Translate

torsdag 7. januar 2021

Diagnose: Pugliafan

Får ein ikkje reise fysisk akkurat nå, så fins det andre måtar å kome litt nærare huset vårt i Puglia.

Ogen i stova der nede er grei nok, men me har vurdert meir enn ein gong å skifte den med noko litt finare som også er lettare å fyre og gjev noko betre varme. Facebook sin marknadsplasser er ein fin plass for funn, og nå trur me at me har gjort eit slikt funn. Reintbrennande Scan omn kjøpt brukt i Egersund. Bør vere med og gje god varme der sør på tider der naturen ikkje gjev den varme ein måtte trenge.

Når det gjeld reise sørover som før eller seinare vil finne stad, så reknar me med at mobil karantenestasjon med vil du vere med så heng på Roomster blir det som er mest aktuelt. Roomsteren som fekk seg tur nordover for å bli sjekke utfrå Eu-sine krav til personbilar, den stod prøven med glans. Dei tre sylindrane som tok Anne Marie nordover med eit forbruk på 0,48 pr mil, dei skal få dra bilen vidare inn i framtida. Nå med stempel på at den er godkjent og det med 0, eg gjentek 0 feil. Slett ikkje verst til å ha lagt bak seg ikkje mindre enn 190000 kilometer. Nye to år i Puglia ventar, og ikkje ser eg noko som skal vere til hinder for det.

Den nyinnkjøpte gamle omnen kunne fort hamna bak i Roomsteren på veg sørover, men der er det visst opptatt. Eit anna Facebook kupp tek mykje av plassen bak i Roomsteren. På grunn av veldig varierande spenning i straumnettet på Villa Felizia, har me blitt tilrådd å skaffe vaskemaskin med mekanisk programval. Nyare maskinar har ofte elektronisk val, og printkorta som styrer programma på desse nye maskinane tåler ikkje spenningsvariasjonane. Då vart en nyrare brukt eit godt alternativ trur me. Etter å ha gjort teneste eit par tre år på Royal tattoo skifta oppvaskmaskinen eigar. 2 etasjar i ei smal vindeltrapp av stål vart første etappe på vegen frå Stavanger til Puglia. På ryggen av Hadi kom maskinen seg trygt ned dei to etasjane, faktisk var trappa så trong og bratt at me fann ikkje råd med å bæra den to i lag. På grunn av bilfritt sentrum i Stavanger fekk vaskemaskinen ein tur nerijøå Søragadå itte an Johan. I påvente av komfortabel transport i stabilt seideleie ventar vaskemaskinen tålmodig på dagen då den skal lastas i romvidunderet på 4 hjul.


Me kunne nå klart oppvasken for hand, men når høvet baud seg, fekk me god erstatning for den oppvaskmaskinen som den høge spenninga i huset vårt tok knekken på. Desse små maskinane som passar der større maskinar ikkje får plass, kostar fort det same som dobbelt så store maskinar. Men så er vel teknikken som driv det heile meir eller mindre den same. Me skal nok få smyge denne inn på eine eller andre måten. Vekta er ikkje avskrekkande og volum er ikkje verre enn at den smyg inn både i bubil og i Roomster. Ja ikkje begge på ein gong då, må noko ta ei avgjerd før turen sørtover tvers gjennom Europa startar.


Omnen me fekk tak i, er heldigvis liten nok til at den smyg seg fint inn lasteluka på den mobile karantenestasjonen. Litt baktung blir kanskje bubilen, men sikkert ikkje meir enn at det vil gå greitt.









Så ser det ut til at Fjordline vil få Fjord FSTR i drift når bare trafikken mot Danmark tek seg opp att. Fjordcat, den tidlegare hurtigbåten mellom Kristiansand og Hirtshals var ikkje det eg vil kalle sjøsterk. Mest kvar gong etter å ha reist med den, lova eg meg sjølv sterkt og tydeleg at dette var siste gong på slikt eit eventyr over Skagerak. Verste gongen var då eg etter å ha åtvara Hadi som ikkje er særlig vane med sjø at han lett kunne bli kvalm. Me tok opphald ute på eit lite dekk rett bak brua. Det enda opp med at det var eg som fekk mata krabbene.

Den nye båten er mykje større og eg reknar med den tåler mykje meir bølger før det blir direkte ubehagelig. Gledar meg til å prøve nybåten, og så ser det ut til at overfarten blir betydelig rimelegare enn om me skulle tatt turen med Superspeed frå Colorline.


fredag 1. januar 2021

Kva byr dette året på?

For ei veke sidan, 23. desember snakka eg med Palma. Første samtale eg hadde med henne fann stad 23. desember 1997. Etter den tid vart det mange treff i samband med det samarbeidsprosjektet me på skulen var heldig å få til gjennom Comenius-systemet, eit felleseuropeisk prosjekt for mellom anna internasjonalisering i skuleverket. Samarbeidet med Scualo Media Statale Dante Alighieri i Brindisi førte for min og Anne Marie sin del til ganske så stor interesse for regionen der sør på hælen av Italia.

Oktober 2012 tok me steget og fekk tileigna oss ein liten del av landet, 8,5 mål land, eit lite nyopppussa hus på 80 m2,  forno a legna (vedfyrt pizzaomn) høyrer med, likeeins eige vatn frå borebrønn.

Som vel dei fleste har fått med seg er det ikkje så lett å gjere seg nytte av staden i desse dagar, me får håpe på betre dagar etterkvart.  Me er jo gamle nok til å vere prioritert når det gjeld vaksine. Om Italia etterkvart kan bli nedgradert frå raudt til mindre restriktivt nivå, sjå det må me bare vente på og sjå.

Meggie og Pascalone har det bra for sin del, men restauranten måtte dei stenge 26. oktober.

Lina næraste nabo og Andrea son hennar har det bra.


I dag tidleg på første nyttårsdag fekk eg telefon frå Giulio, han som sit på traktoren,  med ynskje om godt nytt år. Me har ikkje særlig felles språk, men at han ynskte godt nyttår det forstod eg. Han kunne også fortelje at det står klar 30 liter olje for oss frå oliventrea på olivenlunden vår. Gulio lurte på kva tid me kjem nedover, juni, juli er forsåvidt mulig sa eg, men det avheng av forhold me sjølv har lite herredøme over.

Roomsteren vår står klar her i gardsrommet for Eu-kontroll på mandag 4.januar. Den fekk så mykje service hos AutoPro før me for nordover at eg blir overgitt om verkstaden her finn feil av betydning. Etter kontrollen kan me hiva oss i bilane straks det er klart og Italia igjen blir nedgradert frå raudt til eit lågare nivå.  Det blir nok fort til at me kjører nedover med både bubil og Roomster. 

2950 kilometer, bare for å snu.
Gjekk fint nordover i haust, då går det vel like greitt å snu retninga. Fint å kunne pakke med seg alt ein treng på sjølve turen, endåtil kjøkken og soverom. Blir jo som å bli frakta sørover i ei ganske smittefri boble.
Me lengtar og gledar oss til turen sørover kva tid det nå enn måtte bli.