Translate

torsdag 8. februar 2024

Meggie til minne


Ein stolpe i vårt italienske liv har knekt. Me har hatt godt vennskap heilt sidan 2012. Utrulig mykje hjelp og omsorg har ho gitt opp gjennom åra. Etter at Taverna di Pascalone vart endelig stengt og Meggie også fann seg ein stad å bu saman med hundane sine, stoppa hjerta hennar i dag, 8.februar 2024.  Ingenting å gjera. 
Siste minnet blir då me i desember, saman med Jan og Linda, besøkte henne i den nye heimen. Ho fann etter mykje leiting eit hus i San Marzano di San Guiseppe som tilfredstilte krava først og fremst for hundane.  Så fekk ho bare nokre månader der før det tok absolutt slutt. Basta kaputt hadde kanskje Netta naboen vår sagt. Ho sa det då eg spurte kven som hadde budd i huset vårt før Julie og Nick kjøpte det. Stefano, basta kaputt sa Netta. Etterlot ingen tvil det. Det blir eit sakn  når vi reiser sørover att og ikkje lenger kan treffe Maria Garielle Blotto.  

 Fred over hennar minne.