Translate

torsdag 18. oktober 2018

If anything happens

Når lynet slår ned, då skjer det fort. Så fort at ein knapt anar kva som skjedde før det er over. 
Godt då med eit forsikringsselskap som leverer mest like raskt. If anything happens er eg glad eg har avtale med 
If
Bil får ein ikkje lov å kjørar med på vegen utan forsikring. Med hus er det annleis, om ein vil kan ein bare ta utgiftene sjølv etterkvart som dei eventuelt dukkar opp. 
Ingen som har lese bloggen min sidan eg starta, kan ha oversett det faktum at me har hatt mange meir eller mindre utrivelege besøk. Det er Intasure, ein forsikringspool med base i England som måtte ta kostnadane når det eine etter det andre skjedde. Til sist vart det nok for dei, og på ein måte kan eg nå forstå dei og. Vår premieinnbetaling   var aldri nok til å dekke utgiftene me påførte selskapet. Forresten så var det ikkje me som påførte dei desse utgiftene, det var vel heller våre anonyme venner som såg til at huset vårt ikkje vart ståande heilt aleine når me ikkje var der.Gode råd er til tider dyre. Ikkje mange norske selskap tilbyr forsikring av fritdsbustad utanlands. For fleire år sidan høyrde eg om If, men slik det var var det greitt nok. 3 bilar og 2 hus, eit heilt opplegg kan du sei.Eg ringde agenten for If,  Christian Lindal og forstod fort at det var rette staden eg vende meg til. Eg la ingenting imellom om alle forsøka som var gjort på å kome seg inn i Villa Feliza, opplyste og om installert alarm og VigilNova, vaktselskapet som rykker ut når alarmen melder om trong for det. Godt tilbud fekk eg, og etter gjennomgang av dei forsikringsavtalane eg hadde frå før for dei andre forsikringsobjekta, kom me til at me flytta alt over til If.  Der me før betalte Nkr 28000,- til vårt tidlegare selskap og nærare  500 pund til Intasure, kom me nå unna med Nkr 25000,- til If og då er huset på Cda Coltura inkludert. Erfaring er MEGAgod så langt, så får me bare håpe alle avskrekkande tiltak har si virkning.Me fekk oppgjer alt dagen etter at eg hadde sendt inn skaderapport. Ikkje vart det rekna eigenandel, ikkje for det eg hadde brukt ein del timar på å få tak i folk som skulle reparere. Litt står att, men det fiksar eg sjølv. Det var eigeninnsatsen som vart rekna opp mot eigenandel. Det mest snedige var korleis sakshandsamar ordna med overgang frå Euro som eg oppgav skaden i til kroner som skulle overførast til konto.  Pr dags dato er kursen 9,46. Kursen som vart brukt var 1 Euro er lik 10 kroner. ikkje mindre enn 961,74 i overkurs. dei som er forvitne nok bør då lett kunne rekne seg fram til kor mykje skade lynet klarte å gjere dei millisekunda det stod på.
         Mitt kooperative hjarte kan i tillegg glede seg over dette↑

tirsdag 16. oktober 2018

Ubedt besøk me sette pris på.

Her om dagen svinga det inn ein bil i nedkjøringa mot huset vårt. Ikkje kvar dag det skjer, så her vart forvitenskapen vekt. 3 stykker, litt usikre, kom nedover mot huset og me fekk helse på dei. Norske viste det seg at dei var. Andreas, Julia og Bjørn var på haustferie i Puglia. På grensa mot Sverige, heilt  i utkanten av Halden  budde dei på eit småbruk. Dei leika med ideen om å skaffe seg litt land med hus til i Puglia.
Men i all verda, korleis finne fram til oss der ute på Contrada Coltura? Bjørn hadde sett på ein engelskmann som laga fjernsyn om hus i Puglia som vart renovert. Hadde så søkt på Puglia og fått opp:    http://gelleh.blogspot.com/
Eg skreiv ein gong heilt i starten av blogginga ei rettleiing på korleis ein skulle kjøre for å finne fram på alle småvegane. Og tenk, dei fann vegen sjølv utan bruk av GPS. Ikkje alle som finn fram så galant sjølv med Gps som hjelpemiddel.
Me vart invitert til deira ferieleilighet i Torre Santa Sabina neste dag. Fekk uveksle mobilnummer og e-post. Må prøve å halde litt kontakt framover.












Solnedgang er eit tema som stadig går att når eg klikkar. Ja det er mobilen eg klikkar på, eller rettare sagt det kameraet som har innebygt mobil slik at eg både kan ta bilete med det og i tillegg ringe samtalar. Eller var det egentlig motsatt? Er det  mobil med kamera det er snakk om?
Kakifrukter, litt kjeks og kaffi er fin pausemat overrisla av solstråler i tunet.












