Translate

lørdag 28. juni 2014

Alt dæ dai kånene klare!



Sidan mi kjære Anne Marie endå held stand på kontoret, får eg bare gjere så godt eg kan. Lufta er stiv av forventing til kva eg skal gjera. Ho seier ikkje noko, men det er heller ikkje nødvendig. Ho klarer det utan ord.

Opp i otta for å arbeide medan temperaturen endå er lageleg for å gjera noko. I går ettermiddag, etter avlevering av Helge på flyplassen i Bari, sette eg i gang med planting av 
tomatplanter, melanzane, zuchini, pepperoni dolce og pepperoni picante. 
Det var slik eg trudde det skal skrivast. 
Pomodori, melanzane, zucchini, pepperoni dolce og pepperoni picante skal etter det gode kjelder melder, vera det heilt rette.

Eg går ikkje godt for rettskvinga her, så du får ta plantenamna som dei står.


Skjønnheten måtte ut av parkeringshuset. Nå er jorda såpass godt oppfresa at når her bare er turt, så går det fort og lett.
  
Framfor terrassen, i kanten av kjøkkenhagen sette eg ned greiner av pelagonia som hadde blitt kasta til sides i haustferien. Det var god groing på kvistane og i jorda kom dei. Slik ser rusket ut pr i dag.

Tomatplanter på rette rader. Åkerene ser fin ut, og skulle det bli lite med grøde, får me bare nyte synet i løpet av sommaren.




Melanzane på storleik med ein golfball på ei av plantene. Her er mykje blomar, så her har eg trua. Det skal bli noko å hausta til gryter og salatar.


Stakkars desse små, dei har endå ikkje kome i jorda. Dei er ikkje gløymde. Vatn får dei og vern mot det sterkaste sollyset midt på dagen. Sal då sin plass etterkvart dei og.



Bassengfantane blir eg stadig påminna om. Av alle ting drog dei med seg ein sandfilter med ein litt avansert ventil på toppen. Med vår sand inni vog den ein del kilo. Kan absolutt ikkje brukast til anna en reinsing av vatn i eit Intex basseng. Trudde det skulle vere ei sma sak å få tak i ny, men den gang ei. I Ceglie fekk dei heim ei pumpe med sandfilter, men det kravde utskifting av alle ventilar og slanger. I Casamassima ved Bari der eg kjøpte bassenget går det helst tregt. Dei jobbar med saka, men om eg skal tru på det veit eg ikkje.

Bassenget har vore i bruk i 2 veker denne sommaren. Eg tømde ut 1/4 av vatnet i går kveld og fyller på med nytt friskt vatn. Sidan me har meir enn nok godt vatn både til innvortes og utvortes bruk tenkjer eg å gjera slik omtrent annakvar veke inntil nytt sandfilter er på plass, eller at bassenget er tømt i august før eg reiser heimover att.
I fjor var her lite blomar på pelargoniaen. Hardhendt rydding og mykje naturleg vatning i vår har gjort sitt. Det var rusket herifrå som spirte der det låg på dungen.

Får eg tak i fyldige planter, helst hengeplanter, skal dei få plass i desse. På veggen utfor kjøkken vil det sikkert bli fint.

Som de skjønar: Driftige koner klarer ganske mykje. Endå til om dei lyt fjernstyre.

torsdag 26. juni 2014

Tankar ved eit plommetre

Plommetreet har venta på hausting heilt sidan eg kom hit av alle dagar fredag den trettande. Nå er ikkje overtru det eg kavar mest med etter eiga meining, men me slår jo fort ein vits om akkurat den dagen. På flyplassen i Baria manglar Desk 13 på utsjekken. Mulig at talsystemet her er annleis enn heime, men det er bare i Bari eg lagt merke til at talrekkja er ......9, 10, 11, 12,  14,  15,  16, .........

