Translate

tirsdag 4. mars 2014

Ein liten dusj med klor gjer underverk

Å vrikka foten er fort gjort, sjølv på flate vegen om ein bare kan den kunsten. Var spent i dag då eg vakna om nattero i senga hadde gitt strekken fred nok. Kjenner det endå, men haltinga som vart verre og verre i går, er helst borte nå. Det vart litt av eit prosjekt å kome seg på taket i nyinnkjøpt Dexter stige, spesielt med mange kilo i handa, men det gjekk det og. Ny Bosch & Decker hjelpte til med hol, så får eg heller finne eitkvart å smørje inn med langs kantane for å sikre at der er tett. 

Han prøver å skjule kor stolt han er, men klarer han det?

Resten av jobben skulle gjerast i dag, men regnet set ein stoppar for det. Regn er verken verre eller betre enn heime på Vigrest. I fjor var det verre når det regna her, men det hadde nok mest med forventningar å gjera.

Etter frukost i går måndag med espresso på B&B i Mesagne, var det beint heim til Villa Felizia. Ikkje lenge etter kom Guido med elektrikarar, heile to stk karar. Dei jobba både vått og tørt, dvs dei tok seg av det som skulle til av røyrleggjararbeid for å få vannpumpa ferdig installert. 
Varmt og kaldt tek dei seg og av, så i morgon som nå har blitt i dag, er same folka på plass for å montere varmepumpe om me vert samde om prisen då. 

Eigentlig er det Guido som må bli samd, for akkurat prisar har eg lite greie på her. Guido seier det beste er  kjøpe varmepumpe sjølv. Dersom det skal gå gjennom elektrikarane sin leverandør, vil det bli eit påslag på prisen opp i mot € 400. Eg ville nå helst tatt alt på ein plass, men me får nå sjå.

Mi tru om at god lufting ville vere ein fordel har fått seg ein knekk. Her er god gammaldags fersk myggel både der og her. På kjøkken kan du sei det er nokså tydeleg kor godt me gjorde reint etter oss då me reiste nordover att i oktober. Alt det me ikkje ser med bare auga har vorte grobotn for belegg av mest svart, litt over i grågrønt myggel. Ein liten dusj med klor gjer underverk. Må bare syte for at det ein sprayar toler klor. Har prøvd eit par plasser i stova.  Etter det den gamle mannen på 60 seier, så skuldast myglet for mange opne vindauge. Lukk alt unneteke eitt. Får gjera det når eg reiser heim, men bare 3 veker er vel ikkje særleg test. Der er vel helst når det går 5 til 6 månadar me vil sjå korleis mindre utlufta hus vil fungere i forhold til framvekst av myggel på vegger og tak.  I stova vart et perfekt. Då vil eg tru det blir like bra på soverommet for gjester.

Du skal ikkje sjå bort frå at det kan koma bilete her etterkvart. akkurat nå er farten via mobil ikkje meir enn det som må til for å laste opp tekst.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar