Translate

tirsdag 4. mars 2014

Kjøl i munn og mage heile året

Skulle eg fått nettbank i Deutsche Bank måtte me nok stemt annleis i 1994. Men så fins det ganske så mykje anna enn mitt høve til nettbank som avgjorde avstemminga i Norge den gongen. Eg får prøve meg på Credem og sjå kva dei seier der.
Varmepumpe komplett type Panasonic til € 499 var påtenkt kjøpt frå Leroy Merlin i dag og montert av vannpumpemontørane frå i går.



Dei kjem hit i morgon kl  8:30.  Ei melding kan gje så mangt slag resultat. Ein viss gråsprengt nordmann skrytte på seg ei varmepumpe inklusive montering til ein pris eg ikkje rekna med å kunne slå. 





Svinga innom på Expert sidan det låg i leia. Om eg ikkje skulle vera så nøye på merke kunne eg få ei pumpe 12000 btu for € 349. 


Med montering blir då prisen € 499 og då kan eg ikkje anna sei enn at eg slo deg på målstreken Livar. Ikkje for det. Eg er ikkje i Pugia for å spare pengar. At pumpa vart rimelegare enn tenkt er ikkje det same som at innsparte € fekk bein å gå på. Chigo gjev kjøl om sommaren og varme om vinteren. Gaggio kjev kjøl i munn og mage heile året. Ekte jorbærsorbet med ingen tilsetningsstoff. Herleg for ein avvent ismann som meg. Sidan eg toler kokt mjølk og fløte skal eg prøve meg med å koke råvarene til fløteis før dei får kome oppi behaldaren som gjer det om til is i løpet av ein snau time.

Tradisjonen tru hadde eg meg ein espresso med ei kake til då eg var i Francavilla.  


Prislappen viser liksom feil held eg føre, det er urimeleg rimeleg å bare betala € 2 når der og er inkludert eit glas vatn til å skylje munnen med før ein drikk kaffien. Ein må gjera munnen klar må vite for det smakfulle og oppkvikkande fluidum som skal innom ein tur gjennom kroppen.

1 kommentar:

  1. Rimelig AC dette. Jeg betalte €1200 for to stykker ink montering, og er fornøyd med det.

    SvarSlett