Translate

søndag 2. desember 2012

Novemberturist i Martin Franca


Resten av onsdagen var i grunnen ei blanding av surt og søtt. Varmt frå morgonen av, men ganske så fuktig. Utpå dagen tok eg meg ein tur til Taranto, trudde iallfall det frå starten av. Kom nokså langt og, men snudde då det var att 7 - 8 kilometer. Det bles noko fælsleg sjølv for ein jærbu. Med nasen mot Martina Franca hadde eg tru på ver som var litt meir passande for ein novemberturist.  Eg er endå ikkje innstilt på opningstidene her i Puglia. Nå var rettnok mykje vinterstengt vil eg tru, men slik tidleg på ettermiddagen er alt vanleg også stengt. Fekk meg ein tur gjennom gammal busetnad. Interessant å sjå korleis tomter er utnytta. Her var det lite av 90° vinklar. Ser ut til husa har vore på plass før bilane sin tidsalder. 

Men bilar kjem visst fram sjølv om det er aldri så smalt og det er sett opp det som kan sjå ut som feller, nokre små mura klossar innmed veggene som gjer at ein ikkje kan stryke heilt inntil veggen. Blomsterflor kan ein finne mange stader, 




her ein variant på ein vegg i gamlebyen Martina Franca.

TripAviser gjev gode råd til reisande. Då me var her i oktober fant me lite av stader der me kunne eta. Då eg brukte TripAdviser og søkte opp på San Vito dei Normanni fann eg 9 stader. Eg oppsøkte dei 3 øvste på lista i går ettermiddag. Første staden var stengt i november, men fekk gode tilrådingar. Nummer to var også stengt, for tidleg på kvelden, men det såg ut som ein også der var utanom sesongen. Tredje plassen fant eg ikkje, men det gjorde ikkje noko, for heime i min andre heim visste eg der var pasta, bacon og tomatsaus.  Lina sin tomatsaus er bare SÅÅÅÅ god. Smakssterk og frisk på ei og same tid. 
På kvelden fekk eg forresten med meg på nyhetene at eg kan vere glad til at eg ikkje stoppa i Taranto. Andre som stoppa eller for forbi akkurat i går var ein tornado som sette spor etter seg i form av nedrivne bygningsdeler og store skipskranar som velta. Det var fleire som omkom på hamna. Mykje oppmerksomhet fekk det på Rai sine nyhetssendingane. Elles er det visst slik at det ligg dårlig an med vidare drift av stålverka der i byen. Har lenge lurt på kva dei har produsert i dei enorme fabrikkane, men nå veit eg det. Stål som ikkje lenger er lønnsomt å produsere. Er visst betre å legge ned og påføre ein heil region endå større problem med nedgangstider. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar