Translate

søndag 11. august 2013

Det syng på nest sistevers denne sommaren i Puglia

torsdag, 8. august 2013

Det syng på eit vers her. Kan det vera det siste i denne omgang? Dagen i morgon går med til å rydde vekk bassenget. Tek nokre timar, men sett opp mot gleda ein har hatt av å kunne kjøle seg ned både seint og tidleg, så har det vore verdt bryet.
I går kveld fekk me beskjed frå Guido at arkitekten ville kome og ta bilete av Villaen. Påbygget med soverom og bad bør jo henge saman med det eksisterande og då er det nok greitt for arkitekten å ha nokre bilete som utgangspunkt.  Her er varmt i dag, så veldig mykje blir nok ikkje gjort. Når det manglar ei halv grad på førti passar det best å finne seg ein krok der ein kjenner ein klarer å eksistere og så vente til kvelden når temperaturen går noko ned. Ikkje at det er noko problem, ein må bare lære seg å leve litt annleis enn heime.
Til kvelds er me invitert til Lill Karin og Gaute. Me gler oss til å vera i lag. Siste kvelden denne sommaren med unnatak av laurdag då me alle skal vera med og feira Daniela og Mino. Dei har det travelt i varmen dei og. Då eg spurde Guido korleis det låg an med førebuingane var svaret catastrophy. Me var innom hos dei her om dagen, og eg skjønar godt kva han meiner. Den EINE dottera dei har skal ha verdig bryllup og heime skal det sjå nystrigla ut. Gravemaskin ved porten i full sving med finpuss. Eit par murarar jobba inne ved garasjen og sanneleg der kom Daniela i søt sommarkjole, støvlar og trillebåre med stein som skulle flyttas på. Det blir visst både skippertak, guidotak, danielatak og fleire tak før festen tek til laurdag kl 11:00. Håpar dei då kan lene seg tilbake og sukke: Perfetto.

Smått om senn skjer her noko. Men varmen er drivande, om enn ikkje i forhold til arbeidslyst. Kom meg endelig på taket for å feste solcellepanelet for sjokklyset som skal møte eventuelle ubedne gjester som kjem til gards under dekke av kvelds- og nattemørke. I det dei nærmar seg døra, vil dei bli bada i lys, i det minste slik at dei kvepp litt til. Om ikkje lenge er murane inn langs vegen ned til huset ferdig kalka. Anne Marie let seg absolutt ikkje stoppe. Ho har lenge drøymt om den kvitkalka bakaromnen, og jammen vart den kvit.



Frukthaust og turking, fiken  og fico di india (kaktusfrukter), dei få mandlene som var her i år er i hus. Solturka tomater er ikkje å forakte. Når dei i tillegg ligg i olje frå eiga tomt må det vere nærast perfekt.




Skal dei ettermåten nyplanta sitrustrea klare seg, MÅ eg få på plass vatning. I morgon før temperaturen tippar normal kroppstemperatur bør eg klare å få det til. Alle koplingar er på plass så langt eg har oversikt over. Tenkearbeidet bør ikkje vere verre enn at ein overheit nordmann på tampen av ferien skal kunne få det til. Dryppvatning til jamne mellomrom døgnet gjennom bør leggje grunnlag for god vekst vidare. Me vil meir enn gjerne hauste både sitron, appelsin, mandarin, klementin og kumqat, men då må me stelle godt med trea som ikkje har stått på tomta her meir enn eit par år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar