Translate

onsdag 12. desember 2012

Nye Pugliadagar

Nedteljing til nye Pugliadagar kan ta til. 
7.februar 2013 landar han i Brindisi etter ein fin tur med 


og set sin lit til at det står klar ein 

som trufast fraktar han rundt omkring i nødvendige 
og unødvendige ærend i løpet av dei 16 dagane 
han tek sikte på å gjere puglianar av seg.

torsdag 6. desember 2012

No vil me fara til Puglia..............: Spør ein, får ein svar

Denne videoen frå YouTube syner eit oljepresseri omtrent heilt maken til det eg fekk kome inn i forå sjå

http://www.youtube.com/watch?v=08D9Bb2XYmA

søndag 2. desember 2012

Nå er det over for denne gong, ja for denne gong


Ingen tvil, Angelo tek seg av olivenhaustinga på eigedomen vår.  Om Cosimo ville prove effektivitet eller kva det nå var veit eg ikkje. Han kom innom utpå dagen med motorsag og handsprøyte for middel mot ugras. På eit blunk hadde han kutta ned kapersbuskane slik det heilt sikkert skal gjerast. Nicht fresen, besser mit XXXX. (Sensurert av økologiske grunnar) I mars april blir det høgt gras av det, oppi halvmeteren om ein ikkje gjer noko.  Han virka enormt ivrig på å få starte hausting av oliven, men nå har eg det frå påliteleg hald, Guido. Avtalen med Angelo om hausting av oliven nå i haust eller rettare sagt vinter, står ved lag. 

Utpå ettermiddagen hadde eg avtale med Alessandra og Georgia. Dei hadde visst tenkt å gå litt rundt i gatene i Brindisi før me skulle ta pizza ein eller annan stad. Eg skulle innom på IperCoop før eg møtte dei. Der har eg fått god kontakt til internett og lagt ut blogg fleire gonger. Nå har maskinen min krølla seg til på eitt eller anna vis. Om det er konfigurasjon av nettverkskort eller om det evt er ein brannmur som slår seg vrang er vanskelig å fastslå her på nettverk som er ukjende. Får håpe det ordnar seg når eg kjem heim. Der kan eg kable og kanskje omgå problemet. Medan eg sat der fekk eg melding med spørsmål om kor eg var. Alessandra foreslo å møtast der, det såg ut til å koma noko regn og då var det ikkje så greitt å gå rundt i byen. Spør om eg var overraska då ho kom. Ho kom ikkje aleine men saman med vesle Luigi på 3 år. Skikkeleg herlig kar var han. Snakkesalig som bare det, hadde endåtil lært seg eller blitt dressert til å kunne helse på engelsk. Sidan veret i mellom tida hadde blitt betre, sat dei på i bilen «min» inn til byen der me skulle møte Georgia. Luigi var happy som bare det over å få setje seg inn i «min» Fiat Cinquecento, bianco.  Han hadde heilt lik bil heime.  Inne i byen møtte me først Georgina og Dina. Dotter deira Claudia på 4 skulle sove vekke hos onkel og tante for første gong. Ikkje lenge etter dukka Dimitrio opp med syster av Luigi, dei er tvillingar. Borna sørg for å setje sitt preg på kvelden, og koseleg var det.
Etter måten enkel mat, men velsmakande som alltid. Kjøttboller med patate fritate, pizza salame piccante. Me kan bare glede oss til dei kjem på besøk hos oss i Villa Feliza.
Fekk meg heldigvis nokre timar nedpå.  Det har vel helst blitt det normale å vakne tidleg når eg skal ut og reise. Kofferten med all maten står ferdig pakka ute på kjøkkenbenken utfor. Natta er kald, så det held seg nok kjølig. Blir nok meir krevjande med alle timane i Roma, nære på 5 timar, men det som held seg det held seg, det andre som evt blir surt får ein bare kaste når eg kjem heim. All ferskmat i kjøleskap er kasta, det vart resteselskap for fem kattar. 




