Translate

mandag 29. september 2014

Ny puss, enkelt og greitt.


Så var han stor kar og skulegut att. Rettnok ikkje med ny ransel, men med store forhåpningar. Heretter skal det bli sving på italiensken. Godt eg er langt heimefrå. Svært få som kan kontrollere kva framgang der er i læringa, men litt, bittelitt må vel gå inn tenkjer eg.

Sono norvegese.            Eg er norsk
Vivo in Norvegia.          Eg bur i Norge
Ha cinqantanove anni.   Eg har femtini år, slik er det her. 
Ikkje eg ER femtini, rett og slett eg HAR så og så mange år 

Eg fekk Michela, læraren heilt for meg sjølv. 2 intense timar der eleven bare måtte gjere så godt han kunne for å henge med. Vart sjekka ut som ein elev absolutt på nybegynnarstadiet. Kjenner meg bra heime der kan du sei.

Vel ferdig med skule for dagen, inviterte eg likegodt ein Walisisk nabo som jobbar i Sri Lanka på kaffi og pannekaker. Gerald, som han heiter, har italiensk som språk frå universitetstida si, men nå treng han oppfrisking. Har hus på campagnaen mindre enn ein kilometer herifrå. Er og elev på L'Aconto denne veka.

Veggen som vart rulla av med malarrullen fekk nytt liv i ettermiddag.


















Lino kom hit klokka 3. Pussing var oppdraget, og det såg ut til at han var fagmann på området. Intonaco innjøpt tidlegare, vart blanda for påsmøring av vegg. Det gjekk ganske så fort for seg. Resultatet ser så langt overbevisande ut. Klart nok veit ein ikkje pr. nå om det held betre enn det som var på veggen, men det er lov å tru det.

Medan Lino jobba med veggen fekk eg vaska eit par golv. Litt festlig med slik mopp som du kan snu opp ned og bruke som parykk.



Litt bilete frå det som veks her måtte eg og ha med.
Skulle ønskje eg var betre i å kjenne ulike planter frå kvarandre. Då hadde eg visst meir enn at dette er eit sitrustre: Set eg ein innsats på at det er eit sitrontre, trur eg eg har gode odds.

Skal nok ein del til for at kvar blom blir ei frukt, men nokre av blomane må vel knyte seg til frukt vil eg tru.


Kan vel vera at dette og er eit slag sitrustre. Bløming sist i september på frukttre, korleis kan vel det gå godt? Men nå er me på hælen, så då går det gjerne godt sjølv om det er vinter som stundar til.


Han gav meg eple å eta hadde eg tenkt ho skulle seia, men dengang ei. Innsatsen i flomvatnet i starten av august har ettervirkningar som gjer at ho som skulle seia det, ho får ikkje høve til å reise ned hit nå i haustferien. Sjukdom set stopper for det.


Hekkan for ein hekk.Og så av rosmarin. Det skulle kunne bli krydder både til lam og poteter her vil eg meine.

Då Lino takka for seg såg det slik ut. Aspetta pentura tre giorni, omtrent slik var det han sa. Då sa eg aspetta una settimana og endå meir nøgd vart han. Maling må vente minst tre dagar, gjerne lenger.


Fleire av plantene våre var i fosterheim i Villa Serena medan me var på Vigrestad i august og september. Denne måtte klare seg som best var aleine, men plassert slik at den skulle få litt takvatn i tilfelle regn. Før heimreise i oktober skal den i jorda og vil sannsynligvis klare seg gjennom vinteren utan tilsyn. 


torsdag 25. september 2014

Veggen vart vekke, eller var det motsatt?

Hadde det vore mogeleg skulle ein kanskje tatt det i denne rekkjefølgen. 


At dette ein gong har vore ein vegg ville vere å overdrive. Sanninga er at det har bare vore ca 1 cm av ein vegg, det vil seie ytterste laget. Det laget som er gjenstand for beundring, det som tek seg ut. Mest som sminke. Me veit jo at sminke kan gjere forskjell, men bare på det ytre. Kan vere vakkert, men kan og vere fælsleg. Det er det indre som tel. Han har nok vore uheldig med blandinga den dagen, han som pussa veggen, gode mannen som eigde huset her før oss.  Ingen herding av Intonaco og derigjennom heller ingen vedheft.


Arbeidsantrekk hakket meir enn fikenblad, som her er nok å ta av. I alle fasongar og storleikar, kunne tilfredsstilt mange ulike moteretningar med det rikhaldige utvalet av blad som er her på tomta. Litt mykje arbeid å rulle pusslaget av med malarrull. Gjekk noko hardare til verks då hammaren vart henta.


Med hjelp av Kärcher går alt så mykje betre. Her skal nok bli godt nok feste for ny puss skal du sjå.


Her er murt opp ein ekstra ytre vegg av Lecablokker med isolasjon mellom gammal og ny vegg. Italienske småhus frå 70 talet er nok ikkje av  dei mest isolerte du kan finna.

Til sist når Marco har gjort sitt, blir det truleg sjåande slik ut. Pedellparet i Ceglie er mangfaldige. Etter 7 år som semiitalienarar har dei opparbeidd seg ein stor krets av både venner og fok som kan gjera likt og ulikt av arbeid. Marco driv med mur, puss og fliser og eg reknar med at han kan kunsten å pusse ein vegg. 


Det er nok helst glassfiberarmeringa inni mellom to puss-lag som vil gjere susen.


Det viktigaste, vegg å pusse på er klar. 


Biletet lyg litt, det er ein flat vegg som krummar seg pga panoramafunksjon i mobilen

Då står det bare att å få ein dag og eit klokkeslett. Dei tre mila frå hit og opp til Ceglie er lange mil for ein innfødd. Marco ville helst bli henta og det skal eg sjølvsagt få til. Utan kart og utan gps. Han bur midt mellom Ånestad Dubland og Auglend, på grensa mellom Martina Franca og Ceglie Messapica. 

tirsdag 23. september 2014

Ingen grunn til jammer.

Kom hit til oss, sa Meggie. Eg skal ordne avtale på verkstad der dei kan sjekke kva som er grunnen til jamringa. Jamringa får  Opelen stå for, eg har absolutt ingen grunn til jamring. Dei er nok meir glade i senga på morgonen enn det eg er. 09:30 var avtalen. Eg skulle møte ved porten, og så skulle me ta avgarde for å få sjekka tilstanden.
Å drive eigen restaurant med opningstid til seint på kveld og rydding etterpå gjer sitt til at kvelden ikkje lenger er ung når dei set nøkkelen i døra og lukkar sjalusien.
Ingen oppe då eg ringde at eg var klar ved porten.   For å vinne litt tid, blant anna til ein morgonrøyk, vart eg invitert inn for ein rask kopp kaffi. Den sterke italienske sorten. Medan me sat der rundt bordet på kjøkken fekk eg litt meir forklaring på det med bilen. Der var lyd, men i tillegg var der lugging på pedalen. Normalt sett ikkje helt ok, men i dette tilfelle kanskje heilt normalt.
Til Francavilla bar det, og i ei bakgate like før ein kom inn i sjølve byen låg verkstaden. Eit par godt tilårskomne karar (truleg jamgamle med meg) hadde eit par opningar i veggen for innkjøring,, bukk, smøregrav og det som elles høyrer til når ei skal reparere bilar. Ryddig var det, og karane var blide som bare det. Ut med bilen som alt stod på bukken, inn med Opelen, opp i veret med den, av med hjul framme


 og bak,


endåtil trommelen bak vart banka laus for å koma til med inspektørblikket. Tutto bene, alt vel med "pasienten".  Du kan køyre "dieci mila chilometri", men då vil det vere på tide å skifte.
Det vart ringt til deleleverandør for prisar. Skifte av alle bremsedeler ville koma på 300 €, omgjort til norske kroner med dagens kurs blir det 2457,- nkr, inklusiv arbeid. Er nokså sannsynleg at dei på verkstaden får besøk sånn om rundt 8 - 9000 kilometer fram i tid.  Kva det blir i dagar, månadar eller år er eg meir usikker på. Gløymde visst å sei kva kontrollen kom på og ikkje minst kva dei meinte lugginga kom av. Null  €uro skulle betalas, det kan me ordna når me kjem for å eta på Taverna di Pascalone, sa mekanikaren.
Då Meggie kjørte bilen vår hadde den stått parkert i ein dryg månad. Truleg litt korrosjon både i tromlar og på skiver. Etter nokre omgangar med pedalen vart det slitt vekk, men i mellomtida fekk ein både lyd og lugging


Bremsesjekk kunne ikkje fylle heile dagen. Badedagen i sist veke gav meirsmak. I går ville Opelen  til det Joniske hav. Som du ser var ikkje temperaturen nettop noko hinder for den planen.























