Translate

lørdag 21. juni 2014

Nokre netter på hospitalet

Det vart ein litt trong start på Pugliferien for mine to eldste søner. Tysdag ettermiddag då flyet med Helge skulle landa i Bari kom det opp melding på tavla at det var forseinka "due to operational reasons" Eg visste at Knut som kom ein litt annan veg landa på tida i Brindisi 10 min før forventa ankomst av Helge i Bari.  Meldingane på tavla vart heile tida endra, så først nærare tre timar etter ruta kom Hege smilande inn i ankomsthallen. Snaue to timar etter med bil til Brindisi kunne me plukke opp Knut som då hadde vent og venta og venta i bortimot 5 timar. Før i verda måtte ein bare akseptere at slik var det. Nå har ein i det minste sjanse til å få sagt frå undervegs.
Klare for eit godt måltid mat drog me til Latiano for at karane skulle få fylle opp att etter lang dags ferd mot Puglia. I Latiano er det La Taverna di Pascalone som gjeld. Meggie var på plass, bord fekk me og servering fekk me og. Åt gjorde me, og godt var det. Mine bekymringar rundt Helge sin smell med keeper på fotballkampen søndag kveld vart større og større. Meggie ringde til lege for å spørje etter ein engelsktalande lege. Ho kom tilbake til bordet, mest litt brysk etter å ha snakka med ein eller annan lege ho kjende. Kom dykk til sjukehuset straks! Ein svipp innom Villa Felizia for å avlevere Knut tok me oss tid til. Rundt halv elleve fekk me aller nådigast sleppe inn gjennom porten utanfor Ospedale Antonio Perrino. Inn i resesjonen på legevakta vart me nære på avvist. Han som hadde vakt virka ikkje som han likte å bli tiltalt på engelsk. På mitt ytterst hjelpelause og grammatikkfrie italiensk fekk eg nå sagt at han måtte til lege NÅ STRAKS. OM det var blodprøven, nei urinprøven meinte eg, som vertydde veit eg ikkje, men pass og forsikringsbevis vart levert og Helge fekk plass i køen medan han vart registrert i systemet.   




Kort sagt: Klokka 03:00 reiste eg heim til Villa Felizia. Helge vart verande på hospitalet. Legeundersøking, blodprøvar, ultralyd og MR var då unnagjort. Vakthavande lege gav beskjed om fullstendig ro: "Very very dangerous" sa han.
Etter det har Pugliaferien blir litt annleis for Knut og. Fram og tilbake på sjukebesøk. Innleggjande lege sa det var ikkje visitt-tid. me kunne kome og gå som me ville. Ikkje alle portvaktene som har vore samde i det, men me kom oss forbi ei bisk dame som slett ikkje ville ha folk inn på området utanom tida oppgjeven på tavle ved porten. På ny fekk eg brukt min eminent italiensk-kunnskapar og forbi kom me etter at ho forstod eller ikkje forstod at legen hadde sagt me kunne kome og gå som me ville og at han innfor porten låg der av alvorlege grunnar. 
Det vil helst gå godt, og så langt ser det bra ut.  Ut frå sjukehuset sitt namneskilt på biletet ovanfor, kunne ein kanskje tru eg ville skrive om baksida av Ospidale Antonio Perrino. Men kva bakside skulle eg så ta for meg. Dumt det med språk, men slik er det. Problemet er jo først fremst at me ikkje er dugande i italiensk. Bygget er nok noko meir slite, men at Helge fekk både ultralyd og MR alt få timar etter at han kom til sjukehuset, ja det veit eg mest ikkje om han hadde fått så fort heime. Har nå inntrykk av at MR er noko ein må vente lenge lenge for å få. Kanskje annleis når det gjeld noko akutt?

Min konklusjon så langt er at det er annleis å hamne på sjukehus i Italia, men på ingen måtar dårlegare enn heime når det gjeld det medisinsk faglege.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar