Translate

onsdag 26. mars 2014

Litt surt at det endå er att to veker

Nabo Lina har ein som arbeider for seg som ber namnet Giovanni. Ein ung mann som har passert dei sytti, men med ung kone som endå ikkje har fylt 40. Han er ein rett så livsfrisk mann, og så likar han så godt når me kan snakke saman på tysk eller tedesco utan at Lina skjønar noko som helst. Det eg trudde var ein velkomstgest og bare det, har etterkvart vist seg å nærast vera ein tradisjon.  Kvar gong me har vore heime i heim nummer to, har han kome på døra med sitronar. Alles gut? spør han. Tutto bene, kunne eg ha lyst å svara, men det blir: Ja, alles gut. Giovanni bidreg med sitt til at vår trivsel aukar.
Denne gongen fekk nokre av sitronane vere med til Vigrest. I kveld gjekk dei i pressa og vart blanda med sukker og avsilt vatn som har vore kokt opp med rive sitronskal. 
Det blir ein god smak av Puglia i dei to vekene som er att til PASQUA i PUGLIA.

mandag 17. mars 2014

24 er eit godt tal i dag

Bortsett frå hovudgrunnen til mi reise til Puglia denne gongen, så har eg visst fått gjort alt og meir til. Det var planen å lage til uteplass på sørsida av huset, den sida som vender mot vegen. Akkurat det stoppa etter eit hol som kunne vore starten på fundament til ein søyle. 
Sjølve plattingen me vil ha tak over, er såpass ujamn og skeiv at det nok er best å få den på stell først. Nå er det slik at arbeidet forsvinn aldri om det må vente litt på å bli gjort. 

Siste post på lista elles var betaling av skatt for huset. Det er Latiano kommune som krev inn noko som går under namnet IMU. Første året som huseigarar i Puglia fekk me hjelp med sjølve betalinga som skal gå  føre seg i juni og eller desember. I fjor vart det heilt gløymt av. Ho som hjelpte oss første gongen har dessutan flytta nordover, heilt til Modena.
På det kommunale kontoret vart det henta fram eit skjema eg skulle ta med til bank eller post for å betala. Eg klarte med nesten med min pocopoco italiensk, men skal rett vera rett får eg leggje til at ein annan kommunal tilsett vart tilkalla for å får nordmannen til å fatte kva han skulle gjere neste gong IMU skal betalast. Fekk beskjed om at eg måtte få nokon til  berekne kor mykje eg skal betale neste gong. Kven denne nokon er veit eg pr. i dag ikkje, men me finn det vel ut etter kvart. På posten var det kø. Var visst dagen der alle skulle ordne eit eller anna. 35 min med kølapp i handa og så bare to tre minutt på sjølve ærendet.
Varmen er ikkje plagsam. 22 grader er nok til å varma kroppen min. 
Litt kombinert luking, klipping av kapersbuskar og soling er ikkje å forakte. 

Får visst rikeleg høve til nedkjøling etter kvart som eg fer nordover i morgon.  Service ved ankomst Sola er truleg omtrent som her. Det kjem ei og hentar meg på flyplassen kl 22:40. Ho køyrer meg dit bilen er parkert.  Vel heimkomen er det bare 23 dagar att til me ilag vender nasen sørover for påskeferie under sør Italias "adatto sole". Dei som kan italiensk får bera over med mine tidvis hjelpeslause freistnadar på å krydre eige vokabular med litt sydlansk.

Hjemreise Brindisi - Stavanger

Flyselskap: AZ7983 Alitalia
Dato: tirsdag 18 mars 2014
Avreise: 14:25 Papola Casale (BDS), Brindisi, Italia
Ankomst: 16:00 Linate (LIN), Milano, IT
Klasse: Økonomiklasse

Flyselskap: KL3416 KLM
Dato: tirsdag 18 mars 2014
Avreise: 17:20 Linate (LIN), Milano, Italia
Ankomst: 19:15 Schiphol (AMS), Amsterdam, NL
Klasse: Økonomiklasse

Flyselskap: KL1205 KLM
Dato: tirsdag 18 mars 2014
Avreise: 21:10 Schiphol (AMS), Amsterdam, Nederland
Ankomst: 22:40 Sola (SVG), Stavanger, NO
Klasse: Økonomiklasse

