Translate

tirsdag 22. april 2014

God mat og vennskap høyrer saman

1. Påskedag hadde me planar om  vere i lag med andre heimefrå som lagar seg ein ekstra heim her sør i Puglia. Dei lengstkomne har gjort om på det. Dei er visst mest heime her og har heim nummer to heime for oss andre.
Etter eit par regnfulle dagar kom 1. Påskedag med ver som passer seg her midt i Middelhavet. Me er vel i midten både når det gjeld sør/nord og aust/vest. I denne støvelen trivst me, men ser og at her på vintertid kan vera skikkeleg klamt. Men er det ikkje slik det ofte er i høge og tette fottøy?


Plass hos Osteria Guiseppe i Via Malta, Ceglie Messapica var bestilt. 10 nordmenn rundt bordet og 16 innfødde rundt nabobordet. Fleire var det ikkje plass til i det rommet. Eg måtte passe på å ikkje bli sitjande inst på ei rekkje av 5, for der måtte alle dei andre reise seg om ein i løpet av måltidet måtte ut for å ta ein pause. Mykje kjekt ein kan gjere i pausar, få frisk luft, strekke beina og ikkje minst gå på do. Sånn omtrent papirvegger inn mot resten av restauaranten  frå do og ingen låsbar dør gjer vel ingen ting. Greitt nok for min del i alle fall at der ikkje var nøkkel. (meir om nøkkel seinare)



Ein ting har me visst alle lært så langt. Skal du bli høyrt må du bare gje på med lyd. Tidevis klarte me mest å lage like mykje lyd som dei på andre bordet.





Dei seier det ikkje er størrelsen det kjem an på. Me sat ved sida av kvarandre, og når karar sit slik vil dei gjerne samanlikne. Eg må medgi at eg tapte. Terje klarte å fange detaljerte border rundt fatet, Livar kom heilt innpå fatet og fekk med seg dei enkelte druene i drueklasen, medan eg måtte nøye meg med mest vegg, rett og slett bare eit lite fat og mykje vegg.  Størrelsen på Zoo-oooooom har litt å seie likevel fann eg ut.
Arrosto mista smakar mykje betre enn det ser ut til. For ein nordmann som meg, er det noko uvant at kjøtretten kjem utan anna følgje enn det ein bestiller, men slik der det her. Vil du ha contorni (poteter pommes frittes eller anna) får du passe på å bestille det.
Det er godt å sitje i lag med godtfolk når måltidet varer i 3 timar. 
Måltidet vart runda av med macedonia eller fruktkompott på morsmålet og påskekake. 

Anne Marie og eg sa takk for oss til resten av selskapet og drog til Francavilla der me ville ha med oss litt av den religiøse dimensjonen i påskeferinga her i området. Før me sa heilt takk for oss, vart me med opp til Sofie og Livar sin plass. Dei har vore på Ikea i Bari og fått seg nytt kjøkkenbord. Me kunne få det gamle om me ville ha det. Lette å lokke som me er, kunne me jo ikkje seie nei til slikt eit tilbod. Ut frå måla vil det passe heilt perfekt som stovebord hos oss.
For ikkje å bli ståande utfor låst port og låste dører på grunn av attgløymde nøklar i Norge, spurde me om nøkkeloppbevaring, og det var greitt nok det. Nøklar vart levert. Me sa på gjensyn til sommaren til Sofie og drog nedover mot Francavilla. 
Der fant me staden me har drukke kaffi på når me har hatt bankærend til byen. Sidan det var litt kulse, hadde me lyst på varm sjokolade. Så tjuktflytande drikke har eg visst ikkje vore borti før. Omtrent som tjukk vaniljesaus. Godt var det, og litt varme i kroppen gav det og.

Etterkvart tok det til å samlast meir folk i gatene. Me fann kyrkja som var utgangspunkt for Påskeprosesjonen. 
Musikken danna opptakten til prosesjonen. Nokre har alltid dårlig tid, legg merke til trommisen. Han hadde visst meir på programmet den dagen.


Kristusfiguren blir helsa og boren rundt i byen som symbol på Jesu oppstode av dei døde.  Så helsar folk kvarandre AUGURI. 


Etter at me hadde fått med oss påskeprosesjonen bar det heimover att. Mest heimkomne fekk me sjå kor godt det er å ha eit ekstra sett nøklar lagra hos amice a Ceglie.  Utan det ekstra nøkkelsettet hadde me ikkje kome inn i Festung Felizia utan godt med både styr og ståk. Bryta seg inn er ikkje lett, og fort ville det kome væpna vaktfolk engasjert for å passe på villaen.
Det hadde seg slik at etterkvart som me nærma oss huset vårt gjekk det opp for meg at eg i farten hadde levert dei einaste nøklane me hadde med oss. Reservenøklane som skulle Livar få i dag når han køyrer oss til flyplassen, dei låg att i villaen. Slik fekk eg meg eit beskjemma flir sjølv, og jammen trur eg me forlenga livet til både Lill Karin, Gaute, Lene, Egil, Livar og Sofie. Latteren sat i alle fall laust i stova der då eg stakk hovudet inn for å hente nøklane.
Frukost ute i dag. Reisedagen er aldri den gildaste. Kunne vel ha vore her mykje lenger, men me var samde om at me hadde hatt ein gild tur.


fredag 18. april 2014

Trullo Pernoll

Det er ikkje første gong i dag at der er prominente gjester på Trullo Pernoll. Journalistar heimefrå har alt vore der, og i dag var det me som var dei heldige. Det gjekk ut bod om at utvalde nordmenn i Puglia skulle få kome til lunsj hos Signe og Gaute ikkje langt frå Locorotondo. Me gleda oss på førhand, og det var såvisst ikkje fånyttes. 
Kokkelering er ein kunst som står høgt i kurs mellom oss besøkjande. Nå er ikkje maten einaste grunnen til at me  har skaffa oss tak over hovudet her sør i Italia, men ein ganske så viktig grunn er det for min del.  
Me er vane med at gulerøter skal vere oransje. Her fekk me gule, og lilla i tillegg. Frå nå av veit me det er mogeleg å skaffe gulerøter som passar til dei lilla serviettane.  
Oliven som desse trudde me bare kunne brukast til olje. Her hadde vertskapet plukka oliven litt tidleg og gitt dei ein omgang med salt, vatn, kvist av fennikel og myrte og laurbærblad. Etter ei viss tid kan det brukast som appetittvekkjar. 
Som antipasti fekk me husets frittata med artisjokk og foccacia med rikeleg med løk.

Baccalao med r  i  i  k  e  l  e  g  med olivenolje. Noko av det beste me laga på skulekjøkken for Maggi i hine harde dagar 1968 -71 var nettopp baccalao. Den var kjempegod hugsar eg, den beste retten me lærte å laga. I mellomtida har eg både kjøpt og laga. Dagens var i absolutt toppklasse. 
 Lill Karin Auglend, Lene Auglend og verten sjølv; Gaute Birkeland.
 
 Lene, Gaute, Målfrid, Signe, Sofie, Livar, 
Terje og Egil (halvparten av paret Lene+Egil)
 Geir, Gaute og Lill Karin
 Målfrid og vertinne Signe
 Radarparet frå Varau, Livar og Terje.

Krake søkjer make heiter det, og jammen trur eg det er tilfelle. Eg spurde Gaute litt om kva som gjorde at Puglia vart staden der han og Signe ville slå seg til og vere pensjonistar. Gjestfrihet er eit nøkkelord. Gjestfrie folk søkjer gjestfrie folk tenkjer eg. Anten har vertskapet vårt i dag alltid vore gjestfrie, eller så er dei blitt smitta i store doser av den lokale varianten av gjestfrihet. 
Anne Marie sikra seg ISBN 88-8229-785-5  
Ganske så stor sjanse for at den hamnar i vår 
ekslusive bokhylle der bøkene er få og utvalde,  


og alle som ei handlar om mat.

torsdag 17. april 2014

God mat smakar i godt lag

Gjestene dukka opp. Sofie og Livar først. Det vart visst litt klein dirigering for parkering frå  mi side. Vinrankene fekk stå i fred, men steinane eg har lagt ut for å verne om dei små plantene fekk ikkje fred. Ingen skade skjedd, men sjåføren merka at her var noko som heldt att.
Då tida nærma seg 8 måtte eg avgarde for å vise veg hit til Villa Felizia. Det er dei mest lokale eg så langt har vist veg for. Kjem ein frå Latiano er ikkj vegen så heilt ille å finne, men følgjebil er sjølvsagt det enklaste.. 
Etterkvart har eg skjønt at ein ikkje kjem på middagsbesøk her utan ein aller annan gave. Meeresfrüchte frå Belgia, gitt av semi-italienarar i Puglia, presentert på Hardangersaum må vel seiast å vera ei litt internasjonal gåve.
Koloritten i buketten Meggi og Pascalone hadde med passa som hand i hanske her i stova.  Det internasjonale temaet held fram: Blomar frå Italia, vase og lykt av svensk glas og ser du godt etter legg du merke til to kvite italienarar/høner (frå Norge) på bordet.

