Translate

søndag 14. februar 2021

Meir enn ein neve "neve"

Me har kjørt forbi Taranto, Grottaglie og Francavilla når me passerer dette skiltet. Denne ruta er ikkje den normale verken når me kjem eller når me reiser heim, men eit par tre gonger og litt til  har eg nå reist forbi her likevel. Det var forresten like ved her at eventyret vårt med hus i Puglia tok til. Nokre få kilometer sør for Francavilla var me og såg på eit hus, men det fall ikkje heilt i smak. Me er mykje meir fornøgde med huset på Contrada Coltura.

Slik tidene er no for tida, er det heimekontor som gjeld. Å ta ei reise virtuelt er slett ikkje umogleg og hjelpemiddel har ein. God linse på mobilen har eg og, men rett og slett ikkje nok til å forevige dagens veg og føreforhold i Francavilla, Latiano og Mesagne.  Kven skulle vel trudd at dei nede på hælen av Italia bortimot har meir av det kvite stoffet enn me har her på Vigrestad.
Eg er ikkje kar om å finne utav akkurat kva plass i Latiano dette biletet er tatt. Har kanskje ikkje gjort klar nok avtale med fotografen. Skulle nok fått hen til å røpe kor biletet er tatt. Fotografen jobbar forresten i BrindisiOggi.it
Som de ser er her nok til eit fint dekke av kvitt. Kunne sikkert blitt snømann av det og, men så langt eg ser, har ingen gjort seg nytte av den ideen. 
Blir nok ikkje så mange dagane til vårveret tek over. Får heller vere at eventuell våronn for vår del må tas her på Vigrestad. Blir nok langt utpå sommaren før me stikk sørover. I mellomtida får me halde armen klar for stikk her lokalt.

lørdag 6. februar 2021

VigilNova i aksjon

Der kom meldinga frå VigilNova, vaktselskapet me har gjort oss avhengige av for å sikre eigedomen i Puglia. Det er då eg tenkjer eg skulle ha lært meg italiensk, men av ein eller annan grunn har det ikkje latt seg gjere.

 Buongiorno,

la presente per informarla che in seguito ad un' allarme alle h. 09:27, la pattuglia constatava che la zanzariera della finestra adiacente alla porta, era rotta e si trovava per terra, il resto era tutto chiuso e non si riscontravano altre anomalie, informavo di tutto ciò la sig.ra Megghi. Allego foto.
Cordiali saluti

Det var helsinga, og eg såg for meg det verste. Verre enn verst kan det jo ikkje bli, så då er det like greitt å gå for det verste med ein gong. Ved nærare lesing plukka eg opp dette med zanzariera som eg veit betyr myggnett. Kunne det vera at det slett ikkje var tobeinte som hadde vore på ferde. 
Etter ein samtale med Meggie fann eg ut at det går an å ta det heile fullstendig med ro. God varme der sør, ikkje mindre enn 15 gode grader.  Ganske så stor kontrast til under  - 10, som me har hatt dei siste morgonane. Heldigvis har me ikkje vind, men det har dei hatt i Latiano. Veldig kraftig vind etter den godt informerte kjelda eg har.
 
Ho insisterte på å ta turen oppom huset vårt, for å forsikre seg om at alt er vel. Kansje det bare var ein ganske kraftig utgave av Eivind beinlaus som har vore på ferde.