Translate

torsdag 27. juli 2023

Og vannet steg

Einar Rose erfarte det, men for oss var det ganske så motsatt.

Å fylle bassenget med vatn gong etter gong ville i allefall blitt merkbart om det var kjøpevatn det skulle fyllast med. Eg var forsåvidt klar over at duken i bassenget vårt song på siste vers, men hadde god tru på at det ville halde om ikkje anna så ein sesong til.

Då 26000 liter var nådd, og det ikkje rann over kanten av bassenget måtte sjølv eg innsjå at her var noko gale.
I botnen av bassenger hadde det oppstått ei rift der det rann ut fortare enn eg klarte å fylle på.
Bassenget måte tømast, tørkast før liming og nytt forsøk. 1 fullt basseng vart det, og då rakk eg eit bad før vatnet rann ut att. 3 gonger halv fylling vart det før eg gav meg. Du kan seie området der bassenget stod lei ikkje av tørke.
Det er dette bassenget som hadde gjort susen, men både er det dyrt, krev veldig mykje ved montering og demontering og set også krav til skikkelig plant område der det skal stå.
I dag var eg på handel nede i Puglia. Me held oss til same mål som på bassenget som nå ikkje ville meir.

Men på kva måte skulle me ta imot. Ved å handle før 31.juli ville me spare ca 400 Euro.  Pascalone som før fleirfaldige gonger har vist seg å vera mellom dei aller beste til å grille biff, han viser seg og å vere god til å ta imot større pakkar på direktehandel på nett. Når me bare kjem oss fram til Latiano først i september, så skal me nok frå frakte, fylle og nyte nytt basseng. 
Har trua på at sola endå har varme att til å heve temperturen på vatnet som me pumpar opp frå 135 meter. Temperaturen der er nokså stabil rundt 20 grader.  Desse to varmevekslararne, kjøpt i si tid på Clas Ohlson er utrulig effektive. Om pumpa stoppar slik at det ikkje blir sirkulasjon i vatnet, og det skjer, held ein då handa i straumen der det varme vatnet kjem når ein får gang på pumpa, er ein ganske så nære å få ei forbrenning.  Er sola framme, vil eg tru pr 2 grader opp tek omtrent , og så kan ein kople solfangarane  av om ein skulle synast vatnet vert for varmt.