Translate

lørdag 24. august 2013

Kor kjem den gode olja frå?



Dette tener litt som eksperiment, men samstundes er det meste av det som er filma frå eigdommen vår.
Cosimo brukar maskin for å rake saman oliven, og det skjer på naboeigdommen på andre sida av vegen.
Oljepresseriet er sjølvsagt ikkje vårt. Dei bileta er frå San Vito frå eit presseri der eg fekk kome inn og sjå prosessen

tirsdag 13. august 2013

Siste vers av denne sommarsongen

Siste verset er det eg syng nå. Sommaren 2013 er over for vår del når det gjeld Puglia. Alt av utemøblar er rydda inn. Fresaren som mest ikkje har vore  bruk i sommar, står på soverommet saman med syklane. Bassenget har fått plass på gjestebadet. Skal bli godt med ekstra soverom, for i eit hjørne mellom huset og påbygget skal me få til eit skikkeleg sikkert og låsbart rom for lagring av slikt som nå må inn i huset.  Denne gongen let eg Lidl lampene stå att ute.  Søppeltøming har blitt problematisk etter at San Vito starta med dunkar til kvar hushaldning. Me kan ikkje godt bare fylle opp ein tilfeldig søppeldung langs etter gata. Brenning vart løysinga i dag, så får me bli meir miljøvennlig etterkvart. 
Ingen av sitrustrea skal lida naud når det gjeld vatn. Dei plantene som er så heldige at dei står langs leia for vatnet får sin dose. Ein time vatning kvar fjerde time bør halde tenkjer eg. Pumpa bør og ha kapasitet til det.
Ein liten svipp bortom hos Lina for å sei farvel for denne gong. 
Andrea, son hennar var der. Det vart eit møte med det mange tenkjer er ein typisk italiensk mann.  Han prøvde seg med Google translate, men var ikkje på langt nær så kommunikativ som mora. Grillate a sera. Kom over klokka 20:30.
Grillsjefen Andrea. Sjølv Lina måtte rette seg etter han.

Antonella var der, Andrea var der, Rickardo og kona hans var der saman med mor hennar Anna Maria som er søskenbarn til Lina. Dottera av Antonella og Andrea var der og, men ho hadde fått for mykje sol og varme i løpet av dagen. Hovudverk enda det med. Interessante folk å vera i lag med.  Fica / fico vart grundig diskutert med Lina som førande i samtalen. At rektor/precide sa «no no» når eg har sagt feil bokstav på slutten av ordet, det har visst gjort inntrykk på fru «når eg blir 66». Det vart utetter kvelden  ein del utspørjing om temperatur i Norge og ikkje minst mengde dagslys på vinter og sommar.  Her i Puglia er ikkje lengda på dagane på langt nær så ulike som det me har i Norge. Vinternatt på eit par månadar heilt i nord trur eg ikkje gjekk heilt inn. Heller ikkje den lange dagen frå midten av mai til langt uti juli med sol over horisonten dag som natt.

Natt vart det, og litt soving vart det og, men eg skal nok vera temmelig trøytt når eg etter lang reisedag kjem til Sola i kveld kl 22:20. 11 timar tek reisa, det er litt av kostnaden ved å få reise til rimeligast mulig pris.
Meggi organiserer både parkering av Opelen og skyss til og frå flyplassen. Siste ho sa då eg var framme på Aeroporto Brindisi var: Send meg ein mail når de kjem nedover att, og gje beskjed om kva tid flyet landar. Då skal eg hente dykk. Det var forresten ikkje Meggie som kjørte til flyplassen, det hadde ho fått venner på besøk til å gjere, sjølv måtte ho i eit viktig møte om arbeid.

søndag 11. august 2013

Heile dagen i det Joniske hav

onsdag, 7.august 2013
Floriana, Luigi, Demetrij og Alessandra har leigt seg sommarhus ved Torre Lapillo. Me var så heldig at me fekk koma dit på besøk. Absolutt sommar må ein kunne kalle det. Rundt 40°C på land og ikkje så få grader i sjøen heller. 


Stranda var fullpakka med innfødde solbrune kroppar i alle slag fasongar. Det vart nokre turar i løpet av dagen ut og rundt Margherita som låg fortøydd eit stykke frå land. Det er ei stund sidan eg sist  har hatt så lange badeøkter. Det vart erterhud på både fingrar og tær. Medan me var der ved sjøen, på stranda kom det gåande ein mann me drog kjensel på. Var det Jesus mon tru? Nei, må nok skuffe deg der, men hadde mannen stilt på audition for ei rolle som Jesus, då hadde han garantert blitt plukka ut som den som passa best, i alle fall når det gjeld utsjånad.

Tibake til huset og lunsj + soving for Floriana og Luigi. Luigi ville forresten ikkje, han ville nok ha med seg alt rundt dei norske gjestene.

Dei norske gjestene hadde ingen annan intensjon enn å slappe litt av, men bileta Alessandra tok, tyder på at dei begge var langt inne i draumeland.  Luigi hadde ikkje fått nok av vatnet så han brukte ein time og vel så det til leik i det vesle plastplaskebassenget me kjøpte til han og søstera.



Ny økt i det Joniske hav og dette vart  langøkta denne dagen.  
 

Gamlingar på god veg til  bli seksti blir som barn att når dei får leike seg i vatnet. Trøbåtar med rutsjebane og stupetårn vart leigd og med Anne Marie som motor fekk eg skyss for både siling, hopp og stup. Luigi vart lettare forskrekka då mora sklei uti sjøen og forsvann, men han gliste godt når ho dukka opp att. 

Etter kvart tok sola kvelden. Då var det tid for retur for oss. Dei to små trong ro når dei skulle leggjast tenkte me.  Første stopp vart for pizza og den var god. Rakst levert var det og. Har elles aldri før opplevd make til nivå på fukt i lufta. Papirduken vart heilt våt. Kartet som låg på bordet kunne tørkast av som om det var sølt skikkeleg med vatn på det. Vinduspussaren hadde jobb med å ta dogg som la seg på ny og på over frontruta. Det var nok ikkje dårlig sikt som laga trøbbelet med å finne vegen gjennom Erchie. Litt uoppmerksomme typar i bilen, litt dårlig skilting. Til saman ein lite god kombinasjon. Då me endelig fann nokre vegvisarar/skilt,  var sjølvsagt tuppen med pila på brekt av på det skiltet som viste vegen til Torre Sta Susanne og dermed viste det rett og slett ikkje vegen. Ein ung mann i stilig Alfa stoppa i same kryss og spurde etter ein eller annan piazza i Erchie. Eg kunne lite hjelp gje, men han visste kva veg me måtte kjøre for å kome på rett kurs att.

Villaen vår var verkeleg veldig varm. Heftig varm. Det varmaste eg har opplevd så langt i sommar. Anne Marie måtte opp midt på natta for å kjøle ned systemet, det og første gong så lang i sommar. Til natta trur eg me må flytte inn Aircondition på soverommet vårt. Den durar ein del, men vil nok hjelpe til med å halde temperaturen nede på det ein kan sove i. Ei viss akklimatisering er vel greitt nok når me nå reiser heimover til temperaturar på ca 20° lågare enn her. 

Når EINASTE dotter skal giftas bort, då skal ingenting mankere.

søndag, 11. august 2013
Det vart litt omanidom her. Badeturen til det Ioniske hav skulle kome før bryllupet, men av ukjende grunnar vart det som dette.

Eg tek ikkje mål av meg til å gje noko fullstendig omtale av det som skjedde i går. Daniela fekk sin Cosimo (Mino). Seremonien i kyrkja var mykje annleis enn me er vane med heimefrå. Helst langdrygt og med veldig tett luft inne i kyrkja. Etter fleire månadar utan regn, kom sjølvsagt regnet den dagen ein helst vil sleppe det. Ikkje for det, regnet førte med seg at temperaturen gjekk ned til omtrent 25 grader, og det er til leva med. 


Etter sjølve vigslinga tok dei norske ein liten stopp i villaen vår. Litt drikke for tørste gjester kunne kome vel med.
Etter brunning bar det vidare til Le Torri der festen vart halden. For ein fest og for ein plass.  
Brudeparet let vente på seg der og, men så endelig høyrde me ei brumming nedi vegen.  Maseratien svinga opp framfor hovudinngangen, alle gjestene vart skyssa inn der det var duka til fest, brudeparet skulle geleidas inn i festsalen med stil.

Ikkje vanskeleg å skjøne at folk kan klare mange rettar, for mellom kvar rett var det dans til musikk med eit lydnivå som kunne sprenge trommehinnene på dei om sat nærast høgtalarane. 
Danseløva Geir kunne ikkje la sjansen gå frå seg til å få første dans med brura etter at brudgommen hadde starta ballet. 
Du ser han Livar idet han har fata brura frå danseløva.

Men sanneleg min hatt, der var der ein varhaugsbu som ikkje kunne sjå på slikt. Der stakk han av med brura rett framfor nasen min og eg enda opp med ei like fin ei, bare litt annleis.


Dei likar seg visst best på andre sida av kamera: Tanja og faren Clemente

Me sat på bord med Clemente, bror av far til brura, kona hans Angela og dottera Tanja som er politi (carabieneri) i Padova. Enn så stolt faren var over dottera som nokså nylig var ferdigutdanna politi.
Festen som starta kl 14:30 vart for vår del runda av kl 22. 

Då var bryllupskaka servert, me hadde fått bytta gaver.  I Italia er det visst slik at gjester gir stort sett pengar. Beløp tilsvarande kuvertpris er forventa. Me hadde med oss ein liten figur i Willow tree serien med eit par som tydeleg set pris på kvarandre. I byte fekk me ei lita pynteklokka av tufo, steinen dei brukar til både husbygging og muring elles. Ein slag kalkstein som kan sagast i.

Pakking og rydding light i dag. Anne Marie dreg med fly frå Brindisi om halvannan time. Så er her att litt rydding for min del for i morgon. I dag tek eg meg ut til Matera.  Blir litt vel stussleg å bare bli sitjande her.

Poltrone marrone

fredag, 9. august 2013

I går kveld vart me invitert til Lill Karin og Gaute på grillmat. Bra tiltak det. Torjus og Rebekka var der og saman med mødrene sine, Ann Kristin og Hilde. Naboar stakk innom og jammen santen så vart dei invitert med dei og. Mat var det nok av. Brukar å vera det i dei kretsar me ferdast i. Naboane var folk frå Firenze som hadde arva ein eigedom like ved Auglend sitt Paradiso. Trivelege folk i tidleg pensjonsalder. Orichiette for alle i dag var melding fruen kom med, alle, også dei langvegsfarande som kom heile vegen frå San Vito/Latiano. Me treng ikkje tur på butikken i dag allikevel for å få tak i middagsmat, men handleturen må til av andre grunnar. Me ligg midt i løypa mellom kyrkja der Cosimo og Daniela skal smis i hymens lenker og La Torre der festen skal gå føre seg. Det blir nok eit par timar daudtid då medan brudeparet vert avbilda osv.,  og då har Livar invitert heile sullamitten hit til litt forfriskningar ein dryg times tid. Kald drikke må det bli, og sidan me nå var på veg heimover i helga og like etter helga, hadde me ikkje vore så nøye på å halde oss med lager av kjøpedrikke. Vatnet er godt det, og med is i er det heilt fortreffeleg. 

I ettermiddag kjem dei frå møbelbutikken Fiusco arredi Megastore i Fracavilla Fontana.  Domani a due mezzo sa dei på telefonen. Not today, domani. Om så det er halv to eller halv tre står att å sjå. Ei brukstid på 5 veker burde ikkje slite ut ein dyr skinnstol. Nå får me sjå kva dei seier, om dei vil reparere eller gi att pengane eller la oss velje eit anna produkt. Må vere klar til ta av garde når dei ringer. Kan ikkje venta at ukjende skal finne fram her langt ute på landet.  Difor var avtalen at dei skulle ringe når dei kom til kyrkjegarden i Latiano, så skulle eg plukke dei opp der. Det er i slike tilfelle det er lett å misforstå. Klokka er nå 5, me skal til dei Auglend i kveld og men denne sogen som naboen sine gjester. Orichiette er hovudrett. Me ser om vår poltrone relax pensione kan manøvrerast  inn  bilen, så får me stille ved Fiusco sin klagemur og sjå kva veg me kjem med det. 

Inn i bilen med den gamle. Der vart den til ny vart trilla fram utfor butikken i Francavilla Fontana. 

Om den gamle relaxen hjalp til med å kaste folk av setet, så kan du trygt sei den nye er endå meir hjelpsam. Slik går det når urøynde får hand om utkastarknappen. Er du ikkje då klar med beina endar du på baken på golvet.



Det syng på nest sistevers denne sommaren i Puglia

torsdag, 8. august 2013

Det syng på eit vers her. Kan det vera det siste i denne omgang? Dagen i morgon går med til å rydde vekk bassenget. Tek nokre timar, men sett opp mot gleda ein har hatt av å kunne kjøle seg ned både seint og tidleg, så har det vore verdt bryet.
I går kveld fekk me beskjed frå Guido at arkitekten ville kome og ta bilete av Villaen. Påbygget med soverom og bad bør jo henge saman med det eksisterande og då er det nok greitt for arkitekten å ha nokre bilete som utgangspunkt.  Her er varmt i dag, så veldig mykje blir nok ikkje gjort. Når det manglar ei halv grad på førti passar det best å finne seg ein krok der ein kjenner ein klarer å eksistere og så vente til kvelden når temperaturen går noko ned. Ikkje at det er noko problem, ein må bare lære seg å leve litt annleis enn heime.
Til kvelds er me invitert til Lill Karin og Gaute. Me gler oss til å vera i lag. Siste kvelden denne sommaren med unnatak av laurdag då me alle skal vera med og feira Daniela og Mino. Dei har det travelt i varmen dei og. Då eg spurde Guido korleis det låg an med førebuingane var svaret catastrophy. Me var innom hos dei her om dagen, og eg skjønar godt kva han meiner. Den EINE dottera dei har skal ha verdig bryllup og heime skal det sjå nystrigla ut. Gravemaskin ved porten i full sving med finpuss. Eit par murarar jobba inne ved garasjen og sanneleg der kom Daniela i søt sommarkjole, støvlar og trillebåre med stein som skulle flyttas på. Det blir visst både skippertak, guidotak, danielatak og fleire tak før festen tek til laurdag kl 11:00. Håpar dei då kan lene seg tilbake og sukke: Perfetto.

Smått om senn skjer her noko. Men varmen er drivande, om enn ikkje i forhold til arbeidslyst. Kom meg endelig på taket for å feste solcellepanelet for sjokklyset som skal møte eventuelle ubedne gjester som kjem til gards under dekke av kvelds- og nattemørke. I det dei nærmar seg døra, vil dei bli bada i lys, i det minste slik at dei kvepp litt til. Om ikkje lenge er murane inn langs vegen ned til huset ferdig kalka. Anne Marie let seg absolutt ikkje stoppe. Ho har lenge drøymt om den kvitkalka bakaromnen, og jammen vart den kvit.



Frukthaust og turking, fiken  og fico di india (kaktusfrukter), dei få mandlene som var her i år er i hus. Solturka tomater er ikkje å forakte. Når dei i tillegg ligg i olje frå eiga tomt må det vere nærast perfekt.




Skal dei ettermåten nyplanta sitrustrea klare seg, MÅ eg få på plass vatning. I morgon før temperaturen tippar normal kroppstemperatur bør eg klare å få det til. Alle koplingar er på plass så langt eg har oversikt over. Tenkearbeidet bør ikkje vere verre enn at ein overheit nordmann på tampen av ferien skal kunne få det til. Dryppvatning til jamne mellomrom døgnet gjennom bør leggje grunnlag for god vekst vidare. Me vil meir enn gjerne hauste både sitron, appelsin, mandarin, klementin og kumqat, men då må me stelle godt med trea som ikkje har stått på tomta her meir enn eit par år.

Kva skulle me gjort utan gode hjelparar?

tysdag, 6. august 2013
Kva er vel nauda med slike folk rundt seg? Før Anne Marie reiste heim midtvegs i ferien, var me på Polimarmi og kjøpte bordplate til bordet ute i tunet. Ei støypt betongplate held ikkje høg nok standard må vite. Taversin heitte visst materialet og steintungt var det. Korleis fraktar ein slik når målet er 0,90 i redde og 2,00 langt og vekta altfor tung for meg og Anne Marie. Clemente har varebil med krok, han kan kanskje hjelpe oss. Eg ringde han opp og jau, hjelp skulle det bli råd med. Kva tid? Få det unna tenkte eg og prøvde med 10. Klokka var då litt over 9. Ved posten møttes me. Måtte innom ein kaffibar for ein kopp kaffi før me tok til på oppdraget. Bordplata var så tung at eg tenkte her har me visst tatt oss stein over hovudet. Med litt kartong, bakdøra på gløtt og forsiktig behanding av gasspedal skulle det gå bra. I det me kjørte ut frå Polimarmi kom Clemente på at han vile sende med eit par liter av eiga olje, extra virgine, beste sort med andre ord.  Vel parkert utfor huset midt i byen kom han på at glas ikkje var rett materiale å frakte olja i. Raskt avgårde til utsal av oljekanner i metall, så tilbake til Clemente si heimeadresse. I garasjen hyste han mangt og mykje, ei ganske så stor samling foto og filmapparat. Mellom anna eit eksakt likt Voigtänder som det eg lånte av min far på første Interrailtur i 1975. Ein Lambretti under restaurering hadde han og. Ein diger dunk for olje stod i eit hjørne og var det eigentlige målet for besøket i garasjen. Du vil vel sjå huset og? Det takka eg ikkje nei til. 3 etasjar gedigent møblert i ein stil eg kjenner meg lite heime i, men flott var det. Tor Sveinung konstaterte at Napoleon sin stol i Fountainbleu hadde krøller. Her var det krøller i hopetal både på møbler og lamper og gardinoppheng. Trappa enda i ein takterrasse med uteplass i retning både på aust og vest.
Korleis får me dryge 100 kg ut av bilen og opp på bordet som er frå før i tunet vårt?  Lina kom med sekketralle med altfor små hjul. Ho hadde nok litt lyst til å ta kommandoen, men Clemente visste kva han ville. Utan veldig mykje bry hamna den nye bordplata der ho skulle. Det ser retteleg bra ut om eg så skal seie det sjølv.  Litt kiling med heimelaga trekiler tek av for spenning i plata. Den får liggje slik inntil vidare, så får me heller sjå om me vil ta vekk den opphavlege bordplata og få den nye ned på passe høgd som spisebord.

Det har vore det som vel må seiast å vera uår når det gjeld mandler her på bruket. Me har vore over alle trea, og enda opp med ei halvfull 15 liter bøtte. Anne Marie agerer tilbake til steinalderen der ho med hjelp av passande stein knekker mandel for mandel. Liten vits å dra skalet heimover. Me får prøve å rasjonalisere på vekt. Ikkje for det, 23 kg i innsjekka koffert og 
8 kg i handbagasje gange to skulle halde til heimtransport av meir enn dei små tekstilane me har hatt bruk for her nede i sommar. Temperatur rundt 30 mesteparten av tida har ikkje inspirert til mykje leiting i garderoben. Siste dagane med nærare 40 enn 35 krev lite garderobe. Blad frå fikentrea hadde nok halde i rikeleg mon om det ikkje var sømelege omsyn å ta.

mandag 5. august 2013

FARTSGAL NABODAME PÅ 67

måndag, 5. august 2013
Ei freda stund på morgonkvisten. Anne Marie er kapra av naboane.  Mercato a San Vito, Lina kjører.

I går kveld vart me invitert med på friluftsgudsteneste nedi hogget her. Langt nok til å bli imponert/livredd over kjøringa. Den vesle Peugeoten har krefter i hopetal og når dei vert brukt så aktivt som det Lina får til, då går det i både 70 og 80 og 90 på vegar som passar vel så godt for ein fart på 50 eller til nøds 60. Ho merka nok ein viss uro i baksetet. Då kom gullkommentaren: «Io Nicki Lauda». Med slikt eit førebilete kan ein ikkje anna enn gi på, full gass.

Ved kyrkja der gudstenesten fann stad, var det samla ganske så mange. Sikkert mellom 120 og 150 ein stad.  Hovudprest på over 90 år. Han brukte tida fram til gudstenesten skulle starta til å læra kyrkjelyden ny lovsang. Ein ungdom heldt tonefølgje på gitar. Det går i skriftlesing, song og bønn. Kjenner etter kvart att ein del ord, men innhald må ein bare gisse seg til. Har ofte lurt på det med nattverd for ikkjekatolske. Har fått ulike og motstridande svar. Her var ein velkommen til å ta del. Då det heile var over, gav Lina kortversjonen av innhaldet.  Tutto gratis. Endå eit likt ord med norsk. Serviett, tassin og nå gratis. Ikkje lenge att nå før me kan ta tunge intelligente samtalar. Eg som professore og ho som ignorante. Det er ho som brukar desse utrykka.

