Translate

søndag 26. januar 2020

Få gang på det

Rekna ikkje med at det skulle bli blogging før sist i april, kanskje ikkje før eit stykke ut i mai. Men er ein slik laga at ein har lett for å ombestemme seg, då kan planane fort bli annleis. I midten av mai er billettar klar for både Anne Marie og meg. Så såg eg ein sjanse i mars og greip den.
Eg har laga avtale med KLM og AlItalia , dei har lova å frakte meg frå Sola til Brindisi.
Hytte langt der sør i støvellandet fører med seg litt. Likt og ulikt treng påpass. Etter 6 år lagar varmepumpa meir trøbbel enn nytte. Set eg den på kjøling, isar innedelen heilt ned, nesten så viftedekselet tek til å bule utover. På vanleg kjøing sist sommar trur eg det fungerte. På varme virkar det eit par døgn, så kjem det opp feilmelding i displayet. I tillegg sluttar varmepumpa å la seg styre frå fjernstyringa. Då må det hardare lut til. Sidsan pumpa er kopla direkte til straumnettet har eg måtta løyse problemet med å kople heilt frå straumforsyninga i koplingsboksen.  Eg håpar han er ferdig med bryllupsreisa si, han Meggie ringde til sist i november. Prøvde å få varmepumpehjelp då, men han som skulle gjere det var i New York på honeymoon. Han kan vel ikkje vere der i 3 månadar, så eg satsar på å få hjelp, anten til reparasjon eller demontering av gammal og oppsett av ny.
Alt som kan gå sundet, gjer det før eller seinare.Vaskemaskinen av type Sharp gjer det faktisk ikkje så forferdelig skarpt. Fekk seg ein tur til Brindisi saman med reparatøren. Der i Brindisi har skarpingen vore før utan at reparatøren fekk skikkeleg skikk på den. Ny tur sist i november, og då den kom heim att rekna eg med alt ville vera greitt.
Oppstart og valg av program var ikkje vanskelig. Såg helst ut til at Sharpen ville samarbeide og, men det var visst bare i eit forsøk på å lage god stemning.
Det gjekk så merkelig fort å bli ferdig med vasken. Etter litt over 2 minutt gav maskinen beskjed om at den var ferdig. Slutt, stod det i programvinduet. Ny runde med reparatør som ikkje såg vits med å ta maskinen på ny tur, den kunne hentas når ny maskin skulle leveras. Og slik er det med den maskinen. Pr i dag er det ikkje avklara kva som skal skje. Mine italienskkunskapar er vel omtrent på nivå med nemnde maskin sine vaskeresultat. Held ein slags kommunikasjon med Azzarito i San Michele med hjelp av Google translate og WhatsApp. Det let seg nok løysa, men det går ikkje så fort som med vaskemaskinen. Tenk for eit scoop det ville vore om ein maskin kunne ta seg av ein heilt vask i løpet av drygt eit par minutt.
1.slåtten er det vel kanskje tid for mot slutten av mars. Litt ugrasfjerning kjem nok og vel med.
Ein kaffikopp i lag med Lina kan det vel og bli. Google translate vekte stor begeistring, så med hjelp av den kan me kanskje kommunisere litt meir enn kva tid eg skal reise nordover att og om og kva tid Anne Marie kjem. Dama gjev full gass, då ho snakka inn i Google translate, vart det helst til at korttidsminne på mobilen kom til kort i ordstrøymane. Flott dame er det.