Total reisetid (inkl evnt. mellomlandinger): 8h 15min

Til påske  blir det for oss nytt flyselskap:  Air France via Paris og Roma

Mangfaldig søndag

Det vart ein rett så travel dag av det i går. Først tidleg opp for vask av kjøkken og stove. Kan ikkje ta imot fintfolk utan at det er så nokolunde reint og ryddig. Den eine av gjestene hjelpte meg med nett, den andre fekk hjelp til å koma på nett. Nå er eg nettkunde både i CREDEM BANCA og i ENEL, selskapet me kjøper straum frå. Har litt sperre på å bare dure i veg når det gjeld å opprette brukar på italienske web-sider. Mine italienskkunnskapar er framleis poco poco.
Utpå dagen hadde eg invitert Demetri, Floriana, Luigi og Alessandra på lunsj. Taverna di Pascalone var den utvalde staden. Maten var som vanleg vel etande. Både Luigi 4 og Floriana 4 (gemelli/tvilligar) sette til livs polpette (små kjøttboller) i eit antal eg knapt hadde trudd var mulig. Gildt å treffast, gildt å halda kontakten ved like.
Litt molefunken når batteriet på mobilen var oppbrukt og spelet ikkje fungerte lenger

Etter lang bordsetjing var det tid for oppbrot. Luigi er veldig oppteken av bilar og ville vite kva sort eg køyrde. Første gong eg møtte han hadde eg leigd ein Fiat 500 og det var veldig til stas.  Luigi måtte rett og slett bli med for  sjå den eg har nå. Med støe steg for han av garde i lag med meg. Gløymde heilt å halde auge med resten av familien. Med bilnøkkelen i handa fann han fort låsknappen. Inn i førarsetet og godt grep om rattet. Ein liten tut i bilhornet måtte mest med, sjølv om det er noko ein helst ikkje skal gjera i trafikken i Italiahaha.

Den faste runden i Brindisi fekk eg ordna meg etter at me hadde sagt adjø til kvarandre. Det var heilt på håret at det vart noko byvandring av det, for det var uvanleg fullt på mesteparten av parkeringsplassane i nærleiken av sentrum. Til sist fann eg ein plass mellom eit par andre parkerte bilar. Vel nøgd var eg klar for bytur, 

men skiltet over bilen sa noko anna. Her kan du ikkje stå om du har tenkt å finne bilen att når du skal vidare. Litt småkjøring i gater som er halvmeteren breiare enn bilen så fann eg det eg leita etter. Ikkje så langt frå ei monumental trapp og fontene frå tida då Mussolini styrde butikken her sør.

Brindisi har meir til felles med Bergen enn same førebokstav i namnet. Ein våg deler byen på eit vis.Du må anten ta heile vegen rundt, eller så kan du ta båt. Ikkje meir enn eit par hundre meter, men det sparer folk for fleire kilometer å gå om ein skulle gå rundt.
Det var rette ettermiddagen å ta turen til byen. Liv og røre, musikk og dans og ei heil mengde små aggregat som surra og gjekk og lagde straum til lys for alle småbuer  som var sett opp i hovudgata frå hamna og opp mot jernbanestasjonen. 

Mesteparten var ei blanding av antikk og hobby, men nokre av buene hadde vareutval eg etter kvart fekk interesse for. Der var det ei brukt motorsag, kunne det vera den som forsvann frå kjenningar oppfor Ceglie? Trass i lange auge frå mi side, fekk eg ikkje auge på vannpumpa som forsvann frå oss for ei tid sidan. 

Der folk er samla er det og arena for meiningsutveksling. Her er bodskapen at kolkraftverket like utanfor Brndisi må reinse eller stenge. Om det fins statistikk som støttar det eller ikkje, er meir enn eg veit, men påstanden var at hyppigare krefttilfeller hadde sin årsak i lokal forureining. Likeså allergi og fleire andre helseplager. Det var visst ei plage at eg filma og, for eg fekk på vennlig vis beskjed om at filming av folk ikkje var lov, kun politiet hadde lov til det. Kan sikkert vera tilfelle det, men sidan eg gjorde lovbrotet i vankunne så legg eg filmen ut. Skal heller lova å ikkje gjere det fleire gonger.

søndag 16. mars 2014

Butikkbord fullt av eigenproduserte varer

Det har ikkje blitt mange sykkelturar så langt. Då eg endeleg kom meg på hjul for nokre dagar sidan, kom eg slett ikkje langt. Det stoppar fort opp når trøene går fortare rundt framover enn dei går baklengs i fri. 7 km frå næraste by, kva gjer ein då med ein DBS Street. Så fin på det kan den vel ikkje vera at den bare skal ha skikkelega gater under hjula for å fungere.  Litt smurning på boks ville hjelpe trudde fjernhjelpa. Kjell Gunnar sa at «inne i tannhjulet er det noke som me kaller for boss, med paler som heng litt pga stillstand/varme/år...kombinasjon. Du kan vera heldige med litt Ca 565 produkt innforbi det største tannhjulet få løyst litt i dette». Eg var heldig. Då var første hinder for sykling under kontroll. 

Problem nr 2 er laushundar. Broderen veit at eg kan vera temmeleig tøff i trynet når det gjeld slikt om  eg bare sit bak rattet i ein bil. Verre er det å ferdast på to hjul. Mindre treffsikker då, og slik sykkelen var, kunne eg ikkje bare trø på. Kom jo ikkje av flekken likevel. Ikkje ein einaste laushund møtte eg på dei 7 km til San Vito. Ikkje ein einaste glipp i systemet i bakhjulsnavet heller. Fine turen vart det. Fekk tak i skruer, murpluggar og bor for å age hol i murveggen for å henge opp ruter og modem. Teiknesaker til 4-årige Floriana og Luigi fant eg og. Litt mat og drikke, så bar det heimover att.

Måtte ha meg ein runde på tomta her for å sjå kva som har skjedd i løpet av eit par veker. Fiken som eg bare kunne så vidt sjå hadde knoppa seg, har nå blitt ei lita frukt som vil vera klar ein gong til sommaren. 


Mandeltrea som var bortimot avblømde framleis på bar kvist, har nå fått lauv. Greinen er grøne.  Er me heldige dette året blir det kanskje julemarsipan frå botnen av med eigne mandlar. Hausten i fjor trudde me var dårleg, men så var det rett og slett ein hjelpsam nabo. Han kan faktisk ha hatt ein avtale frå tidlegare av som han har trudd stod ved lag. Han var inne på tunet med Apen sin denne gongen og slik han var for halvanna år sidan på "olivenslang".  Det var Clemente som kunne opplyse dette.

Elles nemnde eg her tidlegare muligheten av å drive butikk med varer frå tomta. Olivenolje, mandler, kumqat, sitron, appelsin, fersken, plommer, fiken, kaktusfiken, bambus til fiskestenger, rosmarin og kapers.  Her var endå nokre syltetøyglass i skapet. Eg rekna med det var plommer frå Livar og Sofie sitt paradis på jord. Friskt på smaken, veldig godt, ikkje så oversøtt som sytetøy brukar vera. Den smaken kunne sikkert gjera seg på salgsbordet. Loket var merka PH 2013 g lite forstod eg av det. P for plommer, H for Hausken fekk eg greie på her om dagen. Eg er absolutt ikkje ukjend med plommer som har vakse hos dei Hausken. Dei 4 1/2 måla frå far sin barndomsheim på Finnøy gav såpass haust med plommer at kassevis vart frakta til Vigrestad og selde på Handelslaget. I den tida var ein ikkje bunden av rigide innkjøpsavtalar som fyrst og fremst tilgodeser dei store aktørane. Er vel ikkje heilt sannsynleg at me med plommene herifrå vil kunne få til noko sal heime. Einaste måtte vere om dei som plukka plommene, sylta dei og sette glasa på kjøkkenbenken hos oss ville ta på seg syltejobben i noko større skala, men då må det vel plantas fleire tre.


Når det gjeld oljeproduksjonen er det heller smått viser det seg dette året. Sesongane varierer med det som med det meste som veks. Noko avlingsskadefond å søke til er her nok ikkje, i allefall ikkje for småprodusentar som oss. Den årlege summen støtte me får som eigarar av eit ganske så forsiktig antal oliventre har funne vegen inn på kontoen vår,  Euro 267,79.  Samlar me opp summen i 4 - 5 år er det til god hjelp når trea skal få full omgang med beskjæring. Clemente tek seg av spirer ved stammen av trea og litt småpynting undervegs av greiner som veks feil veg.

torsdag 13. mars 2014

Nokre trur på vermeldarane, andre ventar og ser

Har ein ikkje anna å snakke om funkar det oftast godt med veret. Eit utømeleg emne.
Sidan ACCUWEATHER ofte melder betre ver  enn IlMeteo som har betre treff, vel eg oftast når eg er i "skrøydemodus" nettopp den første.

Så viser det seg i dag at IlMeteo melder hakket betre, og då trur eg sjølvsagt på det. Det er visst vitskap dette med meteorologi, men for meg som ikkje driv på med det sjølv er det ein stor porsjon tru og.

Merkelig verd me lever i. Her er kjende både her og der. Syns det var stas å å treffe optikaren på kaffibar. Ein espresso til 1 Euro og nokre venlige ord til ein forvilla jærbu. Slik set ein pris på.

Med WWW på plass i heimen blir ein noko mindre forvilla og. Då er det brått mulig å kommunisere med både den eine og den andre. Martin Våland hadde ein kommentar på FB. Eg melde til han og sa det er vel ikkje mange jærbuar han hadde kontakt med på FB som held til i Puglia. Jau, eg kjenner då nokon var svaret. Skulle det vera Livar så har eg lunsja med han i dag, spurde eg tilbake. Jau, Livar var det. 

Men der var andre og. Nokon i Locorotondo, ikkje så langt vekk herifrå. Det viste seg å vera
Her har Gaute og Signe funne staden sin. 
Du kan lesa meir om det på Stavanger Aftenblad
Me feira faktisk påskelunsj saman med mellom anna Signe og Gaute i fjor påske. Huset deire er MEIR enn eit eventyr. 

Der ringde akkurat Guido. Frå i morgon av, blir huset så forskansa at dei som frå no av vil ta seg inn får seg ganske så mykje arbeid. Det skal sveisast på feste for eit par vel vaksne hengelåsar på ståldørene inn til cisternerommet. Me kan jo ikkje demontere vannpumpa kvar gong me reiser herifrå.  Elles er det mest så ein bør setje att eitt eller anna med litt verdi på lett tilgjengelig plass, slik at om dei kjem seg inn så får dei høve til å snappe med seg bittelitt før væpna privatpoliti eller vaktselskap dukkar opp. Det går ganske fort. Slik i innkjøringsfasen laga eg falsk alarm i går då eg skulle låse og kjøre til lunsj. Like under 10 minutt tok det før eg høyrde motorvræl langt borti vegen. Det var helst meir enn Niki Lauda fart når bilen kom til syne. 
(jamfør eit tidlegare blogginnlegg, der nabo Lina la foten tungt på pedalen)

tirsdag 11. mars 2014

Bøn med visse unnatak

Ikkje mykje som står att no.  Vigil Nova er innom rett som det er og forsikrar seg om at arbeidet går føre seg som det skal. 


Når dei er heilt ferdige har eg litt jobb å gjera. Eg får gå gjennom huset og ta bilete, så mange at det blir ein ok oversikt over kva som er å finne der. Nå trur eg snautt fleire kjem inn her utan løyve, men hadde eg hatt bilete av alt som forsvann frå lagringsrommet, så hadde det vore mykje enklare å dokumentere i forhold til Intasure. Ikkje for det, eg trur ikkje det blir problem nå heller, men det ville vore enklare å hugse for ein middelaldrande mann som ikkje er like detaljert i minnet sitt som det han var i yngre dagar. Men eg veit jo framleis slik omtrent kven eg er og har absolutt ikkje problem med å kjenne att dei eg høyrer i lag med. Sjølv på SKYPE klarer eg å få med meg kven eg snakkar med.  Vegen til matbordet har eg heller ingen problem med, i så fall måtte det vera at eg går den for ofte.



Som ein liten bonusteneste fekk eg Tiziano til å bore gjennom dobbel murvegg for coaxen til internettet. Eg slapp bryet, og eg slapp å skaffe br av ein dimensjon som det truleg aldri ville vere bruk for til noko anna.

Kven som vert velsigna når dei går inn her frå av, det får du lesa utav biletet.

Kanskje det fins nokre unnatak i dei fromme bønnene?

mandag 10. mars 2014

NULLA FURTO A VILLA

Ny veke, ny dag, nye sjansar. Bare ikkje for dei ubedne gjestene våre. Her får me gjera vårt beste for at det skal bli verst mulig for gjesten å koma seg inn. Et lite nys er nok ikkje nok til å setje i gang alarmen, men så veldig mykje meir skal heller ikkje til. Frå Latiano er det rett nok 6 – 7 kilometer, men du verda så fort det går, det går farleg fort. Då eg kom hit ned nå heldt eg 60, og syns det passa godt. Vart forbi kjørt så det susa etter. Når eg nå held 100 blir eg framleis forbikjørt, men ikkje av plent alle.

Systemet som blir lagt opp er skjult, dvs dei brukar dei røyra som alt ligg inni veggene for å føre fram straum til brytarar og kontaktar.






Boksar så mange med ledningar lange. 
Du ubedne gjest, her er slett ingen fest. 
Når me har reist nord, er her ikkje dekka bord
Det hyler i øyra, du ynskjer å køyra 
bort i ein fart så stor, kanskje heim til ho mor
Få trøyst og klapp, ein annan dag får du betre napp

Sidan huset her er totalrenovert rundt eitt år før me kjøpte, ligg det godt an. Nick har gjort ein grundig jobb. Her er lite preg av amatørskap på det.

I tillegg til sikring av alle rom, dører og vindauge, får me ein EMERGENCY button. Den er vel tenkt brukt i forhold til overfall, men akkurat det er eg lite redd for. Når folka som står bak dei ubedde besøka ser at her er folk reiser dei bare forbi. Det er når huset står tomt i lengre periodar at freistinga til å prøva seg overgår evna til å la huset stå i fred. Alarmknappen kan vere grei å ha likevel den. Her er veldig ujamn dekning på mobil, må mest leite frå gong til gong kvar ein kan plukke opp signal. Skulle det vere akutt trong for hjelp av ein eller anna grunn, reknar eg med at Vigil Nova rykkjer ut sjølv om det ikkje er overfalls damer eller menn som er på ferde. Endå ei lita finesse: Naudknapp til å ta med seg. Skulle ein då kome til husar og alt eit stykke frå sjå at her er folk i ferd med å ta seg inn, då kan ein trykke på alarmknappen og ikkje måtte gå i konfrontasjon med dei innpåslitne.


Dei trekkjer kablar så det eit syn. Her skal det bli velstand.   Etter jamn jobbing i 5 og ½ time gir dei seg. Resten skal bli gjort i morgon. Dei som då tek seg inn i huset vil bli møtt av ei
hennesløysa av lyd som gjer direkte vondt i øyrene. Godt førebudde gjester her tek kanskje med hørselsvern, men det er bare greitt for då høyrer dei ikkje at Vigil Nova kjem. Tiziano di Falango kjem tilbake hit i morgon for å gjere systemet ferdig. Då skal det testast og og underteikna skal lærast opp til å bruke det utan stadig å utløyse falske alarmar. Akkurat i morgon er det nok ikkje så farleg. Vigil Nova veit kva som er på gang. Dei to siste dagane har dei lagt att kvittering festa i låsen på porten. Dei vil vist vise at dei er til og at dei gjer jobben sin. Får håpe dei gjer jobben også når her er tomt i huset, for det er jo då det er nødvendig med tilsyn har det vist seg.

Livar var ikkje sein om å fara sørover for å ta i sjekke opp om gjestene hadde rydda fint etter seg der. Ikkje fritt for at de var spor, men vennene til Livar som rydda opp slik i fyrste omgang, dei har gjort ein god jobb. Det var ikkje så overveldande som det såg ut til den dagen eg  besøkte huset nesten samtidig med dei ubedne gjestene.

søndag 9. mars 2014

Bur det ein bitte bitte liten kremmar i meg?

Det er tidleg sundag morgon. Hadde eg bare hugsa å leggja desse i kjøleskapet skulle det blitt ferskpressa appelsinjuice til frukost.

Får nøye meg med kjøpevare nå i første omgang. Å drive handel har aldri vore mi sterke side. Eg er ganske  god til å kjøpe, men selje?  Nei, der er det nok stor mulighet til å utvikle eventuelle skjulte talent. Eg er i gang skjønar du. Her på tomta er det oliven. Nok i gode år til mykje meir olje enn det me sjølv kan bruke.  Kaktusfiken er her og. Guido meinte me kunne selje og bli rike.  


 

Mimosatreet vårt bugnar av gul pryd. Ingen kunst å lage fine bukettar, minst like fine som dei dei sel på gatehjørnene oppe i San Vito. Kumqat har me og nok av akkurat nå. 4 ulike vareslag, er det nok til å starte butikk? Treng vel ikkje vera meir avansert enn slik eg har høyrt nokon prøver å selje egg ikkje så langt frå Ceglie. Eit gammalt bord som toler å bli stole har me og.  Ein plastboks til å ha pengar i er det vel og råd med. Kva skulle feile? Det er lov å leike med tanken tenkjer eg.

Elles er det mangt og mykje ein skal få oppleve, men dette hadde eg aldri trudd. Eg som ikkje har vore på epleslang heime ein einaste gong; nå har eg vore på mandarinslang hos ein Varhaugsbu.

lørdag 8. mars 2014

Skulle mest tru det var RONCHAMPS på ny

Det vart tur til Palma etter kvart. Eg hadde ein stopp etter gammelt på Iper Co-op. Dei har ein slag snack bar der med rettar av sjømat. Fekk grilla blekksprut der ein gong. Den var bare fantastisk god. Ris pilaf med gamberetti (reker) frista ein svolten kooperatørson. Eg kunne spart meg bryet med å stoppe der, for den retten kjem eg nok aldri til å bestille fleire gonger. 
Dei har forresten så fine blomster i svære potter utanfor senteret. Slike har aldri sett andre stader enn her på Iper Co-op og på blomsterbutikkar heime.

Med bilen vel parkert utanfor blokka der Palma og Ubaldo har leilighet i øverste etasje, måtte eg bare ein tur tilbake for å sjå på bygningen som vert bygd like ved. 


Eit fantastisk byggverk som det skal bli gildt å sjå nærare på når det er ferdig. Bygget har stått stille i lang tid, men ganske i det siste kom det transport frå Napoli med alle delene som skal halda taket oppe. Akkurat den delen av arbeidet tok visst ikkje meir enn eit par veker. Alt det andre har det visst tatt årevis å få gjort.  






Det vert dyrt seier Palma. Ho er ikkje mellom dei som set så veldig stor pris på kyrkja og det den står for.


Krasa briller

I Hå kommune var det i si tid ein konto for krasa briller. Tanken var at lærarbriller kunne bli øydelagde  samband med arbeidet, og det fans faktisk ein konto for slikt.
Mine briller vart delvis krasa her om dagen. 

Her var litt mange ting som skulle setjas saman etter bruksrettleiing og denne karen les dårleg med briller på. Uvanen med å bare leggje dei ned akkurat der eg er slit eg med, og når eg så etter ei lita stund treng dei att har Anne Marie gløymt kor eg la dei. I dette tilfellet må eg truleg ta ansvaret sjølv. Reiste meg opp etter ei stund, tok eit steg og kjende eit eller anna merkelig under foten. Verre var det ikkje enn at eg endå kan bruke dei. Eine glasset fekk ein sprekk, rama treng liming, men eg kan bruke dei til alt som er meir enn ein halvmeter borte slik trongen min er når det gjeld briller.

