Translate

mandag 27. november 2023

Godt å kome seg avgarde

                                      

Tre dagar på motorveg vart denne gongen gjort om til 6 timar med fly + 6 timar med bil.

Med fly kjem du jo fort til målet, men eg er nå gal nok til at eg synes bil er vel så godt. 
Tenkte Opel Corsa ville vera bra bil då eg skulle bestille. Har jo hatt ein Corsa sjølv her, inntil den tok kvelden på motorveg sør i Calabria i møte med ein stålkile.
Har ikkje det eg hugsar tidlegare leigt ein så herpa bil, men den er grundig fotografert med unntak av undersida, så eg reknar med å sleppe å betale for alle skadene som alt er på bilen. Fekk papir med markering av kvar skade, så dei store diskusjonane slepp me vel unna vil eg tru. Så får me gjera vårt beste for ikkje å "pynte" bilen endå meir.
Ikkje stod me tidleg opp, ikkje tok reisa til Roma spesielt mange timar, men å kjøre på direkten frå Roma rundt klokka 7 på kvelden for å leggje bak seg 55 mil, det er meir enn me er mota på.  Me hadde alt funne ein  plass for overnatting bare halvannan times kjøring frå Fiumicino. I Aquino enda me opp så tett mot motorvegen som vel mulig. Frå badet vårt trur eg knapt det kan ha vore meir enn 20 m til kanten av næraste kjørebane. Støygjerder tok av mykje, plassering av soverom på kanten vekk frå vegen gjorde saman nok til at det faktisk var heilt stille der me sov.  Absolutt ingen støy frå biltrafikk og motorvegen der er ein ganske så trafikert veg.

Om alt med granat i seg hadde vore like fredelig som granateple, hadde verda vore ein betre stad for alle.
                                     
Me kom vel fram onsdag kveld og etter ei natts svevn var me klar for utefrukost
Omgjevne av blomsterprakt heilt annleis enn i hagen heima på Vigrestad.


Denne kvite pelargoniaen har me fått av Lisa, ein av kontaktane Livar så rundhånda har delt med seg. Ho er heilt utrulig med blomar, eg har aldri sett make til hennes hage andre stader her i Puglia.
 
                                                 
Dei såg vel kor svoltne me var. Fekk litt å bita i, alt innhylla i tempura og steikt i olje. Ikkje nettopp slankande, men smakfullt er det i allefall.
Mat er så absolutt ein veldig viktig del av livet her sør. Det italienske kjøkkenet er bare fantastisk, set stor pris på det. Cavatelli in Crosta, sjømat steikt under eit lok av deig. Herlig.

Skal ein først feire noko er det fint å ha god plass rundt bordet. Me kom først denne kvelden. Iløpet av eit par timar var lokalet stappfullt. Endåtil kjendtfolk dukka opp på eit av naboborda. Linda og Jean frå Belgia, som me først møtte på Taverna di Pascalone hadde og trong for eit godt måltid mat.

onsdag 15. november 2023

Fint skal det vera.

Det er på ingen måte anna enn rett og rimelig at me tek turen til Puglia no like før jul. Eg lyt syte for å få skikkelig styr på håret, og så langt har eg ikkje kome over nokon som klipper betre enn parruchiere i Ceglie. Korleis dei får der til skjønar eg ikkje. Etter omgang med saksa på toppen ser det mest ut som der er meir heller enn mindre.  Calamare fritte som lunsj den dagen kan det og fort bli råd med.
Me brukar ikkje så mykje tid på kjøring når me bare er heimefrå eit par veker. Fly frå Stavanger til Roma via Frankfurt. Frå Roma blir det leigebil. Mest som eg har problem med å forstå prisen på  vår Voucher, men reknar med det må stemme.
Slik ser det ut ved søk i dag, medan dette (sjå nedanfor) er prisen som kom opp for nokre veker sidan då me gjorde avtale om billeige.
Satser på at bestilling via Booking.com i rett tid er årsak til låg pris. Forsikring utover standard treng me ikkje. NAF, Coop Mastercard og Utdanningsforbundet dekker alle eigenandel ved entuelle uhell.
Elles tek me sikte på beskjæring av mandeltrea våre skal føre til endå meir mandler til hausten. Ryggen min nærmer seg å vere på plass att. Mandeltrea på tomta vår er små med ganske lette og tynne greiner.