Translate

tirsdag 22. april 2014

God mat og vennskap høyrer saman

1. Påskedag hadde me planar om  vere i lag med andre heimefrå som lagar seg ein ekstra heim her sør i Puglia. Dei lengstkomne har gjort om på det. Dei er visst mest heime her og har heim nummer to heime for oss andre.
Etter eit par regnfulle dagar kom 1. Påskedag med ver som passer seg her midt i Middelhavet. Me er vel i midten både når det gjeld sør/nord og aust/vest. I denne støvelen trivst me, men ser og at her på vintertid kan vera skikkeleg klamt. Men er det ikkje slik det ofte er i høge og tette fottøy?


Plass hos Osteria Guiseppe i Via Malta, Ceglie Messapica var bestilt. 10 nordmenn rundt bordet og 16 innfødde rundt nabobordet. Fleire var det ikkje plass til i det rommet. Eg måtte passe på å ikkje bli sitjande inst på ei rekkje av 5, for der måtte alle dei andre reise seg om ein i løpet av måltidet måtte ut for å ta ein pause. Mykje kjekt ein kan gjere i pausar, få frisk luft, strekke beina og ikkje minst gå på do. Sånn omtrent papirvegger inn mot resten av restauaranten  frå do og ingen låsbar dør gjer vel ingen ting. Greitt nok for min del i alle fall at der ikkje var nøkkel. (meir om nøkkel seinare)



Ein ting har me visst alle lært så langt. Skal du bli høyrt må du bare gje på med lyd. Tidevis klarte me mest å lage like mykje lyd som dei på andre bordet.





Dei seier det ikkje er størrelsen det kjem an på. Me sat ved sida av kvarandre, og når karar sit slik vil dei gjerne samanlikne. Eg må medgi at eg tapte. Terje klarte å fange detaljerte border rundt fatet, Livar kom heilt innpå fatet og fekk med seg dei enkelte druene i drueklasen, medan eg måtte nøye meg med mest vegg, rett og slett bare eit lite fat og mykje vegg.  Størrelsen på Zoo-oooooom har litt å seie likevel fann eg ut.
Arrosto mista smakar mykje betre enn det ser ut til. For ein nordmann som meg, er det noko uvant at kjøtretten kjem utan anna følgje enn det ein bestiller, men slik der det her. Vil du ha contorni (poteter pommes frittes eller anna) får du passe på å bestille det.
Det er godt å sitje i lag med godtfolk når måltidet varer i 3 timar. 
Måltidet vart runda av med macedonia eller fruktkompott på morsmålet og påskekake. 

Anne Marie og eg sa takk for oss til resten av selskapet og drog til Francavilla der me ville ha med oss litt av den religiøse dimensjonen i påskeferinga her i området. Før me sa heilt takk for oss, vart me med opp til Sofie og Livar sin plass. Dei har vore på Ikea i Bari og fått seg nytt kjøkkenbord. Me kunne få det gamle om me ville ha det. Lette å lokke som me er, kunne me jo ikkje seie nei til slikt eit tilbod. Ut frå måla vil det passe heilt perfekt som stovebord hos oss.
For ikkje å bli ståande utfor låst port og låste dører på grunn av attgløymde nøklar i Norge, spurde me om nøkkeloppbevaring, og det var greitt nok det. Nøklar vart levert. Me sa på gjensyn til sommaren til Sofie og drog nedover mot Francavilla. 
Der fant me staden me har drukke kaffi på når me har hatt bankærend til byen. Sidan det var litt kulse, hadde me lyst på varm sjokolade. Så tjuktflytande drikke har eg visst ikkje vore borti før. Omtrent som tjukk vaniljesaus. Godt var det, og litt varme i kroppen gav det og.

Etterkvart tok det til å samlast meir folk i gatene. Me fann kyrkja som var utgangspunkt for Påskeprosesjonen. 
Musikken danna opptakten til prosesjonen. Nokre har alltid dårlig tid, legg merke til trommisen. Han hadde visst meir på programmet den dagen.


Kristusfiguren blir helsa og boren rundt i byen som symbol på Jesu oppstode av dei døde.  Så helsar folk kvarandre AUGURI. 


Etter at me hadde fått med oss påskeprosesjonen bar det heimover att. Mest heimkomne fekk me sjå kor godt det er å ha eit ekstra sett nøklar lagra hos amice a Ceglie.  Utan det ekstra nøkkelsettet hadde me ikkje kome inn i Festung Felizia utan godt med både styr og ståk. Bryta seg inn er ikkje lett, og fort ville det kome væpna vaktfolk engasjert for å passe på villaen.
Det hadde seg slik at etterkvart som me nærma oss huset vårt gjekk det opp for meg at eg i farten hadde levert dei einaste nøklane me hadde med oss. Reservenøklane som skulle Livar få i dag når han køyrer oss til flyplassen, dei låg att i villaen. Slik fekk eg meg eit beskjemma flir sjølv, og jammen trur eg me forlenga livet til både Lill Karin, Gaute, Lene, Egil, Livar og Sofie. Latteren sat i alle fall laust i stova der då eg stakk hovudet inn for å hente nøklane.
Frukost ute i dag. Reisedagen er aldri den gildaste. Kunne vel ha vore her mykje lenger, men me var samde om at me hadde hatt ein gild tur.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar