Translate

lørdag 25. februar 2017

Solid arbeid II

Med Guido Pagliara i bakhand står det ikkje på tilgang på info. Han tok seg ein tur frå San Vito ned til Cda Coltura for å ta bilete i dagslys. Rapporterte om kor nødvendig det ville vera å reise ned for å rydde opp og reparere umiddelbart.

Eg trur fantane må ha tatt med seg jekk. Synd dei ikkje gjekk før dei la etter seg spor. Om eg skulle fått til dette skadeverket ville eg plassert ein jekk på hjørnet av skuret, så ein planke opp mot utstikket på same hjørnet. Med hjelp av hydraulikk trengs det ikkje så overvettes mykje krefter for å lyfte taket.  At rommet innafor var sikra med både dørmagnetar og infrarød sensor hadde dei tydeligvis ikkje tenkt på. Vel, skulle det bli vel stille der langt utpå landet nå til påske, så får ein i det minste hjelp til å finne på noko  å gjera. Får vel prøve å banke på plass att murblokkene og pusse over. Kanskje vinkelslipar for å lage spor til litt armering kunne vera ein ide.
Det må skarp lut til for å kom seg inn i eit hus som er nærast barrikadert, men umulig er det slett ikkje. Er vel mest eit spørsmål om tid, og då er VigilNova gode å vera venner med. 
Ei løkke av ein kjetting rundt gitteret på vindauga og andre enden av kjettingen på tilhengerkroken på ein bil. Verre er det ikkje å skaffe seg adgang, men igjen; blir bare VigilNova varsla rekk dei fram mest før eventuelle fantar har kome seg inn gjennom det gapande holet i murveggen.

Det er forresten i dette vindauga eg vil plassere eit overvakingskamera. Ikkje det at eg trur me vil finne ut kven som er så trufast på besøk, for det høyrer til mørkets gjerningar og då skal det betre utstyr til enn det nokså enkle kameraet eg har skaffa. Men utover våren kan det vera spennande å følgje med korleis ugraset veks, "minutt for minutt".

Første tanke då mailen frå VigliNova kom var mest JIPPI, nå får eg ein ekstra tur sørover. Etterkvart når Guido har vore der, sett og rapportert, ser eg at det dessverre ikkje er nødvendig. Men å framskunde den planlagde reisa kan fort koma på tale.

fredag 24. februar 2017

Solid arbeid?

Eg sende mail 08:52  i dag 24.02.2017
      Er alarmen framleis på?
Eg fekk svar   08:54   i dag 24.02.2017
      YES

Solid arbeid? Ein gong i mai 2015 hadde me ubedd besøk til Villa Felizia. Taket over cisternen vart bretta til sides som skulle det ha vore lokket på ein boks makrell i tomat.
 
Ingenting å seie på innsatsen frå dei ukjende.  For å gjere det litt meir solid enn det var då me kjøpte eigedomen, vart det lagt på panelbord som hadde gjort teneste nokre år først ved Villa Serena. Underteikna stod for riving, Livar tok seg av kapping og opplasting på ein vaklevoren trehjulsmopedlastebil.  Levande bilete frå Ape-transporten av takbord.

Når bare taket var rydda og takbjelkane kom til syne, kunne takborda over Livar og Sofie sin veranda få nytt liv som undertak over cisternerommet/skuret vårt. 
 
Fekk akkurat melding frå VigilNova:

Tentativo di furto in C/da coltura, non sonio riusciti ad entrare la guardia è intervenuta in poco tempo.

Cordiali saluti

Eg meiner på at det skal bety noko slikt som:
Forsøk på innbrot ved Cda Coltura, ingen klarte å kome inn vakten braut av etter kort tid. 
Hjertelig helsing, (kunne visst like godt stått smertelig helsing)
Ved siste høve var der bare magnetkontaktar på kvar av dørene. I sommar vart det installert infrarød sensor, men kva som har slått ut er det vanskelig å vita. Alarmen har gått av, og det er vel det viktigaste.

Ser mest ut som her skulle ha vore ein jekk innblanda. Heile taket er så langt eg kan sjå løfta opp og har tatt med seg ei remse av muren. Ikkje lett å vurdere omfang av skaden bare ut frå nokre bilete tatt i mørket. Ser i grunnen ikkje så heilt galt ut.  Noko bry er det jo, men så lenge ingen har vore inne i sjølve huset skal me ikkje klaga. Syta litt får me vel lov til, men klaga: Nei. 
Pengar til vakstselskap er vel investerte pengar. VigilNova har sett stoppar før for innbrot og gjev sjølv grunnlag for gode attestar etter vel utført arbeid.