I dag, akkurat eit døger etter synsprøve skal nye Police briller vera klar for henting. På grunn av at eg kjenner Clemente (han som steller oliventrea vår), fekk eg meg eitt nytt glas hos optikaren til erstatning av det som fekk sprekk på dei gamle brillene. Ikkje visste eg at der var eigne briller for politibruk, men sidan det står POLICE på dei, må det vel vera slik det heng saman. 

2 rettars middag til farande fant

Tidleg torsdag kveld tok eg ut til Palma. Henne har eg kjent siste 16 år etter at skulen heime var med i eit Comeniusprosjekt. Ho bur i Brindisi, ein halv times kjøretur herfrå. Kjørte ein annan veg enn det eg brukar og brått var eg like utfor Guido.  Har vore der eit par gonger tidlegare denne veka for å overrekkje presang, men det har vore mørkt hus. Denne gongen var der lys, så eg stoppa og ringde på. Angela kom og tok imot 60-års presangen, og like etter kom Guido, opna porten og vinka meg inn. Fekk ikkje lov å gå derifrå før eg hadde vore inne. Me heldt oss unna spørsmål om påbygg her på huset vårt. Dagen og kvelden hadde vore fin så langt, sa han og då ville han ikkje øydeleggje det med påbyggsnakk.  Kake kom på bordet, og då eg ville gå vart det spørsmål om eg likte kanin. Det er ikkje det eg har ete mest og oftat av, men så langt eg hugsar var det vel etande. 
2 rettars middag til farande fant er ikkje dårleg. Makaroni i tomatsaus først, deretter kanin også den i tomatsaus servert saman med det som  å sjå til likna stua kål men, som var fennikel med ost over. Kaktusfiken konservert i kalk og vanlige fiken runda av måltidet, og heilt til sist kom isen på bordet.
For meg vart det ein rett triveleg kveld. Me snakka ein del tysk, og då kom liksom Angela meir med i laget. Ho lærte seg tysk då dei budde i Tyskland.

Presangen til 60-åringen var GPS frå Clas Ohlson. Ide stod Livar for, og på seg sjølv kjenner ein andre. Eg sa til Guido at etter det Livar hadde sagt, var det slik at evna til å orientere seg etter vegane vert dramatisk forverrra frå og med den dagen ein fyller 60. Det er vel det som gjere at same Livar alltid har med seg GPS når han fer etter vegane her i Puglia.  Guido viste også kortet han hadde fått frå dottera Daniela som gifta seg i august i fjor.  Gratulerer NONNO! Han lest som han ikkje lika det. Kjende visst på at han vart veldig gammal som bestefar, men eg såg på heile han at han sette pris på helsinga til NONNO.
Dette var ei fin overrasking, sa Guido då eg for.

Sono viaggiatori ispettore

Ihuga lesarar har merka seg dalande aktivitet her på bloggen. Gårsdagen var innhaldsrik nok den. Såpass at det vart lite tid til skriving. Største eller minste sak må vel vera tur til Ceglie og Villa Serena for å hente nøklar til huset vårt som Livar og Sofie skulle passe på for oss.  Dei har gjort god jobb med alt tidlegare. Me har omtrent sluppe å ytre noko som helst, så har dei vore der med tilbod om hjelp. Me får talast etter kvart om dei har klart oppgåva med å passe på nøklar.
Ei tur oppom hos Gaute og Lill Karin var mest skuffande. Ingen action der, men så er det vel og slik at intet nytt er godt nytt.

Alle dørene var lukka og låst. 

Vindauga er dekka med gitter, så der kjem ingen inn. Det vil sei om dei ikkje nyttar Palma sin metode. Eg trur ikkje ho har prøvde den sjølv, men hos visste nå om den. Set bilen din med rompa og tilhengerfestet vendt mot vidauget med gitter framfor. Legg ein kjetting inn gjennom gitteret og så rundt tilhengerfestet.Då er det lett som det å kvitte seg med første hinder for ubedde gjester. Vegen vidare inn er fri.

Endåtil bassenget har fått fred. Om her har vore tjuvar på rekognosering, så har dei nok bare fore sin veg att. Korleis skal me få med oss alt vatnet? har dei vel tenkt. Sidan dei ikkje fant løysing på det, har dei nok gjort vendereis.
Elles vert det heilt sikkert påskebad på Lill Karing og Gaute. Eg tek på meg oppdraget med å dokumentere. Vatnet var klart og fint og det var mykje av det. Det pipla og rann av overskotet over kanten i eine hjørnet.
Her i Puglia kan mannfolk gjera lukke hos damene med ein kvist blomstande mimosa. Heldige deg Gaute. Tenk kva lukke du gjera med dama di. Du treng ikkje gå langt verken etter dame eller mimosa.


onsdag 5. mars 2014

Nå blir det enkelt å halda varmen

Klår himmel i dag frå morgonen av. Det er det same som  at her er kaldt.  Ikkje meir enn 5g® då eg var ute for å hente den veden eg burde tatt inn før eg la meg i går. Men litt frisk morgonluft gjer bare at ein vaknar raskare til. Sjølv med innkjøpt oppfyringsved er det hest vanskeleg å få fyr. Opptenningsbrikkettane hjelper heller ikkje mykje, men omsider vart det gang på sakene. Etter god fyring eit par dagar er temperaturen i stove og kjøkken oppe i 19g® og det er til å leva med. Men det skal bli betre. Nå litt før 9 kom dei to som fekk på plass pumpa i cisternen. Denne gongen er det varmepumpe og air kondisjon dei har som oppdrag.   Fyrst og fremst er det varmen seinhaustes og tidleg på våren me er ute etter.  Avfukting er truleg og ein nyttig ting.

 


Etter jobb inne, venta jobb ute. Godt eg hadde fått tak i ny stige, for i dag fekk me bruk for den til meir enn ein takjobb. Ein skikkeleg kladuns av ei uteeining til varmepumpa skulle på taket, ute av syne er det beste for noko estetisk oppleving kan ein vel knappast seie ei sik pumpe er. 

Røyrane til og frå var godt gøymde dei og etterkvart. 

Etter litt finpuss der røyrar og leidingar går gjennom veggen er jobben gjort. Når det gjeld betjening av pumpa takka eg nei til instruksjon på italiensk.
, for det ein svart bil forbi med ein mann som tuta og vinka. Det var representant for Vigil Nova. Det kostar, men det får våge seg. Nå har me hatt mange innbrot og vil ikkje ha fleire. 2 er mange, ikkje sant? Me har vel ingen garanti mot innbrot med vaktselskap nå heller, men det at ubedne gjester ikkje får arbeide så lenge i fred må vere bra.

Elles oppdagar eg heile tida nye ting som har forsvunne. Eg trur ikkje det er bare det at eg er dårlig til å leite. Men for å snu litt på det, så kostar det eigenandelen av forsikringa å få fornya både det eine og det andre.  Det er bare det at eg trur aldri eg fell inn i vanen med å fare rundt og handle  inn att det ein at har handla fleire gonger. 

Det vart ikkje med bare den eine takjobben i dag. etter å ha fylt gass på bilen der teljeverket på litrar gjekk fortare enn teljeverket for pris tok eg turen frå San Michele til San Vito. I styret i dag med montering av både det eine og det andre var eg så uhepen at eg trødde på brillene. Eine glaset sprakk og ramma var ikkje heilt god den heller. Optikaren som er i slekt med kona til Clemente vart oppsøkt. Me var akkurat i gang med med å finne passande innfatning då telefonen min ringde. Det var Gian som eg har prøvd å få tak i. Han snakkar ikkje engelsk, og då er det jo ikkje lett. Optikaren derimot snakka bra engelsk. Kunne eg anna gjere då enn å gje han min telefon for å gjere avtale for meg kor eg kunne møte Gian. Om 20 minutt på AGIP på vegen til Carovigno. Eg måtte bare takke for meg, men lova å kome tilbake for briller på fredag. 
Gian kom til AGIP og etter nokre kilometer kjøring, halvannan times arbeid med finjustering og oppdatering av hardware så er eg rett og slett på nett.  

Eg gledar meg, og ho der heime gledar seg utruleg nok og. Tenk for ein fred i stova ho har når eg er vekke.
lt kan feirast med mat for den som er glad i det som kan puttas i munnen.

Har til gode å ikje få god PIZZA hos dei tre trufaste på Brodway, San Vito dei Normanni