Translate

søndag 6. juni 2021

Milepæl?

Inspirert av ein annan Pugliagal typeved namn Livar, tok eg til med blogging om liv og laden i Puglia for ganske mange år sidan etter at me skaffa oss dette huset ute på campagnaen. Jamnt og trutt har bloggen blitt lesen, ikkje nødvendigvis av eit aukande tal besøkande. Mer eit trufast publikum håpar eg.
Vanligvis brukar eg ikkje ver så oppteken av tal, men her kjende eg det kribla etterkvart som det runde talet nærma seg.

Ved passering 100000 er stoda som dette: 

Det er lenger enn det nokon gong har vore før sidan me sist var på plass på Cda Coltura.  Me er meir enn klare nå, og har faktisk skaffa oss billettar frå Kristiansand til Hirtshals med den gjæve nye båten til Fjordline: FJORDFSTR. 














På bare drygt 2 timar skal den ta oss over Skagerak og me kan ta ut på tidenes nedoverbakke. Frå Norge til Italia på globusene går det jamnt nedover, reknar med det er slik i verkeligheta og, for globusen er vel ein gjenskaping av jorda, bare i nokså liten målestokk.

Då ligg motorvegane framfor oss, Det er bare å gje på, så etter nokre slitsame døgn er me vel framme. Me kjører i kolonne, om ein kan rekne to bilar etter kvarandre som kolonne. Det gjekk fint i oppoverbakke i haust, så då går vel returen godt den og. 
Eg kjører først i bubilen. Den er såpass ruvande at det går godt å leggje seg på hjul etter den. Skulle me blingse og miste kontakten, så har me jo mobil. 
Pr i dag er det så langt eg veit ingen problem inn/ut av Danmark, inn/ut av Tyskland og inn i Austerrike. Litt meir usikkert når det gjeld inn i Italia. Akkurat nå er det mykje som tyder på at me må vise fram  resultatet av ein Covid19 test. Endå ein månad til å finne det ut. Test på Testsenter ved Scandinaviapark ved Flensburg er nok staden der me evt vil få utført slik test. 
Eg fekk dette svaret på spørsmål om nordmenn kunne testast på den staden.

Sehr geehrter Herr Hausken,

vielen Dank für Ihre freundliche Anfrage.

Selbstverständlich können Sie sich auch als norwegischer Staatsbürger an einer Teststationen testen.

 

Vel inne i Italia ved Brenner, fullvaksinert med resultat av fersk test, etter det må det bare bli velstand og godlyd frå både kjøretøy og sjåførar.