Translate

lørdag 19. mai 2018

Festa nazionale come straniero


Då blir det egg, då blir det sild, då blir det endå litt meire til. Det er 17.mai i utlendighet, men ingen elendighet av den grunn. 

Bilen fekk både vask og flag på seg. (Flaga vart senka då me starta på turen. Dei var bare til ære for fotografen.)  
Då var vel alt klar for den STORE festen saman med alle dei fine feststemte folka. Akkurat denne dagen var det det norske som samla oss, me som av ulike grunnar søkjer tilflukt her på hælen av støvellandet.
Litt nord for oss her sør på slettelandet, ein stad der  nordmenn har sett fast bu, der vart staden for felles feiring av av syttande mai. Signe og Gaute har det så greitt med La Silvana på Selva di Fasano, høgdedraga like vest for Fasano. Der treng ein ikkje gå svolten frå bordet om ein er aldri så kresen. Variasjonen er stor til vanleg, denne gongen hadde dei nok lagt seg ekstra i selen for å tilfredsstille flest mulig av dei norske ganene.
Det var ei eksklusiv samling folk som var venta denne dagen. Her kjem dei så oppdressa at det er eit syn. Nokre har lenger fartstid her på hælen enn andre, men pytt kva gjer vel det. Interessa for livet her sør i Puglia er stor nok til at me alle har skaffa oss ein stad med tak over hovudet for meir enn bare eit par dagar. Sofie  har hatt hus her sidan 2007, Anne Marie sidan 2012 og Aud har hatt nøkkel til eige hus sidan starten av mai dette året.
Eg er vel igrunnen ganske smålåten av meg sånn på det jamne, men i denne samanheng vil eg gjerne få lov å slå fast at mitt forhold til Puglia starta alt i 1997. Det var då eg først opplevde gjestfriheten her, den som gjer det så godt å vere her. 
Matkulturen hadde me mange møte med i "The more you know, the more you grow" prosjektet. Om nokon då for 21 år sidan hadde sagt at eg skulle ha ein parsell på 8500 m² med mest 50 oliventre og like mange mandeltre, då hadde eg nok hatt problem med å tru det. Men slik vart, og glad er eg for det.

Det gjelds om å legge god slagplan når ein skal gjennom eit såpass omfattande måltid som det me fekk denne dagen. Som de ser på magamålet har nok desse mennene valgt ulik strategi over lengre tid. Men forventninga kunne me dela. Dette skulle bli godt, noko det og vart.
Før me slapp inn i lokalet vart dei første antipastiane servert som håndmat. Fritert gresskar var ein av variantane. Så godt at ein med tanke på alle bordgledene som venta, fort kunne forsyne seg for mykje,

Inn kom me, og frå nå av er det til lyst for både auge og gane. Stort sett lokale råvare er gjort om til små kunstverk, det eine etter det andre etter det tredje og så vidare. Kunne lett bli for mykje om ein skulle halde norsk tempo, men når ein har god tid og er i godt lag, då får maten og inntrykka god til til å synke. 




Her går ein frå det heilt enkle, skiver av cipolle bianco med balsamiko på..........
............til trøfler frå den lokale eikeskogen. Akkurat kvar trøflene kom frå høyrer med til det som ikkje kan seiast. Har ein først funne slike ting i naturen, så held ein det for seg sjølv. Trøflene vart sjølvsagt ikkje servert heile.  Høvelen, mest som ein ostehøvelen skar fine tynne skiver og soppen og så vart den servert med ...........

...........litt bechamelsaus innpakka i ei lita pannekake. Endå litt saus ved sida av og så oppå  dette desse tynne fine skivene av trøffel.

 Østers og rå blekksprut er vel etandes.



Fisk er ikkje alltid det eg set mest pris på, men når den er laga til slik Aldo gjorde her, då er det godt. Saftig fiskekjøt, ikkje tørt og fibrete slik eg ikkje likar.
Siste rett før frukt og kake. Smakfulle saftige bitar av kjøt direkte frå grillen. Må vera ein kunst å få kjøtet så saftig når bitane er såpass små. Godt forresten at kjøtretten ikkje var meir omfattande. Nå tok i alle fall eg til å bli mett.
Festkaka vart trilla inn til tonane av "Ja vi elsker". Vito, son av Aldo sjefen hadde vore på nett og lagt opp til streaming for å vekkje nasjonale kjensler hos forsamlinga.

onsdag 16. mai 2018

Galldyr hengelåsnøkkel?

Det var faktisk litt bry med den nøkkelen som mangla til porthengelåsen. Men er boksen stor, og den som styrer boksen har litt samlemani, så går det fort bra. Ingen nøklar har så langt blitt kasta og det viste seg nå å vere til nytte.
To fulle sett til å kome inn porten og vidare inn i huset. Endå til med nøkkel til alternativ inngang dersom ei dør skulle ha kilt seg. Fjernstyring av alarm finns og i to eksemplar.
Om ikkje eit reservesett hadde eksistert, så hadde det vel vore i meste laget karsleg å satse alt på eitt knippe.
Her har siste minne om Hymeren fått vera med vidare, sjølv om den nå bare er minne. Giottiline tok over. Nå står den her på parsellen og ventar på å kome heim med ny dør og reparert trapp.
Fint å vera nøkkelperson i eige liv.

Du skal ikkje selje bjørnen før skinnet er flådd, heiter det i eit omskrive ordtak. Ein skal nok heller ikkje selje olivenolja før blomane har fått sjanse til å bli bær. Men utifrå blomstringa kan det bli ein del flytande gulgrønt gull seinhaustes. 
Fram til november kan mykje skje, men dette året MÅ vel bli toppsesong så langt for vår del når det gjeld olje. Trea er stelt på beste vis, "Ich bin ein Meister" har sørgd for det. Grunnen under trea er horva med skålhorv. På eit par timar for Julio over den delen av parsellen der oliventrea står, medan Julia kona hans heile tida heldt overoppsyn med jobben han gjorde. I juni skal alle til overs skota fjernast. Bør absolutt bli ein god haust.
For ein som lite eller ingenting kan om jordbruk eller olivendyrking, så ville det naturlige vere å gå laus med øks eller rydningskniv på alle skota eller strebarane som eg likar å kalle dei skota som bare vil opp i lyset og ingen frukt vil bera. Straks burde det vel bli gjort.

Såpass fekk eg med meg med mine meir enn vaklande italienskkunsskapar: Desse skota skal ikkje fjernast før i juni sa Julio.  Det hadde sikkert noko med å la trea få mest mulig fred under blomstringa.  Var litt enklare med "Ich bin ein Meister", for me hadde i det minste felles språk, tedesco. Men ikkje for det, nå får eg jo testa om eg forstår så mykje som eg trur eg forstår. Har i allefall kome til eit nivå der folk ikkje kan samtale heilt fritt utan at eg i mange tilfelle tek tråden i det dei snakkar om. 

fredag 11. mai 2018

Svipptur heim til Vigrest

Har skrabla litt her medan biletet endå var på mobilen.
Me veit endå lite om kva det blir til med eventuelt påbygg, for på bygg må det visst bli. Om me skal få noko meir areal for lagring og eventuelle sommargjester, så kan det ikkje setjas opp noko som ikkje heng fysisk saman med det eksisterande. Noko som gjev plass til både dusj, do og vaskemaskin + nokre køysenger evt ei dobbeltseng er det me vil ha om me først skal bruke Euro  på det. Kanskje det blir noko som klamrar seg til hjørnet av huset? Treng ikkje felle tre eller felle tårer for felte tre. Blir sikkert godt at påbygget får halde seg godt fast i to sider av huset, då dett det ikkje så fort av reknar eg med, får betre grep liksom.

Om nokon skulle ha ein grepa god ide om korleis ein kan få til dette hjørnebygget vårt, er du velkommen til å dele ideen din med meg på geir.hausken@lyse.net

Ganske ulike og tildels motstridande råd har me fått. "Hiv deg rundt og set skufla i jorda" seier nokon. "Du må ikkje finne på å bygge noko utan godkjenning" seier andre. Kommunen flyg over med helikopter og sjekkar korleis tilstanden er på dei ulike contradaane.(område, norsk bunden form fleirtal av italiensk contrada) 

Helikopteret som surra rett over vår parsell trur nå ikkje eg var ute på inspeksjon her hine dagen. Var nok meir testflyging for Leonardofabrikken som produserer Augusta Westland helikopter. 
Her er klargjort for retur nyvaska og fint oppredd seng møter oss når me kjem ned, eg etter bare svipptur heim, Anne Marie var her sist i hasutferien 2017.
Reiseruta vår har for det meste tidlegare gått via Schiphol og Fiumicino. Denne gongen reiste eg med AlItalia til Roma, deretter Heathrow og så med SAS til Stavanger.  Kom inn over London og fekk med meg London Eye, Parlamentsbygningen med innpakka Big Ben, Buckinham Palace, Hyde Park, Earls Court og noko som likna ein fotballstadion, Chelsea. 
Etter ein laaaang dag, var det godt å parkere med denne utsikten.  Mest litt som å kome heim. Spørsmålet er vel bare etterkvart, kvar er ein heime? Norge har endå overtaket, og slik blir det nok ikkje annleis framover heller. 