Gildt å få gåver. Aller gildast er å få besøk av gjester som set pris på det me har laga til. Meggi trudde rett nok at ho skulle få Finnbiff, men den biffen får me ordne ein annan gong. 

Me har så langt her i Villa Felizia kokt på butan frå ei engelsk gassflaske. Har vore litt redd for at den skulle gå tom ein eller annan gong det slett ikkje passa seg. Då eg skulle fyre opp bakaromnen på gasskomfyren for å gje pinnakjødet den sprø steikeskorpa me likar så godt, var det jo akkurat det som skjedde. Gode råd kunne då fort ha blitt dyre, men heldigvis hadde eg skaffa ny gass og ny regulator som passar dei gassflaskene med industritilkopling som ein lettast finn her. Ein liten omgang med skrujern, så var steikeskorpa fiksa. Me tok sjansen på nypoteter med skal, men dei norske meinte det ville bli vanskelig for dei lokale gjestene. Gaffel og kniv og skrelling før potetene kom på bordet vart løysing på manglande potetskrellar.
Eg hadde laga rikeleg med kålrabistappe og frose ned heime på Vigrestad. Om ein pakkar i bobleplast held det seg frose i dei timane reisa tek. Eg vart litt øvejidde kan du sei når halvparten av kålrabistappa viste seg å vere frosne restar av ei fiskegryte. Godt då å ha rekna romslege porsjonar, for det vart nok og meir enn nok av bare halvparten av det eg hadde gjort klar.
©Livar
Kjøtet var akkurat passe salt. Såg ikkje anna enn at gjestene åt, men heller ikkje her var det lett på berekne mengde. Dei porsjonane eg reknar med til jul når våre tre søner Knut, Helge, Tor Sveinung og broder Oddvar skal mettas, dei porsjonane er nok det doble av det som var nødvendig nå.


Etter slikt eit tungt måltid mat passa det godt med jordbærgele servert med vaniljesaus frå Tine, spedd ut med fløte herifrå. 
©Livar
Dei italienske gjestene var som de ser veldig nøgde med det dei fekk servert, eller var dei bare glade for å vera i godt lag? Eg trur begge deler.


tirsdag 15. april 2014

Pinnakjød og grøftegraving

Dei som driv parkeringplass for nordmenn med hus i Latiano driv også restaurant  La Taverna di Pascalone. Kor stor fallhøgda er når me inviterer på PINNAKJØD er eg litt usikker på. Kålrabi fins ikkje her sør. Nordens appelsin trengs ikkje, her er nok appelsiner i normal variant. Kålrabistappa vart laga i Helmikhølen og frosen ned for transport hit. 
Her er lite bjørk å finne på tomta. Greiner av mandeltre vart reinska for bark og fekk gjere nytte som rist i botn av gryta.
Koking på gass utandørs er visst første gong eg har prøvd, men "kæ sgo fela". Ikkje noko problem det. Gryta innkjøpt for høvet på marked var og god nok, men loket derimot. Det var mest bare som litt tjukk aluminiumsfolie med handtak på. Med Høyang Polaris opp ned og ein glasdunk med vatn på toppen vart det ikkje tett, men tett nok til å få til dampkoking.
Me gler oss til å by Meggi og Pascalone, Sofie og Livar til bords i morgon kveld. Men det blir visst først gong eg har servert slik mat til restaurantfolk.