Mellom hælen og fotbladet ligg det Joniske hav. Eg drog til Torre Lapillo i går. Trudde det skulle friske opp å kome seg uti vatnet, men det var bare såvidt det gjorde det. Hadde vel eg trudd det skulle vere slik at ein kunne vere uti og uti og uti. 

Synd at det fort tek ein times tid å kome dit, men når ein først har fått krøka seg frå A gjennom små og litt større byar med gater laga for hest og vogn til B, så er løna for strevet meir enn god nok.

,

søndag 21. september 2014

Kvifor jamrar du slik?

Men kjære vene vakre Opel, kvifor jamrar du slik når Meggie trør på bremsepedalen? 
Ho vil deg ingenting vondt og så kvin du slik til at ho kvepp. 

For ei dryg veke sidan då eg kom hit ned att, måtte me gjera litt om på henterutinane. Ankomst Brindisi kl 22:40 er jo midt i arbeidstida for dei som driv restaurant. Dei oppi Ceglie er jammen gode å ha. Eg vart henta på flyplassen og i Via Roma 82 Latiano vart eg sett av. Nøklar til Opelen fekk eg. Meggie hadde då alt gjort seg opp ei meining om at bremsene bør sjekkas. Ho sa ingenting då, men på torsdag då eg og Clemente (han som tek seg av oliventrea) var og åt hos henne og Pascalone, bar ho fram ein sterk uro på grunn av jamringa frå bremsene. 
På heimveg merka ikkje verken eg eller Clemente noko uregelmessig. Neste dag hadde eg eit ærend, og då høyrde eg "jamringa". 15 år eldre øyrer enn Meggie sine får nok ikkje så lett med seg dei høgfrekvente lydane. I morgon mandag er det tinga time for sjekk. I det høvet måtte eg til  å vaske. Ein tek ikkje til doktor heller før ein har fare over det grøvste med såpe og vatn. Spesielt bremseskivene framme vart godt spylte med så høgt trykk Kärcher kan levere. Hadde meg så ein tur til Brindisi på Betty's Cafe. Godt mat som vanleg og rett så mykje forvitneleg å sjå på der folk tek søndagspromenaden langs kaien. Nå var det bare godlåt frå Opelen. Kan det rett og slett ha vore noko så prosaisk som bremsestøv? Har erfaring frå tidlegare at det under gitte tilhøve kan lage ganske så mykje lyd for ikkje å seie ulyd.


Denne bloggen handlar ikkje bare om å gjere ting så fullkomne som dei faktisk er. Nei, her dukkar nå opp eitt og anna som ikkje plent er så lett å vite kva ein skal gjere med det.  Då eine veggen på huset vårt skulle vaskas før maling i sommar, smuldra store deler av overflata opp. Kanskje eg ikkje burde spyle med høgtrykksspylar har eg tenkt, men skitt la gå. Tåler ikkje pussen såpass, er det nok på tide å få den ned.



Det gjekk ganske heftig for seg som de kan sjå. Nå i veka då eg skulle rulle på murmalinga gjekk det endå meir opp for meg kor ille det er. Medan eg rulla, sette deler av pussen seg fast i malinga på rullen. Sjå bare for deg korleis ein sakte men sikkert rullar pussen av veggen. Godt alternativ til å skrape kanskje.



Eg har snakka med Guido for å få råd om kva eg kan gjere for å få pussen til å sitje. Kanskje han kunne skaffe folk som kunne pusse og, tenkte eg.
Eg vart invitert til å bli med for å sjå kva nokre tyskarar hadde gjort for å sleppe det med puss og maling.



Ikkje sikker på at dette blir heilt rett. Sett utanfrå var det ganske likt det her, men dobbelvegger med isolasjon i mellom trur eg ikkje der er her. Huset Guido viste, hadde nærast fått eitt nytt hus rundt heile det gamle.  Det må vel vera det eg vil kalle "overkill".

Får nok fram med meiselen. Deretter får eg prøve å få tak i stoff som forseglar og gjev feste for ny puss. Rett puss og arbeide først når det har kome skugge på veggen.  Det ligg an til svenneprøve i murpuss.

onsdag 17. september 2014

Mandelmysteriet

Eg har lært av Wikepedia at mandler er ikkje nøtter. 

Det er faktisk ei frukt, i slekt med fersken. 

Prunus dulcis er det latinske namnet på treet.






Nøtten er blant mye annet en viktig grediens marsipan og kransekakeMandelmelk kan 

også brukes som en erstatning for dyremelk, fordi det ikke inneholder kolesterol eller 
 laktose og dermed kan brukes i matlaging for allergikere. 
 I Norge er det dessuten tradisjoner for å legge en mandel i julegrøt.

Enda en anvendelse er som mandelsmør, til samme bruk som peanøttsmør men der hovedbestandelen er mandler og ikke peanøtter.


Me plukka mandler her alt i august. Litt å ta av var her og.  Ikkje mindre enn 49 tre med ganske god haust på så å seie alle trea. 4 av trea har me sjølv skamklipt etter det vår venn Clemente seier. Ikkje at eg trur noko på det. Mandeltrea treng beskjæring dei og tillike med oliventrea. Blir nok mandler på trea til neste år vil eg tru.

Etter ei kort natt mellom lørdag då eg kom og første dag dag her i Paradis, er det tid for inspeksjon av tomta. Fjoråret var ein katastrofe når det gjeld mandelhaust. Dette året rekna me med svært så god avling ut frå slik det såg ut i august. Eg vart det ein kan kalle vonbroten på runden min. Ikkje mange tre der det framleis var noko å hauste. Mandelmysteriet I vart etablert. Lite marsipan, kanskje nok til ein liten gris. Kanskje ei kake med mandelbotn. Rett og slett så lite at me må prioritere hardt kva me skal bruke dei til. Det gjekk frå overfloden i august til smalhans og vel så det nå i midten av september. 

Kor har det blitt av alle mandlene?

I går kom Clemente for å gjere klar for hausting under det eine oliventreet som ber frukt. Maskin for soping ryddar heilt reint under treet. Ikkje vanskelig å få fatt på oliven som fell på bakken etterkvart som dei vert mogne når førebuingane er så grundige.


Clemente bidrog og til løysing av mandelmysteriet. Han hadde nok ikkje rekna med at eg kom såpass tidleg tilbake, medan det endå var tid for mandelhaust. Han hadde plukka mesteparten, og slepp unna med det. Avtalen er at han skal gjera alt arbeid med oliventrea, og så skal han ha olja som vert produsert som betaling. Ganske så usikkert prosjekt det der med mykje arbeid som førebuing, og så heilt usikkert kva lønna blir. I fjor vart der ikkje hausta såpass at det vart levert til pressing. All kraft hadde gått til eit vilniss av greiner øvst i trea som stal mesteparten av krafta. Vår venn Clemente kom til oss med 15 liter olje frå hans eigen olivenlund. Syns synd på desse uvitande nordmennene som så langt ikkje hadde forstått at olivenhausten vil endre seg frå år til år. Nokre gode år og endre dårlige år.

Nå er det slik at arbeidet med grunnen under trea blir nokså det same uansett om der er oiven på trea eller ikkje. Mannen har brukt ein del timar her på tomta, utan så langt å ha noko som helst utbytte av det. Han er vel unt dei mandlene. 

Vel me å bruke vår del av hausten til mandel i julegrauten, då har me nok mandler ut vår levetid og vel så det. Ein liten marsipangris kan det og bli råd med. Treng ikkje vera så bitteliten heller.


Faktaboks

Eg har også lært at kvar mandel veg i snitt 1,2 gram. Det går 82 mandler på eit hekto. Manglar du vekt når du skal bake, men kan kunsten å telje, veit du no kor mange mandler du må for å få 100 gr. Resten er rein matematikk.
Med slik kunnskap skal eg kunne berekne kor mange gram mandler me får utan å knekke dei. Eg er ingen racer i matematikk, men telje til 82 kan eg. Så kan eg leggje i haugar og gange med hundre. Truleg nok med første haugen på 82 stk, resten kan eg vege.

Så langt har det blitt nære på 700 gr mandler. 
Mandelmysteriet II   Kva må til for å få slike fine runde haugar? 
Er det nok å kunne kjevle skikkeleg runde pizzabotnar?

Svar kan sendast til ge-h@online.no. Premie for rett svar er 1 stk ferdig knekt og skolda mandel til å ha i julegrauten. Må hentas i Helmikhølen 5 etter nærare avtale med underteikna.


Henting, fjerning av ytre skal (det som tilsvarer fruktkjøtet på fersken) er bare ledd i prosessen. Knekking må og til.Hadde så innhaldet vore edelt metall kunne ein nok seie at innsatsen står i forhold til utbytte. Slik det nå er, lurer eg mest på om eg ikkje bare skulle tatt med stige til Auchan eller IperCoop og funne meg nokre ferdig reinsa og knekte mandler. (Stigen ville eg hatt med for å få det til å likna litt på naturleg mandelhausting)

søndag 14. september 2014

Den tenkte natta i Paris vart det aldri noko av

Pessimisten seier: Dette kan umulig gå bra. Altfor lite tid på Charles de Gaulle. Aldri om du kjem med flyet vidare til Roma.

Optimisten prøver seg med: Nei, skjønar du.Det kan ikkje gå.  Flyet går vidare til Roma utan deg.  Men kva gjer vel det, ei natt i Paris på AirFrance si rekning er bare fint det.

Flyet frå Sola landa heilt i rute, men så langt i eine enden av rullebanane som mulig. Taxa i uendelig tid til Gate G heilt i andre enden. Uendelig tid er i dette tilfelle meir enn 10 minutt.


Lukkeligvis går fly fort fortare enn buss, sjølv når flyet er på bakken. Vel framme ved Terminalen er det bare å ta føtene fatt det fortaste ein kan. Sjølv på Terminal G som i denne målestokken ser puslete og liten ut, må ein springe lenger enn det som er mulig på Sola. 
Shuttlebussen kom og gjekk att med meg + ein heil haug med andre ombord. 
Vel framme ved Terminal F stoppar den og slepp av lasta. Sjølvsagt stoppar den så langt frå min gate som bare mulig.

Frå til  er det ganske mange meter. Framleis var det nok tid, og med hjelpsame folk som jobba på flyplassen vart eg sikker på at eg var på rett veg. Sikkerhetskontroll gjekk fort, mest ikkje kø. Opp med koffert, fram med Pc, av med sko, av med selar, nøklar ut av lommar, telefonar og GPS opp i plastbakken, det skal gå fort. Tenk om ein gløymde seg bort ei lita stund og rett og slett i i rein distraksjon heldt fram med avkledning like til ein stod att der i onnikken.
Bussen som slapp meg av på Terminal F stoppa sjølvsat i motsatt ende av der gaten for avgang var. Skjermane viste forresten ikkje anna enn at Gate 55 til Roma var lukka og klar for avgang. Brått viste dei ikkje ein gong det, sjølve Gate nummeret var dekka av meldinga STENGT. Nei, dei hadde ikkje sett om til norsk, det er bare minnet mitt som ikke held til lagring av franske flyord. Var eg ikkje sveitt frå før, så vart eg det iallefall nå. Med koffert på slep og tunga som slips kom eg endelig fram til Gate 55. Då eg hadde forsert trafikken i korridoren som skulle det ha vore i tett trafikk rundt Arc de Triomphe, var det så mistenkjeleg lite folk ved Gaten. Det lukta stengt på lang veg. Skjermen gav same melding. Det stod ein kar der borte ved døra inn til Tuben. Eg vinka på han og han stadfesta at her var det STENGT. 
Javel då, kor er så staden der eg får ordne overnatting tenkte optimisten. Var så førebudd på ei overnatting i Paris at ingen skulle vel vippe meg av pinnen av noko så lite. Kan eg få sjå ombordstigningkortet ditt, spurde karen. Flyet ditt er flytta til Gate 54. Ikkje lange vegen det, faktisk bare 30 meter. Etter 20 min i rett kø slapp me ombord i Flight AF 9828. Landa i Brindisi litt før oppsett tid. Englane frå Ceglie var på plass. Strake vegen til via Roma 82 Latiano der fleire englar venta. Omlasting av koffertar, handlepose med brød, ost, druer og litt til av det mest nødvendige + flytting av ein del plastkanner. (Vatnet vårt er så umåteleg populært) Alt over frå Livar sin bil nr 1 til Livar sin bil nr 2. 
Her var mørkt nok her i huset, men her er liksom mest som heime og etterkvart. Får ein liten jobb med rydding. Heimreisa i starten av august 2014 kom jo noko brått på på grunn av kjellarflommen heime.

