og så tenkjer eg Guido ringer og seier frå på ein måte som gjer det mulig for meg å forstå. Eg forstår nok ein del italiensk blanda med kroppsspråk og evt hjelp av teikningar, 
men det blir liksom litt grovmaska det heile. Alt av nyansar forsvinn.

Sidan eg først har rydda på luka over den gamle cisternen, så er eg litt frista til å ta turen ned dit. 

Det får i tilfelle stå som ein manndomsprøve. Holet er stort nok for meg, men det er ganske djupt.  Har ikkje tatt utfordringa enn så lenge.

Golvvask er slikt ein bør ta seg til innimellom.  Jorda har veldig sterk farge. Går ein inn på skitne sko ser ein fort at ein har gjort noko dumt. Med mopp som ein omvendt parykk går vaskinga glatt. Reine golv til helga er gildt å ha.

Greitt å få vekk gammal grønske


Så kom dagen der spylaren får gå. Det er opphald, ja like før sola skin er det. Eg har kome i tvende sinn når det gjeld takfugespyling. Taket er tett som det er. Held sikkert vinteren gjennom. Ingen stader inne er det teikn på inntrenging av uønskt vatn.. Tenkjer fugene held tett gjennom vinteren, så er det sikkert meir fornuftig å utsetje taket for høgtrykk når ein får meir turke av solvarmen.
Uteområdet mot vegen er ferdig spylt, så blir det terrassen og til sist utfor kjøkkenet.  Her er ein heil del grønske som sikkert er fint å få bort.
Rota litt nedi botn av bassenget. Trudde helst det ville vere ein tjukk graut av uhæme, men det er ikkje så galt. 

Bare eit tynt lag på botn og etter sjokk-kloring er vatnet temmelig klart. Ikkje det at eg har planar om å bade, men sikkert greitt å ikkje la det gro over. Til påske reknar eg me å fylle med nytt friskt vatn som med god pleie skal halde til over sommaren.
Har vore litt uroleg for det å la bassenget stå med vatn i løpet av vinteren, men eg etter å ha lese Maintenanse and care of pool, kan eg visst ta det med ro. Det skal ikkje skje noko skade så sant det ikkje står i område med frost. Blir her frost vil eg tru det blir ei natt eller to, ikkje nok ein gong til ei tynn is hinne på vatnet.

mandag 19. november 2012

No couperta



Så har eg fått tilbakevist ikkje mindre enn 2 gonger i dag at kjeltringar finn ein alle stader, spesielt i Italia.  Har eitt visst intrykk av at det er slik mange tenkjer.

For å gjere det rimeleg på onsdag då eg kom valde eg den rimelegaste høgtrykksvaskaren eg fann. Kanskje ikkje så lurt, men den funka i ein halvtime minst. Når jobben på taket skulle gjerast funka den i eitt snautt minutt og så var det stopp. Kaputt. Basta. I dag var det attende til Leroy Merlin. Eg hadde budd meg på både det eine og det andre. Ho i kassen snakka bare poco poco anglaise. Ei anna vart henta og ho snakka flytande. Ikkje for å gjera ho der heime avundsjuk, men ho som kom var så ven som ei ung italiensk dame kan vere. Bytte eller pengar tilbake? Denne gongen vart det Kärcher til noko høgare pris. Vonar kvaliteten og er høgare.

Før Leroy Merlin var eg innom Elletronica i Messagne. Fekk nyss om at Linkem kunne vere nøkkelen til nettet. Ein eldre mann, sikkert nærare 70 hadde god greie på saker og ting. Eg fekk vist kva eg har, antenne på taket 


og Pc i stova.  
Prøvde å forklare at eg treng det i mellom. Ein eller annan slag boks om kan ta imot signal frå antennen og gjere dei om til lesbare signal for Pc-en min. Trur me var på nett for å sei det slik. Før kontrakt skulle skrivast ville han vite nøyaktig kor huset vårt ligg. Pr Google fekk eg vist det og då kom det: No couperta. Han kunne jo bare latt meg kjøpe og satsa på at eg aldri meir viste meg der. 
Ser ut til at løysinga må bli IperCoop om ein vil på nett for å få med seg det som skjer eller for å dele med seg det som skjer her.

Ikkje heilt ille med Samsung Galaxy Note som ruter for mobile breidbandssignal heller. Antennebiletet tok mindre enn eit halvt minutt å laste opp.

Det går i FEMHUNDRE


Det er søndag. Etter tidleg frukost drog eg til San Vito og var på morgonmesse. Lite skjønar eg, men eitt og anna får eg nå med. «Nella notte» var sagt i samband med nattverd, det må ha vore «denne natta», resten kjenner me. Veret har i dag vore mykje finare enn meldt. God temperatur og, heilt oppe i 19 midt på dagen. Sidan det er søndag ville eg ta meg ein tur litt rundt. Torre Colimena er vel kortaste stykket å kjøre om ein vil bade i det Joniske hav. Då eg passerte Latiano fekk eg meg ein liten stopp. Samanstimling av folk i hovudgata gjorde meg nok nyfiken til at eg parkerte bilen for å ta ein kikk. Ein Fiat 500 er flott, to er fenomenalt flott, tre er fantastisk fenomenalt flott, fire er…..nei eg går tom for ord.  

Her var parade og utstilling av Old timers. Flest Fiat 500, nokre Topolini, nokre 600 og så ein og annan Alfa, Lancia, Jaguar, Boble av rette årgang og endåtil ein type 2 Transporter. Vel verdt å stoppe ja. Så gal etter Fiat 500 som eg er, var det som euforien nærma seg. 


Torre Colimena var slik ein by som søv nå vinterstid. Rett nok var det nokre restaurantar som var opne, men folketomt var det, både i gater og på strender. Om Karlsbu hadde blitt flytta til kysten av den joniske hav, ja så hadde det sett ut som det gjorde der eg var. Slik var stemninga inne og. Ingenting å klage på når det gjeld maten. Det og slik som på Karlsbu.

Stranda fekk ein besøkande denne dagen. Hadde lova meg sjølv at eg skulle teste vatnet og det gjorde eg og. Slett ikkje ille. Vassa til midt på leggen og den kjendest godt. 

Paula er god å ha med som turvenn. Ho er god til å finne vegen for det meste. Utan henne hadde det vore dumt å reise åleine og heile tida måtte stoppe for å sjekke kart. Men nokre gonger er ho like mykje til bry som til glede. Snarvegar er ikkje alltid det. Nokre gonger, når dei går over det som ser ut som private olivenlundar må eg bare ta kommandoen over henne. I dag måtte eg det når me skulle ut frå Latiano på veg mot Villa Felizia. 

fredag 16. november 2012

Den store internettdagen?

BLOGGEN ER NÅ OPEN FOR KOMMENTARAR. 
SÅ LANGT HAR DET VORE AVGRENSA TILGANG TIL Å KOMMENTERE, 
MEN NÅ ER DET FRITT FRAM.


I dag vart det slik ein tidleg dag. Straks det lysna litt over seks tok eg trillebåra med meg for å plukke opp nokre større steinar som hadde kome fram då jorda vart pløgd eller harva.  Jorda må innehalde store mengder leire, for den festar seg som lim til skorne når den er våt. Eg skal prøve neste gong eg har fyr i forno di legne om det let seg gjere å brenne ei lita skål. Truleg smuldrar det bare opp, men det kostar ikkje noko å prøve. Vedfyring er tingen. Kostar lite med ved frå tomta. Oliventre brenn godt, men det blir litt oljelukt og av det. Kanskje veden ikkje er tørr nok. Å sykle til San Vito dei Normanni går heilt fint. Tek ca 20 min med svært så roleg sykling. Endomondo målte distansen til 5,8 km til gravplassen like i utkanten av byen.
Den store internettdagen skulle det bli. 

Ein eller annan slag boks for å ta imot signala frå antennen på taket var det eg var ute etter. MIniutgåve av koaksialkabel ser det ut til at det er.
Første plassen hadde dei ikkje. Prøv Luca Rosa. Ikkje der heller. Prøv ved sida av Tabac. Ikkje der heller. Etter fjerde forgjeves forsøk gav eg opp enn så lenge. Uansett reknar meg med å finne ei løysing. Ein kan då ikkje leve utan internett nå på tampen av 2012. Eller må ein bare tøye tolmodet litt lenger enn det eg er vane med?
Høgtrykksspylaren vart ikkje kjøpt utan  mål og meining. Før etter bilete  kan vel vere bevis godt nok. Anten har einkvan vore ute med kosten og kvitmaling, eller så har i allefall halve stolen vorte reinare. For dei som veit kor effektiv ein slik spylar er, så skjønar dei kanskje kor ru overflata har blitt. Ny skitt har god grobotn, men kvitt skitt vart den.

Den dagen då eg fekk bank


I dag har eg rukke ein runde for å inspisere eigedommen.  8,5 smale men lange mål. Eigedommen er omtrent 30 meter brei og rundt 280 meter lang. Det er mest så eg kunne fristas til å seie at det tek 5 min å gå til endes og tilbake att, men då kjem vel svaret frå deg som les: Så dårleg trent var eg og ein gong. Sidan me sist var her har jorda fått pleie. Truleg er og første haustinga av oliven unnagjort. Taket som eg hadde planar om å gjera noko med, har  fått førebels fred. Tett er det som det er. It’s raining cats and dogs er rette utrykket for å sei noko om veret. 

Deutsche Bank var ingen dum stad å gå for å opprette konto her i Puglia. Best å ha eigen konto for å kunne leggje inn straumrekningane på autotrekk. 

Akkurat nå er her lite forbruk, faktisk ingenting. Starumen er borte vekk den. Ikkje vatn, ikkje lys, ikkje ladestraum for telefon eller Pc. Anten er det tomt for straum, det fins ikkje meir å få tak i nett no, eller så kan det vere veret som har laga krøll på linjene. Dumt om det blir lang periode som straumlaus. Skal nok klare meg, men tungvint blir det.

Det eg hadde att av dagen gav meg bank.  Sikkert ingen dum ide å satse på Deutsche Bank i Francavilla Fontana. 

Først ein halvtime med ein kundekontakt. Deretter handletur til Auchan, så innom Villa Felizia for å hente "bolleta" frå Enel. Då sørgjer Deutsche Bank for autotrekk av straumrekninga slik at det einaste eg har å gjera er å passe på å fylle opp kontoen. Online-bank skulle dei og ordne når eg kom tilbake. 
Etter dryge to timar måtte sjølv den lokale DIRETTORE bite i det sure eplet. Me får ikkje ordne nettbank, og ho som veit kva eg skal skrive inn på dei rette plassene for at systemet skal godkjenne nettbank for ein nordmann med fast adresse i Noreg og bare svært så mellombels adresse Cda Coltora, ho er ikkje å få tak i. Får me det til seinare, sa dirrettore og hans assistent, så sender me ein mail og gjev melding.

Endå ein gong under den puglianske himmel


Kom til Brindisi i strålande norsk sommarver, rundt 20 grader og sol. 

Fiat 500 er ingen klein bil, så når eg først kunne velja var ikkje det vanskeleg.  Beine vegen til Leroy Merlin der innkjøp av høgtrykksspylar var første prioritet.  Klorpulver for sjokk-kloring av basseng, ugrasbrennar og nokre puter vart og med i bilen. Over til Auchan der litt matvarer fekk følgje ned i trillevogna. Prøvde meg på sjølvbetjeningskasse og, og det gjekk fint heilt til eg kom til spørsmålet: Skal du har pose? Då kom det ei dame og hjelpte. Merkeleg kjensle då eg kjørte vidare frå Auchan. Ikkje skulle eg til husbyttehus, ikkje til hotell, ikkje til B&B og heller ikkje til venner.  Rett og slett til mitt eige skulle eg.

Huset stod som forventa. Alt i orden. Bougainvillaen me planta ved porten har klart seg bra så langt. Den har struttande bladverk frå tå til topp. Azalea i potte kjempar, men Mr. Plantedoktor skal gjere så godt han kan. Alpefiolen er nok foren tilbake til Alpene eller kanskje endå lenger.  Nedover på tomta var jorda teken vare på med sikkert både horving og velting. 


Veldig med nedfallsoliven på uteplassen. Eg har sopa mykje rusk og rask i mitt liv, endå til fortauet utanfor sjømannskyrkja i London i samband med kongevitjing. Men nå var det oliven og det er nok ikkje siste gong heller at den jobben må gjerast.  Mine pyromane tendensar var stetta då eg fekk fart på litt av ugraset me la opp i haug i haustferien.  Det brann godt.

lørdag 10. november 2012

Endå eit soverom?



Med to soverom og "nuovo divano letto" i stova har me seks skikkelege soveplasser. Eit soverom ekstra hadde vore fint, og ved hjelp av Guido har me fått arkitekt til å teikne forslag. Kvadratmeterpris på mellom 300 og 350 € gjer det mulig utan dei heilt store kostnadane å realisere eit soverom til + eige bad til dette rommet. Me må jo halde oppe standarden som pr. i dag er eitt bad pr. 2 soveplassar.

onsdag 7. november 2012

Planlegging av ver


Sidan det lite hjelper å leggje store planar om kva ver ein skal få, får eg gjere det som er mulig.
Sjekke kva ACCUWEATHER legg opp til.
Ser ikkje ut til bli den heilt store SYDEN temperaturen nå i november, men det var vel ikkje det eg venta  meg heller. Klarer seg lenge med tal som matchar  ein normal sommar her på Jæren. Etter det eg kan sjå, skulle veret halde godt til både fugevedlikehald på tak og eventuell maling av gitter framfor vindauge og dører. Me går for olivengrønt, passar liksom så godt til det som veks på eigedommen. Er eg heldig får eg med meg litt av olivenhaustinga og. Det er jo på denne tida dei tek til med hausting, kanskje eg endåtil får vera litt med. Ferkspressa olivenolje kunne vore fint få med seg heim til jul. Me får sjå korleis det lagar seg


Likt og ulikt er det å få orden på slik i oppstarten av eit eigarskap på ein villa i Latiano.
Papira som syner kven som rette eigarar er håpar eg er klar nå. 
Me ynskjer og automatisering av vannforsyning. Tanken held for 
3 - 4 dagar før den må fyllast opp ved manuelt å starte ei pumpe.  Dette ville me gjerne få ordne på slik at pumpa startar når det er behov. Guido den hjelpsame meklaren skulle sjekk ut kva som skal til for å ordne det.
Huset har fast soveplass til 4 personar i 2 soverom med bad til kvart av romma. Me tenkjer oss å utvide med eitt ekstra soverom, sjølvsagt det og med eige bad til. Kan vel ikkje anna om alle tre romma skal vere like attraktive. Kanskje Guido har på pass litt av det formelle i den saka og. Det må lagast teikning og søkjast til Latiano kommune om byggjeløyve. Godt at tomta er så stor som ho er. Det er nemlig slik at storleiken på tomta avgjer kor store bygningar du kana på den. Det som for oss kanskje verkar noko merkelig er at det er volumet av bygningar ein reknar på, ikkje kor mange kvadratmeter som er bygt på.