Du undrast vel når eg seier eg heller brukar 3 dagar bak rattet susande langs motorvegnettet gjennom Italia og Tyskland enn 1 dag opp og ned  i lufta nokre gonger på veg frå nord til sør eller motsatt.  Eg kjenner meg så innstengt, mest kvelande innestengt. Kanskje eg bare har blitt for stor for desse lange smale smekre kroppane med venger og hale.

lørdag 5. mai 2018

Fort og gale?

Kva er rett og kva er gale? Vanskelig å gje svar på det. Tempo kan vere udiskutabelt, men rett eller gale kan fort verta uendelige rundar med diskusjonar. Enkelte ting er her ikkje raske svar på.

Eg må visst ut og handle ny hengelås til porten. Låsen funkar fint, men eine nøkkelen tok ut på tur og kjem truleg ikkje tilbake av seg sjølv.

Alle som kjenner meg godt veit at eg set stor pris på italienarar, kanskje ikkje mest på kvite som legg egg, men i det store og heile er me omgitt av folk som vil oss vel her nede. Det står eg på, på trass av alle dei umelde forsøka på besøk.
Elles er eg nok ein ganske så hårsår type når nokon blir altfor høge på pæra på min bekostning. Har lenge irritert meg på stilen vår elles utmerka gartnar har lagt seg på når det gjeld rettleiing i småbondedrifta vår. Ei litt forsiktig tilnærming med tydelige antydningar om kva ein bør gjera hadde nok passa betre. Kjefting kombinert med latterliggjering, oppførsel som om han var konge på haugen og eg var ein av hans undersåttar har eg sett lite pris på. Særleg to tidlegare episodar står langt framme i minnet. Den eine då me sist påske kom hit for å feire påske og ha ferie eit par veker. Hadi, Anne Marie og eg stod ute i tunet då "kongen" kom. Han helsa hjarteleg på meg, såvidt på Anne Marie og Hadi oversåg han totalt. Like før heimreise, etter at Hadi og Anne Marie hadde reist heim kom "kongen" på ny. I det han kom var det ikkje det at han undrast over at porten ved fleire høve hadde stått ulåst. "Warum hast du die porte nicht geschlossen?"  i ein tone som skulle eg ha vore ein dritt. Repetisjonar av spørsmålet då eg ikkje gav gode nok svar, heile tida i ein svært så brysk tone. Nærast du må ikkje koma her og koma her. Her er det eg som er "konge", du bare eig plassen.
Aften på slottsplassen.

Utskjelling av naboar som hadde mitt ord på å hente frukt når me allikevel ikkje kunne hente, kjendest og pinleg. Truleg det som var grunnen til eit litt meir avmålt forhold ei tid frå naboane si side. Kunne vel dei vite noko om ein som opererte som "konge" på eiga hand. "Me kan ikkje ha det slik som dette", sa eg til "gartnaren" i påsken 2017. Vanligvis hadde folk her tatt det som ei oppseiing har eg seinare blitt informert om av lokale kjelder.

Det siste "il re" gjorde av arbeid her på tomta var påsken 2017. Stor beskjæring som vart godt betalt. Opprydding av større greiner til ved og brenning vart og betalt for ekstra, fer eg ikkje feil betalte eg 400 Euro for den delen av jobben.

Eg var heilt klar over at her ville vera gras i mengder no når eg kom ned sist i april. Har lenge hatt planar om slåmaskin for å klippe den deler av tomta som ligg frå huset og opp mot vegen. Nå vart det bruk for klippar og for den andre mykje større delen av tomta, 7000 m2 med høgt gras heilt opp mot halvannan meter høge strå.
Ut frå erfaring tenkte eg nok at gartnaren slett ikkje trong vera samd i at klipping var rette måten å slå ned graset på. Tok difor opp spørsmålet med meg sjølv, og bestemte meg for å rett og slett sparke mannen om han begynte med å klage over slåttekaren sitt arbeid. Me hadde avtale sist lørdag eller sundag om at han skulle kome ned hit, han bur i ein liten by om trent 7 km herifrå. Først mandag dukka han opp, og eg fekk faktisk rett. Umiddelbar jammer og klage over arbeidet eg hadde gjort. Datoen var 30. april og har eg forstått rett, kunne eg bøtleggjast om ikkje graset innan den tid var teke hand om. Lurer nokre gonger på om eg er altfor snarsint, og det var nok sinnet som tok meg: Ikkje alltid eg er så direkte, men då fekk han høyra det. "Nå gjekk du over ei grense for meg. Nå vil eg ikkje ha deg lenger her for å stelle MIN eigedom. Nå kan du gå og du treng ikkje kome tilbake." Gartneren har eg opplevd som frekk i måten å snakka til meg på, men ikkje heilt urimelig heller. Nå viste han kor både urimelig og frekk han kunne vera. Skulle ha 300 Euro ekstra, for det hadde vore så mykje å rydde opp etter beskjæringa. 
Det enda faktisk med at han drog avgarde med ein hengelåsnøkkel han sjølv sette verdi på, 300 Euro skulle han ha for å levere den tilbake. Pengar har eg, men dele ut på den måten: nei. Ferramente eller den lokale "Malden på torget"  fører solide låsar til ein kostnad av seksti til sytti Euro.

Du rykker tilbake til start får ein av og til beskjed om når ein spelar. Blir mest som eit spel dette her og, men eig eg staden vil eg i det minste ha eit ord med i laget når reglar skal lagast.

Nabo Lina hadde besøk av son sin Giovanni, kone og barn. Han bur i Roma og jobbar med IT. Han var tolk då ny avtale om stell av jorda vart gjort. Mindre enn eit døgn etter at "kongen" måtte abdisere, kjørte ein etterfølgjar rett inn og overtok. Ikkje som konge, mmen som innleigd arbeidskraft. Giovanni kviskra meg elles i øyret at ein god del av oliventreveden vår hadde blitt annektert. Han sa det ikkje for å auke sinnet mitt, som han sa. Det var bare noko dei hadde sett. 

Slåttekaren sitt arbeid nedover på tomta var brått ikkje så mykje verdt lenger, men flott å sjå på jorda som vart horva opp med hjelp av traktor og skålhorv. 

Her skal nok framleis vere bra. Når sola går ned eine dagen er det oftast etterfølgt av soloppgang dagen derpå. Me går vidare i spenning på kva mon livet seinare vil by på

torsdag 3. mai 2018

Rett i dass

Me har eit utedass på tomta vår. Til forskjell frå norske av det slaget, er dette litt meir luksuriøst.  Det er ganske solid bygd, i mur. Kvitkalka innvortes og utvortes. Mest som eit lite smykke nedpå parsellen.
Lite oppmerksomhet har det fått. Har liksom bare stått der, for det meste oversett. Ein omgang kalk har det nok fått sidan me overtok her i otober 2012, men det er det heile. Ut med rutle som har vore lagra der. Fram med Kärcher, vatn og straum.
 Det flassa frå veggene,  men veggen stod urokkelig.
Sjølve doskåla ser betre ut enn på ein normal utedass. Vatn manglar, men det fins bøtter nå med vatn ein kan bera med seg når trongen melder seg. Sjølvaste dokosten har overlevd, og det ganske lenge, minst 6 år.
 Oppheng for handklede eller hylle for dasspapir?
Ventilasjon er teken vare på ganske så effektivt med stor luke i veggen dekka med myggnett.
Hol i veggen, nærmast som ein liten sluk kom og fram under laga av gammalt skrot. Einaste eg ikkje fann, som i allefall var vanleg på dei utedassa eg var innom i mi utedasstid, var bilete av kongefamilien og vekeblad til å slå i hel tida med pressrier.

Mange gonger er det slik at først når ein er i gang med noko fysisk så kjem kreative tankar til overflata. Då gjelds det om å ta vare på dei og vege for og imot, ikkje sleppe tankane unna som bare tull.
Me har planar om eit lite anneks. Rundt 20 kvadratmeter skal vera mulig i følge reglar som gjeld på området. Om kommunale myndigheter her lokalt vil godta søkand om eit slikt lite ekstra bygg på tomta er endå usikkert.

Den kreative tenkninga i går under dassvasken går ut på at denne bygningen kan brukast på to ulike vis. Her må ny dør på plass, dør som svingar utover. Får me lov å bygge anneks i tilknytning til denne dassen, kan me oppgradere til WC. Eige vatn har me, eigen septik likeså. Kloakkrøyr er lagt klar like til muren på utedassen, slange for vassforsyning skal ikkje vera urimeleg krevjande å få på plass. Doskåla kan truleg brukast om att, treng bare ein veggheng cisterne til spylevatn. Anneks med eige vannklosett må vel vera bra.

Skulle så gå til at dei kommunale nede i Latiano held fast på at området der me er er "protected area", så får me heller søke om bruksendring. Gamledassen kan bli lagerrom for oppå jorda basseng for 26000 liter vatn. Vatnet blir tappa ut ved lagring, så ikkje uroa deg, der er plass. Motor til jordfresar og klippeskjær, lauvblåsar, kantklippar og motorsager pluss anna me kanskje må bruke skoskei for å lirke på plass, det skal gå inn ein heil del. Då slepp me i tilfelle unna med lagring av syklar og utemøbler inne i huset. Me får nå sjå.
Rastlause meg finn fort ein grunn til å ta ut på tur når ein kjem så langt som utpå kvelden. I går hadde eg eit halvt blomkål og litt bacon saman med kvit saus ferdig i kartong. Ein omgang i steikeomnen så var eg mett. Ikkje eg som var ein tur i omnen, der var det blomkålet, bacon og den kvite sausen som hamna før det kom på tallerken og vart til mette for meg.