Translate

lørdag 30. mars 2013

Ingen tvil, nå vart det PIZZA

Pizza a forno di legna må til om det skal bli Hausken-påske i Puglia.  Denne gongen con frutti del mare. Knut stod for fyring, Helge for kjevling, Anne Marie var sendebod til kjøkken og la på oliven. Eg tok meg av tomatsaus a la nabo Lina.

Det var rett så lekkert det heile. Supertynne botnar måtte det bli etter tendensar til klager ved førre høve der omnen var fyrt opp. Nokon meinte det likna meir på foccasia enn på pizza det som då vart servert.
Kattane luktar nok mat for dei gir ikkje opp. Blir jaga vekk, men etter ei kort kort stund er dei tilbake. Når dei krøkjer seg saman for å hoppe opp på bordet er det tida for å jage på nytt.

Vatningsanlegg med vatning av grønsakhagen og på andre sida av huset dei nokså nyplanta sitrustrea (førre eigar planta sitron, mandarin, klementin og appelsin). I vinter har trea ikkje lide noko naud, det har vore meir enn rikeleg med væte.  Mest litt komisk å styre med vatningsanlegg når jorda er såpass våt som den er nå. 
I april, mai og juni må trea klare seg utan tilsyn og då skal me vere på den sikre sida slik at trea overlever.  Dryppvatning med regelmessige mellomrom og i programmert tid kvar gong. Gardena er slett ikkje dumme til å finne opp hjelpemiddel for hageamatørar. Grønsakhagen skal utanom fennikel innehalde cherrytomatar, squash, aubergine, hericotbøner, paprika og løk. Me tek sikte på å bli sjølvberga med desse grønsakene alt nå i sommar.
Fresia og anemonar er planta og vil venteleg glede oss nå til sommaren. Blå anemonar blomstrar forresten nå. Det gjer og ein valmueplante som veks midt oppi steingarden mot naboen som var så ivrig til å plukke oliven anten det var med eller utan samtykke.

Nei, tyngekrafta er ikkje annleis i Puglia enn heime på Vigrest. Det er bare det at biletet la 
seg litt flatt og han som styrer denne bloggen hadde ikkje gidda nok til å roterer biletet.

Når det kjem til Internett er det helst stillstand. Ein 5 minuttars kjøretur er visst det enklaste. Eg vart råda til å ta kontakt med ein mann i Oria. Han skulle snakke brukande engelsk. Då eg ringde han, ville han ikkje vedgå at ha kunne noko særleg engelsk, men han fekk opplysinga om kor huset ligg og mitt mobilnummer.  Det var Linkem som han hadde kontakt med og dei har eg vore innom tidlegare i Mesagne. Det var der dei var helst sikre på at på Cda Coltura, der var det «no coperta».  Den 5 minuttars turen går anten til San Vito eller til Latiano. Der er mobildata så kraftig at Internett funkar heilt greitt. Om eg så sit i bilen og legg inn bloggen går jo det greitt nok. Kan jo gjere klar alt før eg fer.

torsdag 28. mars 2013

Pensjonert oppvaskkost

Me skriv alt onsdag 27. mars.  Dei to eldste karane våre kom stuptrøytte søndag morgon etter ei hel natts køyring frå Roma. Knut reiste frå Sandnessjøen alt klokka 06 laurdag morgon, så han hadde ei fælt så lang reise i tid. Erfaringa deira var den same som for oss: me skal spare meir i kroner og øre enn ein tusenlapp om det skal svare seg å fly til Rom og kjøre leigebil derifrå.  Omkostningane i form av å vere utsliten var for store.  Knut  og Helge hadde i tillegg litt stress med å få tak i bilen. Dei fekk god og rimeleg bil, men det viste seg at dei måtte med shuttletransport for å hente den ut.
Til Italia for å vaske opp er langt frå vårt motto. Å få til ei grei løysing utan for store inngrep i kjøkkenet ville vera greitt syns me. På IperCo-op,  (ja kor  elles?)  fann me det me leita etter. Ein liten benkoppvaskmaskin frå Bosch  som er liten nok til å smette inn i skapet under oppvaskkummen. Då slepp me hol i kjøkkenbenken for til og frå vatn. Straumen lurer me på plass i sokkelen og vips så kan me pensjonere oppvaskkosten. Rett nok må eg endå ein tur til Leroy Merling for å få kopling mellom tilførselslange og vatnslangen i køkkenbenken, men det er alt som trengs utanfrå. Me er nemlig ganske sjølvforsynt her i Villa Felizia med både eigenprodusert olje, grønsaker og ikkje minst eit ganske så stort sortiment av diverse skruer, koplingar, penslar og så vidare. Eg har tidlegare ein gong nemnt Malden på torget. Her kan du sei det er som eit mini Malden på torget. Ikkje ta av garde for å kjøpe skruer, boltar, koplingar, penslar og likande utan først å sjekke om me alt har det i ein eller annan kasse i den rikhaldige cisterna. 


Lite vatn der, men du verden så mykje anna den rømer.
Etter kvart som kassar og hyller var endevendt viste det eg at det einaste eg trong på Leroy Merlin var eit T-røyr med rett dimensjon for vatnrøyrane her på to av endane og passe for tilkopling til slangen på oppvaskmaskinen. 




Nå er maskinen på plass med god assistanse av Helge. Det liksom grense for kor mange hender ein har sjølv, når det ikkje lenger er nok med tre er det fint at andre kan trø hjelpande til. 

                 
Testvasken går føre seg nå. Så langt høyrest det normalt ut på lyden. Hender på søk etter fukt bak maskinen finn heller ingenting, så då er det bare velstand.  Etter fullgått tid er det framleis like turt bak maskinen som det er framfor den. Installasjonen har lukkast.


Me må få med oss nokre av smakane her nede ved Middlehavet. I kveld var det sjøsmak i San Michele. På Il Brigantino Ristorante specialita di mare i Via Roma 26 fann me oss vel til rette sjølv om me var einaste gjester frå starten av. Kelnermann og kelnerkone og kokkekone fekk gjort seg ferdig med sin middag for dagen og etter det fekk me tilbod om servering. 


Tagliatelle Nero med diverse skjell til vart første rett. Smaken var utan å overdrive fantastisk. Sjøsmak så tydeleg at ein kjende mest havbris gjennom håret. Neste rett var filet av fisk saman med artisjokk. Velsmakande det og ut frå det ekspertkommentatorane sa. Eg hadde litt problem med å få i meg heile fiskestykket, men ikkje pga mangel på god smak, meir pga at eg ikkje alltid er like overvettes begeistra over alt som kjem frå havet. Det som gøymer seg i skal og skjell er meir etter min smak enn det som sym rundt med finner på rygg og sider.   Dolche var kelnerkona sin patent: 


Kjeks med krem, ei skive sylta pære, så krem, kjeks og krem på toppen. Over det heile småbita oppskoren pære og sikksakk med sjokoladesaus. Kjeksen var bløytt opp med grappa di pera williams. Har smakt det verre. 



Denne plassen må de ta med fleire av gjestene dykkar om dei skal ha eit godt måltid mat var meldinga frå våre to søner som tydeleg sette pris på kvelden. Me var alle samde på heimveg der underteikna bomma litt på vegen at me hadde hatt ein fin kveld eigna til reprise. 

lørdag 23. mars 2013

Går dette oppi ein Fiat cinquecento?

