Translate

søndag 2. desember 2012

Oliven, mat og ver


Tysdag 27. nov 2012
Her er varmt nok om dagane. I dag var det heilt oppe i 19,2. Stort sett sol og vindstille. Går ein tur mellom olivenlundane er ein omgjeven av ein jamn dur. Det er lyd av diverse variantar av maskineri tiltenkt å skilje oliven frå bladverk og greiner. Dei maskinane som er motordrivne liknar i prinsipp på maskinar som sorterer reker. Greitt at blada på oliventre er større enn sjølve oliven. Då kan ein nytte slike brett der oliven fell gjennom medan blad og greiner vert sortert vekk.  Reinsing  av blåbær kan gjerast på brett. Nokre stader ser eg det er noko slikt dei brukar. Ein mellomvariant er han eg såg i dag. Rekesorteringsprinsipp utan motor.  Han var sjølv motor. Stod der og rista ei rist som var hengsla i ei anna rist.  Det skramla mestlike mykje som der det er motor.




Det meste av landskapet her er dekka av olivenlundar. Rekkjer med tre så langt auga kan sjå. Mellom teigane går det mange stader vegar, noko som gjev gode muligheter til turar, anten på sykkel eller til fots.


På kvelden i går var det av garde til Brindisi. Palma og Ubaldo inviterte nokre av dei gamle travarane frå The More You Know, The More You Grow. Kva som var heimelaga av maten veit eg ikkje, men dama er ein racer på matlaging.  Slik sett var ho nok i sin fulle rett når ho karakteriserte pizzaen i gjestebudet i oktober som foccacia.  Stella kom. Roberto og Edi kom. Til sist kom Graziela og Salvatore. 

 Klargjort for NYTING
 Vertskapet, Ubaldo og Palma
 Roberto og Graziela
 Salvatore, Ubaldo og Palma
Edi og Stella
Skinke, mozarella av bøffelmelk, stracella, ricotta hadde følgje av rundt brød med hol i midten. Brødet var fylt med små terningar av røykt skinke. Rett så god rett i seg sjølv.  Så kom det ein slag kjøttboller innrulla i bacon saman med sopp i rikelege mengder. Saus til som eg ikkje fekk med meg namnet på og mørkt brød, sikkert ein god del rug i det. Denne gongen heilt sikkert heimelaga, men av ferdig mjølblanding frå IperCoop.  For å friske opp ganen etter kjøttmaten fekk me oppskoren fennikel, blomkålbitar, gulrot og stangselleri. Me fekk litt å drikke til. Aqua frizzante, aqua con gas, aqua con callo e aqua con bobbolino. (Her er eg på tynn is når det gjeld rettskriving, men boblene hjelper på oppdrifta får eg håpe) Rødt og kvitt høyrer sjølvsagt og med på eit pugliansk matbord. Det heile vart avrunda med eit par kaker. Eplekake der eplene var bytta ut med pærer og ei sjokoladekake som såg nokså normal ut. Palma skar eit for meg altfor stort stykke, men det er nå det med å vere gjest då. Hos andre hadde eg bedt om å få redusert størrelsen, men nå syns eg det fekk stå til. Så var kaka altså noko heilt anna enn ei normal sjokoladekake. For det første var litt av væska i røra bytta ut med rødvin.  Inni var ho fylt med eitt lag med nokså mjuk krem av sjokolade blanda med aprikosmarmelade.  Det var Edi som hadde laga den og ho var villig nok til å fortelje korleis. Det enda opp med ei kvart kake til meg som eg skulle ha til den frukosten eg sist med siste kaffiskvetten av. Eg trur kaka toler å vente litt.
Det er ein sur, sur dag i dag. Regnar og bles. Luftfuktigheten er utruleg høg. Inne er her 80 % ved 21°. Målingar ute er ikkje tilgjengelig endå.  Det står klar eit heilt lite meteorologisk institutt heime, men det vart ikkje funne verdig til å vera med på denne turen. 

Clas Olson ville kvitte seg med nokre slike institutt, selde dei til nedsett pris.  Så står det bare att å sjå om programvaren som høyrer med fungerer under Win8. Skal nok bli ei råd om ikkje det fungerer og, for eg har ein liten XP maskin i eit skuffe, og om den ikkje får anna enn meteorologi å jobbe med, skal den nok klare den jobben. Eg har juksa litt, tok ut den vesle målaren som fekk plass i kofferten og får dette resultatet ute i dag: 
28. november 2012, kl. 09:30, 82 % ved 18,2°.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar