Translate

torsdag 28. desember 2017

Neste nedtur?

Tenk nå veit eg ikkje kva tid neste nedtur kjem. I fjor hadde eg 5 nedturar jamnt fordel utover året. Nokre ganske korte, andre litt lenger slik som sommarferien, då varte nedturen i ganske mange veker. Heile 8 veker om ein tel etter. Neste nedtur ligg heilt i det blå på trass av at eg er mest komfortabel med at komande nedtur skal vere på plass i kalenderen min før siste nedtur er over. Kva som gjer det, er meir enn eg skjønar. 

Overkill er når ein får altfor mykje av noko. Kan nok hende denne bloggen ar altfor lang, men formatet vart slik denne gongen. Fint om du orkar lesa. Fint om du bare ser på bileta. Faktisk fint at du bare har klikka deg innpå, for me lever jo i 2017, og då er klikk avgjerande for den store livslukka. 80 764 klikk på bloggen så langt når dette vert lagt ut. Ikkje på langt nær alle i år, men alligavel . . . . . . . 

Grønt, kvitt og rødt er ganske så fint, anten det heng på ei stong eller det ligg på eit fat. Litt tilfeldig at det var akkurat desse fargane eg falt for. På litla julaftå for ei snau veke sidan, var det jubileum for første samtale med ein ekte nativeborn puglianar. I strevet med å finne partner for eit Internasjonaliseringprosjekt, fekk eg napp 23. desember 1997, dvs for 20 år sidan. Etter det har Puglia gradvis blitt ein meir og meir viktig del av livet. Enn så mykje eg veit nå, som eg ikkje visste då.
Januar 2017
Januar inneverande år var kald i Puglia. Me fekk med oss via via, både Il Meteo og andre Pugliavener at der var frost, mange kalde grader. Ein stigande uro for frostskader på vannkranar og røyr førde til at eg tok turen nedover. Røyrskader er så si sak, men ved eventuell skade ville jo brønnpumpa starte med å fylle på og kontinuerlig drift av pumpa er nok ikkje bra. Når ein er slik laga at ein ser for det verst mulig opplegget med utskifting av pumpe 135 meter ned i bakken, då er det greiare å ta turen.

Å ta inn i iskaldt hus og bu der ei veke, det krev tiltak. Forheng i opninga mellom kjøkken og stove var tiltaket. 11 gr på kjøkken, 23 i stova. Tennersklapprande dusjing på iskaldt bad vart avhjelpt litt med stråleomnen, men oppmagasinert kulde i murveggene blir ein ikkje fort kvitt.  Skulle vore mulig å lagre kjølen til sommarstid når varmen vert lite grann for god.
Om det var aldri så kaldt inne, fins det blomar som trivst i slik temperatur.  Langs vegkantane veks så mangt slags fargerike vekster.
Sidan me venta besøk til sommaren, der me la inn nokre dagar på B&B i Gallipoli, måtte eg bare ha ein tur ned dit for å sjekke ut. Var ikkje problem med høg varme då i januar.


Påske 2017
Fram mot påske fekk Roomsteren trilla sørover. Over Alpene gjekk den som ein supertrimma traktor. Forbruk heilt nede i 0,5 (ein har vel lov å vera litt romsleg med tala?) med snitt fart 120, slett ikkje gale det.

Velkomsten For Anne Marie og Hadi til Villa Felizia var hjertelig.
Det var kveld då dei kom til Brindisi Centrale. På grunn av krøll med flyreisa, måtte dei over på tog på etappen mellom Roma 
og Brindisi. 
Påsken er tida då valmuene blomstrar. Bakkane er grøne. Lufta passe varm. I det heile rett og slett beste tida på året for oss varmehungrige nordmenn, som går frå å vera fornøgd med temperaturen til å vere overfornøgd når det tippar 40.
Oliventra våre har ikkje gitt så mykje avling som ein utfrå storleik og alder på trea kunne ha venta, men nå skal det bli sving på sakene. Clemente har svinga motorsaga. Radikal beskjæring, gjort på beste måte av ein mann som veit kor han skal setje snittet. Uhorvelig med greiner og ikkje heilt lite med ved vart resultatet så langt.
Den gode olivenhausten let nok vente på seg iallefall til hausten 2019. me håpar jo at avlinga skal ta seg betydelig opp no når trea brukar energi på å setja bær og ikkje på å lage greiner som bare strevar til himmels. Det er greinene som heng som gjev mest avling.

Det som ikkje kan kappast og brukast til ved, vert brent på staden. Oljerike blad og greiner brenn så det er ein lyst.

Mannfolka var med på brenning dei og, men kanskje maling av huset var viktigaste jobben Hadi stod for. Heile huset, heilt aleine.
Å kjøre jordfresar er min yndlingssyssel. Etterkvart som jorda smuldrar meir og meir opp, smuldrar mykje slagg i hovudet og bort. Dei snakkar om å vera i flyt. Slik eg oppfattar det, er det når fortid og framtid ikkje gjeld. Bare her og nå.
Arbeidsfolk treng mat. Kringler med oppskrift frå Hardanger, steikt i forno a legna, det er godt det. 
Pizzaen er heller ikkje å forakte når den kjem frå omn som held like oppunder 400 grader. Går fort å svi då kan du sei.
Det går an å vera i Italia utan å eta is, men du går absolutt glipp av noko då.  I Porto Cesareo  på Bar Gelateria Imperiatore har dei is for sjølv den mest kresne is-elskar.


Sommar 2017
Me såg lite til Sakkeus då Hadi og eg kom til Villa Felizia like etter skuleslutt i juni,  men morbær såg me, fersken fra eigen hage likeså. Eg syns det er skikkeleg stilig å kunne snakke om fersken frå hagen vår. 

Elles var det dette med vatn me fekk problem med. Når varmen er meir enn god, då er det plagsomt når teknikken ikkje funkar. Ein brend kondensator gjorde at brønnpumpa stoppa, og me måtte klare oss med vatn samla på anna vis.

Vatnet kom, Anne Marie kom og ikkje lenge etter kom dei to første gjestene denne sommaren. Kan ikkje stor kalle dei  "fremmane". Astri hugsar eg heilt frå hova nyfødd. Fedre som var barndomskameratar og som klarte å halde på kameratskapet gjennom heile livet er forklaringa på kjennskapen og vennskapen med dei to kjekke damene. 
Lysfestival i Scorrano var vel verdt turen. 


Langt der ute på campagnaen får ein finne på moroa sjølv. Flotte flirande fyrar fekk gang på underhaldningssenteret i bubilen. For å få endå meir underhaldning, reiste me saman med gjestene Karin og Torodd til Gallipoli. 5 netter der, vart brått til 2 pga mislukka forsøk på innbrot i huset vårt. Bubilen vart utsett for vellukka innbrot. Endå er faktisk ikkje skaden reparert, men aust på Roa fins det folk som ville og kunne hjelpe. Dei må bare få deler frå Poggibonsi først, og nå har me blitt enige om at det like godt kan bli vår og trygge vegar att før eg fer austover for å få reparert skadene på bilen.

Godt når kvelden kom og lufta svalna. Det er heise varmt når gradene ligg ein del over 40 og luftkjøling manglar. Når stram fiskelukt frå ein nærliggjande fiskerestaurant er det mest oppkvikkande som kjem inn gjennom vindauget, då kan kanskje nokon og einkvar tenkje seg kor opplagt ein blir.
Vel tilbake til Vila Felizia fekk me nokre stadig varme, men og gode dagar. Det er då det passar best med middag på sein kveldstid. Svoltne karar sette pris på lasagnen her på Ristorante Taverna della Gelosia i gamlebyen Ostuni. Så godt var det faktisk at både Ali Khan, Hadi og Nihad utan problem sette til livs dobbel porsjon.
Når dei 4 Varhaugsbuane reiste heim , reiste husfolket Anne Marie, Hadi og eg til Hellas. Slitsom overfart vart det. Den som bestilte billettane hadde heilt gløymt at det hadde gått ein del år sidan ein var ung og sov på golv og dekk og hattehyller medan ein var på Interrail.
Her heldt han hus ein av eremittane i Meteora. Fastbuande kom med mat som vart heilt opp til plattformene der siste eremitten budde i årevis.
Fjella er spesielle, og som om ikkje det er nok, har nonner og munkar bygd kloster opp på mange av fjelltoppane. 

Lang dag på sightseeing frå eine klosteret til det andre og det tredje og det fjerde. Då må det vera lov å strekkje seg ut i påvente av spektakulær solnedgang.

Ein topptur hadde me. Heilt opp til 1694 meter over havet. Me gispa etter luft og deet kribla i magen. Ikkkje det at det tok på kondisen, for det var Roomsteren som tok mesteparten av høgdemetrane, men vegen var smal og svingete og bratt  var var der tidevis og. Grusdekke og ingen føringskant gjorde at eg grudde meg for nedturen, men den gjekk heilt greitt. Så langt eg veit, kom me vel heilt ned.

 Olivenhagen har overlevd den harde beskjæringa i påsken. I august såg trea ut som dette.
Kapers på wienerschnitzelen ser ut som dette om ein let vere å plukke knoppane og legge dei i salt.
Oppturen gjennom Italia, Austerrike, Tyskland og Danmark er mange gonger så lang som nedturen. Her frå eit ganske så trøytt besøk på ein Autogrill der me fekk litt drivstoff for for sjåfør og passasjer. 
Tilbake til Latiano sist i september var det tid for nye dører. Gjestene som prøvde seg på å kom inn natta til 22. juli, klarte å øydelegge dørene så mykje at det måtte nye dører til. Så får me bare setje vår von til at desse dørene er like solide som dei som var. Ytterste døra er i massivt jern og bolta i veggen på ein måte som krev god tid for dei som vil inn, eller veldige krefter. Bil eller traktor med kjetting i løkke rundt gitteret skal visstnok vera ganske effektivt. VigilNova bør vera der etter ganske kort tid om alarmen blir utløyst, då snakkar eg om minuttar. Eg var uheldig og putta fjernstyringa i lommen, der den kom i klem og slik sende alarmsignal til vaktselskapet. Då tok det 3 minutt før ein uniformert væpna mann stod i tunet og lurte på om alt var bra.

Siste bad året 2017 fekk me ved Torre Colimena. Herlig både på land og i vann.
 Nå som pipa vart ordna, auka motivasjonen for å gjera noko med greinene frå oliventrea.
Og kona ho gjekk seg i vedaskog, 
                         hei fara i vedaskog, der sat det ei . . . . . . . . . . . . . . . 
Og mannen han måtte bare følgje opp som best han kunne med nyoverhalt sag
Litt varme i omnen blir det av slikt arbeid
Medbrakt fotograf er det ikkje ofte me har, men her i Torre Canne tok me med oss fotograf i håp om å få eit bra bilete
Ost frå marknaden i Ceglie vart kjøpt inn etter smaksprøvar som synte smak av beste slag.  
24 oktober var det tid for meg og å fare nordover. Mange timar på Fiumicino vart korte med besøk ytst på ein av terminalane.  Litt finare restaurant, men ledig bord i litt rolig lokale. Urqell i Peroniglas var betre enn den halvfosne lasqagnen, den var faktisk god der den var varm, men lite å skryte av i kjernen der den var kald. Straum for lading av mobil fekk eg stele meg til på ein stolpe med straumuttak sikkert berekna for støvsugar.

21. nov til 5. des vart siste nærkontakt med Villa Felizia året 2017. Lite nyttig å gjera, men ganske nyttig allikevel. Å ha det godt for min del, vil seie å kunne variere. Gule blomar i vegkanten . . . . . .  .
. . . . . . . . . . .og bølgande tjelver fulle av det ein fort vil kalle ugras, i det minste dersom ein er eigar av tjelva.
Brindisi har liksom blitt min by. Her utsikt mot vest  frå 7. etasje i Via del Lavoro
Palma, for meg bortimot synonymt med Scuola Media Statale Dante Alighieri  i Via Puntinia bur i toppetasjen på ei bustadblokk der ho har flott utsikt i fleire himmelretningar. Palma er pensjonist no, og skulen me samarbeidde med har blitt ei eller anna form for senter for eldre trur eg det er.
Gildt å ha fremmane, og gildt sjølv å kunne vere frammane. Signe og Gaute tek gjerne imot ein ungkalv som meg. Rett skal vere rett, er eg ungkalv så er ikkje dei meir enn såvidt tørre bak øyrene. 
Å vakne til denne utsikten er fint, heimsleg med alt kaktusen. Men kvelden med drøs og diskusjonar er endå finare. Med god Jøtulvarme i omnen er her ingenting å klage over. Einaste måtte vere det at bassenget er litt for kaldt til å bade i.

Nokså klar for avreise 5. des. Kalde netter, heilt nede i minusgrader, men likevel grønt. Haust vinter og vår er så veldig grønt. Stor kontrast til det brune uttørka landskapet ein finn på seinsommaren og tidleg på hausten. 
Måtte bare til med ein selfie her. Landa på eit sete like ved nødutangen. Skikkeleg god plass for ein velvaksen mann på opptur. Ingen problem med lange bein, heller ikkje med klappbord som bare såvidt får plass mellom stolryggen om min romslege mage. Einaste ulempen var at då eg hadde vel installert meg, festa setebeltet og akkomodisert meg elles på beste vis, så dukka det opp ei lite snelle med ein billett der mitt setenummer stod. Eg vil jo ikkje vera vanskelig, så ho fekk setet mitt utan protest frå mi side. På seterekka framforbi var der eit ledig sete, men der var lite ledig beinplass. Måtte bare tråkle meg inn mellom to andre velvaksne menn, og ta til takke med klappbord som helst ikkje burde tas ned. Sinas apfel servert av KLM sin flyvert, treng ikkje så mykje bord å stå på. Det er greitt nok å få det i handa.