Slike dagar kan me ha mange av.  Varmt frå morgonen av, men morgonen var alt langt på dag. Det blir lett slik når en kjem ut av rytme. Etter ein reisedag med svært lite søvn fekk me det for oss at me ville at tidleg kveld i går på fredag. Det straffa seg i dag då eg vakna alt klokka fire. Ikkje for det, i timar hadde eg sove lenge nok.  Nå er ugrashakka på plass. Så fin mold det bir når ein har kjørt over med fres. Eg gjekk og venta i går på ettermiddag, men han Dario dukka ikkje opp. Når det leid på dagen i dag fann eg ut at eg måtte ta turen til Leroy for å høyre kor han vart av. Truleg har eg misforstått for det var ikkje før måndag, tysdag eller onsdag dei hadde utkjøring.  Går det oppi ein Fiat Cinquecento tek eg det med meg sjølv. Jau, det skulle nok gå. Pengane for transport vart returnert og med litt hjelpande hender fekk eg plass til fresaren i bilen saman med ein trommel som skal brukast til jamning av jorda under nokre oliventre.  Utpakking av eit par kolli. Heldigvis var det nokså sjølvsagt korleis monteringa skulle vera. Heldigvis var det nokså sjølvsagt korleis monteringa skulle vera. Det vanskeligaste var å få start på doninga. Ikkje før eg såg at eine handtaket hadde ein raud hendle gjekk det opp eit lite lys for meg



Kansje det var daudmannsknapp.  Med Anne Marie på daudmannsknappen og eg i startsnora var det ikkje lenge før maskineriet sveiv. Tenkte ei stund det var fælt tungvint å måtte vere to for å få gang på vedunderet, men så kom eg på noko lurt. Ein strikk til å halde inne knappen måtte vere bra. Eg fant ingen strikk, men fant etterkvart ut at det var ei innretning på handtaket som gjore det mulig for meg å gjera det heile sjølv. Gjera søl seier dei små. Einskilde store seier det same. Aldri før har eg kjørt tohjular med 160 m.  Den gjekk som eit uver, men likevel ikkje fortare enn at eg rakk å henge med

Jorda er akkurat passe turr for fresing trur eg.  Det såg i alle fall fint ut der eg hadde kjørt. Ganske tungt arbeid, blir sikkert lemster i kroppen av det om eg held på for lenge.  
Før henting av jordfresar var me ein tur mot Carovigno for å få meir av det stoffet som ska l halde fugene på taket tette. Ein sekk av det og ein sekk av reparasjonsmørtel for det eg spylte vekk av veggen på steinomnen sist eg var her.
Det fins dei som må ty til fjellvegger eller klatring i stupbratte fjellvegger for å kjenne at det sitrar i kroppen. Gje meg heller litt vatn og ei fyrstikke, då har eg det eg treng. Litt omgang med basale element lyt ein ha sjølv om ein stort sert held seg på landjorda. Her går det i høgtrykksvasking og bråtebrann. Begge deler like gildt.
Medan eg styrte med mitt jobba Anne Marie med sitt. Giovanni var her med eit par kilo sitronar sist eg var her i februar. Nye dryge to kilo frå same mann låg på bordet etter at me hadde handla i går. Lemonade av sitron med hjelp av motorisert saftpresse. Nydeleg på smak. 

Ei oppteljing av mandeltrea måtte og til. 56 mandeltre vart gjort rekneskap for.  
Polakkane på andre sida av vegen har endå ikkje teke eigedomen i bruk. I mellomtida forsyner me oss forsiktig av limetreet deira. Reknar med det må vere greitt når me bare ikkje snøyer treet heilt.

Det går framover med italiensken


Reisa er ei oppleving i seg sjølv.  Litt utpå natta til torsdag var det opp for å kome seg  til Sola. Ikkje å lange biten å kjøre, men med avgang alt klokka 06:00 til Kongens by København vart natta kort nok.

To trøytte, men forventingsfulle typar, Anne Marie og eg fekk oss  4 timar på Kastrup før SAS si rute letta frå Danmark med kurs for Roma. 

Med kamera på buken, fekk me med oss meir av flygeturen enn me har vore vane med. Snø nedover i heile Tyskland. Sjølvsagt og over Alpene, men derifrå og sørover var det vår. Ti mi store glede stod det klar eit par Fiat 500, ein med automatgir og ein med manuelt gir. Skulle tru utleigefirmaet var Høgrestyrt, valfridom må vita. I dette tilfellet med omsyn til girkasse. Det vart ein dryg tur på Autostraden sør til Puglia. Var me trøytte i København, så var me ikkje mindre trøytte når me nærma oss Bari. Frisk luft og kaffi, brukar å hjelpe, men då me endelig sving inn til Villa Felizia rundt klokka 11 var det slik at eg snarare hadde tatt inn på hotell enn å kjøre eit par mil til. I og rundt huset var det akkurat slik eg gjekk frå det. Ja sett bort frå at nokon må ha sopt gardsrommet i mellomtida.  Alt på plass med andre ord. Det var noko anna ein heime på Vigrestad. Fekk ei overrraska melding frå heimebuande minstemann. Nokon har vore og fjerna hekken. Har visst gløymt å seie at eg fall for freistinga til å la Leservice ta seg av den jobben. Skal ein drive ugrasplukking i Puglia får ein prøve å la andre overta jobbar heime.
I dag var første post på programmet, etter den obligatoriske godseigarturen til endes av eigedomen og frukost, banktur til Francavilla Fontana.  Som ved eit tilfelle parkerte me 200 m frå banken i Via Roma. Mykje styr og mykje lyd. Politibil for å stenge gata. Kunne mest tru det kunne vere eit ran, men det viste seg å vere «Jesus» som reid inn i Francavilla på eit esel. 

Han hadde fylgje ein hel prosesjon av 5 – 6 åringar som kledde i kjortlar like dei som vart bruka i Jerusalem for rundt 2000 år sidan. Palmegreinene var bytta med olivengreiner. Me kan visst hente greiner frå eiga tomt og bli med i opptoget. På nettet har me funne ein del informasjon om feiring av Pasqua i Puglia. Prosesjon i Francavilla Fontana er noko av det som skjer og born blir tydeligvis lært opp i tradisjonane heilt frå barnehagealder.

Mannen bak skranken i banken snakka bare molto pico engelsk. Som ved eit tilfelle kom direttore ut av kontoret sitt. Han studerte kunden før han handhelsa. Long time since we last saw each other sa han.  Three years at least. Eg fekk skryt av å ha forbetra italiensken sidan sist, eg både kunne omsetje og uttale saldo, og det merka han seg han Roberto som direttoren heiter. Du har jo blitt god i italiensk sa han. Etter at papirarbeidet var gjort, kom pengane på skranken telt opp på italiensk i eit tempo som ikkje eg klarte å følgje med på same kor mykje forbetring eg hadde når det gjeld italienskkunnskapar. .  Legitimasjon?  Nei. Kunden som i november sat i to og ein halv time for å få oppretta konto var ikkje gløymd. 
Espresso på fortauet er fint nå i siste del av mars. Ikkje sommarvarme endå, men det nærmar seg det me ofte må klare oss med heime på Jæren når det gjeld temperatur i juni og juli.
På Leroy Merlin vart delbetaling nummer 2 for fresaren gjort.  Nå er det bare å vente på at den kjem. Forsinka er han nok han Dario som skal levere.  Eit par timar sa han. Nå er det på god veg fem timar sidan, men ein får då tru at han kjem.

 Kor skrudd kan ein bli lurer eg på av og til.  Får håpe det varer ved. Det er gildt å rive ugras skjønar du. Om ein ikkje hadde anna å gjere enn nettopp å rive ugras,  ville ein ikkje fort bli gjerandslaus her på tomta. Her er rikeleg å ta av.  Det kvite eg tok for 4 veker sidan er avløyst av nye sortar + meir kvitt. Skal ein bli heilt kvitt ugraset treng ein nok døger på meir enn 24 timar i ein lengre periode. Godt det så langt endå er gildt å lugga ugraset. Lønna i kroner og øre eller euro og cent er ikkje særleg høg, men det blir finare å sjå til.

fredag 15. mars 2013

Puglia versus JULA, vågar me dette?

Ingen handfaste prov rett nok, men mykje tyder på at billegare motorsag finn ein ikkje sjølv om ein leitar  i heile Puglia.  Så får me setje vår lit til at kvaliteten ikkje er like billeg som prisen. Som han sa han som var innkjøpssjef: Med den prisen kan me tåle å bomme og.


Til sommaren blir det visst mindre og mindre problem med ledig kapasitet i bubilen på veg sørover. Har aldri blitt stoppa på grenseovergangar i vårt bubilliv som går heilt attende til 1989. Då blir det nok ikkje noko stor sjanse for slik stopp nå heller. Med Schengen i full sving er det vel bare yttergrensene inn mot EU/EØS som vert grundig sjekka. Skulle det nå på eit eller anna vis likevel kome fram at me er på tur med ikkje mindre enn 3 MOTORSAGER i bagasjen kan me vel ikkje gje anna forklaring enn at me er på veg til nyinnspeling av Motorsagmassakren.
Tenkjer ein på dei som skal handtere sagene kan det fort bli massakre av det. Eit skateboard kan vel ikkje vere farlegare enn ei motorsag. Ein 25 liters oljedunk er vel heller ikkje i seg sjølv så mykje farlegare. Vaksne mannfolk som ikkje klarer å halde seg på føtene derimot i omgang med oljedunk eller skateboard, dei kan fort vere farlege med rette reiskapen i hendene. 

mandag 11. mars 2013

Kva trur du på?

Eg har gjort eit val. Eg veit kva eg set mi lit til. På trass av eventuell tvil, landar eg på AccuWeather.
Og kvifor akkurat dei lurer du kanskje på? Grunnen er heilt enkelt den at der får ein dei gode meldingane. Det er dei som lagar forventning om stunder i sol og varme. Så om enn IlMeteo har betre treff, så vel eg altså likevel dei som gjev gode vibrasjonar. Dei som melder mest i pakt med mine draumar om veret.
Vil du sjølv inn og sjekke kan du gjere det her:
Veret framover i Latiano  according to AccuWeather
 Veret framover i Latiano  according to IlMeteo     
                                                                   

fredag 8. mars 2013

Tromle over tær?

Det er ikkje bare bare å starte som hagebrukar i stor stil, men har ein bare rett reidskap er mykje gjort.
Når det nå nærmar seg full fres framover for fine flater, lagar ein seg samstundes nye behov. Handlelista på Leroy Merlin er utvida med 1 gjenstand.

Eg vil bruke den til to ting:
For det første vil eg jamne jorda etter å ha frest den opp.
For det andre vil eg stå klar til å kjøre over tærne på bassengfantar som ikkje veit skil på mitt og ditt.

For det siste formålet er det rett nok eit problem at slike fantar truleg ikkje  kjem på vitjng medan me er på plass.
Dei kjem nok heller når me ikkje er heime der, men heime her
(kjøkken bordet i Helmikhølen Vigrestad er arena nå)

Ikkje så fælt mange dagar att nå til det lova landet ligg framfor våre føter. 13 dagar og omtrent 4 timer er det att til me set føtene på bakken i Roma.

onsdag 6. mars 2013

Lauga seg med stil


Det skal dei ha bassengfantane, dei har gitt oss hjelp til å skaffe noko endå betre. Det blir ikkje dårligare det som kjem i staden. Fantane som nå gledar seg over det me bare ei kort stund fekk gle oss over, håpar dei er i stand til verkeleg å nyte det å dyppe lekamen i det våte element. At det blir likeså svalande og avslappande for dei som me hadde venta det skulle bli for oss. Hadde ikkje gjort noko om dei fekk eit lite stikk av dårleg samvit innimellom når dei laugar seg.
Nå får me hive oss utpå endå ein handel i Puglia, denne gongen bassenghandel. 


Det står mellom to alternativ, anten nedgravd 9 x 5 x 1,5 eller 9,75 X 4,88 X 1,32 oppå jorda.
Med val mellom djupne på 1,32 eller 1,50 er det mykje som talar for den varianten med mest vatn, det vil seie den varianten der ein kan ta eit forsiktig stup ut i det våte element når ein treng hjelp til å starte dagen. Mykje talar for at det blir den som hamnar hos oss. Med 8,5 mål tomt bør det ikkje valde store problem å få plassert bassenget. Litt bry med å grave seg ned ein meter vil det jo bli, men det fins kanskje folk som har ein traktorgravar som kunne nyttas til føremålet. Kan vel endå til hende at Angelo som tek seg av olivenhausten har slikt utstyr og er viljug til å ta på seg jobben.