Fekk meldinga frå dei klokka 20:06. Såg vel melding rundt klokka 21 og sende då nokre oppfølgingsspørsmål. Klokka 22:02 kom svaret:



Salve, grazie per la risposta.
Siamo certi che i ladri non siano entrati nel capannone.
Pensiamo sia un'ottima idea quella di far riparare da qualcuno il danno. In questo modo possiamo prevenire danni causati dalla pioggia e l'intrusione di animali.
In ogni caso fateci sapere le vostre decisioni.

Cordialmente 

Cordiali saluti

Eg      har     gjort    eit solid arbeid på taket. 
Tjuvane  har    gjort eit solid arbeid i forhold til muren.
VigilNova har gjort eit solid arbeid med å stoppe tjuvane.

torsdag 16. februar 2017

Puglia pasqua

Då skal oss PU G LIA leikande lokka,
leikande lokka til PASQUA på ny.
Kva er det med denne hælen? 
Kva er det som er så forlokkande? 
Ein tur i arkivet gjev litt av svaret, men seier ikkje alt. 
Eg trur ein må kjenna det, vera der,  
sjå det og ikkje minst ta gode munnfullar av det.  
Cappuccino var obligatorisk når me skulle ta ut pengar 
medan me endå var kundar i Deutsche Bank.
Då høyrde sjølvsagt eit besøk på caffebar med 
når me først var på bytur.
Her skal det visst bli plommer. 
Om så skulle vera at det er noko anna, 
så er treet i allefall i fin blomstring.
Flaskehalsbørsteplante er namnet på denne planten 
direkte omsett frå engelsk. Ber namnet med rette
Akkurat dette eple var det beste eplet i verda. 
Eva gav meg det ikkje, og klokare vart eg heller ikkje, 
lite tyder på det. Men smaken drøymer eg om, kanskje epletreet vårt  kan bera frukt ein gong når me er på Contradaen.
Den som har skoa på kjenner best kor dei trykkjer. 
Den som har jakka på, kjenner best kor sitronane tyngjer. 
Med stor frimod tek me gjester med på sitronslang 
til overgrodde tun.
Bambus frå eigen avling kan brukas til meir enn fiskestenger. Turking av tomatar til dømes.  Mandler, fiken, pepperoni, melanzane (aubergine), zucchini (liknar på squash)
Kaktusfrukter av ulike slag er godt følgje til is. Det går og å bruke stavmixar og sile frå steinane for så å kjøre fruktmassen i ismaskin. Eg er glad i alt som rører seg og når magen min absolutt ikkje vil ha fløteis, då trong eg ingen orsaking for å skaffe meg ein maskin som kan lage fruktis av alle slag. Avhengig av kor lenge maskinen får arbeide blir det alt frå slush til sorbet til fruktis.
Jordbær er aldri å forakte. Her trur eg jordbæra har fått ein omgang i matmølle før dei får kjølt seg med rolig omrøring og til sist hamnar i serveringsglas. Glasa får alltid ein omgang i frysen først, slik at smeltinga ikkje startar før stasen kjem i munnen.
Grillmat er Pascalone sitt spesialområde. Utgangspunktet er godt mørna kjøt. Det er visst bortimot ei eiga vitskapleg grein å ha kontroll over kjøledøgn. Kunsten å la kjøtet steike akkurat passe kan han. Eg har aldri blitt servert noko grått tørt seigt stoff der på Tavernaen. 
Med magen full av kjøtmat kan det av og til ligge til rette 
for deling av dessert. Her tiramisu a la Meggi.

Tinnkrus frå Vikedal saman med kuler og kunstig grønt frå butikk utgjer juledekorasjon på toppen av kjøledisken der kjøtstykka ligg og ventar på å bli stykka opp i passe serveringsstykke.

Oliventre fins i alle mulige variantar. Fascinerande å sjå 
korleis røtene presser heile treet oppover. 
Oppteljing på vår eigedom gav følgjande tal: 
16 gamle oliventre (truleg meir enn 200 år) og 
28 mindre tre som er ganske store dei og.

Forsøplinga er påfallande eller påtrengjande 
stor ute mange stader ute på campagnaen. 
Godt at blomsterprakt og er å finna langs dei same grøftene.

Høg himmel på Jæren og himmel i Puglia er bare ulike uttrykk for vakker natur.  Her frå solnedgang i Latiano, Puglia.


Og tenkt, dette er bare litt av det som trekkjer, som gjer det så hugnadleg å forflytte seg sørover anten det måtte vera med bil eller fly. 
Påsken nærmar seg, og då er eg klar. Neste tur bør vere planlagt og betal før første tur startar. Sommaren er planlagt, nå er det haustferien som står først på planleggingsplanen.