Her er litt frukt endå på trea. Mest eple. Godt med nedfallsfrukt, ein del rote på treet, men og fine friske fristande frukter klar til å setja tennene i.



På kaktus fiken er det så mykje frukt at me kunne vorte rike om me hadde hausta og lagt ut for salg. Blir nok bare ei og anna frukt til isen, om eg då ikkje skal prøve Guido sin metode der ein forseglar kvar frukt ved å dyppe den i kalkblanding tjukk som surmelk.

Det er mandelhausten som blir største jobben ute. Så må fresaren og fram. Stri måte å halde ugraset unna på, men endå verre å ligge på kne og ta det for hand. Grønnsakhagen ber framleis litt grøde:
 Melanzane 

Pepperoni dolce
Hadde alle oliventrea bore som dette eine, kunne det blitt ein rett så god olivenhaust. Av ca 50 tre er det bare eitt som ber skikkeleg. Blir lite olje av det, men kom att neste år. Då blir det sus i serken og olje på tønner.


Om eg hadde fått denne meldinga formidla av Telenor til rett tid, så hadde det rett og slett blitt litt kjedelig. Godt den ikkje kom før i dag. Då fekk eg i alle fall trim så pass at sveitten rann på ryggen i går på tansprang frå shuttlebuss til GateF55.


tirsdag 9. september 2014

Accuweather melder torever, AirFrance melder streik

Ja, eg veit det. Eg har høyrt det før. Accuweather er ikkje den mest presise meldinga for ver, men den er GOD og det er for meg viktigaste. For det meste godt melder dei, sol og temperaturar som ikkje er plagsomme. Om heimlengten skulle bli altfor stor, får ein trøyste seg med torever både ein og to og tre gonger. Og det kan eg love: Om varmen kan vere intens så kan toreveret og vere intenst. Første natta på tomta sommaren 2012 då me overnatta i bubilen var ei slik toreversnatt. Det small som om nokon dreiv med tunnelsprenging. Tette lynglimt, så tett at ingen fekk sjanse til å tørke av seg smilet mellom kvart lynglimt. Dagen etter var det tilbake til normalen, sol og varme og bare goa veret.


GOA VERET JA. 

MELDINGA FRÅ AIRFRANCE ER DET VERRE MED. MELDINGA FORTEL OM VARSLA STREIK. 


Dear customer,

We confirm that a call for strike action has been issued by several airline pilot unions, for the period from 15 to 22 September.

Så står det att å sjå kor mykje solidaritet ein er i stand til å vise i forhold til andre streikande.  

mandag 8. september 2014

Tunga beint i munnen og fingerdans over tastaturet

Ein skal halde tunga beint i munnen og fingrane kan visst setja ned farten der ei dansar over tastaturet. Det hjelper lite om dei tek eit sidesteg når endelause rekkjer med tal skal skrivast i rett rekkjefølgje. Nettbank er ein kunst når ein knappast veit kva felt ein skal skriva i. Når språkdugleiken er på lågast registrerbare nivå, får ein visst bare setje alle klutar til og satse på at lukka står ein bi. 



Det kom inn ei straumrekning frå ENEL ein gong i juli, men så har den bare fått lov å liggje der og freiste. Ikkje summen som freista, sjølv om prisen er drygare enn på norsk kraft.  Bare det å få den registrert inn i nettbanken har i seg sjølv vore "trøttande" nok. 

Sist straumrekninga vart betalt, var det Knut som assisterte. Han er litt kvikkare enn far sin på å bruke Google translate. Straumen vart betalt ein gong tilbake i juni og sidan har me henta inn endå meir energi til lys, vannpumpe, varmvatn, kjøleskap og litt luksus i form av luftkjøling.


Etter fleire krumspring fann eg ut at eg kunne ikkje vera verre enn eldstesonen. Kunne han ta seg fram i den babelske italienske nettbanken, ja så måtte vel eg og finne ut av det. Det ordna seg. Det meste ordnar seg jo når ein bare får ta tida til hjelp.

Medan me har vore heime her på Vigrestad har me fått hjelp av Guido til haust av pærene. Fint dei kan kome til nytte. Betre det enn haugar med nedfallsfrukt. Naboane tvers over vegen har vel og vore på plass. Hadde vore gildt om dei er der når me kjem nedover att. Alltid spennande med nye naboar.