Ein skulle kanskje tru at hausting av oliven går føre seg på likt vis over heile Italia. Nokre stader brukar dei nett. I vårt område blir bakken under trea preparert for å bli slett og glatt. Olivenbæra blir slått ned og deretter sopt opp i kar for så å bli levert til oljepresseri. Der blir olivenbæra vaska før dei får press på for å få skilt frå godstoffet.
Nyhorva bakke under oliventrea viser at første trinn i prosessen med å lage olivenolje er unnagjort. Etter mange fleire trinn på rett tid kan det haustas oliven, bare ikkje hos oss dette året. Radical potatura eller stor beskjæring vart gjort i mars, og då treng trea meir enn eit drygt halvår for å bera på ny.
For oss går arbeidet umerkelig fram, men me får jo lov å betale når me bare kjem oss nedover. Me kan jo bare sitje her i stova på Vigrestad og nyte synet av godt arbeid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar