Translate

søndag 15. juni 2014

På fraktefart sørover i Europa

Det er mest som eg har tatt opp arven etter Guttorm, farfar som dreiv som skipper på ei frakteskute langs vestlandskysten.  La frå «land» fredag  6. juni med kurs for Bergen som fyrste stopp. 

Farfar gjekk med stykkgods mellom Bergen og Stavanger. Mi rute går mellom Vigrestad og Puglia og i min bil er det mange rom. All plass vart utnytta til glede for både meg og mange andre.(Meir enn ein er mange, ikkje sant?)


Aggregatet er noko eg i si tid kjøpte til bruk i bubilen når me villcampa, men det har vore svært lite driftssikkert. Siste håp er dei som reparerte den besnindrivne kantklipparen for ein slikk og ingenting at dei klarer å få start på det. Får dei liv i aggregatet er det fint. Klarer dei det ikkje, fins det vel ein stad her der det kan setjas att.
Kva øskjene gøymer, er meir enn eg veit. Godt det ikkje står Securytassar på kaien når ein skal ombord i båtar slik som det gjer når ein skal ombord i fly. Hadde hatt problem med å bekrefta at eg visste kva som var med og at eg hadde pakka alt sjølv.
Denne gongen starta turen med ein svipp oppom Bergen for å feire 60 årsdag for Marit, og for å få til eit lite besøk hos Mona og Tor Sveinung. Litt frakt dit vart det og. Mellom anna ein sykkel som nok skulle vore på verkstad før den for til Bergen. Kranken var krank og bør nok skiftas. 
Dette er ikkje kranken på Tor Sveinung sin sykkel. Hadde eg fore på opne havet kunne eg sikkert hatt nytte av den, men sekstanten krev nok meir av brukaren enn det ein GPS gjer. Måtte nok gått på skule og lært navigasjon om eg skulle hatt nytte av denne.
Då farfar for langs vestlandskysten var det heilt sikkert sjøkart han navigerte etter. Ei samling av detaljerte kartblad over heile leia frå Stavanger til Bergen stod lagra på loftet i huset på Finnøy. Av ulike årsaker er det bare att eit par av desse kartblada.

Når eg fer sørover treng eg noko som gjer det enklast mulig å finne vegen utan  å ha kartlesaren ved sida av meg. Kartlesaren er dokumentlesar på Varhaug enda eit par veker framover. Paula som har fått plass inni Samsungen min har vore god til å melde frå om eg skal til høgre eller venstre, men ho vart permittert midt i Skagerrak.
Globusen sette eg att hos Tor Sveinung, så den var det lite hjelp i når eg skulle finne rett veg . Det ville kanskje ende i at alt bare gjekk rundt og rundt.
Beinvegen visste eg, men tungvint å kjøre etter ein slik strek over kartet.
Siste helsing frå Gamlelandet. Ute ytst i Sogn  I Skjerjehamn Gulen står det ein statue av Kong Olav

Han var kanskje ikkje fin nok for fiffen i Oslo, men det er jo greitt. Hadde den hamna i hovudstaden, hadde den ikkje fått besøk av andre generasjons etterkomarane etter Maria og Olav Reisæter. 
Elin, Åse Marie, Olav Johan, mi  yndlingskone Anne Marie, Marit 60 år ung, Frode, Randi og Odd Olav.

Som inngift i slekta var eg heldig og fekk vere med. Det vart slik sett ein forsiktig startetappe på den store turen eg tok ut på sist helg.
Første bil i kø er stas. Spesielt når ein kjører bubil. Her frå Jekteviken med Fløyfjellet bak. Det må ha vore den dagen heile Bergen gjekk rundt i sjokk. "Gå mann, eg kvapp. Eg såg solen." Støkk ein når sola kikkar fram, ligg ein kanskje lamslegen når ho skin ein heil dag?
Vel på plass i lugaren som hadde fantastisk utsikt, her mot Ulriken like før avgang. I eit hus har du jo same utsikt hele tida. Her kunne ein få med seg heile kyststripa der farfar Guttorm  førte frakteskuta Solveig i både godver og uver.
Karmsundbrua hadde gjort seg klar til å bli passert i det eg nytte eit retteleg godt mål mat i Commander Buffet. Velsmakande og dandert på fint vis, ja maten ikkje brua. Mykje av smaken kjem gjennom augene. Godt at rettskrivinga på bordreservasjonskortet ikkje skulle innom ganen.
Slik har eg aldri sett Jæren før. Det var kveld og vanskelig å sjå detaljar, men du verda for eit flott lys. Vindmøllene såg eg, og ikkje øydela dei så mykje heller. Stokkelandsmarka såg eg og. Dei andre plassen ligg liksom lågare i terrenget.  Slik sett er det mest som dei Stokkeland bræser seg og gjer alt dei kan for å syne att.

Etter ei god natt i lugaren med ein dusj som ikkje kunne reguleras til passe temperatur ( bare skoldande heitt vatn når eg stod tidleg opp), var det frukost og så landgang i Hirtshals. 

Ein del mil framføre kan du sei det var, men med god bil på gode vegar så går det ganske greitt for greie gutar. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar