Ingen
tvil, Angelo tek seg av olivenhaustinga på eigedomen vår. Om Cosimo ville prove effektivitet eller kva
det nå var veit eg ikkje. Han kom innom utpå dagen med motorsag og handsprøyte
for middel mot ugras. På eit blunk hadde han kutta ned kapersbuskane slik det
heilt sikkert skal gjerast. Nicht fresen, besser mit XXXX. (Sensurert av økologiske grunnar) I mars april blir
det høgt gras av det, oppi halvmeteren om ein ikkje gjer noko. Han virka enormt ivrig på å få starte
hausting av oliven, men nå har eg det frå påliteleg hald, Guido. Avtalen med
Angelo om hausting av oliven nå i haust eller rettare sagt vinter, står ved lag.
Utpå ettermiddagen hadde eg avtale med Alessandra og Georgia. Dei hadde visst tenkt å gå litt rundt i gatene i Brindisi før me skulle ta pizza ein eller annan stad. Eg skulle innom på IperCoop før eg møtte dei. Der har eg fått god kontakt til internett og lagt ut blogg fleire gonger. Nå har maskinen min krølla seg til på eitt eller anna vis. Om det er konfigurasjon av nettverkskort eller om det evt er ein brannmur som slår seg vrang er vanskelig å fastslå her på nettverk som er ukjende. Får håpe det ordnar seg når eg kjem heim. Der kan eg kable og kanskje omgå problemet. Medan eg sat der fekk eg melding med spørsmål om kor eg var. Alessandra foreslo å møtast der, det såg ut til å koma noko regn og då var det ikkje så greitt å gå rundt i byen. Spør om eg var overraska då ho kom. Ho kom ikkje aleine men saman med vesle Luigi på 3 år. Skikkeleg herlig kar var han. Snakkesalig som bare det, hadde endåtil lært seg eller blitt dressert til å kunne helse på engelsk. Sidan veret i mellom tida hadde blitt betre, sat dei på i bilen «min» inn til byen der me skulle møte Georgia. Luigi var happy som bare det over å få setje seg inn i «min» Fiat Cinquecento, bianco. Han hadde heilt lik bil heime. Inne i byen møtte me først Georgina og Dina. Dotter deira Claudia på 4 skulle sove vekke hos onkel og tante for første gong. Ikkje lenge etter dukka Dimitrio opp med syster av Luigi, dei er tvillingar. Borna sørg for å setje sitt preg på kvelden, og koseleg var det.
Etter måten enkel mat, men velsmakande som alltid. Kjøttboller med patate fritate, pizza salame piccante. Me kan bare glede oss til dei kjem på besøk hos oss i Villa Feliza.

Fekk meg
heldigvis nokre timar nedpå. Det har vel
helst blitt det normale å vakne tidleg når eg skal ut og reise. Kofferten med
all maten står ferdig pakka ute på kjøkkenbenken utfor. Natta er kald, så det
held seg nok kjølig. Blir nok meir krevjande med alle timane i Roma, nære på 5
timar, men det som held seg det held seg, det andre som evt blir surt får ein
bare kaste når eg kjem heim. All ferskmat i kjøleskap er kasta, det vart resteselskap for fem kattar.
I fryseboksen står det att bare eitt glas med kaffi. Varmtvanns-berederen er slått av. Det stod slik i bruksansvisninga. Ved lengre fråvær utan bruk er det best å slå beredaren av. Julie og Nich har gjort ein god jobb slik. Det som er av teknisk utstyr er alt utstyrt med bruksanvisning. Gjer det lettare å finne ut av både korleis det virkar og kva ein kan gjera dersom eitt eller anna ikkje
Noko av det siste eg fekk gjort var å smyge meg mellom vanntanken og veggen for å bolte eine døra frå innsida. For ein kraftig kar som meg er det akkurat så vidt ein klarer å smyge seg gjennom. Klarer eg det ikkje, kan du trygt sei eg har vore forlenge i Puglia og og blitt frista over evne over alt som kan pirre smaksløkane.
I fryseboksen står det att bare eitt glas med kaffi. Varmtvanns-berederen er slått av. Det stod slik i bruksansvisninga. Ved lengre fråvær utan bruk er det best å slå beredaren av. Julie og Nich har gjort ein god jobb slik. Det som er av teknisk utstyr er alt utstyrt med bruksanvisning. Gjer det lettare å finne ut av både korleis det virkar og kva ein kan gjera dersom eitt eller anna ikkje
fungerer.
Morgongry Contrada Coltura 1. desember 2012 kl 06:18
Du har vært flink til å ta deg ut, finne butikker og spisesteder. Øvelse gjør mester!
SvarSlett