I fryseboksen står det att bare eitt glas med kaffi. Varmtvanns-berederen er slått av. Det stod slik i bruksansvisninga. Ved lengre fråvær utan bruk er det best å slå beredaren av.  Julie og Nich har gjort ein god jobb slik. Det som er av teknisk utstyr er alt utstyrt med bruksanvisning. Gjer det lettare å finne ut av både korleis det virkar og kva ein kan gjera dersom eitt eller anna ikkje 

fungerer.



Noko av det siste eg fekk gjort var å smyge meg mellom vanntanken og veggen for å bolte eine døra frå innsida. For ein kraftig kar som meg  er det akkurat så vidt ein klarer å smyge seg gjennom. Klarer eg det ikkje, kan du trygt sei eg har vore forlenge i Puglia og og blitt frista over evne over alt som kan pirre smaksløkane.

Morgongry Contrada Coltura 1. desember 2012 kl 06:18

Kor vart dei dryge to vekene av?

Flyg tida?
Dryge to veker tilbake i tid: Så herlig dette skal bli. 
Nå: Vart det herlig?  
Det er annleis å vere på ein slik plass såpass lenge heilt aleine. Det er ikkje vanskelig. Det er annleis.  
Det er ikkje vanskeleg å handle hus i Italia, der er bare annleis. 
Å køyre i Italia er slett ikkje vanskelig. Det er annleis.  
Men klart nok, det skjer ulukker her og. I går omkom ein heil familie på fire med to små barn på ein av vegne ut frå Ceglie. Det gjer inntrykk å høyre på radioen om slikt, og der fekk eg jammen sagt at såpass forstår eg. Høyrde det på radioen medan eg køyrde. På nyhetene i går kveld vart det vist frå gravferda og frå ulukkesstaden.
Utanom pakking får eg sjå til å få noko av veden under tak. Ikkje det, til påske er det vel ikkje så sikkert at ein treng vedfyring for å halde varmen. Cosimo kjem innom på føremiddagen med olje. 

Ein tur til Guido Pagliara, Immobiliare Pagliara skal eg og. Sikkert eitt eller anna med evt påbygg. Mange formalitetar som må på plass for å få eit ekstra soverom. I kveld har eg avtale om å møte Georgina og Alessandra, kollegaer frå eit tidlegare Comenius prosjekt. Dei har vore på besøk i Norge, mellom anna var me til Stjernarøyane på staden til Ivar Hidle. Ted og Toril Hovda sto for skyssen, tøff, tøff, tøff. Eg har ikkje sett dei på 7 – 8 år, så det håpar eg vert gildt. Dei var jille folk då og er det sikkert nå og.
Litt smårydding har det vorte i dag. Hadde og turen til Guido på kontoret. Han hadde fått nytt framlegg til løysing når det gjeld evt påbygg. Nå vart det slik me tenkjer oss. Papira på at me er eigarar av Contrada Coltura fekk eg og. Litt fleire tettskrivne sider enn eit norsk skjøte kan du sei. Ny rekning frå Enel. Truleg den siste som skal betalast på Tabac. Avtalen med Deutsche Bank er nok i funksjon til neste rekning kjem. 

Elles har Cosimo vore nokså tett på i dag. Han syns det er fælt med så mykje oliven som bare har blitt liggjande under trea. Guido seier at Angelo vil gjera den oppgåva, så får Cosimo bare takle eigen mangel på tolmod.

La Taverna di Pascalone, Via Roma Latiano


I dag er det torsdag 29. november 2012
I det eg var i ferd med å leggje meg i går kveld fekk eg telefon.
Cosimo haben mir anrufen. 
Ich habe mit meine frau an Ihre Haus zweimal gewesen.
Sind Sie zuhause Morgens am 10:30?
Ja, Ich will da sein.
I dag kom han saman med Anna. Han hadde med seg eit glass kapers og eit glas med heilt lyse tørka fiken.  Olje frå denne sesongen ville han kome med i morgon fredag.  Veldig viktig at den vart teken med til Norge, til Anne Marie.
Eg hadde gjort meg føre, rydda (ikkje at det var så mykje rot akkurat), laga Torovafler, gjort klar for kaffi, funne fram den ¼ sjokoladekaka til Edi, dekka bord med Figgjo flint.  Men så var det ikkje rett tid for mat eller så var det feil sort. Den eine av gjestene tok unna så mykje som eit halvt glas vatn, den andre var avhaldande totalt.
Kanskje litt dumt at me ikkje har fått med oss nok om Cosimo. Han vart nok nemnt av førre eigarane, men sidan me ikkje møtte han i oktober fekk me heller ikkje gjort noko avtale med han. Schade, gjentok han gong etter gong. Schade mit den Oliven.  Han kikka ut på grønsakhagen, det var han som hadde teke hand om jorda så ho skulle bli klar for planting av tomater og andre grønnsaker. Det var han som hadde sagt opp veden som ligg langs steingarden.  Eg fekk gitt beskjed om at når me nå ser korleis det heile blir med «kan hende svigerfar til dotter til meglar Guido» så får me bestemme kven me skal satse på til neste års hausting. Cosimo hadde ikkje problem med å forstå «weil wir kein Information hätte, konnte wir kein «avtale» mit er machen». Gehar, høyr. Det var det namnet mitt vart med tysk-italiensk uttale.  Til «pasqua» kjem me frå Norge, då ser me kva og korleis me skal gjera med eventuelt å gjera ny avtale om henting  av oliven for produksjon av olje.
Det var tid og tolmod til eit par timar i sola i ettermiddag. Eg likar å vere ut i god tid, så det som har vore ute i bruk har funne plass att, mesteparten i skjulet som gøymer vatntanken. Dei flotte Lidl-lampene har og hamna der. Sykkelen får ikkje fleire turar i denne omgang, heller ikkje høgtrykks-spylaren.
Ikkje skjønar eg grunnen, men heime hos oss er det mange som er glade i framandlansk mat. Nå er det vel slik at italiensk mat etter kvart er nokså heimsleg då. På Famila San Vito dei Normanni har eg funne ut at dei har godt nok utval for ein landsens mann frå Vigrestad. Eg treng ikkje å kunne velje mellom ørten ulike sortar yoghurt eller andre ferskvarer for den del.  Stracciatella, mozarella, auricchio, olive verde in salamoia, prosciutto crudo nazionale, carpaccio, parmesan, clementiner, canestrini con passata di albicooca, papillon ciliegia, cuor di latte og canestrini con passata di amarene  er dei varene eg håpar er gode nok venner til å dele plass i kofferten. Noko olje blir det visst og etter det Cosimo sa. Han meinte visst eg kunne ikkje reise tilbake utan å ha med olje frå denne hausten og frå olivenlundane her i naboskapet. Ikkje må eg gløyme smak frå vår eigedom heller.  Tomatsaus hermetisert og fylt på små flasker skal og med.

I Specchiola var det ikkje mykje folk å sjå. 


Fælt få som bada. Elles ser jo det meste likt ut bare det at her var folketomt nå, ikkje som i sommar då me fekk lauga oss og kjøle ned kroppar som måtte utstå varme heilt oppe i 41 grader. Endå nokre grader til ein kjem opp i badstuvarme, men der er ein jo ikkje meir enn ei avgrensa tid.
Eg prøvde å finne ein stad for mat i Latiano, men gav det opp. Ikkje hadde eg dress og ikkje syns eg det trengs for eit måltid ein vanleg kveld i veka. Klientellet såg ut ti å høyre heime i ei anna verd enn der eg trivs. TripAdviser fortel om ein plass i Via Roma, og der trur eg eg får prøve meg i kveld.  3 mil til Grottaglie er ikkje så fælt langt nettopp, men greitt med noko som er nærare og. Stinco på Opera hadde vore topp, det må eg vedgå. Men kanskje nokre andre og skal få sjansen til å vise kva dei kan.
Det vart nokre andre i kveld. I Latiano er det ikkje slik at det kryr av stader der ein kan mette magen. Slett ikkje mange tek så stort magemål av seg som La Pascalone  gjer på plakaten ved inngangsdøra.


Ein så anonym inngang som her har eg mest ikkje sett før. Gatenamnet lovar godt. Ut frå namnet kan ikkje Via Roma kan vera den mest avgøymde gata i byen. Det er nummerskiltet 82 som bergar meg, for her hadde aldri  eg trudd det kunne finnast ein stad som serverte mat av god standard. Vel innafor døra vart eg teken imot av fruen i huset. Mann og kone opplegg. 

Han tok seg av maten, ho tok seg av gjesten. Eg kom litt før 8 og gjekk rundt 10. At dei innfødde er seine når dei går ut, det er eg klar over.  Men 1o, og endå ingen andre gjester enn eg? Maten var her ikkje noko å seie på. Den var framifrå og i rause porsjonar. 







Ingen problem å anta same fasong som kokk eller gjest på plakaten utfor døra. Geschmakelig som dei seier i Nederland

Novemberturist i Martin Franca


Resten av onsdagen var i grunnen ei blanding av surt og søtt. Varmt frå morgonen av, men ganske så fuktig. Utpå dagen tok eg meg ein tur til Taranto, trudde iallfall det frå starten av. Kom nokså langt og, men snudde då det var att 7 - 8 kilometer. Det bles noko fælsleg sjølv for ein jærbu. Med nasen mot Martina Franca hadde eg tru på ver som var litt meir passande for ein novemberturist.  Eg er endå ikkje innstilt på opningstidene her i Puglia. Nå var rettnok mykje vinterstengt vil eg tru, men slik tidleg på ettermiddagen er alt vanleg også stengt. Fekk meg ein tur gjennom gammal busetnad. Interessant å sjå korleis tomter er utnytta. Her var det lite av 90° vinklar. Ser ut til husa har vore på plass før bilane sin tidsalder. 

Men bilar kjem visst fram sjølv om det er aldri så smalt og det er sett opp det som kan sjå ut som feller, nokre små mura klossar innmed veggene som gjer at ein ikkje kan stryke heilt inntil veggen. Blomsterflor kan ein finne mange stader, 




her ein variant på ein vegg i gamlebyen Martina Franca.

TripAviser gjev gode råd til reisande. Då me var her i oktober fant me lite av stader der me kunne eta. Då eg brukte TripAdviser og søkte opp på San Vito dei Normanni fann eg 9 stader. Eg oppsøkte dei 3 øvste på lista i går ettermiddag. Første staden var stengt i november, men fekk gode tilrådingar. Nummer to var også stengt, for tidleg på kvelden, men det såg ut som ein også der var utanom sesongen. Tredje plassen fant eg ikkje, men det gjorde ikkje noko, for heime i min andre heim visste eg der var pasta, bacon og tomatsaus.  Lina sin tomatsaus er bare SÅÅÅÅ god. Smakssterk og frisk på ei og same tid. 
På kvelden fekk eg forresten med meg på nyhetene at eg kan vere glad til at eg ikkje stoppa i Taranto. Andre som stoppa eller for forbi akkurat i går var ein tornado som sette spor etter seg i form av nedrivne bygningsdeler og store skipskranar som velta. Det var fleire som omkom på hamna. Mykje oppmerksomhet fekk det på Rai sine nyhetssendingane. Elles er det visst slik at det ligg dårlig an med vidare drift av stålverka der i byen. Har lenge lurt på kva dei har produsert i dei enorme fabrikkane, men nå veit eg det. Stål som ikkje lenger er lønnsomt å produsere. Er visst betre å legge ned og påføre ein heil region endå større problem med nedgangstider. 

Oliven, mat og ver


Tysdag 27. nov 2012
Her er varmt nok om dagane. I dag var det heilt oppe i 19,2. Stort sett sol og vindstille. Går ein tur mellom olivenlundane er ein omgjeven av ein jamn dur. Det er lyd av diverse variantar av maskineri tiltenkt å skilje oliven frå bladverk og greiner. Dei maskinane som er motordrivne liknar i prinsipp på maskinar som sorterer reker. Greitt at blada på oliventre er større enn sjølve oliven. Då kan ein nytte slike brett der oliven fell gjennom medan blad og greiner vert sortert vekk.  Reinsing  av blåbær kan gjerast på brett. Nokre stader ser eg det er noko slikt dei brukar. Ein mellomvariant er han eg såg i dag. Rekesorteringsprinsipp utan motor.  Han var sjølv motor. Stod der og rista ei rist som var hengsla i ei anna rist.  Det skramla mestlike mykje som der det er motor.




Det meste av landskapet her er dekka av olivenlundar. Rekkjer med tre så langt auga kan sjå. Mellom teigane går det mange stader vegar, noko som gjev gode muligheter til turar, anten på sykkel eller til fots.


På kvelden i går var det av garde til Brindisi. Palma og Ubaldo inviterte nokre av dei gamle travarane frå The More You Know, The More You Grow. Kva som var heimelaga av maten veit eg ikkje, men dama er ein racer på matlaging.  Slik sett var ho nok i sin fulle rett når ho karakteriserte pizzaen i gjestebudet i oktober som foccacia.  Stella kom. Roberto og Edi kom. Til sist kom Graziela og Salvatore. 

 Klargjort for NYTING
 Vertskapet, Ubaldo og Palma
 Roberto og Graziela
 Salvatore, Ubaldo og Palma
Edi og Stella
Skinke, mozarella av bøffelmelk, stracella, ricotta hadde følgje av rundt brød med hol i midten. Brødet var fylt med små terningar av røykt skinke. Rett så god rett i seg sjølv.  Så kom det ein slag kjøttboller innrulla i bacon saman med sopp i rikelege mengder. Saus til som eg ikkje fekk med meg namnet på og mørkt brød, sikkert ein god del rug i det. Denne gongen heilt sikkert heimelaga, men av ferdig mjølblanding frå IperCoop.  For å friske opp ganen etter kjøttmaten fekk me oppskoren fennikel, blomkålbitar, gulrot og stangselleri. Me fekk litt å drikke til. Aqua frizzante, aqua con gas, aqua con callo e aqua con bobbolino. (Her er eg på tynn is når det gjeld rettskriving, men boblene hjelper på oppdrifta får eg håpe) Rødt og kvitt høyrer sjølvsagt og med på eit pugliansk matbord. Det heile vart avrunda med eit par kaker. Eplekake der eplene var bytta ut med pærer og ei sjokoladekake som såg nokså normal ut. Palma skar eit for meg altfor stort stykke, men det er nå det med å vere gjest då. Hos andre hadde eg bedt om å få redusert størrelsen, men nå syns eg det fekk stå til. Så var kaka altså noko heilt anna enn ei normal sjokoladekake. For det første var litt av væska i røra bytta ut med rødvin.  Inni var ho fylt med eitt lag med nokså mjuk krem av sjokolade blanda med aprikosmarmelade.  Det var Edi som hadde laga den og ho var villig nok til å fortelje korleis. Det enda opp med ei kvart kake til meg som eg skulle ha til den frukosten eg sist med siste kaffiskvetten av. Eg trur kaka toler å vente litt.
Det er ein sur, sur dag i dag. Regnar og bles. Luftfuktigheten er utruleg høg. Inne er her 80 % ved 21°. Målingar ute er ikkje tilgjengelig endå.  Det står klar eit heilt lite meteorologisk institutt heime, men det vart ikkje funne verdig til å vera med på denne turen. 

Clas Olson ville kvitte seg med nokre slike institutt, selde dei til nedsett pris.  Så står det bare att å sjå om programvaren som høyrer med fungerer under Win8. Skal nok bli ei råd om ikkje det fungerer og, for eg har ein liten XP maskin i eit skuffe, og om den ikkje får anna enn meteorologi å jobbe med, skal den nok klare den jobben. Eg har juksa litt, tok ut den vesle målaren som fekk plass i kofferten og får dette resultatet ute i dag: 
28. november 2012, kl. 09:30, 82 % ved 18,2°.