Me har ein del bry med at det ikkje er like lett alltid å setje grenser. Burde vore slik at for kvar gjenstand som vart dratt med til huset, så burde me fjerne ein av dei som var der frå før. Men med litt betre organisering, plastkasssar for lagring av mindre ting så blir det i det minste litt lettare å finne fram i galskapen.
Utematen er framifrå, men det er nå etandes det me finn på heime og. Blir fort utemat av heimematen og. Lett å finna gode råvarer både på marked og lokale butikkar. Gassen me kokar på er både raskt og effektivt, einaste problemet er når ein skal bruke steikeomnen. Den er slik at anten er det bånn gass eller så er det ingen gass, veldig vanskelig å regulere. 
Me har nokre husdyr på bruket. Denne gjer vel nytte i den forstand at den tek insekt av ulike slag. Fascinerande å sjå på korleis den kan sitje lenge lenge og vente på byttedyret før den plutselig skyt fram og sluker offeret.
All hausting er gildt. Julie og Nick som kjøpte huset eit par år før oss og pussa det opp slik at me vart betatt av huset frå første stund, dei planta ein heil del frukttre. Om det er clementiner eller mandariner veit eg ikkje, men hausten i år vart ganske god den. 
Ok, fruktene er grøne. Går likevel an å håpe på ei viss mogning når dei får stå litt. Dei gulna noko på vegen opp gjennom Italia, Austerrike, Tyskland og Danmark. Har skrelt nokre og dei er ikkje surare enn det ein får på butikken innimellom. 


Ut frå erfaring utførte eg alle punkt på lista før eg tok avgarde nordover. Kjøleskap, brønnpumpe, cisternepumpe, gass, vaskemaskin, oppvaskmaskin, varmtvannstank, alt vart kopla frå. Cisternerommet som er det rommet som har vore mest besøkt i vårt fråvær fekk litt ekstra merksemd. Gjekk frå eine døra ulåst, og for å dryge tida det eventuelt vil ta å få med seg pumpa i cisternen, så skrudde eg loket heilt nedpå og strekte kjetting tversover og sikra med hengelås. Då vil forsøk på å fjerne pumpa, noko som har skjedd før, ta så lang tid at VigilNova vil rekke å kome til. 
Grunnen til at Roomsteren måtte heim skuldast det faktum at det er særs vanskelig å utføre Eu-kontroll på norsk bil i Eu. Hugsar ein gong for mange år sidan eg spurde biltilsynet og då var svaret at dei kunne ikkje gå god for verkstader rundt i heile Europa. 
Sidan Roomsteren må på Eu-kontroll her i landet og skulle kjøre rundt 2900 kilometer før den var heime i gardsrommet, tenke eg service kunne vere ok. Slik fekk eg nokre timar med venting i San Michele, den minste av dei tre byane som dannar ein trekant der huset vår ligg omtrent midt i. Fekk mest litt assosiasjonar til Bermudatriangelet, men så langt veit eg ikkje om nokon som har forlist her på campagnaen mellom dei tre byane.
Frukost med mortadella og juice av arancia rosso pluss ein dose føremiddag i ein liten kanskje litt søvning by på Salento. Tida går fort den, mykje å sjå på. Fine bilar, både nye og gamle.  Eit eldorado for å studere gamle mannfolk. Dei samlast på torget her på føremiddagen.
                                                  
Neste tur blir kanskje i ein av dette slaget. Eg slengjer med leppa av og til, men denne gongen har eg ikkje dumma meg ut. Hadde vore heilt konge å trille ned gjennom Europa i ein Fiat 500. Rett noko den nye typen, men alligavel.

Eg likar bilar, miljøaspektet ser eg då bort frå. Då syster mi Aslaug på 4 år omkom i ei ulukke, kjørte administarsjonbilen på Bakkebø med båra frå kyrkja på Varhaug til Heskestad kyrkje der gravfestinga var. 10 år gamle meg hugsar ikkje så altfor mykje, men bilen var tofarga, kvitt og blått. Stasjonsvogn så vengene var ikke så veldig påfallande. Skapte minne gjorde det og kvar gong er ser ein gravferdsbil vert den målt opp mot den bilen Aslaug fekk på si siste reis.Denne heldt mål etter mi vurdering.
Ser ut som eg har samla alle verdas suter i mitt hovud. 
Kanskje ikkje så alvorleg som det er ut for.
Der har du denne bilinteressa igjen. Når dei testar nykonstruerte bilar, pyntar dei dei slik at ein ikkje skal legge så godt merke til dei. Eller er det motsett, eg legg i alle fall merke til det når psykedeliske mønster dreg blikket mitt mot seg. 
Kva bil er det? Kan det vera ein Mercedes?
Kjører ein personbil er det ikkje bare bare å stoppe på ein av dei utalige rasteplassane for å sove. Er ryggen stressa slik som min har vore ei veke no, så er det seng ein treng. Siste overnatting før Hirtshals var i Greding. Veldig bra rom. Interessant dusjløysing. Kanskje endå meir interesssant om det hadde vore eit dobbeltrom og ein var to på tur?
Skal ein koma fram til båten går frå Hirtshals, lyt ein ta ut i otta. Eller helst ein del før. La meg rundt ni, så sjølv om natta var mørk og det endå var mange timar att til dagslyset tok over, så tok eg avgarde frå Astay alt klokka to om natta. 5 timar søvn er nok.
Viss noko skulle tru at eg held meg vaken under kjøring på usunn mat og drikke, så får dei bare tru om att. Men eg måtte heilt til Danmark før eg fann gode alternativ.  Mange mil frå Puglia til Øksekær, ikkje få boksar Redbull, Monster og anna godt stoff + chips. Chips er så fint på den måten at det knasar når du et det, og lyden gjer at ein lettare held seg vaken.
Ankomst Kristiansand midnatt mellom lørdag og søndag. Ilandkjøring på mest mulig kaotiske måte. Og så var det dei mila som var att til Vigrest då. Dei var lange, forferdelig lange. 260 mil som ein leik, og så kom kampen mot dei siste 20. Sov litt på Mones mandal, så ein Pitstop på Kvinesheia. Fekk med meg ein liten stopp i Flekkefjord og. Nattopen Shell på Helleland kunne by på ørtidleg morgonkaffi for ein sliten "autista". Fram kom eg klokka 06:40 Turen frå San Michele tok 2 døger og 4 timar.

mandag 15. oktober 2018

Lenger enn langt og endå lenger

Du må nok ta deg god tid om du vil koma til endes på denne bloggen. Det som skulle blitt fleire små har nå til saman blitt ein i verste fall så lang at du fell av før du kjem til endes. Eit overhendig torever slo ut internettet i Villa Feliza, ganske så ettertrykkelig kan du sei. Ei veke att til heimreis vart også for kort tid til på ny å bli kopla til WWW. skyDSL har mista ein kunde. Fulmine slo såpass ned at ein del av det mest vitale når det gjeld straum rett og slett vart slått ut. Brønnpumpa sa takk for seg, internett ville ikkje meir og alarmen brydde seg vel sytten om nokon hadde prøvd å kome seg inn når me reiste vår veg.





Det tok ikkje meir enn ein dag før vatnet frå brønnen strøymde i nye stristraumar opp frå djupna. Men først var der tre menn i sving i dryge to timar for å skifte denn delen av utstyret som ligg aller djupast. Motoren til vannpumpa vart henta opp av røynde folk, og jammen var det bruk for alle dei seks hendene som kom for å avhjelpe situasjonen for vannhungrige nordmenn.

Same dag kom to menn frå VigilNova for å få gang på alarmen. Av fem sensorar måtte 4 byttas med nye. Eit printkort i alarmsentralen måtte også byttas. Tek fort litt tid slikt, for når første sensor var skifta viste testen av der framleis var feil. Slik heldt det fram til bare ein av dei gamle sensorane hang igjen på plasssen sin og der heng den framleis og gjer jobben slik den skal. Printkortet vart og bytta ut, er vel kanskje det som kommuniserer med alarmsentralen og gir beskjed når det er nødvendig å rykke ut. 



Det siste som skulle ordnas var internett, og der gav eg opp. Eg makta ikkje å få kundeservice for skyDSL lokalisert i Nederland til å skjøna at når lynet slo ned, så rett og slett daua internett. Dei ville at eg skulle kople meg opp mot modem med standard url 192.168.100.1



Could you please provide us the following information from the GUI?

    software version of the modem;
    cable resistance value;
    any error and/or fault;
    SNR value;
    status of the LEDs of the modem;?

Looking forward to receiving from you a feedback on this matter, we remain at your dispos


- Open your browser 
- Go to the web interface of your skyDSL2 Modem status dialing: 192.168.100.1
- Now you can see the basic state (make a screenshot of the BASIC STATE)

Korleis eg skulle få det til når sikringen i huset rauk straks eg plugga i straumkontakten for modemet er langt over min fatteevne.
Løysinga vart å avslutte heile internettavtalen med skyDSL. Det fins andre leverandørar som sikkert klarer å levere varene like godt eller betre.

Kan fort overskygge det positive når ein får såpass mykje å ordne opp i. Ein gong trudde eg faktisk at det skulle la seg gjere å lære språket, italiensk, men så langt er eg ikkje imponert over meg sjølv. Det går på eit vis i butikkar og når ein skal ha tak i verktøy og slikt i ein ferramenta. Ferramenta er som Malden på torget i si tid. Jernvarehandel med eit sortiment som overgår all fantasi. Eg har ikkje kjøpt ny "piede di porco" etter at det eg hadde forsvann. Beinet skiftar art på veg til eller frå Italia. Me kallar det "kubein" og tjuvane sist sommer tenkte nok det var ein god ting å ta med seg. Eg har det ikkje lenger, men eg veit kva det heiter når eg kjem meg så langt at eg får kjøpt eit nytt eit.

Eg har god kompetanse i å ombestemme meg har eg funne ut. Det vart ikkje lenger enn dette i denne omgang. Kunne jo ha retta på innleiinga kanskje, men kvifor sjå seg bakover. Lite ein kan gjere med fortida anna enn å lære av den.