Translate

torsdag 28. april 2022

Eit godt mål mat

Godt det er gratis å drøyme. Returbillett frå Sola til Brindis 10.mai vart brått billettar 27.august. Fort gjekk det for seg bare ein kort samtale med folk på servicetelefonen til Swiss. 

Så får ein bare ta det som det kjem. Lenge å vente. Abstinesen kjem til å rive og slite i meg. Får bare håpe den ikkje slit meg i fillebitar. Men det fins vel botemiddel. Skal nok overleve fram til neste Pugliatur denne gongen og. 


Slik pizza er ein rett og slett henvist til bare å drøyme om når ein held til her  nord. Sjølv på det me fort kan rekne som enkle nærast gatekjøkken anten det er San Michele eller Latiano kan dei kunsten. Det er då løk møter løk. Om du ikkje tek den så tenkjer eg på smaksløkane som tek til seg smaken av løk frå pizzaen medan den smyg seg på veg gjennom munnen.
Det italienske kjøkken kan vera så mangt. Noko er ikkje eingong kokt eller varmebehandla. Desse godbitane skal vekselvis slurpas inn, delvis må tennene til. Spesielt på tentaklane til blekkspruten. Sitron friskar det heile opp. Og så må råvarene vera av beste kvalitet, men det får ein overlate til spisestaden ein besøker. 
                                
Ikkje alt treng å vera frå sjøen. Her eit døme på ei gryte med kjøt. Slit litt med minnet så eg kan ikkje seie for sikkert om det er høne eller kanin. Kjøtet har fått følgje i ryta av bukettar av artisjokk med ein ganske så smakfull topping, var ganske så dekorativt. 
Litt smågodt innimellom for å runde av eit måltid. Liknande deig som i vannbakkels med vaniljekrem med jordbær som pynt. Jordbær er aldri feil syns nå eg. Synd sesongen er så kort.
Sidan Meggi ikkje fekk bli med på gruppebiletet, måtte det rett og slett bli henne aleine. 

Her krøllar dei seg i skåla. Hadde dei ikkje vore spinn daude trur deg dei hadde krølla seg rundt tunga på dei dristige. Me var visst dristige heile gjengen.

Godt lag på Osteria di Porto i Savelletri. Og jammen spela veret og på lag, me sat ute og fraus ikkje.
Pugliansk versjon av pukkfisk?
Ikkje brent, bare intenst farga på eit eller anna vis. Om småbrøda hadde ligge i ein haug med svart kol er eg ikkje sikker på at me hadde funne dei. Velsmakande.
Crudo, rå sjømat finn ein mange stader. Her frå Alfredi i keramikkbyen Grottaglie.
Med gode råvarer blir det velsmakande minestronesuppe. Gryta ventar på fleire innhogg.
Kjøtet her er bare SÅ godt. Perfekt grilla av Il re di Carne (grillkongen). I utgangspunktet er det ikke slikt kjøt ein finn i dei fleste diskar i butikkar. Nøye utvalt er det, og tillaga av ein som kan sine saker.
Får me bare tak i gode råvarer, skal det nok blir eitt og anna italienskinpirert måltid. Får korte tida til avreide med det. 

mandag 4. april 2022

Vedaskog

Det kan fort bli mandler av det utfrå blometilfang. Insekta som trengs, er nok litt få, men me får nå halde på trua om litt julemarsipan dette året og.
Skal ikkje sei det blir verre med olivenhausten. Giulio rådde til skikkelig potatura og hans råd rettar me oss etter. Om ein slepp trea heilt fritt, blir det fort forferdelig stranglete og energien går meir til greinvekst enn 
til produksjon av oliven.  Men konsekvensen blir nok null eller lite oliven til olje. Så lite at det ikkje er bryet verdt å hauste. 
Trudde vel eg at eg nokon gong  skulle halde meg med ved til fyring. Huset var skikkelig gjennomkaldt få me kom fram lørdag kveld 26. februar. Kjølen sat i både vegger, golv og tak. 
Riset etter beskjæring vart brent ute, og her var meir enn nok frå tidlegare beskjæring til å fyre med. Litt akter med sager hadde me, men til sist løyste det seg og det utan hjelp frå Ospedale Perrino Brindisi. 
I Egersund var det nokre som annonserte brukt vedomn til salgs. Me syns omnen såg grei ut, og frakta den ned sist sommar. At pipeutløpet ikkje hadde same diameter som pipa i huset hadde eg ikkje tenkt på. Forskjellen var ikkje meir enn ein halv centimeter, men det var akkurat nok til at montering vart skyvd ut i tid. Etter omtrent 4 veker med hjernen i konstant drift i bakgrunnen dukka det opp ei mulig løysing. Litt tilpassing med vinkelsliper, så var kontakt oppretta mellom omn og pipeløp. Det funka, røyken me var redd skulle ta vegen inn i stova forsvant rett veg ut gjennom pipa. 
Plutselig var det rett så enkelt å fyre opp behagelig temperatur i stova. Kva brennverdi det er på ved frå oliventre veit eg ikkje, men det må vere i beste klasse. Tett ved godt innsett med olje.

Første
innlegg
laga
på 
mobil.

søndag 3. april 2022

Over Skagerak må me


Å reise over Skagerak på vinterstid kan nok by på litt av kvart. Me rekna med ein ganske så frisk overfart, men reisesjuketablettar dempar både eventuel kvalme og hug til å halde seg vaken. Stavangerfjord la ut frå Risavika etter vinterrute så seint som  23:30 og det vart veldig fort tid for å innta horisontalen i lugaren med den fantastiske utsikten.
Danmark Tyskand, Austerrike er bare kilometer etter kilometer, iallefall om ein ikkje har andre planar enn å kome seg fram fortast råd. Roomsteren går faktisk godt den sjølv om den dreg på alderen og har samla skikkelege tal på teljaren. 12 år og 205000 km er ikkje så verst på ein liten 3 sylindra diesel på ikkje meir enn 1.4 liter. Bråkar gjer den, men det er ikkje noko dårlig teikn. Det er kjenneslig det, den har gjort det heilt frå me kjøpte den i august 2009. Oppfører seg litt som ein liten traktor når det gjeld lyd.

Heilt nord i Italia er det fjell-land. Italiensk alper så gode som nokon. Kjem me nedover til Verona, flatar landskapet ut og me kjører over Po-sletta som er flatare enn flataste Jæren. 
            











For meg er det rett så god underhaldning å følgje med på kva bilar som passerer. Mindre flotte bilar enn tidlegare. Trur helst dei hadde tatt avgarde til Puglia, anten det nå var Porche eller det var Lamborghini. Akkurat denne hadde me aldri sett, så for å forsikre oss om at me hadde sett rett, måtte me gjere det på Google som alle gjer nå for tida. Lotus heitte bilen. Uhorvelig sterk, og kar om å gå forferdelig mykje fortare enn det den gjorde her då den lunta forbi oss i venstre fil.

For å halde seg i bilmodus: I bakkane opp frå Grottglie vart me ein dag innhenta av ein kø av Porche. 



At dei våga å kjøre på slik ujamn veg fattar eg ikkje, sjølv etter måten høgbeinte Roomster kan vera nære ved å ta nedi. 

Ein dag seinare kom det jammen meg ein like lang kø av Lamborghini rett ved Latiano.



Denne gongen inne på veg av nesten campagnastandard. Ein lilla og ein svart. Ja for det må vel to stk til for å kunne kalle det kø? Eg vart så perpleks at eg rett og slett ikkje kom på å ta bilete. Er nok lite håp om nokon gong å få reprise.

Me starta frå Risavika kl 23:30, onsdag 23.februar. Etter overnatting i Brunschweig og Trento trilla me inn på tunet til Villa Felizia i åtte - ni tida lørdag 26.februar. Ein liten bukett frå tomta vart henta inn straks det vart lyst nok til å finne blomane. Tempo på turen var akkurat passe for oss. Ingen ekstra stopp på grunn av biltrøbbel.
Grønt, grønt så langt ein kan sjå. Det er vår, men ikkje nettopp plagsomt med varme. Ruvande oliventre planta i systematiske rekkjer. I dette tilfellet ser trea ut til å vera friske. Xylella har i det minste ikkje teke overhand her.

Mandelblomane er vakre. Når trea står der duvande med blomar over det heile, då har augo noko godt å kvila på. Om det blir mandler av det til sist, er vanskelig å seie. Her har vore så kaldt at insekta som skulle gjere ein jobb med bestøving av blomane, dei insektene har ikkje vore mange og dei har slett ikkje vore tilstades i Latiano.