Det ligg dårlig an når det gjeld gravemaskin her på tomta. Ein lyt satse på den manuelle variantet. Då får ein gjere som ein viss ein oppi Ceglie sa. Kjør fresen. Spa utav, kjør fresen på ny. Gjenta til du er så djupt som du skal.  Så fryktelig djupt treng ein nok ikkje heller. Her er lite hardfrost for å sei det slik. Kanskje nokre netter under null, men ikkje noko som gjev tele i bakken.
 Funkar heilt fint det. 
Får endåtil fin laus mold til eit nytt bed. Alltid gildt når ein kan løyse to eller fleire oppgåver på ein gong.

mandag 14. april 2014

Marmeladekoking med meir

Rett nok er dette med kjøpeappelsin, men det er jo greitt å trene litt før me kan bruke av eigen avling. 
Appelsinmarmelade frå eiga gryte smakar bare SÅÅ godt. Ein del arbeid, men mesteparten av tida går med til bløytlegging av fruktene, 3 døger og skifte av vatn fleire gonger i løpet av den tida. Skjæring, koking, glasvask er gjort på nokre timar. Ute i sola er det som ein leik.  




Produktet blir importert i koffert til Norge, med unnatak av nokre glas som står att her for å gjere nytte som pålegg når søner og svigerdotter kjem på besøk til sommaren.


 Me har ei bu utan dør. De er staden der ubedne gjester kan forsyne seg som dei vil. Ei skikkeleg opprydding gjer kanskje det heile meir freistande for dei langfingra, men det såg ganske godt ut for husfolket og. Nå let det seg gjere å finne att det ein vil ha.



Her blir rett og slett plass til syklane og, slik at dei slepp å vansmekte ute under open himmel. Sidan bua er ulåst får me låsa som best me kan. 

                             Ein stige og to syklar tett i tett. 
                           Å stela desse skal ikkje vera lett. 

Avbitar for stål må ein minst ha, eller evne til å bere med seg 3 store objekt som kvar for seg er uhamslege nok å bere. Framleis er det slik at når me reiser heim til Vigrestad får me nok ta bryet med å flytte syklane inn i huset. Med gitter framfor dørene, gode låsar og alarm på alle dører og vindu og sensor som registrer kvar minste rørsle innomhus skal det ganske stor innsats til om nokon skal klare  å stikke av med tohjulingane våre.




Kva måtte så ut? 

Bilen vart full nok den. Plastpotter, plastkassar, baljar, slange, gnurt stol, skumgummirestar, plastrøyr, kaffiglas, flasker og sikkert endå noko meir. Sidan me endå ikkje har funne ut av renovasjon her i Latiano valde me å reise over kommunegrensa til San Vito for å kvitte oss med rapen. Ikkje langt frå Livar og Sofie sin residens fann me 4 eller 5 nytømde containerar. Så var ikkje dei tomme lenger.


Kalking er ein kjekk geskjeft. Endå er eg på prøve og feile nivå. Kor tynn / tjukk skal kalken vera? Kva temperatur er best for god vedheft? Trening på murane langs vegen inn til huset er ok. På sjølve huset må me nok bare halde fram med maling slik dei førre eigarane har gjort. Murane og bakaromnen + eitt lite veslehus/utedo skal få kalk, og det er ikkje meir omfattande enn at ein godt klarer ein omgang kvart år.

lørdag 12. april 2014

Lettstarta Honda etter vinteropplag





Har ein først skaffa seg Honda lyt ein ta vel vare på den.  Det er ikkje storleiken som tel seier dei. 160 kubikk er jo ikkje så fælt mykje å skryte av, men ikkje skal den kjøre så langt og den som kjører går bare etter og styrer. Då klarer det seg.

Åkeren som skal gje plass for kortreiste grønnsaker til sommaren er klar for såing. 
Her ser du tidlegare omtala grunn for bygging av soltak. Det må visst bli ein mur, og då er fresaren suveren til å preparere den knallharde molda før spade og rå muskelkraft gjer resten av jobben. Forresten, skal me gjere det sjølv får det klare seg med ordinær muskelkraft. 
Sjølvsagt må Hondaen få god pleie etter kraftttak av det meir skitnesame slaget. Eg vart helst imponert då den vart tatt utav vinteropplag. Eit trekk i snora, så sveiv den. 

Ikkje verst med arbeidsfolk som er heilt sjølvgåande.  Det går i eitt frå tungt til lett. Det som er så flott her, er at her er akkurat passe standard på saker og ting. Me treng ikkje jobba oss forderva for at det skal bli greitt. Samstundes treng me ikkje keia oss i mangel på noko å finna på.

Knyt ein krans
av blader grøne
Pynt med gult
då blir det kult

Om eg ikkje hadde blitt lærar, kva kunne eg då ha blitt?


 Slangetemmar