Ikkje langt frå staden vår ligg det eit masseria. Der ville Netta og Lina ha oss med. Tett trafikk på vegane her på campagnaen er ikkje vanleg, men i går kveld var det tett med bilar.  Ved innkjøringa til masseria var det sett opp bom, det var rett og slett fullt.  Før me fekk snudd oss om var neste plan klar. Pizza a San Michele?  Si si nikka me i baksetet. Pizza vart det, og den var god. Byen vibrerte av liv endå der ikkje var noko spesielt som gjekk føre seg anna enn at det var søndagskveld, og tek eg ikkje mykje feil har ferien tatt til for italienarane og. At me skal heim og starte på jobb att nå i starten av august var merkelig. Her startar skulane att i midten av september. Det er vel først då temperaturen inne på skulane har kome ned på eit akseptabelt nivå.


Om eg svettar? Ja eg gjer det. Akkurat nå er stova som ei badstove. Luftkjølaren er av. Ingen vifter går. Her er varmt ja, men ikkje for varmt. Nettene går fint utan luftkjøling. Med eit heimekomponert system av tre vifter som dreg luft inn utanfrå først og så leier luftstraumen mot sovande nordmenn med lite eller ingenting over eller på seg, så går det så fint så.  Blir det likevel for varmt, har me høve til å lauge oss i dei 26000 litrane med vatn som er sett av til det føremålet. Vatnet held jamn temperatur rundt 29°C, varmt nok til at det er ein lyst å gå uti, kjølig nok til og å vere forfriskande. Me har det godt. «Dolce vita» seier dei her. 

søndag 4. august 2013

Parkere Opelen eit par månader, no problema.

Sundag  04.08.2013
Her trengs ikkje mykje eigeninnsats for å ordne saker og ting. Livar sin bil har nå fått ei svært så ok parkeringsløysing når brukarane er heime i Norge.  Meggi på Taverna di Pascalone baud seg til å ta la eventuell bil vere parkert på hennar eigedom i Latiano.  Eg skreiv det bak øyra då ho i november nemnde det, men har seinare ikkje vore nøydd til å hente fram originalteksten. Ved kvart seinare besøk der i restauranten har ho minna om det. Sidan det no vart så aktuelt, hadde eg med ei heil side av røykelaks når me nå tok turen til Taverna di Pascalone. Mors flatbrød hadde eg frå før i skapet her og den fekk følgje laksen. Det vart bukka og nikka på beste italienske vis, men det jo me som mest grunn til å takke. Laksen og flatbrødet vart overlevert. Det tok ikkje lenge før bitar av flatbrød med røykelaks på smakt til med litt pepar av beste slag og litt sitron vart sett fram som ein forrett speciale for oss nordmenn. Et ein seg gjennom ein heil meny på Tavernaen går det i helst tunge rettar, men du verda så godt.Det var her eg åt grilla hestebiff og spør om det var godt. Blir du bydd esel derimot, kan du slik eg ser det takke nei utan å skjemmast. Eller kan det vere slik atdet æsele me fekk har fått fiskefor eller fiskemjøl. Eg syns smaken var stram med noko som for meg likna smak av fisk. Fisk kan sakte vera godt nok, men ikkje om den går omvegen via eit esel

Vatnet har stoppa opp. Null vatn frå alle kranar. Kva kan det vera? Feilmelding på pumpepanelet og lite vatn i tanken vatnet vert pumpa opp i før fordeling til dei ulike kranane på bad, kjøkken og 3 kranar ute. Er nok hard belastning å forsyne nordmenn med vatn i dei mengder me er utskjemde til å bruke.  Sitrustre i mange variantar + vindrueranker tek unna nokre liter i døgnet om dei skal trivast. Dei 26000 litrane me har tappa opp for sjølv å trivast krev lite av pumpene når det først er fylt opp, men fyllinga går føre seg i 20 timar utan avbrot. Det fins røyr/slange med sikkert fire gonger så stort tverrsnitt som hageslangen som så langt er brukt. Etter oppfylling av tank og restart av matepumpe ser problemet ut til å vere løyst. Engelskmennene som rådde grunnen her før me overtok har vore flinke til å ta vare bruksanvisningar og kvitteringar. I den grad ein då kan løyse problema sjølv, er det mulig å få den hjelp ein treng ved å bla i desse viktige papira.

Det var på Taverna di Pascalone eg var, ikkje sant?  Meggi minna og denne gongen om mulighet for parkering hos henne. Når måltidet tok slutt, følgde Meggi oss til bilen for å vise veg dit ho bur. Hovudvegen frå Latiano til Torre Susanne, til høgre ved skilt mot Oria og deretter til høgre, eg tur det var første til høgre. Innover ein litt smal svingete veg og der dukkar eigedommen opp. Vel, me såg lite til den for muren rundt var høg og porten heilt tett. Her bur eg, sa Meggi. Her kjem du og parkerer, så kjører eg deg til flyplassen med min bil. Ring ein dag eller to før du skal reise og minn meg på avtalen. Når du kjem fram må du og ringe, for ringeklokka ved porten fungerer ikkje.  Tenk så sutalaust det kan vera når ein bare tek ting med ro.

I dag er varmen god, helst betre enn ein ber om, men ein kan ikkje sei nei takk heller. Varmen bare kjem den, take it or leave it. Inne har me nå 27°C, ute 33,2°C. Me skaffa oss ein liten flyttbar luftkjølar. Den har vore lite i bruk så langt, men i dag har det vore godt å sitje inne i stova og skrive. 

Godt med god kaffi

Laurdag 03.08.2013
Det vart ein tur heim ja. Først for Anne Marie og ei lita veke etterpå reiste eg og heim. Ei travel veke vart det, for Anne Marie vart det jo ekstra intenst.
Torsdag 1. august var me klare for å ta opp att ferieringa vår i Puglia.  Det som for Anne Marie skulle vore 5 samanhengane veker, vart to veker her, to veker heime og nå ei dryg veke her att til avslutning. Sjølv bør eg vel ikkje klage, først kjøretur Vigrestad Latiano, deretter tur retur Latiano Poggibonsi for å fikse skadane på bilen, så vertskap for Reisete slektningane og sist besøk av Sissel og Reidar, han trailersjåfør med mange mil bak seg som transportør av mellom anna druer frå Puglia til Norge. 23. juli starta dei på bubiltur og transport av Giottilinen heimover til Vigrestad. Så langt eg veit har visst den transporten gått fint. Dei kjørte om bord i FjordExpress i Hirtshals  på same klokkeslett som eg borda flyet på Sola med Brindisi som mål.
Medan eg var heime fekk eg telefon frå DeLonghi verkstaden i Brindisi. Dei hadde reparert kaffimaskinen eg leverte inn før eg for heimover. Det tek til å bli nokre år sidan nå. I ein veik augneblink lova Anne Marie meg ei gåve til 52 årsdagen min tur eg det var. Du kan få ein kaffimaskin sa ho. Hadde nok ikkje rekna med eg skulle ta det såpass ut, men sagt er sagt og gjort er gjort. Ikkje lenge etter var kaffimaskinhandelen gjort på Expert Raglamyra. Maskinen gjorde ein god jobb den i eit drygt år. Etter reparasjon med frakt i kuldegrader og sundfrysing av leidningar for vatn måtte den endå ein tur austover til Oslo for rep. Vel tilbake gjorde den teneste til vel over utløpstida for garantien. Så vart det full stopp att. Truleg nytt varmeelement som må til sa dei som reparerte sist, men fraktkostnadar  + rep kostnadar gjorde sitt til at DeLonghi Magnifica vart parkert i ei øskje i kjellaren, og der har den visst hatt det greitt nok nå i fleire år. Sidan me hadde plass til så mykje i Giottilinen sørover, tenkte eg kaffimaskinen kunne vel få bli med den og. Den er italiensk, kunne kanskje hjelpe på å kome heim att.

Slik har det seg at me har kaffimaskin både på Vigrestad og her i Latiano. Ein viss smitteeffekt innan familien har det og vorte. Helge har sin i Mo i Rana og Knut sin kaffimaskin står enn så lenge i Sandnessjøen. Pasjonerte kaffielskarar heile bunten.  Nykverna bønner gjev ein heilt annan smak enn sur kaffi frå ein i verste fall gammal traktar der ingen har brydd seg om å gjere den rein.