Eg har alt hausta eit par kilo tidegare, men pga lite pektin i plommene og lite erfaring frå mi side vart det første oppkoket av syltetøy altfor flytande. Nå derimot har eg tenkt å pøse på med sukker. Stivelse heimefrå i pose er bare heilt CERTO. Nå skal det bli skikkeleg.

Under haustinga vart eg beint fram litt filosofisk. Eg såg på greinene. Nokre bøyer seg mot marka, andre strevar til vers, som kan dei ikkje bli høge nok. Kva greiner bar mest frukt? Var det dei som streba oppover så bladverket mest flagra og vibrerte eller var det dei som audmjukt bøygde seg mot jorda? Greina med mest frukt bøygde nakken, ho bar ei tung bør som etterkvart skal bli til glede på brødskiver og i kornblandingar for gjester og husfolk her i Villa Felizia.

 Stige må til om ein skal få med alt. Det som fall ned får liggja.


Vel nede av treet vart pommene fordelt i posar på 1 kg. I alt vart det vegd opp 9,5 kilo. Det skulle bli 14 kilo ferdig syltetøy.


Her går ikkje plommene rett i gryta. Dei har seg ein tur i frysaren først. Mor gjorde det alltid slik og det mor gjere kan ein svært ofte kopiere med vellukka resultat. Det har seg slik at når bæra er frosne kan ein ha dei rett i kokande vatn. Då glir skalet av så lett som bare det. 

Eg måtte hjelpe plommene vidare herifrå. Når dei får kjølt seg godt nok ned, blir det koking av syltetøy, men det får bli ein annan dag. 

Idag reiser Knut og eg og pasienten vert att her i lag ein dag til. For Knut har denne ferien blitt ganske annleis enn tenkt, men dei er jo brødre.

onsdag 25. juni 2014

Kan det vera så godt med sjømat?



Il Brigantino  var staden me oppsøkte kvelden før Knut sjekkar ut. 

Han reiser frå Brindisi i morgon torsdag, og då er det vel rett og rimeleg å ta eit måltid ute siste kvelden. Skal lite til å toppe det eg frå før har smaka av fisk. Eg skjems ikkje av å seie eg er kresen på fisk. Det starta ikkje noko særleg godt for min del. Marinerte supertynne skiver av tunfisk. Korleis skulle vel det gå eg som ikkje likar tunfisk i det heile. Godt med søner som har lært av sine foreldre å vera oppmuntrande til det å prøve nye smakar. Det var faktisk godt, utruleg godt.

Marinert tunfisk til høgre, marinert flatklemde reker til venstre. Ikkje varmebehandla slik at alt smaken var tydeleg og klart tilstades.


Reker, potetmos med blekksprut, favestuing og blekksprut.
Brød med fisk. Høyrest ille ut i mine øyre, men du verda så godt.

Ingen problem med å finne vegen her nei. Treng ikkje GPS for å finne rett mål for maten når den smakar som dette.

 Delikat utsjånad også.


Godkar i midten og godtfolk på begge sider bak.
Pascalone til venstre og Meggie til høgre.
Det er dei som passar bilen når me er i Norge.
Helge kommenterte at dette var første gong etter at han kom ut frå sjukehuset der han slappa så av at han gløymde tid og stad. Det må vel vera mat med medising verknad.

Mest som maiblomane me hadde på bilane før i tida. Her laga av pasta og fulle av fisk.


Siste rett var endå meir fisk med smakfull saus og dandert med skjell.


Kirsebær på is runda av eit måltid eg utan å nøle vil rangere høgare enn noko anna sjømatmåltid eg har vore borti. 


Me fekk meir kirsebær enn dette. Gløymde bare av å fotografere medan det endå var meir enn to att i skåla. To bilete vart det sidan son Knut meinte det blei heilt feil å ta bilete slik eg hadde gjort. Gjekk ikkje an å skjære av tallerken på den måten. Så får dei som les avgjere om det andre er så mykje betre enn det første.

Ikkje vanskeleg å konkludere. Vil du ete fisk hos folk som kan kunsten å lage den til, då er valet lett: 

IL BRIGANTINO via Roma 26 San Michele Salentino.


Me har det nå godt vil eg meine



I dag har det endelig blitt tid til å starte litt på det arbeidet Helge og Knut skulle gjere når dei var her på besøk.  Når det gjeld Helge har vel kanskje alle skjøna at det har vore lite hjel å få frå han Han har derimot fått, først daglege besøk på Ospidale og nå etter å ha kome i hus hit har han fått service i form av matstell og klesvask Det har rett og slett bare vore kjære far for han sidan han kom hit til Puglia for dryge veka sidan. Knut og eg deler på å smørje skiver, hente drikke og lage kaffi. Parkert i eit hjørne i stova sat han like til i ettermiddag. Parkeringsplassen inne er bytta med ein godt tilbakelent stol ute. Ingen skal seie at karen ikkje veit å ta det med ro.

Malingsspann nr 1 vart opna no i dag. Ei nokså seig kvit smørje syns eg det var, men med rull og forlengarskaft skal det ikkje bli så ille å flytte stoffet frå spannet og opp på veggen. Det er huset som får slik handsaming. Forno a legna, gamledoen og murane skal få kalk. Her er slikt å gjera, kan ikkje bare sitje i ro i ein stol heller. I alle fall ikkje eg som ikkje pådreg meg stump vald via fotball.

Me har det nå godt vil eg meine


tirsdag 24. juni 2014

Matkunst i Martina Franca

Merkelige greier dette her, men det er jo om livet i Puglia dette og. I går kveld då me la oss var beskjeden at Helge skulle flys heim frå Brindisi i dag. Når klokka vart såpass som 11 utan noko meir beskjed om oppmøte på flyplassen, ringde Helge  via Skype. Var me forvirra frå før, vart me ikkje mindre forvirra nå. Utskriven frå sjukehuset i går. Ny verson i dag er transport heimover pr. ambulanse først til Napoli. Etter 367 km i bil er planen over på fly på båre. Gardermoen neste stopp. Der vert det omlasting for Sola. Og så får han nokre dagar under mors venger før han må vidare til Florø.


Då trur og håpar eg denne delen av Puglia-opphaldet er over for denne gong, den delen med sjukdom, skade og opphald på Ospidale.  I dag har termometeret tatt seg ein tur oppover. Søyla har vist 35 på det meste, og det er absolutt nok. Inne var det oppe i 28 grader og det er ikkje så heilt gale det. Varmepumpa får prøve seg på kjøling i ettermiddag. Den har ikkje vore kjørt i det modus tidlegare. Kan vera greitt å sjå kor stor del av huset som får glede av dei velsigna kjølige luftstraumane.

God mat er alltid godt. God mat smakar i tillegg ekstra godt i godt lag.  Me  samla oss ein grepa god gjeng rundt bordet på Il Baretto i via Via Sant'Eligio 10 Martina Franca. Hummar er ikkje det verste som fins. Når han kjem i følgje med pasta og ein aldeles fantastisk smaksrik saus, då er det ikkje vanskeleg å få hummaren til å symje i munnen. Antipastien var forresten her sjeldan på den måten at her var ikkje så mykje, men det som var var framifrå godt. Det hender ein vert stappmett alt etter forrettane. Her vart smaksløkane skikkeleg pirra utan at magen var metta. God plass til hovudretten.
Crepes susette vart laga til under oppsyn av gjestene. Smør, sukker, sitronsaft og cognac fekk eit oppkok over open flamme. Dei flortynne pannekakene fekk bada i dette oppkoket, flambert til sist før servering til dei av oss gjester som ikkje syntes me var heilt ferdige for kvelden. Gode kvelden og truleg goda nåttå. 
Før me for heimefrå sette eg i gang luftkjøling i stova. Stilte inn på 24 grader. Ville testa om det kunne hjelpa på soveromma med luftkjøling plassert i stova. Det er tydeleg kaldare enn på bada, dvs det er hjelp i å kjøle ned stovelufta dersom det skulle bli for heitt slik at ein ikkje får sova til natta.

mandag 23. juni 2014

Opptur og nedtur og spesialflytur

Trim har det blitt i løpet av dei siste dagane, trappetrinnstrim. Mindre  med andre former for trim. Heisen me tidevis har brukt var i dag stengt. Då var det ikkje anna å gjera enn å entra 11 + 11 trinn gange med 10 etasjar. 


Vel oppe var karen klar. Klar for heimreis og klar for ein forsiktig siste del av ferien her sør.
Ikkje meir enn heimkomne starta nedturen. SOS sine legar hadde i samråd med legane på Ospitale Antonio Perrino bestemt at neste ledd i ferien er heimreis på båre i spesialfly. Han får med andre ord ei natt i seng på det som var målet for reisa. 
Alt i morgon er det skyss på eitt aller anna vis til flyplassen i Brindisi for transport heimover. Kor heime er, er ikkje godt å vite, men det kjem nok fram etterkvart kor hen han skal. 2 rolege veker i ein kjellarleilighet i Florø er ikkje førstevalget. Let seg kanskje gjere å bli transportert til Stavanger, då kan han i det minste få selskap ei veke framover i tid.
Me får vite meir seinare i dag.

Utruleg godt at me fekk installert internett via satelitt og parabol. Gjer all kommunikasjon med omverda mykje enklare. 

Alt har ein ende

Me har ettervart funne ut kvar den er heisknappen som fører oss opp til 10. etasje. Ikkje for det, me har faktisk gått trappa dei fleste gongene.

Dei fekk det høgt og vidt dei som hamna her oppe. Lufta inne på rommet har vore friske som høgfjellsluft. Absolutt ikkje innestengt, friskt og godt, høgt og flott.










I det mest heilt paddeflate landskapet får ein god oversikt anten ein tek trappa eller heisen heilt til topps.  Heile Brindisi by for våre føter.

Etter tre dagar med fôring gjennom slange og nål, har han endelig nådd eit lite må.  Mat, mat på fat, smak kjem visst noko lenger bak. Fiskepinnar gleid ned på høgkant, som skulle det vera finaste mat frå beste restaurant.
Men alt har sin ende. I dag vil dei visst ikkje ha han der lenger. Ospedale Antonio Perrinio skyssar han heim, heim til Villa Felizia. Nå må han nøye seg med broder og fader sin omsorg. Han må ta til takke med normal restaurantmat eller heimemat om me orkar å bryte ut av latskapen.
Me orka i går.
Bettys Bar er ein fin stad å besøke når ein er i Brindisi. Ikkje plent det heilt store på mat, men abslutt godt nok. Plasseringa er vel det beste. Ned ved hamna der hamnepromenaden går like forbi. 
Så kan ein nyte maten og samstundes la seg underhalde av promenerande puglianarar i alle variantar. Internasjonalt innslag er me ikkje aleine om å vera. Mange havgåande seglbåtar er innom her i hamna på veg ti og frå Adriaterhavet eller indre deler av Middelhavet.

Vatnet i bassenget er nå oppe i 28 grader. Det var 20 for ei veke sidan, og ikkje har det vore så varmt at det bare er solvarmen på dagen som har fått opp temperaturen. 
Clas Ohlson bidreg med ekstra rask oppvarming, og som Olaf Tufte seier: Det er det som  funker". I dette tilfellet er det ikkje tran som gjev eit ekstra kick, nå er det Clas Ohlsons lure innretning som gjev eit kick til sjølve sola. 
Så gjeld det baare om å halde det reint nok til eg får tak på nytt sandfilter. Intasure der huset er forsikra har i e-mail lova at eg kan ettermelde det eg nå har oppdaga har forsvunne. Innelåst utstyr for 3 til 4 tusen kom ikkje med i oppgjeret i første omgang.

Du skal ikkje sjå bort frå at det kan kome eit nytt innlegg  har ganske så fort. 

lørdag 21. juni 2014

Nokre netter på hospitalet

Det vart ein litt trong start på Pugliferien for mine to eldste søner. Tysdag ettermiddag då flyet med Helge skulle landa i Bari kom det opp melding på tavla at det var forseinka "due to operational reasons" Eg visste at Knut som kom ein litt annan veg landa på tida i Brindisi 10 min før forventa ankomst av Helge i Bari.  Meldingane på tavla vart heile tida endra, så først nærare tre timar etter ruta kom Hege smilande inn i ankomsthallen. Snaue to timar etter med bil til Brindisi kunne me plukke opp Knut som då hadde vent og venta og venta i bortimot 5 timar. Før i verda måtte ein bare akseptere at slik var det. Nå har ein i det minste sjanse til å få sagt frå undervegs.
Klare for eit godt måltid mat drog me til Latiano for at karane skulle få fylle opp att etter lang dags ferd mot Puglia. I Latiano er det La Taverna di Pascalone som gjeld. Meggie var på plass, bord fekk me og servering fekk me og. Åt gjorde me, og godt var det. Mine bekymringar rundt Helge sin smell med keeper på fotballkampen søndag kveld vart større og større. Meggie ringde til lege for å spørje etter ein engelsktalande lege. Ho kom tilbake til bordet, mest litt brysk etter å ha snakka med ein eller annan lege ho kjende. Kom dykk til sjukehuset straks! Ein svipp innom Villa Felizia for å avlevere Knut tok me oss tid til. Rundt halv elleve fekk me aller nådigast sleppe inn gjennom porten utanfor Ospedale Antonio Perrino. Inn i resesjonen på legevakta vart me nære på avvist. Han som hadde vakt virka ikkje som han likte å bli tiltalt på engelsk. På mitt ytterst hjelpelause og grammatikkfrie italiensk fekk eg nå sagt at han måtte til lege NÅ STRAKS. OM det var blodprøven, nei urinprøven meinte eg, som vertydde veit eg ikkje, men pass og forsikringsbevis vart levert og Helge fekk plass i køen medan han vart registrert i systemet.   




Kort sagt: Klokka 03:00 reiste eg heim til Villa Felizia. Helge vart verande på hospitalet. Legeundersøking, blodprøvar, ultralyd og MR var då unnagjort. Vakthavande lege gav beskjed om fullstendig ro: "Very very dangerous" sa han.
Etter det har Pugliaferien blir litt annleis for Knut og. Fram og tilbake på sjukebesøk. Innleggjande lege sa det var ikkje visitt-tid. me kunne kome og gå som me ville. Ikkje alle portvaktene som har vore samde i det, men me kom oss forbi ei bisk dame som slett ikkje ville ha folk inn på området utanom tida oppgjeven på tavle ved porten. På ny fekk eg brukt min eminent italiensk-kunnskapar og forbi kom me etter at ho forstod eller ikkje forstod at legen hadde sagt me kunne kome og gå som me ville og at han innfor porten låg der av alvorlege grunnar. 
Det vil helst gå godt, og så langt ser det bra ut.  Ut frå sjukehuset sitt namneskilt på biletet ovanfor, kunne ein kanskje tru eg ville skrive om baksida av Ospidale Antonio Perrino. Men kva bakside skulle eg så ta for meg. Dumt det med språk, men slik er det. Problemet er jo først fremst at me ikkje er dugande i italiensk. Bygget er nok noko meir slite, men at Helge fekk både ultralyd og MR alt få timar etter at han kom til sjukehuset, ja det veit eg mest ikkje om han hadde fått så fort heime. Har nå inntrykk av at MR er noko ein må vente lenge lenge for å få. Kanskje annleis når det gjeld noko akutt?

Min konklusjon så langt er at det er annleis å hamne på sjukehus i Italia, men på ingen måtar dårlegare enn heime når det gjeld det medisinsk faglege.

torsdag 19. juni 2014

Ei natt på Ospedale, eller to eller tre eller....

Kort sagt gjekk det fort frå Helge og Knut hadde landa i Puglia til Helge fekk seg plass på Ospedale Antonio Perrino i Brindisi.

Lokalisering var ikkje noko problem. 10 etasjar høgt og fleire hundre meter langt, liggjande langs vegen frå Brindisi til Mesagne gjer det ikkje vanskeleg å finne sjukehuset sjølv i mørket.

Han vart teken godt hand om og alt ser greitt ut nå som han har fått rett behandling. Fotballsmell med blødning i nyre er ikkje å spøke med ubehandla, men med kompetente legar, ultralyd og MR vart diagnosen stilla nokså raskt.  Kl 03 natt til onsdag kunne eg dra "heim" til Villa Felizia der Knut alt hadde fått installert seg.  Dei late dagane og nettene i Puglia hadde starta for mine 2 eldste søner, om enn på litt ulikt vis. Knut var såvidt inne på tanke om å ta Helge sin plass i senga slik at han kunne få seg litt mat og drikke. Blødninga i nyra krev fullstendig ro i seng og null mat og drikke anna enn gjennom slange i armen. Den ultimate latskap kan du sei. Treng ikkje eingong lyfte mat og drikke til munnen.

Ekstremvariant?

Å leggje i veg sørover kjennest godt. Eg er gal nok til å kose meg på motorvegen sjølv i store dosar. Turen gjekk fint den. Mykje å sjå og litt å ta bilete av og, denne til dømes:


Linjene er noko annleis enn på både Scania, Man, Mercedes, Volvo, Iveco, Renault, DAF og Peterbuilt. Eit fint påbygg på denne, då trur eg jammen Giottilinen kunne blitt bytta ut.

Dette innlegget er kun for å gi rom for rett kronogisk plassering av teksten om turen sørover gjennom Danmark, Tyskland, Austerrike og Italia til Puglia. Mine to eldste søner sitt inntog i regionen la litt om på kva ein kan bruke tida til.


søndag 15. juni 2014

Statistikk

-Ora andremo in Puglia starta med første 
blogginnlegg ute på nett 30. september 2012. 
Rimeleg nok var det då 0 visningar. 
I tida etter det har det fram til dags dato 
15. juni 2014 vore 9704 visningar. 

Ikkje det at det har SÅ mykje å seie, men litt gildt er det å
følgje med på statistikken om nokon les det eg skriv. Det er
mest ei dagbok, men kan andre ha glede av å lese
den, så må eg vedgå det gir ein liten boost på sjølvkjensla.

Framover sommaren kjem det nye innlegg. 
Reknar med her vil vera litt av kvart å skrive om.

Velkommen innom!

På fraktefart sørover i Europa

Det er mest som eg har tatt opp arven etter Guttorm, farfar som dreiv som skipper på ei frakteskute langs vestlandskysten.  La frå «land» fredag  6. juni med kurs for Bergen som fyrste stopp. 

Farfar gjekk med stykkgods mellom Bergen og Stavanger. Mi rute går mellom Vigrestad og Puglia og i min bil er det mange rom. All plass vart utnytta til glede for både meg og mange andre.(Meir enn ein er mange, ikkje sant?)


Aggregatet er noko eg i si tid kjøpte til bruk i bubilen når me villcampa, men det har vore svært lite driftssikkert. Siste håp er dei som reparerte den besnindrivne kantklipparen for ein slikk og ingenting at dei klarer å få start på det. Får dei liv i aggregatet er det fint. Klarer dei det ikkje, fins det vel ein stad her der det kan setjas att.
Kva øskjene gøymer, er meir enn eg veit. Godt det ikkje står Securytassar på kaien når ein skal ombord i båtar slik som det gjer når ein skal ombord i fly. Hadde hatt problem med å bekrefta at eg visste kva som var med og at eg hadde pakka alt sjølv.
Denne gongen starta turen med ein svipp oppom Bergen for å feire 60 årsdag for Marit, og for å få til eit lite besøk hos Mona og Tor Sveinung. Litt frakt dit vart det og. Mellom anna ein sykkel som nok skulle vore på verkstad før den for til Bergen. Kranken var krank og bør nok skiftas. 
Dette er ikkje kranken på Tor Sveinung sin sykkel. Hadde eg fore på opne havet kunne eg sikkert hatt nytte av den, men sekstanten krev nok meir av brukaren enn det ein GPS gjer. Måtte nok gått på skule og lært navigasjon om eg skulle hatt nytte av denne.
Då farfar for langs vestlandskysten var det heilt sikkert sjøkart han navigerte etter. Ei samling av detaljerte kartblad over heile leia frå Stavanger til Bergen stod lagra på loftet i huset på Finnøy. Av ulike årsaker er det bare att eit par av desse kartblada.

Når eg fer sørover treng eg noko som gjer det enklast mulig å finne vegen utan  å ha kartlesaren ved sida av meg. Kartlesaren er dokumentlesar på Varhaug enda eit par veker framover. Paula som har fått plass inni Samsungen min har vore god til å melde frå om eg skal til høgre eller venstre, men ho vart permittert midt i Skagerrak.
Globusen sette eg att hos Tor Sveinung, så den var det lite hjelp i når eg skulle finne rett veg . Det ville kanskje ende i at alt bare gjekk rundt og rundt.
Beinvegen visste eg, men tungvint å kjøre etter ein slik strek over kartet.
Siste helsing frå Gamlelandet. Ute ytst i Sogn  I Skjerjehamn Gulen står det ein statue av Kong Olav

Han var kanskje ikkje fin nok for fiffen i Oslo, men det er jo greitt. Hadde den hamna i hovudstaden, hadde den ikkje fått besøk av andre generasjons etterkomarane etter Maria og Olav Reisæter. 
Elin, Åse Marie, Olav Johan, mi  yndlingskone Anne Marie, Marit 60 år ung, Frode, Randi og Odd Olav.

Som inngift i slekta var eg heldig og fekk vere med. Det vart slik sett ein forsiktig startetappe på den store turen eg tok ut på sist helg.
Første bil i kø er stas. Spesielt når ein kjører bubil. Her frå Jekteviken med Fløyfjellet bak. Det må ha vore den dagen heile Bergen gjekk rundt i sjokk. "Gå mann, eg kvapp. Eg såg solen." Støkk ein når sola kikkar fram, ligg ein kanskje lamslegen når ho skin ein heil dag?
Vel på plass i lugaren som hadde fantastisk utsikt, her mot Ulriken like før avgang. I eit hus har du jo same utsikt hele tida. Her kunne ein få med seg heile kyststripa der farfar Guttorm  førte frakteskuta Solveig i både godver og uver.
Karmsundbrua hadde gjort seg klar til å bli passert i det eg nytte eit retteleg godt mål mat i Commander Buffet. Velsmakande og dandert på fint vis, ja maten ikkje brua. Mykje av smaken kjem gjennom augene. Godt at rettskrivinga på bordreservasjonskortet ikkje skulle innom ganen.
Slik har eg aldri sett Jæren før. Det var kveld og vanskelig å sjå detaljar, men du verda for eit flott lys. Vindmøllene såg eg, og ikkje øydela dei så mykje heller. Stokkelandsmarka såg eg og. Dei andre plassen ligg liksom lågare i terrenget.  Slik sett er det mest som dei Stokkeland bræser seg og gjer alt dei kan for å syne att.

Etter ei god natt i lugaren med ein dusj som ikkje kunne reguleras til passe temperatur ( bare skoldande heitt vatn når eg stod tidleg opp), var det frukost og så landgang i Hirtshals. 

Ein del mil framføre kan du sei det var, men med god bil på gode vegar så går det ganske greitt for greie gutar.