Translate

lørdag 7. mai 2022

Arbeid som nesten gjer seg sjølv

Ja faktisk er det nesten som det gjer seg sjølv. Etter at me fekk kontakt med Giulio og Giula via nabo Lina, har me kunna slappa av i trygg forvissing om at nødvendig arbeid vart gjort. Giulio og Giulia er forvaltarar på eit større kollektivbruk ikkje langt frå oss. Kunnskap og maskinar har dei og heilt tydelig at dei har, dei veit kva som må gjerast til ei kvar tid. Har vore innom det før dette med plikt til å klippe grast på eigedomen vår. Grunnen er brannfare når graset visnar i løpet av sommaren. Har også høyrt at bekjemping av insekta som spreier xylella er nødvendig. Insekta trivst veldig godt i høgt gras. Klipper ein får desse insekta verre levevilkår, og det vil jo svært gjerne.
 
Ein skulle kanskje tru at hausting av oliven går føre seg på likt vis over heile Italia. Nokre stader brukar dei nett. I vårt område blir bakken under trea preparert for å bli slett og glatt. Olivenbæra blir slått ned og deretter  sopt opp i kar for så å bli levert til oljepresseri. Der blir olivenbæra vaska før dei får press på for å få skilt frå godstoffet.

Nyhorva bakke under oliventrea viser at første trinn i prosessen med å lage olivenolje er unnagjort.  Etter mange fleire trinn på rett tid kan det haustas oliven, bare ikkje hos oss dette året. Radical potatura eller stor beskjæring vart gjort i mars, og då treng trea meir enn eit drygt halvår for å bera på ny. 

For oss går arbeidet umerkelig fram, men me får jo lov å betale når me bare kjem oss nedover. Me kan jo bare sitje her i stova på Vigrestad og nyte synet av godt arbeid.

torsdag 5. mai 2022

Overvakingssamfunnet

Det er mest litt ille, men så langt går ein i overvaking om ein bare har fått så inderlig meir enn nok.  Med kamera på taket skal ikkje mykje gå ein forbi av det som finn stad opp mot vegen. Kameraet er testa også, så er der mørkt klarer det å lage ganske gode bilete då og. Har ikkje heilt klart for meg korleis kamera skal festas, men eg trur eg lagar ei innnretning på taket slik at når nokon skal slå det daudt, så får dei litt bry. Eg tenkjer jo ikkje å setje att stigen ute for å gjere det enklare å kome seg på taket. Og før dei har fått tatt kverken på kamera, vipps så ligg dei lagre på server på ein heil annan kant av verda. Då kan eg finne fram rett video og overlevere til Carabinieri.  Dei gjorde særs god jobb etter innbrotet sist i september. Har endåtil sendt saka vidare til Procura della republica di  Brindisi, men me har etter konferanse med avvocato Daniela bestemt oss for ikkje å gå vidare med saka. Ingen spor etter gjerningspersonar og då hjelper det lite om me brukar pengar på noko som ikkje kan føre oss nokon stad hen. Mitt hjem er min borg seies det. For ytterligare å sikre vil eit likt kamera halde oppsikt med motsatt side av huset. På appen på mobilen blir det bare galltøft. Splitscreen frå Villa Felizia. Synd det er lenge til det kan setjas i drift, men det som trengs er på plass.


Dei gamle oliventrea blir tatt vare på på mangt slags vis. Tufosteinar som held oppe tunge greiner er ikkje uvanlig. Her er det stammen som truar med å dele seg. Tønner oppbundne med tau hjelper nok, men så veldig fint ser det jo ikkje ut. Fekk forresten ein liten tanke, kunne det vere med og hjelpe underteikna sin tendens til å reke ut sånn omtrent på midten? Kor får ein tak i gamle metalltønner?
Så får me setje vår lit til månen, at den er like god til å fange hell som nokre trur hesteskoen er. Må bare passe på at opninga på hesteskoen vender opp, elles renn vel lukka ut like fort som den renn inn.  Skulle vere litt plass for lukke på månen når den er i denne fasen.

mandag 2. mai 2022

NYYYT

Slikt liv likar me. Beina på bordet, strålande Pugliasol, av med langbuksa.  NYYYT. Mulig sjølv om mars var av den litt kalde sorten. 
De som har følgt med oss på livet der sør har ganske sikkert fått med dykk at det ofte skjer eit eller anna. Er det ikkje kjøleskap som sviktar, så er det vaskemaskin som ikkje vil meir. Eller så kan det vera at oppvaskmaskinen takkar for seg. Felles for alt dette trur eg er spenningsproblem.  Fernando Masi gav oss hjelp med spenningsregulator som fekk plass i same skap som sikringane. Når nå vannpumpa i dagtanken ikkje ville meir, skulle ein fort tru det var motoren i pumpa som ikje orka meir. Eg ringde Meggi for tips til røyrleggjar, men ho sende sjølvsagt Pascalone for å sjekke ut problemet. Så ville han i neste omgang få tak i rett hjelp. Men aldri om han gav seg, han skulle til botnar i problemet om enn ikkje bokstavelig talt til botnar i dagtanken. Holet er hadde forresten vore for lite både for meg og for han. Pumpa fekk hjelp ut av tanken og det viste seg at det var problem med lager som gjorde at ho ikkje lenger ville jobba for oss. 

Denne gongen vart det pumpe med separat trykkstyring. Så vart det litt omkopling frå pumpe nedsenka i tank til pumpe montert ved sida av tanken.

I praksis virkar det likt, vri på kranen så kjem vatnet. Kanskje med litt høgare trykk på grunn av ei litt kraftigare pumpe. Elektronisk trykkregulator skal syte for at pumpa startar og stoppar alt etter kva der er trong for.

Jordfeilbrytar er fint å ha om ein vil unngå mulige ubehagelige opplevingar i omgang med diverse elektriske apparat. Den som var montert i huset var nok litt underdimensjonert, det kan ein sjå på det litt svidde på utsida av brytaren, som har stått i så langt. "Me kjem att neste dag og monterer ny brytar med litt høgare ampere". Veit forressten ikkje om slikt blir målt i ampere, men den gamle hadde tala 25/0,03, ny skal ha 30 + nokre tal til. Så gjekk det, som det av og til gjer, i det forjettede land. Neste dag kom og neste dag gjekk over i natt utan at vår venn elektrikkrøyrleggaren kom. Det gjekk endå ein dag utan at han kom. Eg var nede i byen og fekk betalt i butikken der Pascalone hadde avtala kjøpet. Arbeidet med tilkopling av pumpe og tilpassing av jordfeilbrytar trudde eg ville skje om ikkje anna så for at dei skulle få betalt for jobben. Dagen for heimreis kom, framleis utan ny jordfeilbrytar. Einaste forbrukar av straum nå er alarm og eit par ganske kraftige avfuktarar. VigilNova får signal frå alarmen dersom straumen går, og då får vel eg signal frå dei om så skjer, tenkjer eg. Det får nå stå slik til me kjem nedover ein eller annan gong. 

Kaos syns du kanskje. Ganske ille vil nok mange tenke, men det er ikkje verre enn at me storsett har oversikten. Sommarlivet krev sitt, og når ingenting kan stå ute når me reiser heim, så må me fakstisk ein stad lagre det. Her er eit heilt basseng ein eller annan stad. Basseng med plass til 26000 liter vatn. Godt gjort å gøyme så mykje vatn i eit såpass lite rom. Vatnet tømde me forresten ut då me rydda opp etter oss i oktober. Nytt vatn sørger den nye pumpa for, frå 135 meters djupne, når me set bassenget opp att i august. Av erfaring veit me at så mange liter vatn tek det dagar for ikkje å seie veker før det er varmt nok til å NYYYTE. Men så fins det råd for det og. Netthandel er fristande farlig. Kan lett bruke meir pengar der enn det som er fornuftig. 
Denne innretninga håpar eg kjem inn i kategorien nyttig. Ikkje for å varme alle dei 26000 litrane, bare for å justere opp litt når sol ikkje er nok for å få passe badetemperatur.
Vatnet frå brønnen held rundt 20 grader, og til det er me ikkje så mykje vikingar at me har glede av det. Nattbad under stjernene likar eg veldig godt, men ikkje i temperatur der ein er like unna å halde varmen på grunn av skjelving.