Translate

lørdag 30. mars 2013

Ingen tvil, nå vart det PIZZA

Pizza a forno di legna må til om det skal bli Hausken-påske i Puglia.  Denne gongen con frutti del mare. Knut stod for fyring, Helge for kjevling, Anne Marie var sendebod til kjøkken og la på oliven. Eg tok meg av tomatsaus a la nabo Lina.

Det var rett så lekkert det heile. Supertynne botnar måtte det bli etter tendensar til klager ved førre høve der omnen var fyrt opp. Nokon meinte det likna meir på foccasia enn på pizza det som då vart servert.
Kattane luktar nok mat for dei gir ikkje opp. Blir jaga vekk, men etter ei kort kort stund er dei tilbake. Når dei krøkjer seg saman for å hoppe opp på bordet er det tida for å jage på nytt.

Vatningsanlegg med vatning av grønsakhagen og på andre sida av huset dei nokså nyplanta sitrustrea (førre eigar planta sitron, mandarin, klementin og appelsin). I vinter har trea ikkje lide noko naud, det har vore meir enn rikeleg med væte.  Mest litt komisk å styre med vatningsanlegg når jorda er såpass våt som den er nå. 
I april, mai og juni må trea klare seg utan tilsyn og då skal me vere på den sikre sida slik at trea overlever.  Dryppvatning med regelmessige mellomrom og i programmert tid kvar gong. Gardena er slett ikkje dumme til å finne opp hjelpemiddel for hageamatørar. Grønsakhagen skal utanom fennikel innehalde cherrytomatar, squash, aubergine, hericotbøner, paprika og løk. Me tek sikte på å bli sjølvberga med desse grønsakene alt nå i sommar.
Fresia og anemonar er planta og vil venteleg glede oss nå til sommaren. Blå anemonar blomstrar forresten nå. Det gjer og ein valmueplante som veks midt oppi steingarden mot naboen som var så ivrig til å plukke oliven anten det var med eller utan samtykke.

Nei, tyngekrafta er ikkje annleis i Puglia enn heime på Vigrest. Det er bare det at biletet la 
seg litt flatt og han som styrer denne bloggen hadde ikkje gidda nok til å roterer biletet.

Når det kjem til Internett er det helst stillstand. Ein 5 minuttars kjøretur er visst det enklaste. Eg vart råda til å ta kontakt med ein mann i Oria. Han skulle snakke brukande engelsk. Då eg ringde han, ville han ikkje vedgå at ha kunne noko særleg engelsk, men han fekk opplysinga om kor huset ligg og mitt mobilnummer.  Det var Linkem som han hadde kontakt med og dei har eg vore innom tidlegare i Mesagne. Det var der dei var helst sikre på at på Cda Coltura, der var det «no coperta».  Den 5 minuttars turen går anten til San Vito eller til Latiano. Der er mobildata så kraftig at Internett funkar heilt greitt. Om eg så sit i bilen og legg inn bloggen går jo det greitt nok. Kan jo gjere klar alt før eg fer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar