Me brukar ikkje så mykje tid på kjøring når me bare er heimefrå eit par veker. Fly frå Stavanger til Roma via Frankfurt. Frå Roma blir det leigebil. Mest som eg har problem med å forstå prisen på vår Voucher, men reknar med det må stemme.
Slik ser det ut ved søk i dag, medan dette (sjå nedanfor) er prisen som kom opp for nokre veker sidan då me gjorde avtale om billeige.
Satser på at bestilling via Booking.com i rett tid er årsak til låg pris. Forsikring utover standard treng me ikkje. NAF, Coop Mastercard og Utdanningsforbundet dekker alle eigenandel ved entuelle uhell.
Elles tek me sikte på beskjæring av mandeltrea våre skal føre til endå meir mandler til hausten. Ryggen min nærmer seg å vere på plass att. Mandeltrea på tomta vår er små med ganske lette og tynne greiner.
I appreciate the clarity and conciseness of your writing.
SvarSlett